Tanákh

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Entire Tanakh scroll set
Tanakh på bokrullar.

Ordet Tanákh

Alternative skrivemåtar og synonym

Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.

Ordet «Tanákh» er eit akronym

Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:

  • Torá [תּוֹרָה] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen)
  • Nebiím [נְבִיאִים] («Profetane»)
  • Ketubím [כְּתוּבִים] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)

Synonym

  • Mikrá (hebraisk מקרא)
  • Den hebraiske Bibelen
  • Den jødiske Bibelen

Liste over bøkene i Tanákh

Torá (Lova, Læra)

  1. Fyrste Mosebok
  2. Andre Mosebok
  3. Tredje Mosebok
  4. Fjerde Mosebok
  5. Femte Mosebok

Nebiím (Profetane)

  1. Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane)
    1. Josva
    2. Dommarane
    3. Samuelsbøkene (1-2)
    4. Kongebøkene (1-2)
  2. Nebiím aharoním (Dei seinare profetane)
    1. Jesaja
    2. Jeremia
    3. Esekiel
    4. Teré asár (Dei tolv (mindre profetane))
      1. Hosea
      2. Joel
      3. Amos
      4. Obadja
      5. Jona
      6. Mikha
      7. Nahum
      8. Habakkuk
      9. Sefanja
      10. Haggai
      11. Sakarja
      12. Malakhi

Ketubím (Skriftene)

  1. Salmane
  2. Salomos ordtøke
  3. Job
  4. Megillot (Skriftrullane)
    1. Høgsongen
    2. Rut
    3. Klagesongane
    4. Forkynnaren
    5. Ester
  5. Daniel
  6. Esra–Nehemja:
    1. Esra
    2. Nehemja
  7. Krønikebøkene (1-2)
Andre mosebok

Andre mosebok er ei av dei fem mosebøkene i den jødiske Bibelen, Det gamle testamentet. Boka blir også kalla Exodus, då ho handlar om hebrearame si utferd frå Egypt under leiinga til Moses.

Innan jødedommen har boka namn etter dei innleiande orda Ve-eleh shemoth ('og dette er namna'), ofte forkorta til «shemoth» (שמות).

Bibelen

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion.

Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar: Den samaritanske Toráen, som inneheld ein eigen samaritansk versjon av dei fem Mosebøkene på hebraisk; Tanákh, som inneheld ein jødisk versjon av Toráen eller dei fem Mosebøkene og i tillegg profetiske og poetiske skrifter; og Septuaginta, som inneheld ei gresk omsetjing og tolking av Tanákh med mange tillegg, inkludert ekstra bøker (dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene). I tillegg kjem dei ulike arameiske omsetjingane av Mosebøkene, der Targúm Onkelos blir rekna som den viktigaste. Det kristne Gamle testamentet varierer noko i faktisk innhald, men er vanlegvis ei omsetjing som kombinerer element frå Tanákh-tradisjonen og Septuaginta-tradisjonen — med meir vekt på Tanákh-tradisjonen i protestantisk kristendom og meir vekt på Septuaginta i katolsk kristendom.

Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk.

Daniels bok

Daniels bok er òg den norske tittelen på ein roman av E. L. DoctorowDaniels bok (hebraisk Sefer Daniel) er ei av bøkene i det gamle testamentet. Ho har namn etter protagonisten i skriftet, ein profet med namn Daniel som i følgje boka skal ha arbeidd i Babylonia i tida frå om lag 605 f.v.t. til kort etter 539 f.v.t. (eksiltida).

I den eldste tradisjonen vert Daniels bok rekna som profetisk, men i den jødiske Tanach vert Daniels bok rekna med i «skriftene», ikkje profetane. I kristen tradisjon vert Septuaginta, der Daniels bok normalt er plassert mellom Esekiel og Hosea fylgd.

Dei apokryfe skriftene

Apokryfe skrifter (frå gresk απόκρυφος, apokryfos, 'duld, kryptisk') er ei nemning for religiøse tekster, særleg innanfor jødisk og kristen tradisjon, som ikkje høyrer til gjeldande kanon i Bibelen.

Skriftene kunne vere utelatne fordi kyrkjeleiarane ville hindre at dei kristne skulle lese dei, eller fordi dei oppstod i gnostiske miljø som meinte skriftene openberra ein bodskap som var skjult for dei fleste, slik at skriftene ikkje var meinte for allmenn spreiing.

Apokryfane i bundi form vert gjerne nytta som namn på nett dei skriftene som vert prenta i ein eigen bolk i Bibelen etter Gamletestamentet og Nytestamentet.

Det gamle testamentet

For artikkelen om den hebraiske bibelen i eit jødisk perspektiv, sjå Tanákh.Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen. Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.

Femte mosebok

Femte Mosebok er den femte boka i Mosebøkene eller Toráen, og dermed den femte boka i den samaritanske og jødiske Toráen, den femte boka i den jødiske Tanákh (den hebraiske Bibelen) og den femte boka i det kristne Gamle testamentet.

Boka er samansett av fleire talar heldt av Moses til israelittane på slutten av ørkenvandringa. Desse talane inneheld svært spesifikke lovar, forbod og påbod for det israelske folket, inkludert eit oppatt-tak av dei ti boda. Dessutan inneheld dei den jødiske truvedkjenninga, Sjemá‘ Jisraél, og eit tilbakeblikk på kva som har skjedd med jødane opp til denne tida.

Fjerde mosebok

Fjerde mosebok er ei av dei fem mosebøkene i den jødiske Bibelen, Det gamle testamentet. På fagspråket latin blir ho kalla numeri (tala) og på hebraisk ba-midbar במדבר, (i ørkenen). Boka inneheld ei oppteljing av dei israelske stammene og fortel om ferda frå Sinai til Moab, og klagane til folket på vegen.

Fyrste mosebok

Første Mosebok, også kallla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit 'I byrjinga', gresk Γένεσις Génesis, 'Byrjing') er den første boka i Bibelen, både den jødiske Tanakh og det kristne gamle testamentet. Ho utgjer første del av Pentateuken – samlinga av dei fem mosebøkene. Innan jødedomen kjem boka først i Torá, og dermed i Tanákh.

Boka består av urhistoria, med skapingsskildringa og Israelsfolket si tidlege historie, fedrehistoria, med slektshistoria frå Adam og Eva, gjennom Noah og Abraham og fram til Josef og Israelsfolket sitt eksil i Egypt. Første Mosebok sluttar med Josef sin død i Egypt.

Hebraisk

Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Jeremias bok

Jeremias bok (hebr. יִרְמְיָהוּ [jirməjāhū]), er ei av bøkene i Tanákh/Gamletestamentet i Bibelen. Ho skildra livet og spådommane til profeten Jeremia, som levde medan tempelet til Salomo stod og då kongeriket Judea blei erobra av babylonarane.

Josvas bok

Josvas bok (hebr. סֵֽפֶר יְהוֹשֻֽׁעַ ['se:fer Jəho:'šua‘]) er den 6. boka i bibelen. Boka følgjer rett etter mosebøkene og er dimed rekna som den fyrste historieboka i det kristne gamle testamantet, og den fyrste av dei tidlege profetane i det jødiske Tanákh.

Josvas bok er nemnt for Josva, Moses sin etterfølgjar som leiaren for det jødiske folket, som er den viktigaste personlegdommen i hendingane som boka fortel om. Boka handlar om korleis Israelsstammane hærtok Kanaan etter å ha fare over elva Jordan, og korleis det nytekne landet vart delt opp mellom dei tolv stammane. Dei siste delane av boka skildrar Josva sin siste talet til Israelarane, nasjonalpakta som var gjort i Sikem, og Josva sin daude.

Ketubím

Ketubím (hebraisk כתובים), eller Skriftene, er den tredje hovuddelen av Tanákh, eller den jødiske Bibelen.

Han omfattar dei tre poetiske bøkne (Salmane, Ordspråka og Job), dei fem bokrullane (Høgsongen, Rut, Klagesongane, Predikaren og Ester) og ein del andre (Første og andre Krønikebok, Daniel, Esra-Nehemja).)

Kongebøkene

Kongebøkene (hebraisk: Sefer Melachim, ספר מלכים) er del av den jødiske Tanakh og den kristne Bibelen sitt gamle testamente. Bøkene var opphavleg skrivne på hebraisk som ein tekst, men i den kristne tradisjonen har dei vorte delt i første og andre Kongebok. Desse er ellevte og tolvte bok i Bibelen i den forma han har i dag. Oppdelinga oppstod ved omsetjinga av den hebraiske teksten til gresk i Septuaginta. Der vart denne boka og den hebraiske samuelsbokenboka (Sefer Melachim, ספר מלכים ) saman organisert som fire "kongedømebøker", noko som vart vidareført i Vulgata som 1.-4. kongebok. Frå King James version vart Vulgata si første og andre kongebok kjend som første og andre Samuelsbok, medan Vulgata si tredje og fjerde kongebok vart første og andre kongebok.

Nebiím

Nebiím (hebraisk נְבִיאִים nəḇī’īm), eller Profetane, utgjer den andre av tre hovuddelar av Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Denne delen er igjen delt inn i to delar: Nebiim risjonim (dei tidlegare profetane – Josva, Dommarboka, Samuelsbøkene og Kongebøkene) og Nebiim aharonim (dei seinare profetane – Jesaja, Jeremia og Esekiel og dei tolv mindre profetane).

Salmane

Salmane (gresk Ψαλμοί [psal'moj]) eller Tehillím (hebraisk תְּהִלִּים [təhil'līm]), òg ofte kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen. Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.

Boka omfatter i alt 150 salmar. Nokre salmar er vekselssongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.

Tradisjonelt vert Salmane delte inn i fem delar: Første bok, kap. 1-41, Andre bok, kap. 42-72, Tredje bok, kap. 73-89, Fjerde bok, kap 90-106, og Femte bok, kap. 107-150. Kvar av desse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.

Tekstane er eit godt eksempel på den semittiske poesien frå oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar, som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for både lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner på forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet.

Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir òg rekna som sentrale skrift i kristendommen. Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga. Vi finn mange av orda att i salmeboka, til dømes desse linene frå den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix:

Dersom Herren ikkje byggjer huset

arbeider dei faafengt som byggjer på det.

Snømus

Snømus (Mustela nivalis) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Han held til på den nordlege halvkula i tempererte, subarktiske og arktiske område. Utbreiinga og levesettet er elles mykje likt den større slektningen røyskatt. Snømusa finst i heile Noreg og held gjerne til i steingardar, under løer, fjøs og seterbygningar. Snømusa spesialiserer seg på jakt på smågnagarar, og særleg mus.

Vaksne hannar av snømus er 19-23 cm lange og hoer 17-18 cm, dei veg høvesvis 40-100 og 20-40 gram.

Den nordamerikanske snømusa vart tidlegare klassifisert som eigen art med det latinske namnet Mustela rixosa, men ein reknar i dag den nordamerikanske snømusa som same art som den europeiske.

Av utsjånad kan snømusa forvekslast med den nærskylde røyskatten (lat. Mustela erminea), men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren.

Snømusa kan bli 7–10 år gammal.

Torá

Torá (hebraisk תורה) er det hebraiske namnet for dei fem Mosebøkene. Toráen utgjer den første av tre hovuddelar av Tanákh, eller den hebraiske Bibelen (Det gamle testamentet). Ein noko ulik versjon av Toráen utgjer samaritanarane si heilage skrift. Den er veldig viktig for jødane.

Tredje mosebok

Tredje mosebok er ei av bøkene i Gamletestamentet i Bibelen. Boka vert òg kalla Leviticus (levitboka eller gudstenesteboka).

Jødiske skrifter
Tanákh (Torá · Nebiím · Ketubím) · medrásj · Mekhiltá · Haggadá · siddúr · Talmúd  · Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá · Emunót vede‘ót · Misjné Torá · Moré nebukhím · Sjulḥán ‘arúkh · Mappá · Me‘ám lo‘éz · S. jesirá · Bahír · ZoharDei ti bodorda
Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova) 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok ·
Nebiím ('Profetane')

Tidlege: Josva · Domarane · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Seine: Jesaja · Jeremia · Esekiel ·

Dei 12 mindre profetane: Hosea - Joel - Amos - Obadja - Jona - Mika - Nahum - Habakkuk - Sefanja - Haggai - Sakarja - Malaki
Ketubím ('Skriftene'): Salmane · Ordtøka · Job · Høgsongen · Rut · Klagesongane · Forkynnaren · Ester · Daniel · Esra-Nehemja · Krønikebøkene (1–2)
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok
Historiebøkene

Josva · Domarane · Rut · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Krønikebøkene (1–2) · Esra-Nehemja ·

Ester
Visdomsbøkene

Job · Salmane · Ordtøka · Forkynnaren ·

Høgsongen
Profetbøkene Jesaja · Jeremia · Klagesongane · Esekiel · Daniel · Hosea · Joel · Amos · Obadja · Jona · Mika · Nahum · Habakkuk · Sefanja · Haggai · Sakarja · Malaki
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

Kanoniske i dei ortodokse og katolske kyrkjene: Tobit · Judit · Ester · Visdomsboka · Sirak · Baruk · Tillegget til Daniels bok · Makkabearane (1–2)

Kanoniske i mange ortodokse kyrkjer: 151. salmen · Esdras · Bøna åt Manasseh · 3. Makkabearane · Brevet åt Jeremia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.