Viseadmiral

Viseadmiral (Admiral frå arabisk «amir al bahr», «hovding på havet») er i Noreg den nest høgaste militære grada i Sjøforsvaret. Grada tilsvarar Generalløytnant i Hæren og Luftforsvaret. I NATO sitt gradsystem tilsvarar det OF-8.

Ein kjend norsk viseadmiral er Thore Horve som stod i spissen for at norske krigsseglarar skulle få sin rettmessige del av Nortraship sitt hemmelege fond.

Grad under:
Generalmajor

Hæren og Luftforsvaret
Militære gradar

Grad over:
General

Grad under:
Kontreadmiral

Sjøforsvaret
Militære gradar

Grad over:
Admiral

1820

1820 (romartal MDCCCXX) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

Fenrik

Fenrik er den nest lågaste befalsgraden, men den lågaste offisersgraden. Denne graden er den same i alle våpengreinane, men den har forskjellige distinksjonar i kvar grein.

General

General er ei høgt rangert grad i fleire militærvesen. Nemninga kan brukast om alle generalgrader, som generalløytnant og generalmajor, eller kan vera ei eiga grad.

Generalløytnant

Generalløytnant (dvs. avløysar for (verkeleg) general) i Hæren og Luftforsvaret er den nest høgaste offisersgrada i det norske forsvaret. Den tilsvarande like høgt rangerte grada i Sjøforsvaret er viseadmiral.

Symbolet for grada er tre stjerner på gul-(gull)farga bakgrunn. Før 1997 blei den symbolisert med to stjerner på gul-(gull)farga bakgrunn.

Generalmajor

Generalmajor er den lågaste generalgrada i Hæren og Luftforsvaret. Grada har symbolet to stjerner på gul-(gull)farga bakgrunn og tilsvarar kontreadmiral i Sjøforsvaret. Før 1997 blei den symbolisert med ei stjerne på gul-(gull)farga bakgrunn.

Jens Fabricius

Jens Schouw Fabricius (3. mars 1758–6. april 1841) var ein norsk offiser og stortingsmann.

Han var fødd i Larvik.

Fabricius vart elev ved sjøkadettakademiet i København då han var elleve år gammal. I 1775 vart han kadett, 1777 underoffiser og 1778 løytnant. Kaptein vart han i 1799.

Fabricius var ekvipasjemeister ved det kongelege oktrojerte østersjøiske og guineiske selskap frå 1781 til 1787, så ekvipasjemeister ved Fredriksvern verft 1789–93. Dei fylgjande åra var han på fleire tokt, etter kvart som skipssjef. Frå 1801 hadde han kommandoen over Fredriksvern og den norske roflotiljen.

Ved krigsutbrotet i 1807 vart Fabricius medlem av kommisjonen som skulle ordne Noregs sjøforsvar.I 1809 vart han forfremja til kommandørkaptein, og søkte same året avskjed av helsegrunnar. Søknaden vart avslått. Tre år seinare vart han kommandør. 13. april 1814 tok han avskjed frå dansk krigsteneste.

Fabricius var då vald til 1. representant for sjødefensjonen på Riksforsamlinga på Eidsvoll. På Eidsvoll høyrde han til sjølstendepartiet, men la elles stor vekt å ha eit godt forhold til alle utsendingane. Ein periode, 15. april-1. mai, var han president for forsamlinga. Ved avslutninga var det Fabricius som heldt avskjedstalen med dei vidkjende sluttorda: Enige og tro inntil Dovre faller.

Kristian Fredrik utnemnde Fabricius til sjef for det nyoppretta sjøkrigskommisariatet og han fekk rang av kontreadmiral. Etter unionen med Sverige vart inngått, vart han sjef for sjøkrigskollegiet. Både før og etter inngåinga av unionen med Sverige hjelpte Fabricius statsrådet ved viktige høve. Han bidrog sterkt i forhandlingane som førte til at Noreg beheldt flåten sin mot ei mindre erstatning til Danmark.

Han hadde stendig leiande posisjonar i marinen, og frå november 1817 til desember 1818 var han konstituert sjef for marinedepartementet. I 1821 utnemnd til viseadmiral.

I 1824 sat Fabricius på Stortinget, vald som 1. representant for Bratsberg amt. På tinget var han medlem av militærkomiteen og av komiteen om reglement for borgarvæpninga og sjøtetaten.

Fabricius søkte i 1831 om avskjed på ny, men atter ein gong vart søknaden avslått. Fyrst i 1836, 78 år gamal, fekk han avskjed i nåde. Han døydde i Porsgrunn i 1841.

På Fredriksvern står ein bauta, reist 17. mai 1914, over dei fire eidsvollsmennene som kom frå sjøforsvaret.

Kapteinløytnant

Kapteinløytnant er ein offiser i Sjøforsvaret med grad mellom løytnant og orlogskaptein.

Kommandør

Sjå også Kommandør som ordensklasseKommandør (avleidd av fransk): Commander, som betyr å kommandere) er ei militær grad som først og fremst blir brukt i marine og våpengreiner med tilknyting til sjøen.

I Noreg er grada kommandør i bruk i Sjøforsvaret, som grada over kommandørkaptein, og under flaggkommandør.

Kommandør svarar i Royal Navy og U.S. Navy til Captain og til Kapitän zur See i Bundesmarine.

Kommandørkaptein

Kommandørkaptein er ei offisersgrad i Sjøforsvaret. Den svarar i Noreg til grada oberstløytnant i Hæren og Luftforsvaret. I NATO sitt system er kommandørkaptein rangert på nivå OF4.

I den britiske og den USA-amerikanske marinen svarar kommandørkaptein til Commander og i den tyske marinen til Fregattenkapitän.

Kontreadmiral

Kontreadmiral er ein militær offisersgrad mellom flaggkommandør og viseadmiral i krigsflåtar, m.a. i den norske Marinen. Kontreadmiral svarar til generalmajor i hæren.

Sjølve ordet kontreadmiral kjem frå fransk og skal uttalast med trykk på o-en, ikkje på e-en. (Sjølv om mange i Sjøforsvaret uttaler det med trykk på andre staving, er dette ifølgje Norsk språkråd ukorrekt.)

Schoutbynacht (nederlandsk schout-bij-nacht) er den tilsvarande militærgraden til sjøs på 1700-talet. Mellom dei meste kjente schoutbynachtar i den norske historia er Peter Wessel også kjent som Tordenskjold. Han vart utnemnt av Frederik IV i desember 1718. Schoutbynacht vart i 1771 erstatta med kontreadmiral.

Løytnant

Løytnant (frå fransk lieutenant, avløysar, den høgaste etter sjefen, tidlegare skrive lieutenant, leutnant og løitnant på norsk) er den nest lågaste graden for offiserar i det norske forsvaret. Den tilsvarar den tidlegare graden premierløytnant. I 1930 blei gradane premierløytnant og sekondløytnant erstatta med løytnant og fenrik.

Gradane oversersjant og stabssersjant opphøyrde 1. juli 1975 og befalet fekk høvesvis offisersgradane fenrik og løytnant. Hærordninga av 1. januar 1977 gjorde at dei eldste av dei gamle stabssersjantane fekk kapteins grad.

Løytnantar fyller mange stillingar. I regulære hæravdelingar vil desse gjere teneste som troppssjef, NK kompani, administrasjonsoffiser, vernepliktige legar, prestar, ingeniørar og liknande. Grada løytnant har symbolet to stjerner.

Melchior Islands

Melchior Islands er ei gruppe mange låge, isdekte øyar som ligg midt i Dallmann Bay i Antarktiske Arkipel. Ho vart først oppdaga og namngjevne av ein tysk ekspedisjon under Eduard Dallmann, 1873-74. Ho vart observert på ny og grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, 1903-05. Charcot namngav det han trudde var den store austlege øya i gruppa Île Melchior etter viseadmiral Jules Melchior i Den franske marinen, men seinare landmålingar synte at Charcot si Île Melchior var to øyar, no kalla Eta Island og Omega Island. Namnet Melchior Islands har sidan vorte nytta for heile øygruppa med Eta Island og Omega Island som den austlegaste delen, medan Sigma Islands markerer nordgrensa til øyane. gruppa vart grovt kartlagd i 1927 av Discovery Investigations på RRS «Discovery», og kartlagd på ny av argentinske ekspedisjonar i 1942 og 1943, og igjen i 1948.

Oberst

Oberst (tysk, den øvste) er ei offisersgrad. Mellom ca 1975 og 1. desember 1997 var denne grada kjend som Oberst II i Noreg. Symbolet for grada er tre stjerner mellom to striper. Grada tilsvarar kommandør i Sjøforsvaret.

Oberstløytnant

Oberstløytnant (av oberst og løytnant, «den øvste sin avløysar») er ei høgare offisersgrad som finst i dei fleste land i verda, plassert under oberst og over major. Grada blir brukt i hær og luftforsvar, men ikkje i marine. På tysk blir grada kalla Oberstleutnant, på fransk Lieutenant-colonel og på engelsk Lieutenant Colonel.

Orlogskaptein

Orlogskaptein er ei militær offisersgrad i Noreg mellom kapteinløytnant og kommandørkaptein i Sjøforsvaret. Opphavleg blei grada gitt kapteinar i handelsflåten som blei innkalla til teneste i Marinen i krigstid. Grada tilsvarar major i Luftforsvaret og Hæren.

Premierløytnant

Premierløytnant (ty. Oberleutnant, en. First Lieutenant) er ein offisersgrad i mange militære styrkar, som hovudregel landstyrkar. Grada under er vanlegvis sekondløytnant, medan neste grad over er kaptein.

Sersjant

Sersjant (sjt.) er eit befal som i Noreg normalt har gjennomgått ei eittårig befalsutdanning, eller eit Utskrive befalskurs (UB-kurs) med 6 månader utdanning og 6 månader praksis.

I hæren er sersjantar er som oftast lagførarar på troppsnivå, men desse kan også vere meinige eller verva som har blitt gitt ei mellombels grad på grunn av stillinga dei har.

Sersjant er den høgaste grada ein vanleg meinig kan få. Den er høgare enn korporal men lågare enn fenrik, som er ei offisersgrad. Symbolet for sersjantgrad er tre vinklar.

Tilsvarande grad i Sjøforsvaret heiter Kvartermeister.

Underoffiser

Ein underoffiser er ein meinig som har fått ei avgrensa befalsutdanning og/eller har fått opprykk i militær grad på grunnlag av kvalifikasjonar og/eller tenestetid. Ein underoffiser står under kommando av ein overordna offiser. Underoffiserskorpset blir ofte rekna som «ryggrada» i militære avdelingar på grunn av den omfattande erfaringa desse gjerne sit inne med.

Underoffiserar gjer teneste som administrativt personell, som rådgjevarar for offiserskorpset og som instruktørar og leiarar for mindre militære avdelingar. De er lagførar, nestkommanderende troppførar och i en del lande som Frankrige och Tyskland troppførar.

I armear består underoffiserskorpset av alle grader av feltveblar,sersjantar og korporalar, medan i marinar består underoffiserskorpset av alle nivå av kvartermeistrar og båtsmenn.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.