Vera Mukhina

Vera Ignatjevna Mukhina (fødd 19. juni 1889 i Riga, daud 6. oktober 1953 i Moskva) var ein russisk bilethoggar med ei framståande stilling innan sovjetisk kunst. Ho er særleg kjend for monumentalstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne frå 1937.

Vera Mukhina
Nesterov-Mukhina

Portrett av Vera Mukhina (1937) av Mikhail Nesterov.
Fødenamn Ве́ра Игна́тьевна Му́хина, latvisk Vera Muhina
Fødd juli 1889
Riga
Død

6. oktober 1953
Moskva

Yrke bilethoggar

Liv

Bakgrunn

Vera Mukhina kom frå ein velståande kjøpmannsfamilie i Latvia og voks opp i Riga, på Krim og i Moskva. Familien hennar åtte bygningar og eigedommar i Riga og Moskva.[1] Mor hennar døydde av tuberkulose då Vera Mukhina var elleve månader gammal.[2] Faren tok med seg henne og den eldre systera hennar frå Riga til Krim, ein varmare stad som også var rekna som sunnare. Dei slo seg ned i Feodosija.[1]

Vera var framleis ung då også faren døydde, og dei to onklane hennar fekk ansvaret for henne og systera.[2] Mukhina hadde eit fall frå ei slede som skadde henne ganske kraftig i andletet.[2] Ho hadde seinare fleire operasjonar for dette i Paris.[1]

Tidleg virke

Vera Mukhina A man with a sword (1916)
'Mann med eit sverd', 1916
Paris-expo-1937-pavillon de l'URSS-13
Den sovjetiske paviljongen med Vera Mukhina sin skulptur 'Arbeidar og kolkhozkvinne' frå Verdsutstillinga i Paris i 1937.

Ho byrja høgskuleutdanninga si ved kunstskulen til Konstantin Juon[2] i Moskva 1908-11. Deretter drog ho, som mange kunstnarar på denne tida, til Paris, der ho var frå 1912 til 1914.[3] I Paris studerte ho ved fleire private kunstskular, som Académie Colarossi, Académie de la Grande Chaumière og ved Académie de La Palette. Lærarane hennar var blant anna Antoine Bourdelle (assistent for Auguste Rodin), Henri Le Fauconnier og Jean Metzinger.[4] Deretter drog ho til Italia saman med den nære venen Ljubov Popova[3] for å gjera seg kjend med kunst og skulptur frå den italienske renessansen.

Etter utbrotet av fyrste verdskrigen vende ho tilbake til heimlandet. I løpet av dei neste åra arbeidde ho som sjukepleiar.[2] Når det galdt kunst drei ho hovudsakleg med scenografi.[3] I 1915 og 1916 var ho assistent for Aleksandra Ekster ved Aleksandr Tairov sitt kammerteater i Moskva.

I 1918 gifta ho seg med Aleksej Zamkov, som ho hadde møtt medan ho stelte han som sjukepleiar. Han var ein dyktig kirurg og endokrinolog[2] som fann opp legemiddelet gravidan.

Virke etter den russiske revolusjonen

Etter oktoberrevolusjonen i 1918 engasjerte Mukhina seg i eit prosjekt for monument over revolusjonsheltane som var blitt lansert av Lenin. Ho arbeidde også med teaterscenografi og kostyme. Mukhina og Aleksandra Ekster samarbeidde om scenografien til science fiction-filmen Aelita frå 1923.[3]

På 1920-talet var ho lærar i skulptur ved kunstindustrielle høgskular i Moskva, og laga fleire kjende skulpturar, som 'Revolusjonselden' med kubistiske stiltrekk (1922) og den meir tradisjonelle 'Bondekvinne' (1927). Ho blei anerkjend som ein av dei fremste bilethoggarane innan sosialistisk realisme.[3] Verka hennar var høgt skatta av Anatolij Lunatsjarskij, folkekommissæren for utdanning.[4][5]

I 1931 blei mannen til Vera Mukhina utsett for politisk forfølging som hindra arbeidet hans som forskar, og dei bestemte seg for å emigrera. Dei blei arresterte på eit tog på veg vestover og blei forvist til Voronezj sør i Russland. Etter eit år fekk paret løyve til å venda attende til Moskva.[6]

Nokre år seinare skapte Mukhina den drygt 24 meter høge monumentale stålstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne, eit av dei best kjende verka knytt til sosialistisk realisme. Mannen og kvinna i skulpturen løftar hammar og sigd saman, og dannar slik symbolet for Sovjetunionen. Arbeidar og kolkhozkvinne krona den sovjetiske paviljongen på Verdsutstillinga i Paris i 1937. Statuen blei eit symbol for Sovjetunionen, og blei teke i bruk som logo av filmstudioet Mosfilm.[3] Skulpturgruppa blei restaurert 2003-2009 og plassert i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva.

Forfølgingane mot mannen til Mukhina byrja igjen under den store utreinskinga, og i 1938 blei han fråteken laboratoriet sitt. Fire år seinare døydde han.[2]

I perioden 1938-1939 arbeidde Mukhina med eit skulpturprosjekt for Aleksej Sjtjusev si gjenreising av Moskvoretskij-brua. Ho laga ei rekkje utkast til statuar for brua, men berre ein av dei, Brød, blei laga som ferdig skulptur til utstillinga Matindustri i 1939.[7] I 1963 blei Brød og Grøde gjenskapte frå skissene hennar og sette opp i Druzjby-parken i Moskva.[8]

Andre verdskrigen og etterkrigstida

Волгоград, Гагарина улица, 14, фото 2
Skulpturen Mir ('Fred') ved Volgograd planetarium.

Under og etter den store fedrelandskrigen (andre verdskrigen) utførte Mukhina fleire monumentale verk, mellom anna skulpturgruppa 'Me krev fred', ein stor statue av Maksim Gorkij i lag med N.G. Zelenskaya og Z.G. Ivanova, eit Tsjaikovskij-monument i Moskva, også med Zelenskaya og Ivanova, og gravminne til M.A. Peshkov (1935) og L.V. Sobinov (1940–41) ved Novodevitsjijgravstaden i Moskva.[9] Ho laga ei rekke portrett, som av dr. A.A. Zamkov og arkitekt S.A. Zamkov i marmor (1935), offiserane B.A. Jusupov og I.L. Khizjnyak i gips (1942) og bronse (1947), A.N. Krylova i tre (1945) og Partizanka ('Partisanvkinna') i bronse (1951).[9] Ikaros (1944) var inspirert av flygaren Valerij Tsjkalov.[8]

Ho eksperimenterte med nye materiale for skulpturar, og utvikla mellom anna ein teknikk for å få dei fleirfarga.[2] På 1950-talet utvikla ho teknikkar for skulpturar av glas og arbeidde med formgjeving. Ho teikna tekstil, klede, glas og porselen, i tillegg til kostyme for Vakhtangovteateret i Moskva.[2] Ein del av designa hennar blei masseproduserte.[3] Frå 1941 til 1952 vann Mukhina Stalinprisen fem gongar, og blei utropt til Folkekunstnar av Sovjetunionen i 1943.

Gjennom karrieren sin hadde Mukhina utvikla teoriar om skulptur, og i 1953 gav ho ut boka 'Tankane til en skulptør'. Ho døydde i oktober 1953, og er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden saman med ektemannen.[2]

Ettermæle

Mange av verka til Mukhina er i Tretjakovgalleriet.[9] Vera Mukhina-gata i Klin i Moskva oblast har namn etter henne.[10]

Barndomsheimen til Mukhina i Riga ved Turgenjev-gata er eit verna kulturminne.[1] Heimen hennar i Feodosija er eit museum.[11]

Verk

(Utval)

  • 'Revolusjonselden', 1922
  • 'Bondekvinne', 1927
  • 'Kostymeteikning', 1920-talet
  • 'Arbeidar og kolkhozkvinne',1937
  • 'Me krev fred', 1950–1951
  • 'Monument over Maksim Gorkij'
  • 'Aster', vase av glas, 1950-talet

Prisar og utmerkingar

(Utval)

  • Arbeidets raude fanes orden 1938
  • Stalinprisen 1941, 1943, 1946, 1951, 1952[9]
  • Folkets artist 1943

Galleri

Monument to Maxim Gorky (Nizhny Novgorod) 2018

Monumentet til Maksim Gorkij i Nizjnij Novgorod.

Б. Никитская 13. Памятник Чайковскому

Monumentet til Tsjaikovskij utanfor Konservatoriet i Moskva.

Рабочий и колхозница 1937 год

Arbeidar og kolkhozkvinne i Moskva i 2018.

Stamp of USSR 2100

Sovjetisk frimerke med 'Arbeidar og kolkhozkvinne'.

The Soviet Union 1970 CPA 3914 stamp (Sculpture 'Science' (after Vera Mukhina), Petroglyphs, Sputnik and Congress Emblem)

Sovjetisk frimerke med 'Vitskap' av Vera Mukhina.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Дом Мухиных в Риге —», www.russkije.lv, henta 15. september 2019
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 «Vera Mukhina – Russiapedia Art Prominent Russians», russiapedia.rt.com, henta 15. september 2019
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Chilvers, Ian; Glaves-Smith, John (2009). «Mukhina, Vera» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199239665. doi:10.1093/acref/9780199239665.001.0001/acref-9780199239665-e-1855.
  4. 4,0 4,1 Vera Mukhina, Tretjakovgalleriet
  5. Vera Muchina, Fembio.org
  6. Matthew Cullerne Bown; Socialist Realist Painting, Yale University Press, 1998, ISBN 0-300-06844-1, side 116.
  7. «Хлеб», Третьяковская галерея, henta 22. september 2019
  8. 8,0 8,1 «Diver-shaped lighthouse and faceted glass legend. Five stories about Vera Mukhina's works installed in Moscow museums and parks», Moscow City Web Site (på engelsk), 8. juli 2019, henta 22. september 2019
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «Vera Mukhina i Store Russiske Encyklopedi» (russisk). Henta 31. juli 2018.
  10. Московская область
  11. Russia-InfoCentre, V.Mukhina
Académie de La Palette

Académie de La Palette, også kalla Académie La Palette og La Palette, var eit privat kunstakademi i Paris som verka mellom 1888 og 1914. Det hadde som mål å foreina fridom med respekt for tradisjon.

Det blei tidleg kjend som eit progressivt kunstakademi. I 1902, med Jacques-Émile Blanche som leiar, var konseptet at «eitkvart forsøk på imitasjon var frå no av forlatne». Frå 1912, då Henri Le Fauconnier og Jean Metzinger tok over leiinga av akademiet, blei Académie de La Palette eit sentrum for avant-garderørsla i det parisiske kunstmiljøet.

Arbeidar og kolkhozkvinne

Arbeidar og kolkhozkvinne (russisk Рабо́чий и колхо́зница, Rabótsjy i kolkhóznitsa) er ein monumentalstatue på messehallen Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva. Statuen blei skapt av den sovjetrussiske kunstnaren Vera Mukhina (1889–1953) for å krona paviljongen til Sovjetunionen ved verdsutstillinga i Paris i 1937. Statuen førestiller ein industriarbeidar og ei bondekvinne frå ein kolkhoz, eit sovjetisk kollektivbruk, som saman held opp dei sovjetiske symbola hammar og sigd. Skulpturen er eit av dei best kjende kunstverka frå den sosialistiske realismen, og eit ikonisk symbol på Sovjetunionen.

Det allrussiske utstillingssenteret

Det allrussiske utstillingssenteret er ein messehall i Moskva. Han ligg nordaust i byen i Prospekt Mira, like ved metrostasjonen VDNKh.

Det offisielle namnet på komplekset har enra seg fleire gomger. I 2014 gjekk det attende til Vystavka Dostizjenij Narodnogo Khoziajstva (VDNKh), 'Utstilling av oppnåingane til nasjonaløkonomien'. Senteret blir brukt til konferansar, utstillingar, festivalar og konsertar.

Henri Le Fauconnier

Henri Le Fauconnier (5. juli 1881–25. desember 1946) var ein fransk kunstnar kjent for å ha vore blant pionerane innan fauvismen og kubismen.

Mosfilm

Mosfilm (russisk skrift Мосфильм) er eit russisk filmselskap.

Mosfilm blei oppretta i 1920 då to private selskap blei nasjonaliserte. Det er rekna som det største og eldste filmselskapet i Russland og Europa som enno er verksamt. Det fekk sitt noverande namn i 1935. Selskapet var involvert i dei fleste store filmane frå Sovjetunionen og produserte omkring 2500 filmar i mange sjangrar fram til 1991 — til dømes montasjefilm og kunstfilmar som dei av Sergei Eisenstein og Andrej Tarkovskij, og dessutan kommunistiske westernfilmar og større internasjonale samproduksjonar.

Etter at Sovjetunionn fall heldt selskapet fram som ei halvprivat verksemd. Mosfilm driv i dag blant anna utleige av filmutstyr, kostyme, rekvisittar og lokale. Studioområdet er òg blitt eit anlegg for populære sightseeingturar som «Russlands Hollywood».

Frå 1947 var Vera Mukhina sin monumetale stålstatue «Arbeid og kolkosarbeiderske», opphavleg frå 1935 og utført i sosialistisk realisme, logo og vignettbilete for Mosfilm.

Novodevitsjijgravstaden

Novodevitsjijgravstaden (russisk: Новоде́вичье кла́дбище, Novodevitsje kladbisjtsje) er ein gravstad i Moskva i Russland. Gravstaden ligg ved sidan av verdsarvstaden nonneklosteret Novodevitsjij frå 1500-talet. Han er den tredje mest besøkte turistattraksjonen i byen.

Kyrkjegarden vart innvigd i 1898, då det var mangel på gravplassar i klosteret. Ein av dei første kjende som vart gravlagd på Novodevitsjij-kyrkjegarden var Anton Tsjekhov.

I dag har kyrkjegarden graver til russiske forfattarar, musikarar og poetar, så vel som kjende skodespelarar, politikarar og vitskapsmenn. Meir enn 27 000 er gravlagde i Novodevitsjijgravstaden.

Gravlunden minner om ein park, med små kapell og store skulpturerte monument. Han er delt inn i ein austleg og vestleg seksjon.

Kart over gravstaden er tilgjengeleg i kontoret på kyrkjegarden.

Pjotr Butsjkin

Pjotr Dmitrijevitsj Butsjkin (22. januar 1886–21. juni 1965) var ein russisk og sovjetisk biletkunstnar og pedagog. Han var med på å skipa Leningrad kunstnarforeining og var ein representant for Leningrad-skulen i målarkunst. Butsjkin laga måleri, akvarellar og grafikk. Han er best kjend for portretta sine.

Sosialistisk realisme

Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar.

Sovjetisk kultur

Sovjetisk kultur gjekk gjennom ulike stadium i løpeta av dei 69 åra Sovjetunionen eksisterte. Han hadde bidrag frå folk av ulike nasjonalitetar frå kvar av dei femten sovjetrepublikkane, med ein liten majoritet russarar. Dei sovjetiske styresmaktene støtta kulturelle institusjonar, men dreiv også med streng sensur.

Stalinprisen

Stalinprisen var den høgaste sivile utmerkinga i Sovjetunionen frå 1941 til 1954. Han blei tildelt for framifrå bidrag eller livsverk innan vitskap og kultur. Prisvinnarar blei valde ut av ein kommisjon.

Etter 1954 blei prisen kalla Leninprisen, og i 1966 blei han erstatta av Den sovjetiske statsprisen.

Vera

Vera er eit kvinnenamn knytt til slaviske ord for 'tru', særleg russisk вера (vjera). Det er ein av dei tre guddommelege dygdene i kristendommen. Namnet kan også visa til den latinske og italienske hokjønnsforma for 'sann', koma frå albansk verë, 'sommar', eller vera ei kortform av Veronika. Vera kan også vera eit etternamn.

Vera har norsk namnedag den 4. februar og svensk namnedag den 30. mai.

Verdsutstillinga i Paris i 1937

Verdsutstillinga i Paris i 1937 (Exposition internationale «Arts et Techniques dans la Vie moderne» eller berre Exposition internationale) var ei verdsutstilling halden i Paris i 1937.

Utstillinga fylte elvebreiddene langs Seinen på begge sider av Pont d’Iéna, og Trocadéro-området nord for elva og Marsmarka på sørsida med Eiffeltårnet som blikkfang. Paviljongane som viste fransk kunst, kultur og næringsliv opptok areal vidare austover langs nordbreidda av Seinen, langs sørbreidda på begge sider av Marsmarka, og langs midtaksen sør for Eiffeltårnet.

Dei europeiske paviljongane låg dels på området mellom elva og Trocadéro, der den permanente utstillingsbygningen Palais de Chaillot var oppført, og dels langs sørlege elvebreidd. Her låg òg USA sin paviljong. Andre oversjøiske land fekk tomter til paviljongane sine lengst sør på Marsmarka.

Den norske paviljongen låg sentralt med front ut mot midtaksen i Trocadéro-parken, i forlenging av Avenue d'Iéna. Han var teikna av arkitektane Arne Korsmo, Knut Knutsen og Ole Lind Schistad. Nabolanda var Nederland og det republikanske Spania. Den spanske paviljongen av Josep Lluís Sert tiltrekte seg stor merksemd, sidan utstillinga fann stad under den spanske borgarkrigen. Her stilte Pablo Picasso ut det berømte måleriet sitt Guernica. Den spanske paviljongen blei rekonstruert til verdsutstillinga i Barcelona i 1992.

52 land tok del i utstillinga, som hadde over 31 millionar vitjande. Utstillinga er mest kjend for den symbolske konfrontasjonen mellom det nazistiske Tyskland og det kommunistiske Sovjetunionen. Paviljongane til desse to landa stod «front mot front» på kvar si side av midtaksen langs nordre Seine-breidda. Tyskland sin bygning var teikna av Albert Speer, med eit høgt tårn som eit «bolverk mot bolsjevismen», med den tyske ørna og hakekross øvst. Sovjetunionen sin paviljong av arkitekt Boris Iofan (med eit litt lågare tårn) møtte til gjengjeld nazismen med ein aggressiv skulptur av Vera Mukhina – ein muskuløs industriarbeidar og ein kvinneleg kolkhoz-arbeidar som saman løfta hamar og sigd mot motstandaren.

Dei fleste byggverka som blei reiste til verdsutstillinga var provisorium som seinare blei rivne. Men nokre byggverk var permanente og eksisterer framleis, som Palais de Chaillot og Palais de Tokyo.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.