Subotica

Subotica (serbisk Суботица; ungarsk Szabadka) er ein by og kommune nord i Serbia i den sjøvstyrte provinsen Vojvodina. Han ligg om lag 10 km frå grensa til Ungarn.

Subotica er i dag den nest største byen i Vojvodina etter Novi Sad med om lag 100 000 innbyggjarar. Det gjer han til den femte største byen i Serbia. Kommunen har nær 150 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Nord-Bačka.

Subotica
Hovudplassen i Subotica
Hovudplassen i Subotica
Flagget til Subotica Byvåpenet til Subotica
Flagget til Subotica Byvåpenet til Subotica
Plassering
Subotica is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Nord-Bačka
Borgarmeister Saša Vučinić
Geografi
Flatevidd
 - By

1 008 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

148 401
  147,2 /km²
99 981
Koordinatar 46°05′0″N 19°39′0″EKoordinatar: 46°05′0″N 19°39′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 24000
Retningsnummer (tlf) (+381) 24
Bilnummer SU
Nettstad: www.subotica.rs

Namn

Namnet Subotica har vorte skrive på nesten 200 måtar gjennom historia fordi så mange ulike folkeslag har halde til i byen sidan mellomalderen. Første gong byen var nemnd i skriftlege kjelder var i 1391, då som Zabadka. Dette er ein variant av det noverande ungarske namnet på byen, Szabadka. Den noverande stavinga dukka første gong opp i 1679. Byen fekk nytt namn i 1740-åra til ære for Maria Tereisa av Austerrike, erkehertuginne og dronning av Böhmen og Ungarn. Byen heitte då Szent-Maria, men skifte namn til Maria-Theresiapolis i 1779. Namnet vart i 1811 endra tilbake til Szabadka.

Historie

Mellomalderen og Det osmanske riket

Subotica vart truleg først ein busetnad då folk frå nærliggande landsbyar øydelagde av tatarinvasjonane flytte hit i 1241-1242. Då Zabadka først vart nemnd i 1391 var Subotica ein liten by i Kongedømet Ungarn. Seinare høyrde byen til familien Hunyadi, ein av dei viktigaste aristokratiske familiane i Mellom-Europa på denne tida.

Kong Matthias Corvinus av Ungarn gav byen til ein av slektningane sine, János Pongrác Dengelegi, som frykta ein invasjon frå Det osmanske riket og bygde festningsverk rundt borga i Subotica i 1470. Nokre tiår seinare, etter slaget ved Mohács i 1526, kollapsa kongedømet Ungarn og Subotica vart gradvis ein grenseby i Det osmanske riket. Dei fleste ungararane i byen flydde nordover til «Det kongelege Ungarn». Bálint Török, ein lokal adelsmann som hadde styrt Subotica, flydde òg frå byen.

I den særs forvirrande militære og politiske situasjonen som følgde slaget i Mohács kom Subotica under kontrollen til serbiske leigesoldatar frå Banatet. Desse soldatane tente den transilvanske generalen John I Zápolya, seinare ein ungarsk konge. Leiaren for desse leigesoldatane, Jovan Nenad den svarte, erklærte seg sjølv tsar og grunnla ein kortvarig sjølvstendig stat med Subotica som hovudstad. Denne staten bestod av heile Bačka, det nordlege Banatet og ein liten del av Srem. Då Bálint Török kom tilbake tok han Subotica frå serbarane, og tsar Jovan Nenad flytte hovudstaden sin til Szeged. Nokre månader seinare, sumaren 1527, vart den sjølverklærte tsaren myrda og staten hans kollapsa.

Dei osmanske tyrkarane styrte byen frå 1542 til 1686. Mot slutten av denne nesten 150 år lange perioden var det ikkje mykje att av gamlebyen i Zabadka. Sidan mykje av folkesetnaden hadde flydd, oppfordra tyrkarane forskjellige nybyggjarar frå Balkan å kome til byen. Desse var hovudsakleg ortodokse serbarar. Dei dyrka den særs frodige landjorda rundt Subotica. I 1570 hadde Subotica 49 hus og i 1590 63 hus. I 1687 vart regionen busett av katolske dalmatiarar (kalla Bunjevci i dag).

Sjølvstendekrigar og revolusjonar

Etter det avgjerande slaget mot tyrkarane ved Senta (Zenta) leia av fyrst Eugene av Savoie den 11. september 1697 vart Subotica ein del av Militærgrensa langs Tisa-Mureş oppretta av Habsburgmonarkiet. I mellomtida braut opprøret til Francis II Rákóczi ut, som òg vert kalla Kuruckrigen. I regionen rundt Subotica medverka Rákóczi i kampane mot Rac nasjonale milits. Rác var eit omgrep nytta som dei sørslaviske folka (hovudsakleg serbarar og bunjevci) og dei vart ofte kalla rácok i Ungarn. Seinare tydde rácok hovudsakleg ortodokse serbarar.

Dei serbiske militære familiane hadde mange privilegium på grunn av tenestene dei utførte for Habsburgmonarkiet. Subotica utvikla seg gradvis frå ein rein garnisonsby til ein marknadsby med eigne byrettar i 1743. Då dette skjedde klaga mange serbarar på at dei miste privilegia sine. Dei fleste forlét byen i protest, og nokre av dei grunnla ein ny busetnad like utanfor Subotica på 1700-talet, kalla Aleksandrovo, medan andre emigrerte til Russland. I Ny-Serbia, ein russisk provins oppretta for dei, grunnla desse serbarane ein ny busetnad som òg heitte Subotica. I 1775 vart det oppretta eit jødisk samfunn i Subotica.

Nokre tiår seinare, i 1779, gav keisarinne Maria Teresia av Austerrike byen status som fri kongeleg by. Dei entusiastiske innbyggjarane gav då byen namnet Maria-Theresiopolis.

Denne statusen sette fart i utviklinga av byen. På 1800-talet dobla folketalet seg og trekte til seg mange innbyggjarar frå heile Habsburgmonarkiet. Dette førte etter kvart til ei stor endring i dei demografiske tilhøva. På første halvdel av 1800-talet var bunjevci framleis ein majoritet, men det var stadig fleire ungararar og jødar som slo seg ned i Subotica. Denne prosessen stoppa først med den ungarske revolusjonen i 1848-1849.

Trass i dei mange etniske gruppene, slo dei seg saman for å forsvare Subotica i slaget ved Kaponya den 5. mars 1849. Dei slo tilbake serbiske troppar frå Sombor i retning mot Szeged. Den første avisa i byen kom òg som eit resultat av revolusjons-ånda i 1848-1849. Avisa heitte Honunk állapota («Tilstanden i heimlandet vårt») og kom ut på ungarsk frå det lokale trykkkeriet til Károly Bitterman.

Etter undertrykkingane under den ungarske revolusjonen, vart Ungarn styrt av Baron Alexander von Bach i 1849–1860. I denne perioden vart Subotica, i lag med heile regionen Bačka skild frå det habsburgske Ungarn og vart ein del av ein eigen austerriksk provins kalla Vojvodina av Serbia og Tamiš Banat. Det administrative senteret i denne nye provinsen var Timişoara.

Frå gullalderen til andre verdskrigen

Etter at dobbelmonarkiet vart oppretta i 1867 opplevde Subotica ein slags gullalder. Byen hadde alt fått eit imponerande teater i 1853 og mange skular starta opp etter 1867. I 1869 fekk byen jarnbanesamband. Det første kraftverket vart bygd i 1896 og førte til vidare utvikling av byen og heile regionen. Subotica hadde no ein fin de siècle-arkitektur. I 1902 vart det bygd ein jødisk synagoge i Art Nouveau-stil.

Subotica var ein del av Austerrike-Ungarn fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då byen vart ein del av kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Byen hamna utanfor dei økonomiske og kulturelle hovudstraumane og vart ein grenseby i Jugoslavia. Han var på denne tida den tredje største byen i Jugoslavia, etter Beograd og Zagreb.

I 1941 vart Jugoslavia invadert og delt mellom Aksemaktene. Den nordlege delen, inkludert Subotica, vart annektert av Ungarn. Under den andre verdskrigen, den såkalla Miklós Horthy-perioden frå 1941 til 1944, hadde katastrofale fylgjer for Subotica. Byen miste 7000 innbyggjarar, hovudsakleg serbarar og jødar. Ungarske troppar gjekk inn i Subotica 11. april 1941. I løpet av krigen tok aksemaktene livet av mange sivile. Før krigen heldt 6000 jødar til i Subotica. Mange jødar vart deporterte frå byen under Holocaust, hovudsakleg til Auschwitz. I 1942 vart den første gruppa av jødiske menn deportert. I april 1944 vart det oppretta ein getto i byen. Mange kommunistar miste òg livet i denne perioden. Innbyggjarane i Subotica, av alle nasjonalitetar; serbarar, ungarar, bunjevci, kroatar, jødar og andre, kjempa i lag i partisanrørsla mot aksemaktene. I 1944 forlét aksemaktene byen og Subotica vart ein del av av det nye sosialistiske Jugoslavia. Etter krigen vart dei som hadde samarbeidd aksemaktene avretta.

I etterkrigstida vart Subotica gradvis modernisert. Under Jugoslaviakrigane og Kosovokrigen i 1990-åra kom mange serbiske flyktningar til Subotica frå Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Kosovo, medan mange etniske ungarar og kroatar forlét landet på grunn av det politiske trykket i Milošević-perioden og den aukande graden av serbisk nasjonalisme.

Biletgalleri

Green fountain in Subotica

Zsolnayfontenen og biblioteket i bakgrunnen

Library in Subotica

Biblioteket i Subotica

Theatre in subotica

Det gamle teateret før det vart øydelagd

Kjelder

  1. Popis stanovništva, domaćinstava i Stanova 2002. Knjiga 1: Nacionalna ili etnička pripadnost po naseljima (på serbisk). Statistical Office of the Republic of Serbia. 2003. ISBN 86-84443-00-09 Check |isbn= value: length (hjelp).

Bakgrunnsstoff

Bačka

Bačka (serbisk: Бачка, ungarsk: Bácska, kroatisk: Bačka, slovakisk: Báčka, ruthensk: Бачка, tysk: Batschka) er eit område på Den pannoniske sletta mellom elvane Donau og Tisa. Området er delt mellom Serbia og Ungarn, med ei lita lomme langs den venstre breidda av Donau som høyrer til Kroatia, men som har vore under serbisk kontroll sidan 1991.

Det meste av dette området dannar Vojvodina-regionen i Serbia. Novi Sad, hovudstaden i Vojvodina, ligg ved grensa mellom Bačka og Syrmia. I følgje ei folketeljing i 2002 i Serbia består folkesetnaden i Bačka av: serbarar (54,74 %), ungararar (21,70 %), i tillegg til slovakarar, kroatar, bunjevci, šokci, ruthinarar, montenegrinarar, jugoslavarar, sigøynarar og tyskarar. Det totale folketalet i den serbiske delen av Bačka er 1 022 524 (2002). Den mindre nordlege delen av Bačka ligg no i Bács-Kiskun fylke i Ungarn.

Byar i Serbia

Dette er ei liste over byar i Serbia i følgje Serbisk statisisk sentralbyrå, som klassifiserer busetjingane som urbane eller landlege. Denne inndelinga er ikkje berre avhengig av storleik, men òg administrative og lovlege krav.

Formelt har ein eininga by. Beograd vert rekna som ein stor by, medan dei andre er mindre byar på kommunenivå. Dei har ein særeigen status med sjølvstyre og eit bystyre, samt ein folkevald borgarmeister.

I denne lista er berre dei urbane busetjingane tekne med.

Europaveg 75

Europaveg 75 (E75) er ein europaveg som går frå Vardø i Finnmark via Finland, Polen, Slovakia, Ungarn, Serbia, Nord-Makedonia og Hellas til Sitía på Kreta. Lengda på vegen i Noreg er er 125,4 km (då er ikkje den delen av traséen som er felles med E6 teken med).

Heile traséen er rundt 4300 km lang; E75 er med det den nest lengste europavegen i retning nord-sør. Heile traséen: Vardø - Vadsø - Varangerbotn - Utsjoki - Inari - Ivalo - Sodankylä - Rovaniemi - Kemi - Uleåborg - Jyväskylä - Heinola - Lahti - Helsingfors ... Gdańsk - Świecie - Łódź - Piotrków Trybunalski - Katowice - Žilina - Bratislava - Györ - Budapest - Szeged - Beograd - Niš - Kumanovo - Skopje - Thessaloníki - Lárisa - Lamía - Aten ... Khaniá - Iráklio - Ájos Nikólaos - Sitía.

E75 og E105 er dei eineaste europavegane i Noreg som går sør for Sverige eller Storbritannia.

Intersoneturneringane i sjakk

Intersoneturneringane var sjakkturneringar som Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte kvart tredje år frå 1948 til 1993.

Intersoneturneringane var ein del av kvalifiseringa fram til verdsmeisterskapen i sjakk. Ein VM-syklus var over 3 år. Det første året heldt kvart medlemsland i FIDE nasjonale kvalifiseringar til soneturneringane. Verda var delt inn i soner, som bestod av fleire land. Dei to store sjakknasjonane Sovjetunionen og USA var eigne soner, og arrangerte eigne soneturneringar. Opphavleg var til dømes heile Sør- og Mellom-Amerika ei sone, medan det ikkje var nokon sone for Afrika eller Asia, då det ikkje var medlemsland i FIDE frå desse kontinenta.

Dei beste spelarane frå soneturneringane kvalifiserte seg til intersoneturneringa. Til å begynne med hadde intersoneturneringane frå 20 til 24 deltakarar, som spelte alle mot alle. Dei beste i intersoneturneringa, i ein del år dei 6 beste, kvalifiserte seg for kandidatturneringa året etterpå. Der møtte dei vanlegvis nr 2 i den førre kandidatturneringa og taparen frå førre VM, til ei turnering alle mot alle eller til ei utslagsturnering med tvikampar. Vinnaren av kandidatturneringa møtte verdsmeisteren til VM-kamp året etterpå. Same året begynte syklusen på nytt med nasjonale turneringar og soneturneringar.

Intersoneturneringar vart haldne kvart tredje år frå 1948 til 1993. Men frå 1972 var det blitt mange fleire gode spelarar rundt om i verda, og nye sjakknasjonar kravde å få vere med. Her vart fleire soner og fleire soneturneringar som kvalifiserte for intersoneturneinga. Turneringa var dermed blitt for stor og dyr å arrangere, og det var også upraktisk at alle spelte mot alle i så store turneringar. Så frå 1973 vart det arrangert 2 intersoneturneringar, der dei tre fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Frå 1982 vart det arrangert tre intersoneturneringar, der dei to fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Den vidare auken i deltakinga medførte at intersoneturneringa i 1990 og 1993 vart arrangert som ei turnering igjen, men då etter sveitsarsystem.

Den siste FIDE intesoneturneringa var i Biel i 1993, vunne av Boris Gelfand. Den kortliva organisasjonen PCA Professional Chess Association heldt også ei intersoneturnering i 1993, men då utan den kvalifiseringa som FIDE hadde i sitt system.

Körös-ér

Körös-ér (på ungarsk) eller Kereš (på serbisk, kyrillisk Кереш) er ei elv sør i Ungarn og nord i Serbia. Elva er 70 km lang og ei av sideelvane til Tisza frå høgre. Ho renn gjennom Bačka i både Ungarn og Serbia (Vojvodina): 27 km i Ungarn, 15 km som grenseelv og 27 km i Serbia.

Körös-ér har utspring i den ungarske delen av Subotička peščara, mellom byane Jánoshalma og Kiskunhalas. Vest for Kelebia vert Körös-ér ei grenseelv mellom dei to landa. Som Kereš renn ho nord for byen Subotica. Ho munnar ut i Tisza ved Adorjan, 76 moh.

Ved Subotica vert det dumpa mykje avfall i elva, som er særs forureina og den største foruereingskjelda til Tisza.

Ludašsjøen

Ludaš eller Ludošsjøen (serbisk Ludaško/Ludoško jezero, ungarsk Ludas) er ein grunn innsjø i provinsen Vojvodina nord i Serbia, nær Subotica. Han er ein del av eit naturreservat og sidan 1977 vore ein Ramsarstad. Namnet kjem frå det ungarske ludas, som tyder gås.

Nemanja Vidić

Nemanja Vidić (fødd 21. oktober 1981 i Titovo Užice i Serbia) er ein serbisk fotballspelar, som spelar for Manchester United i engelsk Premier League, og for det serbiske landslaget.

Vidić vart seriemeister i Serbia og Montenegro i 2004 med Raude Stjerne og i England med Manchester United i 2007, 2008, 2009 og 2011. Han var òg med på å vinna Den europeiske meisterligaen i 2008. Han vart kåra til årets serbiske fotballspelar i 2005 og 2008.

Vidić debuterte for A-landslaget til Serbia og Montenegro 12. oktober 2002, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Italia. Han var med i Serbia og Montenegro sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart skada rett før turneringa og fekk ikkje spelt nokon av kampane. 15. november 2006 skåra han mål for Serbia mot Noreg i ein privatlandskamp i Beograd. I fotball-VM i 2010 spelte han alle Serbia sine tre kampar.

Nenad Maslovar

Nenad Maslovar (fødd 20. februar 1967) er ein tidlegare montenegrinsk fotballspelar.

Nikola Žigić

Nikola Žigić (fødd 25. september 1980 i Bačka Topola i Vojvodina) er ein serbisk fotballspelar. Frå 2010/11-sesongen spelar han for Birmingham City i engelsk Premier League, og det serbiske landslaget. Han vart toppskårar i toppdivisjonen i Serbia og Montenegro i 2004, då han spelte for Raude Stjerne, og vart seriemeister med Raude Stjerne i 2004 og 2006. Han vart kåra til årets spelar i Serbia i 2003, 2005 og 2006.

Palićsjøen

Palićsjøen (serbisk Palićko jezero, Палићко језеро) er ein innsjø 8 km frå Subotica, nær byen Palić i Serbia. Han har eit areal på 3,8 km² og eit middeldjup på 2 meter.

Innsjøen skal ha tørka opp ved fleire høve, men alltid vorte fylt med vatn att. Det vart oppretta ein park i 1840 då det vart oppdaga at vatnet og gjørma i innsjøen hadde helsebringande eigenskapar. Parken utgjer i dag om lag 190 000 m².

Palić er ein naturpark og eit verna området. Heile den 17 km lange breidda er omarbeidd med stiar for gåturar og sykling. Palić er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Vojvodina og den femte mest vitja i heile Serbia.

Potisje

Potisje (Потисје) er namnet på tilsigsområdet til elva Tisa i Serbia og provinsen Vojvodina. Tisa renn mellom regionane Banat og Bačka.

Péter Lékó

Péter Lékó (fødd 8. september 1979 Subotica i Jugoslavia) er ein ungarsk sjakkspelar. Han var eit sjakk-vedunderbarn og blei Stormeister i sjakk i 1994, berre 14 år gamal. Han var den yngste som hadde oppnådd denne tittelen då. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste over dei høgast rata spelarane i verda ligg han på ein 10-plass pr 1. juli 2008 med ein rating på 2741.

I september - oktober 2004 spelte Lékó tvikamp om den såkalla klassiske verdsmeisterskapen i sjakk mot verdsmeisteren Vladimir Kramnik, Russland, i Brissago i Sveits. Kampen gjekk over 14 parti, og etter 13 parti leia Péter Lékó med 7-6. Men Kramnik vann det siste partiet, sluttresultatet vart uavgjort 7-7, og Kramnik kunne behalde tittelen etter dei reglane som var sett opp for tvikampen.

Vojvodina

Vojvodina (serbisk Аутономна Покрајина Војводина, Autonomna Pokrajina Vojvodina; ungarsk Vajdaság Autonóm Tartomány; albansk Autonómna Pokrajina Vojvodina; rumensk Provincia Autonomă Voievodina; kroatisk Autonomna Pokrajina Vojvodina) er ein autonom provins i Serbia der om lag 27 % av innbyggjarane (2002) av landet bur. Det ligg nord i landet på Den pannoniske sletta i Mellom-Europa. Den største byen og sete for området er Novi Sad, med over 300 000 innbyggjarar, medan den nest største byen er Subotica. Vojvodina har seks offisiell språk og det finst meir enn 26 etniske grupper i regionen.

Zrenjanin

Zrenjanin (serbisk Зрењанин, rumensk Becicherecu Mare, ungarsk Nagybecskerek, tysk Großbetschkerek) er ein by og kommune i Serbia. Han ligg nord i den serbiske provinsen Vojvodina og er det administrative senteret i Sentral-Banat i Serbia. I 2002 hadde byen om lag 80 000 innbyggjarar, medan kommunen hadde 132 051 innbyggjarar.

Zrenjanin er den største byen i den serbiske delen av Banat, den tredje største i Vojvodina (etter Novi Sad og Subotica) og den sjette største i Serbia.

Čik

Čik eller Čiker (serbisk Чик eller Чикер; ungarsk: Csík-ér, kroatisk Čik eller Čiker) er ei elv nord i Serbia. Ho er 95 km lang og ei sideelv til Tisa frå høgre. Heile elva renn gjennom Bačka i provinsen Vojvodina.

Čik spring ut nordvest i Subotička Peščara mellom landsbyar Tavankut og byen Subotica, nær grensa til Ungarn, 128 meter over havet. Elva munnar ut i Tisa ved landsbyen Bačko Petrovo Selo, 74 meter over havet.

Čik var tidlegare særs forureina, men i 1990-åra var den nedre dele av elva reinsa og det vart sett ut fleire fiskeartar.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.