Wiktionary

Wiktionary (sett saman av wiki og dictionary; engelsk for 'ordbok') er eit Wikimedia-prosjekt som går ut på å byggja ei fleirspråkleg ordbok. Ordboka oppgjev både definisjonar til ord og omsetjingar til fleire språk, men er ikkje alltid komplett.

Som dei andre Wikimedia-prosjekta blei Wiktionary byrja på engelsk, men blei seinare utvida til å finnast på fleire språk.

WiktprintableMaced
Ein logo brukt av makedonsk Wiktionary.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Aure

Aure (Salmo trutta) er ein fisk i laksefamilien. Han er den mest utbreidde fisken i Noreg og truleg den mest populære sportsfisken. Fisken finst både som sjøaure og i fjellvatn heilt opp til 1.500 moh.

Arten kan variera i storleik, form og levestad. Dette har gjeve han namn som til dømes brunaure, innsjøaure, bekkeaure, fjellaure og sjøaure. Den siste blir rekna som ein næringsrik feit fisk. Aurekjøtet er anten kvitt eller rosa.

Basel-Landschaft

Basel-Landschaft er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 518 km² og 275 536 innbyggarar i 2011. Liestal er hovudstad i kantonen Basel-Landschaft.

Bjørk

Bjørk (Betula) er ei planteslekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der ein finn artar som dvergbjørk, dunbjørk og hengebjørk.

Elg

Elg (Alces alces) er eit stort hjortedyr, det største som finst i dei fleste skogområda i Nord-Europa, og blir ofte omtala som skogens konge. Dyra er viktige bytte for menneske, og er i tillegg blitt eit symbol på mange nordlege område, som Noreg, Sverige og Canada. Elgen er nasjonaldyret i den amerikanske delstaten Alaska.

Elv

Ei elv er ein naturleg vassveg. Elvar renn mot havet, ein innsjø eller ut i ei anna elv. Ei svært stor elv blir ofte kalla ei flod, medan ei svært lita elv er ein bekk. Ein kanal er ei menneskeskapt elv.

Elvar kan setta preg på landskapet på ulike vis. Over lang tid kan dei grava seg nedover i steingrunnen og laga bratte dalar, såkalla elvedalar eller V-dalar. På flatlandet vil ei elv ofte bukta seg til høgre og venstre framfor å renna rett – dette kallar ein å meandra. Der elva renn nedover ei fjellside, vil ho ofte danna ein foss. Ei stor elv som fører med seg mykje slam, kan danna eit elvedelta der ho renn ut i havet.

Sidan vatnet i elvane er ferskvatn, er livet i ei elv annleis enn livet i havet. Nokre artar, som laks, kan leva i begge miljøa.

Fisk

Fisk er kaldblodige virveldyr som lever i vatn. Dei har finnar, skjel og spord, og pustar for det meste med gjeller. Det finst opp mot 30.000 fiskeslag, og dei lever overalt der det finst vatn.

Som biologisk systematisk omgrep er ordet unøyaktig, sidan ordet vert nytta om fleire ulike klassar som ikkje er nærare i slekt med kvarandre enn med t.d. amfibium. Ein seier det er ei parafyletisk gruppe.

Studiet av fisk heiter iktyologi.

Fjell

Fjell er landformasjonar av stein som strekkjer seg høgare enn resten av landskapet kring. Dei er større enn til dømes åsar, men det finst ingen endelege mål som seier kva som er fjell og kva som ikkje er det.

Danninga av fjell skjer gjerne ved at jordplater rører seg, eller ved vulkanutbrot. Ellers kan fjell bli forma ved erosjon og nedtæring frå vatn og vind.

Hjort

Hjorten (Cervus elaphus) er eit stort hjortedyr vanleg i mesteparten av Europa, Kaukasus, Vesle-Asia og Atlasfjella. Han høyrer med mellom dei kommersielt viktigaste ville dyra på landjorda i Noreg; det siste tiåret har det vorte skote over 20 000 dyr i året. Hannen hjå hjort vert kalla bukk eller kronhjort, hoa hind eller kolle og ungane kalvar.

Jerv

Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg. Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.

Jerven, som kan ha ein masse på opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Bitet er kraftig slik at den kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.

Om vinteren er jerven si hovudføde rein, men sidan han ikkje er nokon god jeger er jerven avhengig av åtsel og det vinterlageret han har lagt seg opp. Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.

Laks

Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengt inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er Venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil. Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

Det vert drive sportsfiske etter laks.

Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

Likevekt

Likevekt kan syne til:

Mekanisk likevekt (fysikk)

Hydrostatisk likevekt (fysikk)

Termodynamisk likevekt (termodynamikk)

Damp-væske-likevekt (termondynamikk)

Kjemisk likevekt (kjemi)

Nash-likevekt (spelteori)

Markedslikevekt mellom tilbod og etterspørsel (økonomi)

Radioaktivitet

Radioaktivitet er ei nemning som kan visa til ioniserande eller til den spontane utsendinga av slik stråling frå radionuklider.

Fenomenet blei oppdaga tilfeldig av Henri Becquerel i 1896. Han hadde pakka inn kaliumuranylsulfat i fotografiske plater og svart materiale før eit eksperiment innan fosforescens. Då han skulle utføra eksperimentet såg han at dei fotografisk platene alt var blitt eksponerte, sjølv om dei hadde lege i mørkre. Becquerel forfølgde oppdaginga og fann ut at det innpakka stoffet sende ut stråling. Fenomenet blei sidan kalla radioaktivitet av to andre pionerar innan feltet, Pierre og Marie Curie.

Rådyr

Rådyr (Capreolus capreolus) er eit lite hjortedyr. Eit rådyr veg gjerne ca. 18-30 kg, har spinkle bein og spisse klovar. Om sommaren er gjerne pelsen raudbrun, medan vinterpelsen er meir gråbrun. Råbukken har eit enkelt gevir med opptil tre taggar per horn.

Skog

Ein skog (au kalla skau i mange austlandsmål) er eit område dekt med tre. Mindre tredekte område i eit elles ope landskap blir kalla lund eller holt. Ein vill og uframkomeleg skog kan kallast jungel, eit omgrep som også i stor grad er blitt nytta om tropisk regnskog.

Synonym

Eit synonym eller ei liketyding er eit ord som har same eller liknande tyding som eit anna ord.

Synonym er substantiv, verb, adverb eller adjektiv. Det er relativt sjeldan at to ord har eksakt lik tyding, difor blir ofte nyansane tatt fram i ordbøker og leksikon. Nokre språkforskarar meiner at ingen synonym har nøyaktig lik tyding fordi dei har oppstått på ulik måte, har ulik klang, andre assosiasjonar, ulik formell samanheng - ein advokat vil bruke andre ord i eit juridisk dokument enn i daglegtale om same tema.

Ei ordbok med synonym blir kalla ei synonymordbok (sjå også tesaurus). Det motsette av eit synonym er eit antonym. Synonym og antonym er såleis antonym.

Torsk

Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk' (norr. turskr av turrfiskr).

Urdu

Urdu er eit indoeuropeisk språk av indoarisk type som hovudsakleg blir tala i Pakistan og India. Det er svært likt hindi, men blir skrive med ein tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet. Urdu er offisielt språk i Pakistan, og eitt av dei 24 nasjonale språka i India.

Wikimedia

Wikimedia Foundation Inc. er paraplyorganisasjonen til fleire wikiprosjekt der det best kjende er Wikipedia. Stiftinga blei grunnlagd i 2003 og har avdelingar i fleire land.

Wikimedia er ein frivillig organisasjon som er danna etter Floridas lovar. Målet til stiftinga er å utvikla og vedlikehalda wikibaserte prosjekt med ope innhald og å gjera desse gratis for brukarar. I tillegg til wikipediaprosjekt på fleire ulike språk styrer organisasjonen òg med ei fleirspråkleg ordbok, Wiktionary, ei sitatordbok, Wikiquote, ei samling kjeldetekstar på fleire språk, Wikisource, ei samling av frie bilete, lyd og anna mediafiler, Wikimedia Commons, nyhende, Wikinews, og frie elektroniske bøker særs egna for studentar, Wikibooks.

Wikimediaprosjekta er hovudsakleg avhengige av gåver frå brukarar. Stiftinga har også til tider funne andre finansieringsmåtar, som sponsormiddel, utan at dette skal gå ut over det nøytrale sjølvstendet til prosjekta.

Wikimedia Commons

Wikimedia Commons er eit Wikimedia-prosjekt som starta den 7. september 2004. Commons på engelsk språk tyder sams eller felles. Det kan og visa til ei allmenning.

Commons er ei database med ulike filer, som bilete, videoar og lyd, som er heilt eller delvis frigjevne frå opphavsrettsvernet. Filene kan lastast ned av alle, men hovudmålet for prosjektet er at det skal kunna brukast av dei andre Wikimedia-prosjekta som til dømes Wikipedia, Wiktionary og Wikibooks.

Prosjektet prøver å vera internasjonal og språknøytralt. Det vil seia at dokumentasjonen skal omsetjast til så mange språk som råd, og at filene ikkje alltid blir skildra eller sorterte på engelsk.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.