Vest

Sjå elles klesplagget vest
Sonnenuntergang in den Bergen
Sola går gjerne ned i vest.

Vest er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og kan forkortast med bokstaven V (eventuelt W for westengelsk). Ho er motsett av aust og har rette vinklar til nord og sør. Ordet vest er i slekt med det latinske ordet vesper som tyder kveld og er ein referanse til solnedgangen.

Vest er motsett av retninga jorda roterer om sin eigen akse. Difor er det òg i den retninga at ein ser solnedgangen på eit av jamdøgera (vårjamdøgn eller haustjamdøgn), eller heile året om ein er ved ekvator.

Dersom ein dreg rett vest, fylgjer ein ein breiddegradssirkel, som dersom ein ser vekk frå ekvator, ikkje er ein storsirkel.

  • På kompasset er aust gitt ved retninga 270 grader eller 300 gon
  • På ein flyplass vil ei vestvendt landingsbane ha nummer 27 etter kursen til det landande flyet (270°)
  • Dersom ein er vendt nord, er vest til venstre

Vest i verda

Berlin-Checkpoint Charlie-Richtung Westen
Utsikt mot Checkpoint Charlie og Vesten, frå det som tidlegare var Aust-Berlin.

Tradisjonelt har ein nytta ordet «Vesten» om den delen av verda som ikkje er «Østen», med andre ord Europa og Amerika, særskilt Nord-Amerika. Under den kalde krigen fekk omgrepet ei ny meining, der Vesten stod for «den frie verda», med meiningar som frivarehandel og ytringsfridom, medan Austblokklanda var sett på som ufrie land under kommunistisk åk.

I det tidlegare Kina stod vest for heimlandet til Buddha (som kom frå dagens Nepal), og staden dei heilage buddhistiske skriftene kom frå (sjå Reisa mot vest).

Vestlege land

I Europa har «Vesten» først og fremst vore nytta om Nord-Amerika, og der igjen har «Vesten» vore den vestlege delen.

I Europa er Vest-Europa ofte rekna som dei landa som ikkje var bak jernteppet.

Vestlege område

I Noreg er Vestlandet ein av dei fem landsdelane.

I Sambandsstatane vert Midt-Vesten gjerne nytta om dei statane som ligg om lag midt i Sambandsstatane. Før dei europeiske immigrantane hadde teke kontrollen over dei vestlege delane av Sambandsstatane, vart områda gjerne kalla «Det ville vesten». Vestkysten er eit namn på dei statane som ligg langs den vestlege kysten.

I Midtausten er Vestbreidda nemninga brukt om det israelsk-kontrollerte område på vestsida av elva Jordan som Jordan gjer krav på.

Vestkantar

I mange byar har vestsida vore rekna som den beste delen av byen å bu i. Dette heng saman med den tidlege industrialiseringa. Mange tidlege industrielle byar låg i område der ein gjerne hadde vestleg vind som bles røyken frå fabrikkpipen austover. Dei som budde på vestsida slapp mykje luftureining.

Sjå òg

Akershus fylke

Akershus fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar til Hedmark i nord, Oppland i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensar fylket til Värmlands län i Sverige.

Akershus er samansett av to åtskilde delar, skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud dannar dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis vert omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.

Asia

Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspihavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grenser Asia til Afrika.

Bulgaria

Republikken Bulgaria ligg i søraust i Europa og grensar til Svartehavet i aust, til Hellas og Tyrkia i sør, til Serbia og Nord-Makedonia i vest, og til Romania over elva Donau i nord. Frå og med 1. januar 2007 er Bulgaria medlem i EU.

Landet har fått namn etter bulgararfolket, som leia av khan Asparoukh kom inn på nord-balkanske landområde og blanda seg med slaviske og thrakiske innbyggjarar. Den første bulgarske staten blei til i 681, og landet var ei viktig europeisk stormakt på åtte- og nihundretalet. Det kjempa mellom anna mot Det bysantinske riket om kontroll over Balkan.

Det bulgarske språket er eit slavisk språk i slekt med t.d. russisk og serbisk.

California

California er ein delstat som ligg heilt vest i USA. Han grensar til Mexico i sør, Oregon i nord, Nevada og Arizona i aust og Stillehavet i vest. California vart avstått av Mexico i 1848 og vart den 31. delstaten i USA 9. september 1850.

Hovudstaden i California er Sacramento. Største byar er Los Angeles, San Diego, San Jose og San Francisco. Silicon Valley ligg òg i California.

Europa

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelar på jorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet. Omgrepet «verdsdel» eller «kontinent» kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje ymse syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata (kring 6,8 % av landarealet). Berre Oseania er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11 % av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minste. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeidd for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.

Finnmark fylke

Finnmark (nordsamisk: Finnmárku, kvensk: Finmarkku) er eit fylke heilt nord i Noreg. Det er det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensar til Troms fylke i vest, til Utsjok kommune i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket er heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekkjer 36 % av flatevidda.

Namnet på fylket tyder 'samelandet'. Sjølv om etniske nordmenn har budd i Finnmark lenge, tenkjer mange fyrst og fremst på samar. Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er Karasjok.

Finnmark skal innlemmast i fylket Troms og Finnmark i frå 1. januar 2020; Fylkesrådet til det nye fylket vart valt i oktober 2019.

Frankrike

Republikken Frankrike eller berre Frankrike (fransk: République française eller France) er eit land i Vest-Europa med fleire territorium i Karibia, Sør-Amerika, Indiahavet, Stillehavet og Nord-Atlanteren. Fastlandet i den europeiske delen blir på fransk kalla l'Hexagone, «sekskanten»: Den eine kanten blir då kysten mot Atlanterhavet i vest, den andre kanten kysten mot Den engelske kanalen i nordvest, den tredje kanten grensa mot Belgia, Luxemburg og Tyskland i nordaust, den fjerde kanten grensa mot Tyskland, Sveits og Italia i aust, den femte kanten kysten mot Middelhavet og grensa mot Monaco i søraust og den sjette kanten grensa mot Spania og Andorra i sørvest. Den søramerikanske delen av Frankrike, Fransk Guyana, grensar til Brasil og Surinam, og det franske Saint-Martin i Karibia grensar til det nederlandske St. Maarten.

Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.

Kommunar i Hellas

Ein kommune (gresk δήμος, dimos) er ei administrativ inndeling i Hellas. Etter den administrative reforma i 2010 er landet delt inn i 13 periferiar, som igjen er delt inn i 74 periferieiningar. Innanfor kvar periferieining er talet på kommunar kraftig redusert, slik at det no er i alt 325. Mange av kommunane er delte inn i mindre kommunaleiningar, som svarer til dei tidlegare kommunane.

Kristiansand

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest-Agder med 61 536 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Marie Byrd Land

Marie Byrd Land er ein del av Vest-Antarktis som ligg aust for Ross isbrem og Rosshavet og sør for Stillehavet, og strekkjer seg austover om lag til ei linje mellom tuppen av Ross-isbremmen og Eights Coast. Det ligg mellom 158 °W og 103°24' W. Med i Marie Byrd Land er området mellom Rockefeller Plateau og Eights Coast fordi kontreadmiral Richard E. Byrd leia utforskinga av dette området. Namnet vart gjeve til området av admiral Byrd i 1929 etter kona hans. Det viste opphavleg til den nordvestlege delen av området, den delen som vart utforska det året.Sjølv til å vere Antarktis, er området fjerntliggande og ingen nasjonar har gjort krav på området som utgjer det meste av Marie Byrd Land (delen aust for 150 °W). Det er det klårt største området på jorda som ingen har gjort krav på med eit areal på 1 610 000 km² (inkludert Eights Coast, like aust for Marie Byrd Land). I 1939 instruerte den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt medlemmane i United States Antarctic Service Expedition om å ta steg for å gjere krav på noko av Antarktis som kravområde for USA. Sjølv om det ser ut til at medlemmane gjorde dette, så vart ikkje krava formaliserte før 1959, då Antarktistraktaten vart danna. Somme publikasjonar i USA syner dette som eit USA-amerikansk område og Det amerikanske forsvarsdepartementet har ytra at USA har eit solid grunnlag for å gjere eit krav i Antarktis som følgje av aktivitetane deira før 1959. Delen vest for 150 °W er ein del av Ross Dependency i New Zealand.

Kysten av Marie Byrd Land er delt inn i fem kystområde, som frå vest til aust er:

Byrdstasjonen låg i Marie Byrd Land og var ein base nytta av Operation Deep Freeze. Stasjonen låg opphavleg ved 80°S, 120°W og vart sidan flytta til 80°S, 119°W. Basen vart kom i drift i 1957 i dei indre områda innanfor Bakutis Coast. Byrdstasjoen var den einaste store basen i det indre av Vest-Antarktis i mange år. I 1968 vart den første iskjernen som nådde heilt igjennom det antarktiske isdekket bora ut her. Stasjonen var bemanna året rundt, men vart nedlagt i 1972. Etter å ha blitt nytta om sommaren, vart Byrdstasjonen opna att av United States Antarctic Program (USAP) i 2009-2010 for å støtte operasjonar i det nordlege Vest-Antarktis.Byrdstasjonen vart nytta som utgangspunkt for den antarktiske basen i skrekkfilmen John Carpenter's The Thing.

Middelhavet

Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.

Oppland fylke

Oppland er eit fylke i Noreg. Det grensar til Trøndelag i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Sogn og Fjordane i vest, Buskerud i sørvest, Oslo i sør, Akershus i søraust og Hedmark i aust. Oppland er saman med Hedmark dei einaste fylka i Noreg som ikkje har kyst.

Oppland består av dei to dalføra Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre landskapa Toten, Hadeland og Land. Det er fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen ligg på Lillehammer. Jordbruk, industri og turisme er dei største næringane i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1989 og har ein sølv mogop mot ein grøn bakgrunn. Dei to blomane symboliserer dalføra, Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre blada symboliserer landskapa sør i fylket.

Periferiar i Hellas

Periferiane i Hellas (gresk: περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura. Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.

Aust-Makedonía og Thráki

Sentral-Makedonía

Vest-Makedonía

Ípiros

Thessalía

Dei joniske øyane

Vest-Hellas

Sentral-Hellas

Attikí

Peloponnes

Dei nordlege egeiske øyane

Dei sørlege egeiske øyane

KretaI tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.

Periferieiningar i Hellas

Ei periferieining (gresk περιφερειακή ενότητα, periferiakí enótita) er ei administrativ inndeling i Hellas. Etter den administrative reforma i 2010 er landet delt inn i 13 periferiar, som igjen er delt inn i 74 periferieiningar. Mange av periferieiningane fell saman med dei tidlegare 54 prefektura, men ein del av prefektura er delt i mindre delar.

Spania

Kongeriket Spania eller berre Spania (spansk Reino de España eller España) er det største landet på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Landet er eit konstitusjonelt monarki med hovudstad i Madrid. Det grensar mot Andorra og Frankrike i nord, Portugal i vest, og mot Gibraltar og Middelhavet i sør.

Utanfor det spanske fastlandet høyrer Kanariøyane i Atlanterhavet, Balearane (Mallorca, Menorca, Ibiza, etc.) og nokre område kalla Plazas de soberanía til landet. Desse omfattar nokre ikkje-busette øyer utanfor Marokko. Byane Ceuta og Melilla grensar til Marokko, medan Llívia er ein eksklave i Frankrike. Talet på innbyggjarar er 46 659 302 (2018).

Telemark fylke

Telemark er eit fylke i Noreg, som grensar til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Aust-Agder i sørvest, og Rogaland og Hordaland i nordvest.

Fylket dannar på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sør- og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Telemark kan delast inn i fire regionar: Kragerøregionen Vestmar, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland (Skien- og Porsgrunnregionen). Skien er administrasjonssenter og den største av sju andre byar i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1970 og har på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks. Dette skal symbolisere vern og vørdnad. Fylkesblomen til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle.

Tyrkia

Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Han grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.

Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.

Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert. Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i fyrste verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den fyrste presidenten.

Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.

Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja tingingar om fullt EU-medlemskap i 2005. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.

Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve landet ei viktig strategisk plassering. På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomien og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.

Vest-Agder fylke

Vest-Agder er eit fylke i Noreg. Fylket er det sørlegaste i landet og grensar til Rogaland i vest, til Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfattar kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder ligg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.

Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (nåverande Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen har hovudsete i Kristiansand.

Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er valt sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.

Vest-Tyskland

Vest-Tyskland er ei nemning på dei vestlege delane av Tyskland. Etter andre verdskrigen og fram til 3. oktober 1990 var Vest-Tyskland ei uformell nemning på den delen av Tyskland som ikkje var del av den tyske demokratiske republikken (DDR).

Victoria Land

Victoria Land er ein region i Antarktis som grensar i aust til Ross isbrem og Rosshavet og i vest til Oates Land og Wilkes Land. Det vart oppdaga av kaptein James Clark Ross i januar 1841 og kalla opp etter dronning Victoria. Klippa Minna Bluff vert ofte rekna som det sørlegaste punktet i Victoria Land, og skil Scott Coast i nord frå Hillary Coast i Ross Dependency i sør.

I regionen finn ein fjellkjeder som Dei transantarktiske fjella og McMurdo Dry Valleys (det høgaste punktet er Mount Abbott i Northern Foothills), og lågland kalla Labyrinth. Tidlegare ekspedisjonar i Victoria Land vart mellom anna gjort av James Clark Ross og Douglas Mawson.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.