Vestbreidda

Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)[1][2]) eller Cisjordan er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet.[3] I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».[4]

Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km2 og 220 km2 vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet.[3] Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013).[3] Meir enn 80 %, kring 2 100 000,[3] er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda,[3] av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem,[5] i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.[6][7][8][9]

We-map
Kart over Vestbreidda (lyst område)

Etymologi

City.of.salfit.west.bank
Byen Salfit på Vestbreidda

Vestbreidda

Namnet Vestbreidda er ei omsetjing av det arabiske uttrykket ad-Daffa al-gharbiya,[10] om området vest for Jordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert av Jordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950.[11] Namnet vart valt for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.

Cisjordan

Det nylatinske namnet Cisjordan eller Cis-Jordan (tyder «på denne sida av Jordanelva») er det vanlege namnet på området på romanske språk. Namnet Vestbreidda og omsetjingar av dette er det vanlege namnet på dette geopolitiske området på somme andre germanske språk, som til dømes engelsk.

Stundom vert Cisjordan nytta om heile området mellom Jordanelva og Middelhavet, særleg i historisk samanheng i Det britiske Palestinamandatet og tidlegare tider. Det analoge Transjordan (som tyder «på den andre sida av Jordanelva») har historisk vorte nytta om området som i dag omtrent utgjer staten Jordan, aust for Jordanelva.

Historie

Frå 1517 til 1917 var området som no er Vestbreidda ein del av Det osmanske riket og provinsen Syria.

1900-talet

Under San Remo-konferansen i 1920 tildelte dei allierte stormaktene (Frankrike, Storbritannia, USA, etc.) området til Palestinamandatet (1920–47). Dei sameinte nasjonane (SN) laga ein delingsplan for Palestina i 1947. Planen tilrådde å dele Det britiske mandatet i ein jødisk stat, ein arabisk stat og ein internasjonalt styrt enklave i Jerusalem,[12] og ein større region enn dagens Vestbreidda vart utpeikt til ein arabisk stat.

Etter den andre verdskrigen vedtok Dei sameinte nasjonane ein resolusjon (181) om det framtidige styret til Palestina, med mål om å oprette to statar innafor Palestinamandatet. Resolusjonen utpeikte området kalla «åslandet Samaria og Judea» (inkludert det som no er «Vestbreidda») som ein del av ein føreslått arabisk stat, men etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart dette området erobra av Transjordan (seinare kalla Jordan to år etter sjølvstende i 1946). «Vestbreidda» eller «Cisjordan» vart namnet på området vest for Jordanelva, medan «Austbreidda» eller «Transjordan» vart nytta om området aust for elva.

I våpenkvileavtalen i 1949 vart Vestbreidda erklært ein del av jordansk territorium og det vart teikna ei mellombels grense mellom Israel og Jordan. Jordan styrte over Vestbreidda frå 1948 til 1967, og annekterte området i 1950. Kravet til Jordan over området vart aldri formelt anerkjent av det internasjonale samfunnet, utanom av Storbritannia.[13][14]

Ideen om ein sjølvstendig palestinsk stat vart ikkje teke opp av arabarane som budde der på den tida. Kong Abdullah av Jordan vart krona til konge av Jerusalem og gav dei palestinske arabarane på Vestbreidda og Aust-Jerusalem jordansk borgarskarp.[15]

I 1950-åra var det ein stor straum av palestinske flyktningar og vald i tillegg til israelske hemnåtak over «den grøne linja».

Israelsk okkupasjon

I juni 1967 vart Vestbreidda og Aust-Jerusalem erobra av Israel under seksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanske ingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore under israelske militær kontroll og vert omtalt som Judea- og Samaria-området av Israel. Sjølv om møtet til Den arabiske ligaen i 1974 i Rabat utpeikte Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) som «den einaste legitime representanten for palestinarane», gav ikkje Jordan offisielt opp kravet sitt på området før 1988,[16] då dei braut alle administrative og rettslege band til Vestbreidda og etter kvart tok bort det jordanske borgarskapet til palestinarane på Vestbreidda.[17]

Fram til 1974 kravde Jordan attende kontroll over Vestbreidda.[18] I 1988 annonserte kong Hussein i Jordan «full rettsleg og administrativ lausgjering frå Vestbreidda».[19] Den 28. juli 1988 annonserte kong Hussein at dei ville stoppa eit utviklingsprosjekt på 1,3 milliardar USD for Vestbreidda. Dei neste dagane oppløyste han formelt Parlamentet, og Vestbreidda var ikkje lenger representert i lovgjevinga.[20]

Sidan Osloavtalen i 1993 har Den palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28%) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61 %) er under full israelsk kontroll. 164 nasjonar reknar Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som «okkupert palestinsk territorium»,[21][22] medan staten Israel insisterer at berre område som vart erobra i krig frå «ein etablert og anerkjend suverenitet» kan reknast som okkupert territorium.[23] Okkupasjonen til Israel av dette territoriet er ikkje anerkjend av noko land. Etter delinga i 2007 mellom Fatah og Hamas, har områda i Vestbreidda under palestinsk kontroll vore styrt av berre dei palestinske sjølvstyresmaktene, medan Gazastripa har vore styrt av Hamas.

Rettsleg status

1947-UN-Partition-Plan-1949-Armistice-Comparison

Grenser definert i SN sin delingsplang for Palestina frå 1947:

  Område tildelt ein jødisk stat
    Område tildelt ein arabisk stat
    Planlagd corpus separatum for Jerusalem som ifølgje planen verken skulle vera jødisk eller arabisk

Våpenkviledelelinjene frå 1949 (den grøne linja):

      Israelsk-kontrollert territorium frå 1949
    Egyptisk- og jordansk-kontrollert territorium frå 1948 til 1967

Frå 1517 til 1917 var Vestbreidda ein del av Det osmanske riket. Tyrkia, som var att etter Det osmanske riket, sa frå seg territorialkravet på Vestbreidda i 1923 med Lausannetraktaten og området som no vert kalla Vestbreidda vart ein del av Palestinamandatet. I mandatperioden hadde ikkje Storbritannia rett til suverenitet, som vart halde av folket under mandatet.[24] I 1947 tilrådde Generalrådet til SN at området som vart Vestbreidda burde vere ein del av ein framtidig arabisk stat, men dei arabiske statane var i mot dette forslaget på den tida. I 1949 okkuperte Jordan Vestbreidda og annekterte det i 1950, men kravet deira vart aldri godkjent av det internasjonale samfunnet. I 1967 erobra Israel Vestbreidda frå Jordan i seksdagarskrigen. Resolusjon 242 av Tryggingsrådet til SN som følgde etter krigen, bad om tilbaketrekking frå territoria som var okkupert under krigen. Sidan 1979 har Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane,[25] SNs generalforsamling,[21] USA,[26] EU,[27] Den internasjonale straffedomstolen,[28] og Den internasjonale Raude kross-komiteen[22] refererer til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som okkupert palestinsk territorium. Generalrådet sin resolusjon 58/292 (17. mai 2004) stadfesta at palestinarane har rett til suverenitet over området.[29]

Både Den internasjonale straffedomstolen og Høgsteretten i Israel har kome fram til at statusen til Vestbreidda er militær okkupasjon.[30] I 2004 konkluderte dei rådgjevande domspremissane til Den internasjonale straffedomstolen at:

« Territoria som ligg mellom den grøne linja og den tidlegare austgrensa til Palestina under mandatet, vart okkupert av Israel i 1967 under den væpna konflikten mellom Israel og Jordan. Etter vanleg folkerett, observerer retten at desse derfor var okkuperte territorium der Israel hadde status som okkuperande makt. Påfølgjande hendingar i desse territoria har ikkje gjort noko for å endre denne situasjonen. Retten konkluderer med at alle desse territoria (inkludert Aust-Jerusalem) framleis er okkuperte territorium og at Israel framleis har status som okkuperande makt.[30][31] »

Den utøvande greina av dei israelske styresmaktene, gjennom Utanriksdepartementet, har definert Vestbreidda som eit omstridt område, der statusen berre kan avgjerast gjennom forhandlingar. Departementet seier at okkuperte territorium er territorium erobra i krig frå ein etablert og anerkjend suveren stat, og at sidan Vestbreidda ikkje var ein lovmessig og anerkjend suverenitet under ein annan stat før seksdagarskrigen, og kan derfor ikkje reknast som okkupert territorium.[23]

Kjennelsen til Den internasjonale straffedomstolen den 9. juli 2004 avgjorde at Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er territorium halde av Israel under militær okkupasjon, uavhengig av statusen området hadde før den israelske okkupasjonen og den fjerde Geneve-konvensjonen gjeld de jure.[32] Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) som territorium okkupert av Israel.[33]

Folkeretten (Paragraf 49 i Den fjerde Geneve-konvensjonen) forbyr «overføring av folk frå ei okkuperande makt til okkuperte territorium», som gjer at den israelske regjeringa har eit ansvar om å ikkje busetje israelske borgarar på Vestbreidda.[34]

Den 27. september 2013 har 134 (69,4%) av 193 medlemsland i Dei sameinte nasjonane anerkjent Staten Palestina[35] innafor Dei palestinske territoria, som av Israel vert rekna som eit samanhengande territorium,[36][37] der Vestbreidda dannar kjernen i ein eventuell stat.[38]

Jericho from above
Jeriko på Vestbreidda

Politisk status

Bush abbas presidential guard
Den amerikanske presidenten George Bush og Mahmoud Abbas i Ramallah i 2008.

Den framtidige statusen til Vestbreidda, i lag med Gazastripa ved Middelhavet, har vore tema for forhandlingar mellom palestinarar og israelarar, sjølv om den noverande Vegkartet for fred, føreslått av «Kvartetten» som bestod av USA, Russland, Den europeiske unionen og Dei sameinte nasjonane, førestiller seg ein sjølvstendig palestinsk stat i desse territoria, side om side med Israel. Men «Vegkartet» seier at i den første fasen må palestinarane stoppe alle åtak mot Israel, medan Israel må legge ned utpostane. Sidan ingen av desse vilkåra er møtt sidan Vegkartet vart «akseptert» av alle sider, har ikkje dei endelege forhandlingane byrja.

Den palestinske sjølvstyresmakta meiner at Vestbreidda bør vere ein del av den suverene staten deira, og at den israelske militærkontrollen er eit brot på retten deira til sjølvstyre. Dei sameinte nasjonane kallar Vestbreidda og Gazastripa israelskokkuperte territorium. Mange israelarar og støttespelarane deira nyttar omgrepet omstridt territorium, fordi dei gjer krav på delar av territoriet, og påpeiker at landet ikkje på 2000 år har vore ein suveren stat.

Den palestinsk folkeopinionen er mot det israelske militære og dei israelske nybyggjarane på Vestbreidda som eit brot på retten deira til ein eigen stat og suverenitet.[39] Den israelske opinionen delt i fleire syn:

  • Fullstendig eller delvis tilbaketrekking frå Vestbreidda i håp om fredeleg sameksistens i separate statar (stundom kalla «land for fred»-standpunktet. I ei undersøking i 2003 støtta 76% av israelarar ein fredeleg avtale basert på dette prinsippet.[40]
  • Oppretthalde eit militært nærvære på Vestbreidda for å reduere palestinsk terrorisme med avskrekking eller væpna intervensjon, og samstundes oppgje ein viss grad av politisk kontroll;
  • Anneksjon av Vestbreidda og samstundes gje den palestinske folkesetnaden med palestinsk borgarskap israelsk opphaldsløyve, i følgje Elon-fredsplanen;
  • Anneksjon av Vestbreidda og assimilering av den palestinske folkesetnaden som israelske borgarar;
  • Flytte den palestinske folkesetnaden i Aust-Jerusalem.[41]

Geografi

Yarden 034PAN2
Jordanelva

Vestbreidda dekkjer eit areal på 5628 kvadratkilometer, som utgjer 21,2% av det tidlegare Palestinamandatet (utanom Jordan)[42] og har generelt eit kupert terreng. Den totale lengda på landegrensa i regionen er 404 km.[43] Terrengert består hovudsakleg av høgland med djupe innsnitt, noko vegetasjon i vest, men noko aude i aust. Høgda går frå -408 m ved breidda av Daudehavet til det høgaste punktet i Nabi Yunis, på 1 030 meter over havet.[44] Vestbreidda har ikkje kystlinje.[43]

Det er få naturressursar i området, utanom særs dyrkbar mark, som utgjer 27 % av landarealet i regionen. Markene er stort sett nytta som permanente beitemarker (32 % av dyrkbar mark) og sesongbasert jordbruk (40 %).[43] Skogar utgjer berre 1 %, med ingen permanente avlingar.[43]

Klima

Klimaet på Vestbreidda er hovusdakleg middelhavsklima, noko kjøligare i høgareliggande område samanlikna med kysten vest for området. I aust omfattar Vestbreidda Juedaørkenen og breidda av Daudehavet - med både tørt og varmt klima.

Politisk geografi

Palestinsk administrasjon

Settlements2006
Kart over busetjingar på Vestbreidda i januar 2006: Gul = palestinske byar. Lyserosa = lukka militære område eller busetjingsområde, eller område isolerte av Israel si sperring på Vestbreidda; mørkerosa = busetjingar, utpostar eller militære basar. Den svarte linja = sperringa til Israel

Osloavtalen frå 1993 fastsette at den endelege statusen til Vestbreidda var underlagt ei framtidig semje mellom Israel og dei palestinske leiarane. Etter denne foreløpige avtalen trekte Israel militærstyret sitt frå delar av Vestbreidda, som vart delt inn i tre administrative område:

Område Tryggleik Sivilt styre % av Vestbreidda
land
% av Vestbreidda
palestinsk
A palestinsk palestinsk 18% 55%
B israelsk palestinsk 21% 41%
C israelsk israelsk 61% 4%[45]

Område A, 2,7%, er underlagt full sivil kontroll av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, og utgjer palestinske byar og somme landlege område utanom israelske busetjingar i nord (mellom Jenin, Nablus, Tubas og Tulkarm), i sør (kring Hebron), og eit sentralt sør for Salfit.[46] Område B, 25,2%, utgjer andre landlege område, mange nærare midten av Vestbreidda. Område C utgjer alle israelske busetjingar, tilkomstvegar til busetjingane, buffersoner (nær busetjingar, vegar, strategiske område for Israel) og nesten heile Jordandalen og Judeaørkenen.

Område A og B er igjen delt inn i 227 fråskilde område (199 av dei er mindre enn to kvadratkilometer) som er skilde frå kvarandre av det israelskkontrollerte Område C.[47] Områda A, B og C kryssar 11 guvernement nytta som administrativ inndeling av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, Israel og det israelske forsvaret, kalla opp etter store byar. Dei hovudsakleg opne områda i Område C, som består av alle dei grunnleggande dyrkbar marken og bygningsland, vasskjelder, steinbrot og stader av verdi for turisme, som ein treng for å utvikle ein levedyktig palestinsk stat,[48] og skulle over til palestinarane i 1999 etter Osloavtalen. Dette vart aldri gjort.[49]

Ei undersøking av SN Sentrale humanitære samordningseining i 2007 fann at kring 40 % av Vestbreidda var oppteken av israelsk infrastruktur.[50]

Område annektert av Israel

Greater Jerusalem May 2006 CIA remote-sensing map 3500px
Stor-Jerusalem, mai 2006. CIA Fjernmålingskart som syner område rekna som busetjingar, flyktningleirar, gjerde, murar og liknande.

Gjennom Jerusalemlova har Israel utvida den administrative kontrollen sin over Aust-Jerusalem. Dette har ofte blitt tolka som jamgodt med ei offisiell annektering, men Ian Lustick, som gjekk gjennom rettsstillinga i dei israelske tiltaka og kom fram til at det ikkje hadde funne stad ei annektering. Dei palestinske innbyggjarane har rettsleg fast residens-status.[51][52] Tryggingsrådet til SN avviste Jerusalemlova som ugyldig. Sjølv om permanente innbyggjarar om dei vil kan få israelsk borgarskap om dei møter visse vilkår, søkte ikkje dei fleste palestinarane om israelsk borgarskap av politiske årsaker.[53] Det er forskjellige årsaker kvifor Vestbreidda ikkje er blitt annektert[54] av Israel etter erobringa i 1967. Den israelske regjeringa har ikkje formelt stadfesta ei offisiell årsak, men historikarar og analytikarar har kome med mange årsaker, dei fleste av dei demografiske.

Israelske busetjingar

Westbankjan06
Kart over israelske busetjingar på Vestbreidda, januar 2006.

I desember 2010 budde 327 750 israelarar i 121 busetjingar på Vestbreidda, offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene, og 192 000 israelarar bur i busetjingar i Aust-Jerusalem.[5] Det finst kring 100 busetjingar til som ikkje er offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene og som i følgje israelsk lov er ulovlege, men som har fått infrastruktur, vatn, kloakk og andre tenester av styresmaktene.[55][56]

Det internasjonale samfunnet (inkludert Dei sameinte nasjonane) meiner alle israelske busetjingar på Vestbreidda bortanfor den grøne linja er ulovlege etter folkeretten.[57][58][59][60] Særleg Den europeiske unionen[61] reknar busetjingane som ulovlege. Store delar av den israelske ålmenta er mot dei stadige utbygginga av jødiske busetjingar på Vestbreidda.[62] Dei fleste rettsforskarane reknar òg busetjingane som eit brot på folkeretten,[7] men somme forskarar, som Julius Stone,[63][64] og Eugene Rostow[65] hevdar dei er lovlege etter folkeretten av forskjellige årsaker.[66]

Vestbreidda-barrieren

West Bank barrier
Sperringa på Vestbreidda.

Israel si sperring på Vestbreidda er ei fysisk sperring som vart bygd etter vedtak av den israelske regjeringa, og utgjer eit nettverk av gjerde med ei 60 meter brei eksklusjonssone, og murar på opptil 8 meter.[67] Ho ligg hovudsakleg innanfor Vestbreidda, delvis langs våpenkvilelinja frå 1949, eller «den grøne linja» mellom Vestbreidda og Israel. I april 2006 var lengda på sperringa som var godkjend av dei israelske styresmaktene 703 km lang. Området mellom sperringa og den grøne linja er eit lukka militærområde kalla Separasjonssonen, som avskjer 8,5% av Vestbreidda og lukkar inne dusinvis av landsbyar og titusenvis av palestinarar.[68][69][70]

Sperringa går hovudsakleg langs den jordansk-israelske våpenkvilelinja, eller den grøne linja, frå 1949, men går fleire stader utanom denne linja for på den israelske sida gå kring særs folketette område med jødiske busetjingar på Vestbreidda, som Aust-Jerusalem, Ariel, Gush Etzion, Immanuel, Karnei Shomron, Givat Ze'ev, Oranit og Maale Adumim.

Dei som støttar sperringa hevdar ho er naudsynt for å verne israelske sivile frå palestinske åtak, som har auka under Al-Aqsa Intifada;[71][72] det har redusert terroriståtak med 90% frå 2002 til 2005, over ein 96% reduksjon frå 2002 til slutten av 2007.[73]

Motstandarar av sperringa hevdar det er eit ulovleg forsøk på å annektere palestinske land forkledd som tryggleik,[74] at det bryt folkeretten,[75] og at det er eit forsøk på å skaffe seg ein fordel i ei framtidig forhandling,[76] og kraftig avgrensar palestinsk livsopphald, særleg ved å avgrense høvet til å flytte seg fritt.[77]

Administrativ inndeling

Etter signeringa av Osloavtalen vart Vestbreidda delt inn i 11 guvernement styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene. Sidan 2007 er det to guvernement som hevdar å vere lovmessig styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, eit på Vestbreidda og eit på Gazastripa.

Guvernement[78] Folketal[78] Areal (km2)[78]
Jenin guvernement 556 212 583
Tubas guvernement 65 771 372
Tulkarm guvernement 175 213 239
Nablus guvernement 386 380 592
Qalqilya guvernement 120 753 164
Salfit guvernement 55 464 191
Ramallah og Al-Bireh guvernement 260 018 844
Jeriko guvernement 48 724 608
Jerusalem guvernement
(inkludert det israelskannekterte Aust-Jerusalem)
462 521 344
Betlehem guvernement 257 515 644
Hebron guvernement 751 129 1 060
Totalt 3 609 700 5 671
Sjå òg Judea- og Samaria-området

Vestbreidda er vidare delt inn i åtte administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen), Shomron (Shechem-området, på arabisk kalla Nablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området), Etzion (Betlehem-området) og Yehuda (Hebron-området).

Økonomi

Økonomien i Dei palestinske territoria er kronisk i depresjon, og arbeidsløya er alltid over 20 % etter 2000 (19 % på Vestbreidda første havldel av 2013).[79]

Større byar

Ariel085
Busetjinga Ariel
Ramallah Residential
Bustadområde i Ramallah
Større byar
By Folketal
Al-Bireh 38 202[80]
Beitar Illit 37 600[81]
Ariel 17 700[81]
Betlehem 25 266[80]
Hebron (al-Khalil) 163 146[80]
Jeriko 18 346[80]
Jenin 90 004[80]
Ma'ale Adummim 33 259[81]
Modi'in Illit 48 600[81]
Nablus 136 132[80]
Qalqilyah 41 739[80]
Ramallah 27 460[80]
Tulkarm 51 300[80]
Yatta 48 672[80]

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Vestbreidda» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2015.
  • Albin, Cecilia (2001). Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge University Press. ISBN 0-521-79725-X
  • Bamberger, David (1985, 1994). A Young Person's History of Israel. Behrman House. ISBN 0-87441-393-1
  • Dowty, Alan (2001). The Jewish State: A Century Later. University of California Press. ISBN 0-520-22911-8
  • Eldar, Akiva and Zertal, Idith (2007). Lords of the land: the war over Israel's settlements in the occupied territories, 1967–2007, Nation Books. ISBN 978-1-56858-414-0
  • Gibney, Mark and Frankowski, Stanislaw (1999). Judicial Protection of Human Rights. Praeger/Greenwood. ISBN 0-275-96011-0
  • Gordon, Neve (2008).Israel's Occupation. University of California Press, Berkeley CA, ISBN 0-520-25531-3
  • Gorenberg, Gershom. The Accidental Empire. Times Books, Henry Holt and Company. ISBN 0-8050-8241-7. 2006.
  • Howell, Mark (2007). What Did We Do to Deserve This? Palestinian Life under Occupation in the West Bank, Garnet Publishing. ISBN 1-85964-195-4
  • Oren, Michael (2002). Six Days of War, Oxford University Press. ISBN 0-19-515174-7
  • Playfair, Emma (Ed.) (1992). International Law and the Administration of Occupied Territories. Oxford University Press. ISBN 0-19-825297-8
  • Shlaim, Avi (2000). The Iron Wall: Israel and the Arab World, W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-04816-0
  1. Det israelske forsvaret, Ordinance No. 187, «Ordinance about Interpretation», 17. desember 1967, Major General Uzi Narkis, Commander of Central Distict and IDF Forces i Region of HaGada HaMa'aravit. Publisert på hebraiske og arabisk i Collection no. 9 of ordinances for the West Bank, 22. januar 1968, s. 368
  2. Dishon (1973) Dishon Record 1968 Published by Shiloah Institute (seinare Moshe Dayan Center for Midle Eastern and African Studies) ogJohn Wiley and Sons, ISBN 0-470-21611-5 p 441
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «The World Factbook – Middleast: The West Bank». Central Intelligence Agency Sjå òg Geografi på Vestbreidda.
  4. Saree Makdisi,Palestine Inside Out: An Everyday Occupation, W. W. Norton & Company, 2010 s.20.
  5. 5,0 5,1 «IDF: More than 300,000 settlers live in The West Bank». Haaretz. Israel. Henta 23. februar 2015.
  6. Roberts, Adam. «Prolonged Military Occupation: The Israeli Occupied Territories Since 1967». The American Journal of International Law (American Society of International Law) 84 (1): 85–86.
  7. 7,0 7,1 Pertile, Marco (2005). «'Legal Consequences of the Construction of a Wall i Occupied palestinsk Territory': A Missed Opportunity for International Humanitarian Law?». I Conforti, Benedetto; Bravo, Luigi. The Italian Yearbook of International Law 14. Martinus Nijhoff Publishers. s. 141. ISBN 978-90-04-15027-0.
  8. Barak-Erez, Daphne (2006). «Israel: The security barrier—between international law, constitutional law, and domestic judicial review». International Journal of Constitutional Law (Oxford University Press) 4 (3): 548.
  9. Drew, Catriona (1997). «Self-determination and population transfer». I Bowen, Stephen. Human rights, self-determination and political change in the occupied Palestine Territory. International studies in human rights 52. Martinus Nijhoff Publishers. s. 151–152. ISBN 978-90-411-0502-8.
  10. Josva 22:7:'Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land på vestsida av Jordan, saman med brørne sine. .'(הירדן ימה :hay-yardên yāmmāh)
  11. Eyal Benvenisti,The International Law of Occupation, Oxford University Press 2012 s.204
  12. «A/RES/181(II) of 29. november 1947». domino.un.org. 1947. Henta 23. februar 2015.
  13. Joseph Massad sa at medlemmar av Den arabiske ligaen de facto anerkjende området og at USA formelt hadde anerkjent annekteringa, utanom for Jerusalem. Sjå Joseph A. Massad, Colonial Effects: The Making of National Identity in Jordan (New York: Columbia University Press, 2001),ISBN 0-231-12323-X, s. 229. Dokument syner at USA de facto aksepterte annekteringa utan å formelt anerkjenne det. USA Department of State / Foreign relations of the USA, 1950. The Near East, South Asia, and Africa s. 921
  14. Det er ofte sagt at Pakistan anerkjende annekteringa, men det verkar å vere feil; sjå S. R. Silverburg, Pakistan and the West Bank: A research note, Middle Eastern Studies, 19:2 (1983) 261–263.
  15. Armstrong, Karen. Jerusalem: One City, Three Faiths. New York: Ballantine Books, 1996. s. 387.
  16. Anis F. Kassim, red. (1988). The Palestine Yearbook of International Law 1987-1988. s. 247.
  17. Efraim Karsh, P. R. Kumaraswamy, red. (2003). Israel, the Hashemites, and the Palestines: The fateful triangel. s. 196.
  18. Religious human rights in global perspective: legal perspectives av J. D. Van der Vyver, John Witte. s. 388.
  19. «Address to the Nation». Kinghussein.gov.jo. Henta 23. februar 2015.
  20. Disengagement from Vestbreidda
  21. 21,0 21,1 «Applicability of the Geneva Convention relative to the Protection of Civilian Persons in Time of War, of 12. august 1949, to the Occupied palestinsk Territory, including Jerusalem, and the other occupied arabarar territories». Dei sameinte nasjonane. 17. desember 2003. Henta 23. februar 2015.
  22. 22,0 22,1 «Conference of High Contracting Parties to the Fourth Geneva Convention: Statement by the Den internasjonale Raude kross-komiteen». Den internasjonale Raude kross-komiteen. 5. desember 2001. Henta 23. februar 2015.
  23. 23,0 23,1 «Disputed Territories: Forgotten Facts about Vestbreidda and Gazastripa». Israeli government's Ministry of Foreign Affairs. Henta 23. februar 2015.
  24. Quigley, John (2005). The Case for Palestina An International Law Perspective. Duke University Press. s. 15.
  25. Resolution 446, Resolution 465, Resolution 484, among others
  26. «Israel and the occupied territories». State.gov. 4. mars 2002. Henta 23. februar 2015.
  27. Occupied Palestine Territory - EU
  28. «Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory». Den internasjonale straffedomstolen. 6. oktober 2014. Henta 23. februar 2015.
  29. «UN Resolution 58/292 (17. mai 2004)». Dei sameinte nasjonane. Henta 23. februar 2015.
  30. 30,0 30,1 Domb, Fania (2007). International Law and Armed Conflict: Exploring the Faultlines. Martinus Nijhoff Publishers. s. 511. ISBN 9004154280.
  31. Legal Consequences cf the Construction of a Wu11 i Occupied palestinsk Territory, Advisory Opinion, I. C. J. Reports. Den internasjonale straffedomstolen. 2004. s. 136. ISBN 92-1-070993-4.
  32. Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory, see paragraphs 90-101 and s.5
  33. Israel/Occupied Palestine Territories: The conflict in Gaza: A briefing on applicable law, investigations and accountability Amnesty International. 2009. Henta 23. februar 2015; Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine Territories Human Rights Watch, 6. juli 2006; Is Gaza 'occupied' territory? CNN, 6. januar 2009. Henta 23. februar 2015.
  34. Independent law report commissioned by the BBC Board of Governors, BBC Governors' Archive, februar 2006 (s. 48–50)
  35. Evan Centanni, Map: Palestina Recognized by Two More Countries (134/193) Political Geografi Now, 2. november, 2013
  36. 'The West Bank and the Gaza Strip as a Single Territorial Unit,' Reut Institute.
  37. 'Palestinian Territories,' European Forum for Democracy and Solidarity, 31. januar 2014
  38. 'An awkward new government,' The Economist 7. juni 2014.
  39. «Survey Research Unit». Pcpsr.org. 9. juli 2001. Henta 23. februar 2015.
  40. «Israeli public opinion regarding the conflict». The Center for Middle East Peace and Economics Cooperation. Arkivert frå originalen 7. oktober 2014. Henta 23. februar 2015.
  41. Asher Arian (June 2002). «A Further Turn to the Right: Israeli Public Opinion on National Security – 2002». Strategic Assessment (Tel Aviv universitet: Jaffee Sentral for Strategic Studies) 5 (1): 50–57. Arkivert frå originalen 3. januar 2006. Henta 23. februar 2015.
  42. Arie Arnon, Israeli Policy towards the Occupied Palestinian Territories: The Economic Dimension, 1967-2007. MIDDLE EAST JOURNAL, Volume 61, No. 4, AUTUMN 2007 (s. 575)
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 CIA Factbook: West Bank
  44. A house demolished, three others threatened in the town of Halhul - 24. mars 2007, POICA. Henta 23. februar 2015.
  45. «JURIST – Den palestinske sjølvstyresmakta: palestinsk law, legal research, human rights». Jurist.law.pitt.edu. Henta 23. februar 2015.
  46. Gvirtzman, Haim (8. februar 1998). «Maps of Israeli Interests in Judea and Samaria Determining the Extent of the Additional Withdrawals». Henta 23. februar 2015.
  47. «The West Bank and Gaza: A Population Profile – Population Reference Bureau». Prb.org. Henta 23. februar 2015.
  48. Jonathan Cook, 'World Bank report is a message against israelske occupation,' The National, 15. oktober 2013,
  49. Ron Pundak 'Decoding Bibi's Vestbreidda agenda,' at Haaretz, 3. august 2012.
  50. {{cite web|url=http://www.ochaopt.org/documents/TheHumanitarianImpactOfisraelskeInfrastructureTheWestBank_full.pdf |format=PDF|title=The Humanitarian Impact on Palestines of Israeli Settlements and Other Infrastructure in the West Bank|publisher=UN [[Office for the Coordination of Humanitarian Affairs – Occupied Palestinian Territory|accessdate=23. februar 2015}}
  51. Yael Stein (April 1997). «The Quiet Deportation: Revocation of Residency of East Jerusalem Palestinians». Joint report by Hamoked og B'Tselem. Henta 23. februar 2015.
  52. Yael Stein (April 1997). «The Quiet Deportation: Revocation of Residency of Aust-Jerusalem Palestinians (Summary)». Joint report by Hamoked and B'Tselem. Henta 23. februar 2015.
  53. «Legal status of East Jerusalem and its residents». B'Tselem. Henta 23. februar 2015.
  54. (Bard«Our Positions: Solving the Palestinian/Israeli Conflict». Free Muslim Coalition Against Terrorism. Henta 23. februar 2015.
  55. Erlanger, Steve (9. mars 2005). «Israeli Report Condemns Support for Settlement Outposts». New York Times.
  56. Brulliard, Karin (24. april 2012). «Israel legalizes three West Bank outposts». The Washington Post. Henta 23. februar 2015.
  57. Emma Playfair (Ed.) (1992). International Law and the Administration of Occupied Territories. USA: Oxford University Press. s. 396. ISBN 0-19-825297-8.
  58. Cecilia Albin (2001). Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge: Cambridge University Press. s. 150. ISBN 0-521-79725-X.
  59. Mark Gibney; Stanlislaw Frankowski (1999). Judicial Protection of Human Rights: Myth or Reality?. Westport, Connecticut: Praeger/Greenwood. s. 72. ISBN 0-275-96011-0. Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  60. 'Plia Albeck, legal adviser to the israelske Government was born in 1937. She died on 27. september 2005, aged 68', The Times, 5. oktober 2005, s. 71.
  61. «EU Committee Report» (PDF). Henta 23. februar 2015.
  62. Dromi, Shai M. (2014). «Uneasy Settlements: Reparation Politics and the Meanings of Money in Israeli Withdrawal from Gaza». Sociological Inquiry 84 (1). doi:10.1111/soin.12028.
  63. Julius Stone (13. oktober 2003). Ian Lacey, red. «International Law and arabarane Israel Conflict». Extracts from Israel and Palestine - Assault on the Law of Nations. AIJAC. Henta 23. februar 2015.
  64. David M. Phillips. «The Illegal-Settlements Myth». Commentary (December 2009). Henta 23. februar 2015.
  65. «Resolved: are the settlements legal? israelske Vestbreidda policies». Tzemachdovid.org. Henta 23. februar 2015.
  66. «FAQ on israelske busetjingar». CBC News. 26. februar 2004. Henta 23. februar 2015.
  67. «HCJ 7957/04 Mara’abe v. The statsminister i Israel» (PDF). Supreme Court of israelske (High Court of Justice). Henta 23. februar 2015.
  68. «Separation Barrier: 9th July 2006: Two Years after the ICJ's Decision on the Separation Barrier». B'tselem. 9. juli 2006. Henta 23. februar 2015.
  69. Margaret Evans (6. januar 2006). «Indepth Middle East:Israel's Barrier». CBC. Henta 23. februar 2015.
  70. «Israel's Separation Barrier:Challenges to the Rule of Law and Human Rights: Executive Summary Part I and II». International Commission of Jurists. 6. juli 2004. Henta 23. februar 2015.
  71. «Israel Security Fence – Ministry of Defense». Securityfence.mod.gov.il. Henta 23. februar 2015.
  72. «Map of Palestina – Land of Israel, 1845». sionisme-israel.com. Henta 23. februar 2015.
  73. Wall Street Journal, «After Sharon», 6. januar 2006.
  74. «Under the Guise of Security». Btselem.org. Henta 23. februar 2015.
  75. «U.N. court rules Vestbreidda barrier illegal». CNN. 6. oktober 2014. Henta 23. februar 2015.
  76. Set in stone, The Guardian, 15. juni 2003
  77. «Settlements and separation i Vestbreidda: future implications for health. Patrick Bogue, Richard Sullivan, Anonymous and Guglielmo Chelazzi Grandinetti». Medicine, Conflict and Survival. 2014. February 2014.
  78. 78,0 78,1 78,2 «Occupied palestinsk Territory: Administrative units». GeoHive. Henta 24. oktober 2012.
  79. World Bank (2013). «The West Bank and Gaza - Area C and the future of the Palestinian economy». World Bank, Washington DC. Henta 23. februar 2015.
  80. 80,0 80,1 80,2 80,3 80,4 80,5 80,6 80,7 80,8 80,9 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  81. 81,0 81,1 81,2 81,3 2010 Locality Population Statistics. Israelsk statistisk sentralbyrå (PCBS).

Bakgrunnsstoff

Ad-Dhahiriya

ad-Dhahiriya (òg kalla az-Zahiriya) (arabisk الظاهرية) er ein palestinsk by i Hebron guvernement, 23 km sørvest for byen Hebron sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde ad-Dhahiriya eit folketal på 28 776 i 2007.

Al-Yamun

Al-Yamun (arabisk اليامون) er ein palestinsk by som ligg ni kilometer vest for Jenin i Jenin guvernement, nord på Vestbreidda.

I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 16 383 innbyggjarar i 2007.Den 29. oktober 2008 vart ein bonde i byen, Muhammad 'Abahra, drepen av Det israelske forsvaret (IDF). 'Abahra bar på ei hagle, noko som fekk IDF til å tru at han skulle skyte på dei. Sonen til 'Abahra sa derimot at faren vakte over sønene sine frå nokre mistenkte tjuvar.

Beitunia

Beitunia (arabisk بيتونيا), òg Bitunya er ein palestinsk by som ligg 3 km vest for Ramallah og 14 km nord for Jerusalem. Byen ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 761 i 2007, den tredje største i guvernement etter al-Bireh og Ramallah.

Dei palestinske territoria

Dei palestinske territoria eller Dei okkuperte palestinske territoria består av Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) og Gazastripa. Etter Osloavtalen i 1993 vart delar av territoria politisk underlagt Dei palestinske sjøvstyresmaktene (Områda A og B). I 2007 braut den Hamasstyrte Gazastripa seg bort frå Dei palestinske sjøvstyresmaktene, og har sidan styrt Gazastripa på eiga hand. Israel har framleis full militærkontroll og, etter Osloavtalen, sivil kontroll over 61% av Vestbreidda (Område C). I april 2011 signerte dei palestinske partane ein avtale om forsoning, men gjennomføringa har sidan stoppa opp. Nye forsøk på ein avtale i 2012 førte heller ikkje fram.

Områda Vestbreidda og Gazastripa var ein del av territoriet vest for Jordanelva i Palestinamandatet under britisk styre, som vart skipa i 1922. Frå den arabisk-israelske krigen i 1948 og fram til seksdagarskrigen i 1967, var Vestbreidda okkupert og annektert av Jordan (annekteringa var berre godkjend av Storbritannia og Pakistan) og Gazastripa okkupert av Egypt, sjølv om det hadde vore avgrensa styresmakt utøvd i Gaza av Den all-palestinske styresmakta frå september 1948 til 1959. Dei juridiske grensene til Dei palestinske territoria vert for tida av pro-palestinske fraksjonar i det internasjonale samfunnet rekna som dei grensene som vart nedfelt i våpenkvileavtalen i 1949, og av Israel til å falle innafor dei israelske grensene.

Sidan Israel overtok territoria Vestbreidda og Gazastripa frå høvsvis Jordan og Egypt i seksdagarskrigen i 1967, og har hatt kontroll over dei sidan, og det internasjonale samfunnet, inkludert SN og internasjonale juridiske organ, har ofte omtalt desse områda som Dei okkuperte palestinske territoria.I 1980 annekterte Israel offisielt Aust-Jerusalem. Annekteringa vart fordømd internasjonalt og erklært «ugyldig» av Tryggleiksrådet, medan Israel, som nasjon, reknar heile Jerusalem som hovudstaden sin. I 1988, då Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) erklærte at dei ønskte å opprette ein palestinsk stat, avslo Jordan alle territorialkrav på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem. Sidan den palestinske sjølvstendeerklæringa i 1988, har 130 medlemsland anerkjend Staten Palestina, som består av Dei palestinske territoria. Det er ikkje anerkjend av Israel og somme vestlege land, som USA. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart danna etter Osloavtalen i 1993, og fekk avgrensa kontroll over delar av Vestbreidda og Gazastripa.

Dei palestinske sjøvstyresmaktene, Tryggleiksrådet SNs generalforsamling, Den europeiske unionen, Den internasjonale straffedomstolen, og Den internasjonale Raude kross-komiteen reknar Aust-Jerusalem som ein del av Vestbreidda, og derfor ein del av Dei palestinske territoria, medan Israel reknar det som ein del av Israel etter annekteringa i 1980. Dei palestinske sjøvstyresmaktene (som nyleg offisielt endra namn til Staten Palestina, etter at SN anerkjende suvereniteten deira), som opprettheld territorialkravet sitt på Aust-Jerusalem, hadde aldri suverenitet over området. Men den israelske suvereniteten, har ikkje blitt anerkjend av andre land, sidan den einsidige annekteringa av territoriet okkupert under krigen er i strid med den fjerde Genève-konvensjonen. Osloavtalen (1995) gav Gaza tilkomst til sjøen innafor 20 nautiske mil ut frå kysten. Berlinforpliktinga i 2002 reduserte dette til 12 nautiske mil. I oktober 2006 innførte Israel ei 6 milsgrense, og då Gazakrigen var over var grensa berre tre nautiske mil. Som følgje av dette vart over 3 000 fiskarar nekta tilkomst til 85 % av den maritime grensa ein var samde om i 1995. Det meste av Daudehavet er utafor stengt for palestinsk bruk, og palestinarar vert nekta tilkomst til kysten.Då Hamas tok over Gaza vart Dei palestinske territoria politisk delt, og Fatah styrte berre over Vestbreidda, men vert internasjonalt rekna som den offisielle palestinske styresmakta (sjå Fatah-Hamas-konflikta. Både Vestbreidda og Gazastripa vert ofte framleis rekna som okkupert av Israel, i følgje det internasjonale samfunnet.. Gazastripa vert styrt av Hamas, medan det meste av Vestbreidda vert styrt av dei Ramallah-baserte palestinske sjøvstyresmaktene. Ein avtale i april 2014 mellom dei to politiske partane om å halde val å inngå eit kompromiss, gjer at dette kan endre seg i framtida.

Distrikt i Israel

Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.

Gush Etzion regionale kommune

Gush Etzion regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית גוש עציון, Mo'atza Azorit Gush Etzion) er ein regional kommune nord i Judeafjella, nord på den okkuperte Vestbreidda, som styrer alle busetjingane i Gush Etzion-området, i tillegg til andre som ligg i nærleiken. Kommunesenteret ligg like ved Alon Shvut.

Israel

Israel, offisielt Staten Israel (hebraisk מְדִינַת יִשְׂרָאֵל, Medīnat Yisrā'el; arabisk دولة إِسرائيل, Dawlat Isrāʼīl) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.Den 29. november 1947, tilrådde SNs generalforsamling at ein implementerte delingsplanen deira for Palestinamandatet. Den 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Sionistorganisasjonen og Jødisk byrå for Palestina «opprettinga av ein jødisk stat i Israels land, som skal heite Staten Israel», ein sjølvstendig stat som enda Palestinamandatet 15. mai 1948. Arabiske armear frå nabolanda invaderte Palestina dagen etter og kjempa mot dei israelske styrkane. Israel har sidan kjempa fleire krigar med dei nærliggjande arabarlanda, og har i løpet av desse stridane okkupert Vestbreidda, Sinaihalvøya (mellom 1967 og 1982), delar av Sør-Libanon (mellom 1982 og 2000), Gazastripa og Golanhøgdene. Staten har annektert delar av desse territoria, mellom anna Aust-Jerusalem, men grensa til Vestbreidda er omstridd. Israel har signert fredsavtalar med Egypt og Jordan, men forsøk på å løyse den israelske–palestinske konflikten har så langt ikkje ført til fred.

Det økonomiske senteret i Israel er Tel Aviv, medan Jerusalem er den mest folkerike byen og hovudstaden i landet, sjølv om han internasjonalt ikkje vert rekna som ein del av Israel.Av etniske grupper i Israel finn ein askenasiske jødar, mizrahiske jødar, palestinarar, sefardiske jødar, jemenittiske jødar, etiopiske jødar, bahrainske jødar, beduinar, drusarar, og mange andre grupper. Folketalet i Israel, som talt av Israelsk statistisk sentralbyrå, var i 2014 estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødiske, mange av blanda etnisk bakgrunn. Den nest største folkegruppa i landet er arabarar, med 1 686 000 innbyggjarar (inkludert drusarar og dei fleste arabarane i Aust-Jerusalem). Dei fleste israelske arabarane er muslimar, inkludert delvis fastbuande beduinar. Resten er kristne og drusarar. Andre minoritetar er maronittar, samaritanarar, svarte hebraiske israelittar, andre afrikanarar, armenarar, tsjerkessarar, romfolk og andre. Det er òg mange utanlandske arbeidarar og asylsøkjarar i Israel frå Afrika og Asia.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren er regjeringssjef medan presidenten har ei heller seremoniell stilling, og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda.

Israel si sperring på Vestbreidda

Israel si sperring på vestbreidda er ei nemning på den sperringa Israel har sett opp på Vestbreidda av Jordanelva.

For å kontrollere palestinsk trafikk over grensa til Israel, har Israel bygd opp ei sperring frå 2001. Av motstandarar vert sperringa skildra som ein mur, medan tilhengarar av muren, inkludert israelske styresmakter, skildrar sperringa som eit gjerde sett opp som tryggingstiltak mot terrorisme. Sperringa er einskilde stader åtte meter høg og laga av betong (jf. foto til høgre).

Jenin

Jenin (arabisk جنين, Ǧinīn, hebraisk skrift ג'נין) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda. Han er det administrative senteret i Jenin guvernement og er eit stort jordbrukssenter for dei kringliggande byane. I 2007 hadde byen eit folketal på 39 004. Jenin vert administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Jenin ligg oppom Jordandalen i aust og Jezreeldalen i nord.

Jerusalem distrikt

Jerusalem distrikt (hebraisk מחוז ירושלים; arabisk منطقة القدس) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det administrative senteret er Jerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og har 910 300 innbyggjarar. Av desse er 67,8 % jødiske og 30,6 % arabarar. Ein femtedel (21 %) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar både Aust- og Vest-Jerusalem.Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt er palestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten er israelske arabarar som bur i Abu Ghosh, Beit Safafa og Aust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra. Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3 % muslimar, 1,8 % kristne og 1,4 % ikkje klassifisert av religion.

Jordandalen

Jordandalen (arabisk الغور, Al-Ghor eller Al-Ghawr) er ein del av den større Jordan-riftdalen. Han er 120 kilometer lang og 15 kilometer brei, der han går frå Genesaretsjøen i nord til nordlege Daudehavet i sør. Dalen strekkjer seg vidare 155 kilometer sør for Daudehavet til Akaba, eit område òg kalla Wadi Arabah eller Aravadalen. Han dannar grense mellom Israel og Jordan i nord, og mellom Vestbreidda og Jordan i sør.

Jordanelva

Jordanelva, eller berre Jordan, er ei 251 km lang elv i Midtausten. Elva har utspring i Anti-Libanonfjella ved Hermon, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho munnar ut i Daudehavet, som ingen elver renn ut frå.

Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidda i vest. Vestbreidda av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.

Judea

Judea (hebraisk יהודה, Yəhuda, tiberhebraisk Yəhûḏāh, arabisk يهودية, Yahudia, gresk Ἰουδαία, Ioudaía) er ei nemning på eit område sør i Vestbreidda der jødar slo seg ned etter eksilet i Babylonia. Judea er ei gresk-latinsk form av det arameiske jehud, av hebraisk for 'prise'. Namnet på regionen vart framleis nytta etter den babylonske erobringa og persisk, hellenistisk og romersk tid. Som følgje av Bar Kokhba-opprøret i 135 evt. fekk regionen nytt namn og vart slått saman med Romersk Syria til Syria Palaestina av den sigrande romerske keisaren Hadrian. Omgrepet Judea som geografisk omgrep vart offisielt henta fram att på 1900-talet som ein del av det idraelske distriktnamnet på det meste av Vestbreidda – Judea- og Samaria-området.Judea låg sør for Samaria og nord for Idumea, mellom Middelhavet og Dødehavet. Området blei mykje utvida under av makkabearane.

Judea med naboområde blei eit vasallrike under Romarriket i det første hundreåret f.Kr. og ein romersk provins frå år 6.Området er i dag er delt mellom Israel og Vestbreidda, og i nokre samanhengar, Jordan.

Judea- og Samaria-området

Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda. Judea- og Samaria-området er òg eit Israelsk administrativt distrikt, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.

Kommunar i Den palestinske sjølvstyresmakta

I territoria som vart administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta, er ein kommune (arabisk هيئة محلية) ei administrativ eining med eit lokalt styre liknande ein by. Dei vart grunnlagde etter Lokalstyredepartmentet til Den palestinske sjølvstyresmakta vart oppretta i 1994. Alle kommunane har eit eige kommunestyre. Medlemmane i kommunestyret og borgarmeisteren vert valde av innbyggjarane i kommunen. Det finst fire forskjellige kommunetypar i kvart guvernement.

Mateh Binyamin regionale kommune

Mateh Binyamin Regional Council (hebraisk skrift מועצה אזורית מטה בנימין, Mo'atza Azorit Mateh Binyamin) er ein regional kommune som dekkjer 42 israelske busetjingar og utpostar sør i Samariafjella på den okkuperte Vestbreidda. Kommunsenteret ligg i Psagot. Kommunen er kalla opp etter den gamle israelittiske Benjamin-stamma, som skal ha halde til i dette området.

Megilot regionale kommune

Megilot regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית מגילות, Mo'atza Azorit Megilot), Daudehavsrullane regionale kommune, er ein regional kommune i Judeaørkenen nær vestbreidda av Daudehavet. Med berre kring 1 000 innbyggjarar er det den minste regionale kommunen i Israel. Kommunsenteret ligg i Vered Yeriho.

Palestina

Palestina er eit område og eit historisk landskap i Midtausten. I etterkant av andre verdskrigen vart kring halvparten av området proklamert som staten Israel (1948), mens palestinarane gjer krav på heile området som sitt rettmessige land.

Namnet Palestina stammar frå filistrane som frå 1100 før kristus utgjorde størsteparten av befolkninga i området omkring Gaza. I år 135 e.Kr. vart den tidlegare provinsen Judæa omorganisert og gjeven namnet Syria Palæstina som provins under det dåverande Romarriket. Palestina var ein del av det britiske palestinamandatet frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av det britiske mandatområdet Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan).Staten Israel vart proklamert i 1948 på 78 prosent av den delen av det historiske Palestina som ligg vest for Jordanelva. PLO proklamerte staten Palestina på Vestbreidda og Gaza i 1988 men vart ikkje anerkjend av Israel og den vestlege verda. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta på avgrensa delar av Vestbreidda og Gaza i 1993 som følgje av Oslo-avtalen.

Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.

Qabatiya

Qabatiya (arabisk قباطية, òg skrive Qabatia; hebraisk skrift קבטיה) er ein palestinsk by som ligg i Jenin guvernement nord på Vestbreidda 6 km sør for Jenin. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 19 197 i 2007.Han ligg kring 256 meter over havet. Qabatiya er kjend for olivenlundane sine, moderne jordbruk og kalksteinsindustri. Han er ein del av Jenin guvernement.

Byar i Dei palestinske territoria
Vestbreidda Abu Dis · Arraba · Bani Na'im · Beit Sahour · Beit Jala · Beit Ummar · Beitunia · Betlehem · al-Bireh · ad-Dhahiriya · Dura · al-Eizariya · Halhul · Hebron · Idhna · Jenin · Jeriko · Nablus · Qabatiya · Qalqilyah · al-Ram · Ramallah · Sa'ir · Salfit · as-Samu · Tarqumiya · Tubas · Tulkarm · Ya'bad · al-Yamun · Yatta
*Gazastripa Abasan al-Kabira · Bani Suheila · Beit Hanoun · Beit Lahia · Deir al-Balah · Gaza · Jabalia · Khan Yunis · Rafah · az-Zawayda
*Frå juni 2007 til juni 2014 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas.
Judea- og Samariaområdet
Byar Ariel · Beitar Illit · Ma'ale Adumim · Modi'in IllitMap of Judea and Samaria Area
Regionale kommunar Det jødiske samfunnet i Hebron
Lokale kommunar Alfei Menashe · Beit Aryeh-Ofarim · Beit El · Efrat · Elkana · Giv'at Ze'ev · Har Adar · Immanuel · Karnei Shomron · Kedumim · Kiryat Arba · Ma'ale Efrayim · Oranit
Regionale kommunar Gush Etzion · Har Hevron · Mateh Binyamin · Megilot Daudehavet · Shomron · Sør-Jordandalen (Bik'at HaYarden)
Region Vestbreidda

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.