Vlasina

Vlasina (serbisk Власина) er ei elv søraust i Serbia med ei lengd på 68 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre, og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Vlasina spring ut frå Vlasinasjøen i ei høgd på 1213 meter over havet. Innsjøen var tidlegare ei torvmyr,m en då Vlasina vart demd opp i perioden 1947 til 1951 vart myra gjort om til ein kunstig innsjø. Vlasina munnar ut i Južna Morava aust for Leskovac.

Vlasina drenerer eit område på 1050 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.

Etter ein perioden med kraftig regn den 26. juni 1988 oppstod det ein katastrofal flaum i Vlasina. Eit område på over 1000 km² vart råka og det vart gjort skadar for om lag 1 milliard dollar.

Vlasina (Власина)
elv
River Vlasina Pukli kamen
Vlasina i Pukli kamen
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Nedslagsfelt 1 050 km²
Lengd 68 km
Kjelde Vlasinasjøen, søraust i Serbia
 - høgd 1 213 moh.
Munning Južna Morava, aust for Leskovac

Kjelder

Elvar i Serbia

Dette er ei liste over elvar i Serbia som anten renn heilt innanfor, delvis gjennom Serbia eller fungerer som grenseelvar.

Jerma

Jerma (serbisk kyrillisk Јерма) eller Erma (bulgarsk kyrillisk Ерма) er ei elv søraust i Serbia og vest i Bulgaria. Sjølv om ho ikkje er lengre enn 74 km er ho kjend for å krysse grensa mellom Serbia og Bulgaria to gonger. Ho munnar ut i elva Nišava, og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet.

Elva har sitt utspring i det søraustlege hjørnet av Serbia, i det underutvikla og lite folkesette området Krajište, mellom den kunstige innsjøen Vlasina og den bulgarske grensa. Ho renn nordaustover og kryssa grensa til Bulgaria i eit område kalla Znepolje.

I Bulgaria renn ho på austsida av fjellet Ruj, og elva skiftar her namn til Erma eller Transka reka etter den bulgarske landsbyen Tran. Etter ho passerer denne landsbyen renn ho gjennom juvet Transko zjdrelo (Tranjuvet), og møter like nedanfor den største sideelva si, Jablanitsa. Etter berre 26 km på den bulgarske sida, kryssar ho igjen grensa til Serbia. Her renn ho forbi fleire landsbyar og kloster før ho munnar ut i elva Nišava, søraust for Pirot. Elva har eit vasskraftpotensial, men dette er enno ikkje vorte utnytta.

Južna Morava

Južna Morava (serbisk og makedonsk Јужна Морава, 'Sør-Morava') er ei elv i Nord-Makedonia, Kosovo og Serbia og ei av kjeldeelvane til Veliki Morava (Store Morava). Elva er 295 km lang og renn hovudsakleg nordover, frå Nord-Makedonia, gjennom Kosovo til det sentrale Serbia, der ho møter Zapdana Morava (Vest-Morava) ved Stalać og dannar Veliki Morava.

Ho spring ut i fjellet Skopska Crna Gora i Nord-Makedonia, nord for hovudstaden Skopje. Etter ho kryssar grensa til Kosovo vert ho kalla Binačka Morava. Etter 49 km møter ho Preševska Moravica ved Bujanovac og resten av elva (246 km) vert kalla Južna Morava.

Elva sitt nedslagsfelt høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 15 469 km², av dette 1237 km² i Bulgaria (via sideelva Nišava). Ved munningen har ho ei middelvassføring på 100 m³/s.

Južna Morava renn gjennom ein dal som består av ei rekkje kløfter og søkk.

Južna Morava brukte å vere 318 km lang, men etter store flaumar har elva danna seg nye elveleier og er i dag nesten 30 km kortare, og er i dag kortare enn Zapadna Morava.

Južna Morava har 157 sideelvar. Dei viktigaste av desse er Jablanica, Veternica, Pusta og Toplica frå venstre og Vrla, Vlasina, Nišava (den lengste) og Sokobanjska Moravica frå høgre.

Vlasinasjøen

Vlasinasjøen (serbisk Власинско језеро, Vlasinsko jezero) er ein delvis kunstig innsjø søraust i Serbia. Han ligg 1211 meter over havet og har eit areal på 16 km². Dette er den høgaste og største kunstige innsjøen i Serbia. Han vart skapt frå 1947 til 1951 då ei torvmyr vart lukka av ein dam og lagt under vatn av elvane som strøymde inn, hovudsakleg elva Vlasina.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.