We Are the Champions

«We Are the Champions» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.[1] Han var skriven av Freddie Mercury og er ein av dei mest populære songane til Queen og ein av dei mest kjende rockeanthemane.[2]

Songen vart ein hit verda over og nådde andreplassen på UK Singles Chart, og fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA.[3][4] I 2009 vart «We Are the Champions» innlemma i Grammy Hall of Fame,[5] og vart stemma fram som favorittsongen i verda i ei verdsomfattande undersøking i 2005 av Sony Ericsson.[6]

«We Are the Champions» har vorte ein sports-anthem for sigrande lag under idrettsarrangement,[2] og var mellom anna offisiell kjenningsmelodi for fotball-VM 1994. Songen er òg ofte nytta eller referert til i popkulturen og har blitt spelt av mange andre artistar.

We Are the Champions
Singel av Queen
frå albumet News of the World
B-side «We Will Rock You»
Utgjeve 7. oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger rock, hardrock
Lengd 2:59
Selskap EMI (UK)
Elektra (US)
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen med hjelp frå Mike «Clay» Stone
Queen-kronologi
«Long Away»
(1977)
We Are the Champions «Spread Your Wings»
(1978)

Queen-versjonen

Musikk

Songen var skriven av Freddie Mercury med tanke på å få respons frå publikum. Brian May sa: «Me ønskte at publikum skulle vinke og synge. Han er særs samlande og positiv».[7]

Musikalsk er han basert kring pianopartiet til Mercury, medan Roger Taylor og John Deacon spelar trommer og bassgitar. May la til noko gitar, i starten berre subtilt, men etter kvart kjem ein «solo» som vert spelt samstundes med det siste refrenget. Mercury brukte mange jazzakkordar og refrenget består av fire eller fem stemmer med vokalharmoniar. Solovokalen er krevjande, og den høgaste tonen er C5. Ein av dei mest kjende framføringane av songen fann stad under Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985.[8]

B-sida til singelen var «We Will Rock You», og dei to songane følgde kvarandre på albumet, og vart òg ofte spelt etter kvarandre som avslutningsnummer på konsertane til Queen. Stundom vert dei spelt i lag på radio òg.[2] Songen vart framført som avslutningsnummer i 1992 på Freddie Mercury Tribute Concert der alle artistane dukka opp på scenen og song bak solovokalisten Liza Minnelli.[2]

Musikkvideo

Videoen til songen vart filma i New London Theatre Centre den 6. oktober 1977 og vart regissert av Derek Burbridge. Ein alternativ versjon som byrjar i svartkvitt, før han glir over i fargar når trommene og gitaren kjem inn, vart sendt på Top of the Pops 2 og består av andre videoopptak frå den same dagen.

Lister

I 1977–1978 vart «We Are the Champions» gjeven ut på singel i mange land, og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[3] fjerdeplassen på Billboard i USA,[4] topp 10 i Irland, Nederland og Noreg, og topp 15 i Tyskland, Austerrike og Sverige.[9][10]

I 1992, 1993 og 1998 vart singelen gjeven ut på ny i Frankrike, og lågt totalt 45 veker inne på singellista der, og nådde høvesvis 19., 14. og 10. plass, siste gongen under fotball-VM 1998.[10]

Medverkande

Innhald

7" single (1977)
  1. «We Are the Champions» – 3:00
  2. «We Will Rock You» – 2:00
3" CD-singel (1988)
  1. «We Are the Champions» – 3:02
  2. «We Will Rock You» – 2:02
  3. «Fat Bottomed Girls» – 3:23
CD-singel (1992)
  1. «We Are the Champions» – 2:59
  2. «We Will Rock You / We Are the Champions» – 5:00

Lister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1977–78) Plassering
Australia KMR [11] 8
Den austerrikske singellista[10] 12
Canadian RPM Top Singles[12] 3
Nederlandsk Topp 40 2
Den tyske singellista[10] 13
Irish Singles Chart[9] 3
VG-lista[10] 6
Sverige[10] 14
UK Singles Chart[3] 2
US Billboard Hot 100[4] 4
Liste (1993/94) Plassering
Nederlandsk Mega Top 100[10] 27
Den franske singellista[10] 14
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista[10] 10
Liste (2006) Plassering
US Billboard Hot Digital Songs[4] 61

Årslister

Liste (1978) Rank
Australia [13] 57
Den austerrikske singellista[14] 25
Canadian Top Singles[15] 27
U.S. Billboard Hot 100[16] 25
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista[17] 72

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[18] Gull + Gold 874,000[18]
Storbritannia (BPI)[19] Gull 500 000^
USA (RIAA)[20] 2× Platina + Platina 4,000,000^
Totalt sal: 5,374,000

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Crazy Frog-versjon

We Are the Champions (Ding a Dang Dong)
Singel av Crazy Frog
frå albumet Crazy Frog Presents More Crazy Hits
Utgjeve 5. juni 2006
Innspelt 2005
Sjanger Dance, electronica
Lengd 3:03
Selskap Ministry of Sound
Produsent Erik Wernquist
Crazy Frog-kronologi
«Jingle Bells/U Can't Touch This»
(2005)
We Are the Champions (Ding a Dang Dong) «Last Christmas»
(2006)

«We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» er ein song frå 2006 av Crazy Frog, inspirert av Queen sin versjon. Han vart gjeven ut som singel den 5. juni 2006. Samstundes vart det gjeve ut ein coverversjon av Queen sin song med same namn, i samband med fotball-VM . Vokalarrangementet inneheld ein sampling frå originalutgåva til Queen.

Singelen hadde størst suksess i Frankrike, der han gjekk rett inn på førsteplassen den 10. juni 2006, og låg på toppen i fem veker. Singelen selde til gullplate i Frankrike etter to månader, og vart den 15. bestseljande singelen i landet det året.

Innhald

CD-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:49
Maxi-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (house mix) – 6:04
  3. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:51
  4. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix dub) – 5:17
  5. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (video)

Salstrofé og lister

Land Salstrofé Dato Grense Fysisk sal
Belgia[21] Gull 9. september 2006 20 000
Frankrike[22] Gull 30. august 2006 200 000 205 908[23]

Lister

Liste (2006) Plassering
Australia[24] 13
Den austerrikske singellista[24] 4
Belgia (Flandern)[24] 10
Belgia (Wallonia)[24] 2
Den danske singellista[24] 3
Nederlandsk Mega Top 100[24] 100
Eurochart Hot 100 2
Den finske singellista[24] 10
Den franske singellista[24] 1
Den tyske singellista[25] 10
Irish IRMA Singles Chart[25] 23
Den italienske singellista[24] 13
New Zealand RIANZ[24] 20
Den spanske singellista[24] 2
Den svenske singellista[24] 11
Den sveitsiske singellista[24] 5
UK Singles Chart[25] 11
Årsliste (2006) Plassering
Den austerrikske singellista[26] 44
Belgia (Flandern) [27] 36
Belgia (Wallonia) [28] 12
Den franske singellista[29] 15

Andre versjonar og samplingar

Live-versjonar

Forsking som er publisert av The Daily Mail

I 2011 skreiv The Daily Mail om at ei gruppe forskarar kåra songen til den mest fengande i popmusikkhistoria;[35] Artikkelen nemnde ikkje namnet på forskarane eller namnet på forskergruppa.

I 2011 konkluderte ei gruppe forskarar at songen var den mest fengande i popmusikkhistoria, trass i at han ikkje hadde nådd toppen av salslistene nokon stad. Dr. Daniel Mullensiefen sa om studiet, «Alle musikalske hittar baserer seg på matte, vitskap, lydteknikk og teknologi; frå fysikken og frekvensane i lyden som avgjer tonehøgd og harmoni, til dei høgteknologiske digitale prosessorane og synthesizerane som kan legge til effektar for å gjere songen meir fengande. Me oppdaga at det finst ein vitskap bak allsongen og spesielle kombinasjonar av nevrologi, matte og kognitiv psykologi kan produsere ein unngåande elliksir av den perfekte allsong-songen.»[35]

Kjelder

  1. BRITs 25 Song Award: We Are The Champions – Queen BBC Henta 29. juni 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 We Are the Champions: Song Review AllMusic Henta 29. juni 2016
  3. 3,0 3,1 3,2 UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 29. juli 2008)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Billboard allmusic.com (Henta 29. juli 2008)
  5. Grammy Hall of Fame Award Grammy.org Henta 29. juni 2016
  6. Haines, Lester (29. september 2005) 'We Are The Champions' voted world's fave song (Sony Ericsson world music poll) Henta 29. juni 2016
  7. For the first time ever...Queen: Ten great hits from the sensational rock band Mail Online Henta 29. juni 2016
  8. Sacha Baron Cohen to play Freddie Mercury BBC News Henta 22. januar 2011
  9. 9,0 9,1 Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 29. juli 2008)
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 "We Are the Champions», in various singles charts Lescharts.com (Henta 29. juli 2008)
  11. http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
  12. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5544a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k1
  13. http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
  14. 1978 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 29. juli 2008)
  15. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0070a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k1
  16. http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1978.htm
  17. 1998 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 29. juli 2008)
  18. 18,0 18,1 French certifications and sales:
  19. «British single salstrofé – Queen – We Are the Champions». British Phonographic Industry. Henta December 27, 2015. Enter We Are the Champions in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  20. «American single salstrofé – Queen – We Are the Champions». Recording Industry Association of America. Henta December 27, 2015. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  21. Belgian certifications Ultratop.be (Henta 11. august 2008)
  22. French certifications Disqueenfrance.com (Henta 10. juni 2016)
  23. 2006 Den franske singellista Fanofmusic.free.fr (Henta 10. juni 2016)
  24. 24,00 24,01 24,02 24,03 24,04 24,05 24,06 24,07 24,08 24,09 24,10 24,11 24,12 "We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Lescharts.com (Henta 10. juni 2016)
  25. 25,0 25,1 25,2 "We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Acharts.us (Henta 29. juli 2008)
  26. 2006 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 17. mai 2008)
  27. 2006 Belgian (Flandern) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)
  28. 2006 Belgian (Wallonia) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)
  29. 2006 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 10. juni 2016)
  30. Soundtrack for «A Knight's Tale". Internet Movie Database.
  31. Live 8 accounts: Berlin BBC. Henta 11. juli 2011
  32. «Green Day American Idiot". BBC. Henta 4. mars 2015
  33. 'The Voice': Christina Aguilera, Blake Shelton, Adam Levine, Cee Lo Green Perform Queen Medley The Hollywood Reporter. Henta 16. mars 2012
  34. «Katy Perry Parties Out In London After Summertime Ball 2012 Performance". Capital FM. Henta 20. juni 2012
  35. 35,0 35,1 We Are The Champions voted catchiest pop song of all time... by scientists, The Daily Mail, 29. september 2011

Bakgrunnsstoff

Classic Queen

Classic Queen er eit samlealbum frå 1992 med songar av det engelske rockebandet Queen. Det vart gjeve ut for å utnytte Queen-feberen som brått hadde oppstått i USA etter at filmen Wayne's World kom ut. Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200, og har seld til 3x platinaplate i USA og 5x platina i Canada.Sjølv om det vart kritikarrost som ei glimrande samling, passa det ikkje inn med dei tidlegare Queen-samlingane. Det overlappa både Greatest Hits frå 1981 og Greatest Hits II frå 1991, og inneheld nokre spor som ein ikkje finn på nokre av desse. Hollywood Records gav derfor ut Greatest Hits på ny i USA, med to spor som ikkje var på den originale 1981-utgåva.

Det samla salet for Greatest Hits II og Classic Queen har vore i overkant av 23 millionar verda over.Kring 1992 gav Hollywood Records ut Greatest Hits på ny for at denne skulle følgje Classic Queen. Dei to samlingane hadde nesten likt plateomslag, der Greatest Hits har ein raud bakgrunn, og Classic Queen ein kongeblå. Sidan dei to albuma vart gjevne ut i lag, manglar Classic Queen mange av dei store hittane til Queen, som «Another One Bites the Dust», «We Will Rock You», «We Are the Champions», «Somebody to Love» og «Don't Stop Me Now», sidan desse finst på Greatest Hits.

Delilah av Queen

«Delilah» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen er skriven og sungen av Freddie Mercury og vart opphavleg gjeven ut på det fjortande studioalbuemt til Innuendo i 1991. Songen vart gjeven ut på singel den 14. desember 1991, men berre i Thailand.

Friends Will Be Friends

«Friends Will Be Friends» er ein song framført av Queen og skriven av Freddie Mercury og John Deacon, frå albumet A Kind of Magic i 1986. Han var den 30. singelen som vart gjeven ut i Storbritannia då han kom den 9. juni 1986. Singelen nådde 14. plassen i Storbritannia.

«Friends Will Be Friends» vart framført på konsertane under The Magic-turneen. Songen var den første og einaste som vart sungen på slutten av konsertane mellom «We Will Rock You» og «We Are the Champions» sidan News of the World-turneen i 1977.Songen finst på fleire samlealbum av Queen, som Greatest Hits II, Greatest Flix II og Greatest Video Hits II.

In the Lap of the Gods... Revisited

«In the Lap of the Gods... Revisited» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Han er den siste songen på albumet deira Sheer Heart Attack frå 1974. Han inneheld eit mektig anthem-aktig refreng og vert rekna som ein føregjengar til «We Are the Champions». Songen finst òg på samlealbuma Deep Cuts, Volume 1 (1973-1976) og Queen Forever.

Sjølv om han har liknande namn som ein annan song frå same albumet, er det få likskapar mellom dei to.

Live Magic

Live Magic er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen. Det vart spelt inn under The Magic-turneen (1986) og kom ut 1. desember 1986. Det kom ikkje ut i USA før august 1996. Albumet vart sterkt kritisert av mange fans, fordi mange av songane var kraftig kutta ned. Til dømes var operaseksjonen frå «Bohemian Rhapsody» fjerna, det andre verset av «Tie Your Mother Down», og både «Is This the World We Created...?» og «We Are the Champions» var redusert til eitt vers og eitt refreng. I juli 2004 kåra magasinet Q Live Magic som eit av dei fem mest skuffande konsertalbuma frå vanlegvis bra band.Dei fleste opptaka var frå Knebworth Park den 9. august 1986, som var den siste konserten bandet nokon sinne spelte med originalbesetninga.

Long Away

«Long Away» er ein song av rockebandet Queen frå 1976. Det er det tredje sporet frå albumet A Day at the Races. Brian May skreiv songen og syng solovokal.

Songen er nedlastbar til Rock Band 3. Songen vart òg gjeven ut på samlealbumet Queen Forever frå 2014.

News of the World av Queen

News of the World er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1977. Det inneheld hitsongane «We Will Rock You», «We Are the Champions» og «Spread Your Wings». Det selde til 4x platina i USA, og gjorde det godt verda rundt, med eit samla salstal på over seks millionar eksemplar. News of the World er det mestseljande albumet til Queen så langt.

News of the World var det andre albumet deira som vart spelt inn i Sarm West og Wessex Studios i London, med Mike Stone som lydteknikar. Albumet vart produsert av bandet og Stone i lag.

Sarm Studios

SARM Studios (tidlegare kalla SARM West Studios) er eit platestudio i Notting Hill i London. Studioet vart oppretta av Chris Blackwell, grunnleggaren av Island Records, og heitte opphavleg Basing Street Studios. Det har òg tidlegare vorte kalla Island Studios.

Studioa vart bygd i ei tidlegare kyrkje som ikkje lenger er i bruk, og Blackwell spelte inn musikk med fleire artistar der for Island Records, som Iron Maiden, Bob Marley, Steve Winwood, Free, Bad Company, Robert Palmer, Jimmy Cliff, Nick Drake, Fairport Convention, King Crimson, John Martyn, Mott the Hoople, Quintessence, Roxy Music, Brian Eno, Sparks, Cat Stevens, Spooky Tooth, Traffic, If, Jethro Tull, Average White Band og Sensational Alex Harvey Band.

Studioet vart òg nytta av andre artistar som ikkje var på Island Records, som The Clash, Pet Shop Boys, KT Tunstall, Depeche Mode, The Eagles, Dire Straits, East 17, Boyzone, Emerson, Lake & Palmer, The Rolling Stones, Genesis, Led Zeppelin, Joan Armatrading og Lighthouse Family.

I 1970 vart to kjende album spelte inn i studioa samstundes: Led Zeppelin sitt Led Zeppelin IV og Jethro Tull sitt Aqualung. Bob Marley & The Wailers og the Rolling Stones var òg i studioa samstundes ei stund i 1973. Marley budde eit år i ein leilegheit over SARM, og den personlege kokken hans var kokk ved SARM det meste av 1980-åra. Queen leigde studioet sommaren 1977 og spelte inn det meste av albumet deira News of the World der, inkludert hitten «We Are the Champions». Domkyrkjeorgeleg på George Michael-albumet Faith vart òg spelt inn der.

I november 1984 vart Studio 1 ved Sarm West nytta for innspelinga av «Do They Know It's Christmas» av Band Aid til støtte for sveltekatastrofen i Etiopia 1984-1985.

Studioa er i dag eigd av SPZ Group, som er eit eigarselskap eigd av Trevor Horn og kona hans Jill Sinclair. Sarm Studios husar òg kontora til dei SPZ-eigde plateselskapa ZTT Records og Stiff Records, og forlaga Perfect Songs og Unforgettable Songs.

We Will Rock You

«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda.

Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.

«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media. Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009, rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010, og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.

Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977. Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena. Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.

Queen-singlar
Queen «Keep Yourself Alive» · «Liar»
Queen II «Seven Seas of Rhye»
Sheer Heart Attack «Killer Queen»/«Flick of the Wrist» · «Now I'm Here» · «Lily of the Valley»
A Night at the Opera «Bohemian Rhapsody» · «You're My Best Friend» · «Love of My Life»
A Day at the Races «Somebody to Love» · «Tie Your Mother Down» · «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» · «Long Away» · «Good Old-Fashioned Lover Boy»
News of the World «We Are the Champions»/«We Will Rock You» · «Spread Your Wings» · «It's Late»
Jazz «Bicycle Race»/«Fat Bottomed Girls» · «Don't Stop Me Now» · «Jealousy» · «Mustapha»
Live Killers «Love of My Life» (Live) · «We Will Rock You» (Live)
The Game «Crazy Little Thing Called Love» · «Save Me» · «Play the Game» · «Another One Bites the Dust» · «Need Your Loving Tonight»
Flash Gordon «Flash»
Hot Space «Under Pressure» (med David Bowie) · «Body Language» · «Las Palabras de Amor» · «Calling All Girls» · «Staying Power» · «Back Chat»
The Works «Radio Ga Ga» · «I Want to Break Free» · «It's a Hard Life» · «Hammer to Fall»
A Kind of Magic «One Vision» · «A Kind of Magic» · «Princes of the Universe» · «Friends Will Be Friends» · «Pain Is So Close to Pleasure» · «Who Wants to Live Forever» · «One Year of Love»
The Miracle «I Want It All» · «Breakthru» · «The Invisible Man» · «Scandal» · «The Miracle»
Innuendo «Innuendo» · «I'm Going Slightly Mad» · «Headlong» · «I Can't Live With You» · «The Show Must Go On» · «These Are the Days of Our Lives»
Made in Heaven «Heaven for Everyone» · «A Winter's Tale» · «I Was Born to Love You» · «Too Much Love Will Kill You» · «Let Me Live» · «You Don't Fool Me»
Queen Rocks «No-One but You (Only the Good Die Young)»/«Tie Your Mother Down»
Greatest Hits III «Under Pressure (Rah Mix)»
Andre singlar «Thank God It's Christmas» · «Another One Bites the Dust (Small Soldiers Remix)» · «We Will Rock You» (med Five) · «We Are the Champions» (med Robbie Williams) · «Flash (Vanguard Mix)» · «Another One Bites the Dust (The Miami Project Remixes)» · «Bohemian Rhapsody» (med The Muppets)
Andre songar «Doing All Right» · «Father to Son» · «White Queen (As It Began)» · «Ogre Battle» · «The Fairy Feller's Master-Stroke» · «Nevermore» · «The March of the Black Queen» · «See What a Fool I've Been»  · «Brighton Rock» · «Stone Cold Crazy»  · «In the Lap of the Gods... Revisited» · «Death on Two Legs»  · «Lazing on a Sunday Afternoon» · «I'm in Love with My Car»  · «'39» · «Sweet Lady» · «Seaside Rendezvous» · «The Prophet's Song» · «Good Company» · «Sheer Heart Attack» · «Is This the World We Created...?» · «Ride the Wild Wind»  · «Delilah» · «Made In Heaven» · «Mother Love» · «Let Me in Your Heart Again» · «Love Kills» · «There Must Be More to Life Than This»

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.