Tunisia

Tunisia er ein arabisk republikk i Nord-Afrika. Landet grensar til Algerie i vest og Libya i aust. Det var fransk protektorat frå 1881 til 1956.

Tunisia-CIA WFB Map
Kart over Tunisia
الجمهورية التونسية

El-joumhouriyya et-Tounisiyya (norsk: Tunisia, tunisisk)

Det tunisiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Humat al-hima»
Motto Orden, fridom og rettferd.
Geografisk plassering av Tunisia
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Tunis
Styresett
Republikk
Moncef Marzouki
Mehdi Jomaa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
163 610 km² (92.)
5,0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (1994)
 – Tettleik
 
11 403 800 (78.)
8 785 711
69,7 /km² (116.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. juli 1962
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
127 200 mill. USD (77.)
12 000 USD (101.)
Valuta Tunisisk dinar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +213
Toppnivådomene .tn

Geografi

Tunisia kan grovt sett delast i fire naturgeografiske soner; det fjellrike området i nord, det store steppeplatået i dei sentrale delane av landet, og lenger sør, område med avløpsfrie sumpar og saltsjøar. Enno lenger mot sør strekkjer landet seg inn i ørkenen Sahara.

Den nordlege delen er dominert av Atlasfjella som blir delt i Tell-Atlas og Saharaatlas av den fruktbare Medjerdadalen, som er det rikaste jordbruksdistriktet i landet. Tell-Atlas ligg lengst i nord, og er bygd opp av krystallinske massiv, med kalk- og sandsteinstoppar som står steilt i vêret. Saharaatlas er eit framhald av Høge-Atlas i Marokko, og er i heilskapen sin bygd opp av kalk- og sandstein. Det høgaste punktet ligg i Jebel Chambi (1544 meter over havet), nær grensa mot Algerie. Kystlandet i aust er eit bakkeland av kalkbergarter frå jura og krit. Halvøya Cap Bon stikk ut i Middelhavet mot nordaust. Herfrå er det berre 140 km over til Sicilia i Italia.

Dei sentrale delane av landet består av eit steppeplatå, som er høgast i vest, med ei gjennomsnittshøgd over 500 moh. Den austlege delen ligg mellom 180–500 meter over havet. Sør for steppeplatået ligg eit område som går tvers gjennom landet og blir karakterisert av avløpsfrie sumpar og saltsjøer (chott), og omfattar mellom anna saltsjøen Chott al-Djerid.

Den sørlegaste delen av Tunisia ligg i ørkenen Sahara, som består delvis av sandørken og delvis av steinørken. I Sahara ligg ein del oasar basert på kunstige vasskjelder.

I Gabèsbukta eller Vesle Syrte, ligg øyane Djerba og Kerkenna. Den lengste elva er Medjerda, som kjem frå Algerie og munnar ut i Middelhavet nord for Tunis. Ho er 450 km lang.

Klima

Austkysten av Tunisia har eit middelhavsklima med varme og solrike somrar, og milde og våtare vintrar. Av og til kan lågtrykk i Middelhavet føre til kaldt og regnfullt vêr på vinterstid. Tunis har ein normal årsnedbør på 422 mm, medan Gafsa som ligg i dei indre områda berre har 152 mm. Fjellområda og sentrale område av Tunisia kan ha ganske så varieret vêr. Vinteren kan vere kald, og dei høgaste toppane kan få snø, medan sommaren er varm med temperaturar over 40 °C over store område, og i somme tilfelle opp mot 50 °C. Når dei varme luftmassane frå Sahara møter dei kjøligare luftmassane frå Europa på våren kan det oppstå små lågtrykk over ørkenen, som kan gje vind og regnbyer. Ofte kan derimot regnet fordampe før det når bakken (virga) og alt ein får er ein sandstorm.

Satellite image of Tunisia in August 2001
Satellittfoto av Tunisia

Kjelder

20. mars

20. mars er den 79. dagen i den gregorianske kalenderen (80. under skotår). Det er 286 dagar att av året.

Algerie

Algerie (arabisk: الجزائر, tamazight: Dzayer) er den nest største staten i Afrika. Han ligg i Nord-Afrika med kyst mot Middelhavet og landegrenser mot Tunisia og Libya i aust, Niger og Mali i sør og Mauritania, Marokko og Vest-Sahara i vest. Det offisielle namnet er Den demokratiske folkerepublikken Algerie. Landet er ein part av det området i Nord-Afrika mellom Middelhavet, Sahara og Atlanterhavet som har nemninga Maghreb.

Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Beduinar

Beduinar er nomadiske arabarar. Dei snakkar ein arabisk dialekt og er muslimar. Sjølve omgrepet beduin kjem frå det arabiske ordet badawi, som tyder nomadiske busetjarar i ørkenen.

Beduinane har tradisjonelt livnært seg av geiter, sauer og kamelar, men denne livsforma er på kraftig retur. Danninga av statar og faste grenser har gjort det meir og meir vanskelig for beduinane å forflytte seg. Stadig fleire har derfor gjeve opp nomadetilværet og blitt bufaste. I dag finn ein beduinar i ørkenstrøk over store deler av Midtausten og det nordlege Afrika.

Den tradisjonelle familien består av eit mannlig familieoverhovud, ofte med ei eller fleire koner og deira felles barn. Klanen kan omfatte mange menneske, og forgreiningar til resten av familien følgjer linjene til mannen. Dei bur i telt, som vert delt i ein mannleg og ein kvinneleg del med ein skjerm. Kosten består for det meste av brød, kjøt og mjølkeprodukt som buskapen kan bidra med. Produkta vert òg selde på marknadane, for å gje pengar til korn o.l. Tradisjonelt lager òg beduinane det dei treng av tepper og klede, og overskotet vert seld på marknadane.

Beduinane har alltid vore rekna som særs gjestfrie, noko som ligg fundamentert i levesettet og tradisjonane deira. Ein ørkenvandrar kan derfor alltid rekne med å få husly og mat, men beduinsk tradisjon avgrensar denne plikta til maksimum tre dagar.

Eurovision Song Contest 1977

Eurovision Song Contest 1977 (ESC 1977) var den 22. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Wembley Conference Centre i London i Storbritannia. Finalen fann stad laurdag 7. mai. Frankrike vann tevlinga med songen «L'oiseau et l'enfant», sungen av Marie Myriam.

Språkregelen som krevar at alle land syng på eit av sine nasjonalspråk, vart gjenninnført i 1977. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde valt song, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk. Førre gong språkregelen hadde vore nytta, var i 1972. Tevlinga skulle opphavleg vorte halden 2. april, men vart utsett som fylgje av streik mellom BBC sine kameramenn og teknikare.

Tunisia skulle delteke i Eurovision Song Contest dette året, men trekte seg. Jugoslavia trekte seg frå tevlinga og kom ikkje attende før i 1981.

Fransk

Fransk (français) er eit romansk språk som mellom anna vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (ɛ, œ, ã og ɔ), ein labialisert y (som i rue), skarre-r og schwa (ə).Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).

Kartago

Kartago (òg skrive Karthago, frå fønikisk Kart-Hadascht, «nybyen», skrive utan vokalar på punisk som Qrthdst) var ein oldtidsby ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Byen, som var ei viktig sjømakt, vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 fvt. Han vart gjenoppbygd av Julius Cæsar og Augustus, og i den romerske keisartida var Kartago den viktigaste byen i Nord-Afrika saman med Alexandria. I 439 vart han hovudstaden til vandalane, i 533 kom han under bysantinsk styre og i 697 vart han øydelagd av arabarar.

I dag er Kartago ein ruinby utanfor den tunisiske hovudstaden Tunis. Kartago blei teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1979.

Ksalon

Ksalon (hebraisk כְּסָלוֹן) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314.

Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av emigrantar frå Jemen. Han vart kalla opp etter den bibelske byen Ksalon (Josva 15:10), eit namn som var bevart i den fråflytta arabiske landsbyen Kasla.

Etter landsbyen var grunnlagd flytta emigrantar frå Romania inn. Landsbyen vart seinare fråflytta og busett på ny i 1955 av emigrantar frå Marokko og Tunisia.

Libya

Libya er eit land i Nord-Afrika og har kyst mot Middelhavet mot nord og grense mot Egypt i aust, Sudan i søraust, Tsjad og Niger i sør og Algerie og Tunisia i vest.

Middelhavet

Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.

Middelhavsland

Middelhavslanda er ei nemning brukt om landa som ligg rundt eller i Middelhavet og har liknande klima, geografi og historie. Sjølv om landa i dag ligg i tre verdsdelar, var dei lenge ei slags eining, bunde saman av havet mellom seg og avgrensa av ørken i sør og aust og av fjellkjeder i nord.

Dagens middelhavsland er:

I nord: Spania med dei større øyane Ibiza, Mallorca og Menorca, Frankrike med øya Korsika, Monaco, Italia med øyane Sardinia og Sicilia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Albania, Hellas med Kreta, Évvia og Ródos, og Tyrkia

I aust: Øystatane Malta og Kypros, Libanon, Israel og Syria

I sør: Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko

Minaret

Minaretar (arabisk minara, urdu minra) er arkitektonisk særprega byggverk tilknytt muslimske moskear. Minaretar er som regel høge og grasiøse spir, ofte med løkforma kroner, vanlegvis frittståande eller markant høgare enn bygningane rundt.

Minaretane sin viktigaste funksjon i nyare tid er å vera eit høgt punkt der muaddhinen kan kalla dei truande til bøn. I mange moderne moskear vert bønekallet, adhan, ropt ut med mikrofonar i staden, og minareten er såleis gjerne mest eit dekorativt element.

Minaretar har vorte skildra som ein port mellom himmel og jord, og vert i blant samanlikna med den arabiske bokstaven alif, som er ei rett line.

Nord-Afrika

Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelatt.

Shlomi i Israel

Shlomi (hebraisk שְׁלוֹמִי) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. I 2010 hadde Shlomi 6 000 innbyggjarar.

Han vart grunnlagd som ein utviklingsby i 1950 av jødiske emigrantar frå Tunisia og Marokko i ruinane av ein palestinsk landsby Al-Bassa som vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han vart kalla opp etter ein leiar for stamma Asher, nemnt i Bibelen (4. Mos 34:27).

Shlomi var mål for Katyusha-rakettåtak av Hizbollah den 11. mai 2005 på sjølvstendedagen til Israel, og igjen same dagen i 2006. Han vart igjen angripen med rakettar den 12. juli 2006, ei avleiing for å ta livet av tre soldatar og kidnappe to andre. Dette sparka i gang Libanonkrigen i 2006.

Tunis

Tunis (arabisk تونس, Tūnis) er hovudstaden i Tunisia. Han ligg nær middelhavskysten i den nordlege delen av landet. Talet på innbyggarar er berekna til 767 000 ie år 2010, med 2,4 millionar innbyggarar i heile storbyområdet. Tidlegare vart namnet Tunis feilaktig nytta om heile Tunisia.

Tunisia i Eurovision Song Contest

Tunisia skulle debutere i Eurovision Song Contest i 1977. Landet skulle starte som nummer 4 i finalen, men trekte seg ein kort stund før konkurransen utan nokon forklaring.

Tyrrenhavet

Tyrrenhavet eller Det tyrrenske havet (Mar Tirreno på italiensk) er ein del av Middelhavet utanfor vestkysten av Italia. Det grensar til Korsika og Sardinia i vest, Liguria i nord, Toscana, Lazio, Campania og Calabria i aust og Sicilia i sør.

På det djupaste er havet 3 785 meter djupt. Tyrrenhavet ligg nær den afrikansk-europeiske forkastinga, og derfor finn ein undervassfjellkjeder og aktive vulkanar under havnivå. Av vind i området finn ein mistralvinden frå Rhônedalen, libeccio frå sørvest, sirocco og Ostro frå sør.

Det er fem vegar ut av Tyrrenhavet:

Messinasundet mellom Sicilia og Calabria på «tåa» til Italia. Det er 3 km breitt.

Korsikakanalen mellom Toscana og Korsika, om lag 80 km brei.

Bonifaciosundet mellom Korsika og Sardinia, 11 km breitt.

Sardiniakanalen mellom Sardinia og Tunisia, om lag 200 km brei.

Siciliasundet mellom Tunisia og Sicilia, om lag 160 km breitt.I gresk mytologi trudde ein at klippene ved Tyrrenhavet var heimstad for dei fire vindane til Aeolos. Namnet på denne delen av Middelhavet kjem frå det greske namnet på etruskarane, som skal ha vore emigrantar frå Lydia og styrt av Tyrrhenos. Etruskarane slo seg ned langs kysten av det som i dag er Toscana og refererte til havområdet som «Etruskarsjøen».

VM i fotball 2006

Verdsmeisterskapen i fotball i 2006 vart arrangert i Tyskland mellom 9. juni og 9. juli. Det var den 18. verdsmeistarskapen sidan byrjinga i 1930. Opningskampen vart spelt i München, medan finalen gjekk av stabelen Berlin.

Vedtaket om å tildele meisterskapen til Tyskland var omdiskutert, sidan det var venta at han skulle gå til eit afrikansk land (med Sør-Afrika som favoritt), og FIFA-presidenten Sepp Blatter hadde lagt stor prestisje i å få meisterskapen til Afrika. Etter at meisterskapen vart tildelt Tyskland, har FIFA sagt at dei ynskjer å innføre eit system der arrangementet roterer mellom dei ulike verdsdelsforbunda.

I finalen møtte Italia Frankrike, og kampen enda 1 - 1, og vart avgjort med straffesparkkonkurranse som enda 5 - 3, og dermed vann Italia VM i fotball for fjerde gong. Miroslav Klose frå Tyskland vart toppscoraren i VM med sine fem mål.

Verdas språk etter utbreiing

Dette er ei liste over dei 46 mest tala språka i verda. Talet på brukarar av dei einskilde språka er frå rundt 1995. Tala inkluderer morsmålstalarar og dei som har språket som fyrstespråk.

Land ved Middelhavet
Suverene statar
Statar med avgrensa anerkjenning
Biland og andre territorium
Medlemmar
Observatørar
Suspendert

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.