Steinalderen

Steinalderen er ei nemning på den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein og andre naturmateriale, men ikkje metall. Han er den lengste perioden i menneskehistoria, rundt 2,6 millionar år, med ei byrjing i den geologiske epoken pleistocen. Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn—nokre samfunn har klart seg utan metall fram til våre dagar.

Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein førhistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.

Inndeling

Steinalderen er den første perioden i treperiodesystemet frå 1800-talet, der bronsealderen og jernalderen utgjer dei to andre. Han vart vidare delt inn i dei tre underperiodane nemnde ovanfor av John Lubbock i det klassiske historieverket Pre-historic Times frå 1865. Dei tre underperiodane er så inndelte i enda mindre underperiodar.

Dei tre hovudperiodane av steinalderen er:

Levesett

Dei tok i bruk ei rekkje materialar. Nokre steinsortar, som f.eks. flint, vart forma eller knakka for å laga skjerereiskapar og våpen, mens andre steinsortar som basalt og sandstein vart bruka til å laga kverner og andre reiskapar. Tre, bein, skjel og horn vart òg mykje bruka. Når det er steinen som har gitt perioden namn skuldast dette at det er det materialet som blir best bevart, og som dermed har sett mest spor etter seg. Mot slutten av perioden tok dei også i bruk keramikk.

Bakgrunnsstoff

Sjå òg

Kjelder

Austrheim kommune

Austrheim er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Nordhordland, nordvest i havgapet sørom munningen til Fensfjorden og grensar i nord til Gulen i Sogn og Fjordane, i aust til Lindås, i sør til Radøy og vest i havet ligg Fedje. Kommunen omfattar øyane Fosnøy, Bakkøy, Njøten og ei rekkje mindre øyar, holmar og skjer i tillegg til den nordvestlegaste delen av Lindåshalvøya. 13 større og mindre bruer bind kommunen saman og dei største øyane har alle vegsamband til fastlandet.

Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg på Lindåshalvøya i Austrheim.

Langs den fiskerike Fosenstraumen ligg det ei rekkje buplassar frå steinalderen.

Delar av Mongstad industriområde ligg i kommunen.

Bronsealderen

Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 f.v.t. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 f.v.t., Aust-Europa 2500 f.v.t., Vest-Europa 2200 f.v.t., Kina 2000 f.v.t., og Skandinavia 1800 f.v.t.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Cornwall

Cornwall (kornisk Kernow) er eit grevskap i England i Storbritannia, som utgjer den sørvestlege halvøya i landet. Det grensar i nord og vest til Atlanterhavet, i sør til Den engelske kanalen og i aust til Devon ved elva Tamar. Saman med Isles of Scilly har Cornwall litt over ein halv million innbyggjarar. Administrasjonssbyen i grevskapet er Truro.

Området vart fyrst busett i steinalderen og det har halde seg folk her framover til keltarane i jernalderen. Det er få spor etter romarane vest for Exeter, så det er ikkje gjort mange funn etter dei i Cornwall. Cornwall vart seinare ein del av det keltiske området Dumnonia, som vart fråskild Wales etter slaget ved Deorham. Dei var ofte i strid med det engelske kongedømet Wessex før kong Athelstan i 936 sette grensa mellom engelskmennene og det korniske folket ved Tamar. I dag kjempar Cornwall med økonomiske nedgangstider på grunn av nedgang i gruvedrift og fiske, og har i større grad vorte avhengig av turisme. Området er kjent for lyngheilandskapet, den lange og varierte kystlina, og det milde klimaet.

Cornwall vert rekna som ein av «dei keltisk nasjonane» av mange folk frå Cornwall. Cornwall har ein særeigen kulturell identitet, skapt av historia og moderne bruk av det tidlegare utdøydde korniske språket. Somme folk i Cornwall ynskjer større sjølvstyre i Storbritannia.

Eldre steinalder

Eldre steinalder er namnet ein har gjeve til den første delen av steinalderen. Dette tidsrommet blir også kalla

paleolitikum eller paleolittisk tid. Denne perioden fann stad under dei geologiske epokane pleistocen og holocen.

I europeisk samanheng er tidsrommet vidare delt inn i tre hovudperiodar—tidleg, mellom og sein eldre steinalder.

Frå den tidlege delen kjenner me reiskapstradisjonane oldowan (eller abbevillien i Europa) og acheuléen, der ein hakka til skarpe eggar på steinar. Clactonien, tilpassingar av steinen til skaft, og levalloisien, der ein hakka spissar ut av ein heil stein, kjem også frå denne perioden.

Under mellomperioden vidareutvikla ein denne flekkekulturen til mousterien og tayacien. Den sistnemnde typen er funne saman med moderne menneske, medan mousterien er knytt til neandertalarar.

I sein eldre steinalder laga ein spesialiserte reiskapar frå steinar som var blitt førebudde. Ein fann opp nål og tråd, skinnklede, harpun og spydkastar og tilpassa fiskeutstyr.

Flint

Flint er ein hard bergart med glasaktig utsjånad og med sedimentært opphav. Flint er samansett av kvarts og kalsedon. Flint har ofte eit kalklag på utsida. Han finst som knollar eller lag i krittavleiringar, og flinten kan vere svart, grå, gulaktig eller raudbrun av farge, med ein lysare overflate. Flint finst i hovudsak i lag frå juratida og i den øvre krittida. Bergarten finst ikkje opphavleg i Noreg, men finst enkeltvis langs kysten, der han er komen med drivis sørfrå under istidene.

Horn

Horn er ei hard utvekst på hovudet til ulike dyr. Rette horn er keratinstrukturar på hovdyr som veks ut frå levande bein og som i hovudsak sit parvis. Andre hornliknande utvekstar kan sitta åleine, som på nashorn, eller sitja lenger bak på kroppen, som på nokre nashornbiller.

Hjå nokre artar har begge kjønna horn, medan det hjå andre artar berre er hannen som har horn. Horna tek til å veksa nokså snart etter fødselen, og fortset livet ut. Dyr som har gevir mister dei og dannar nye kvart år. Horna vert ofte nytta for å kjempa mot rivalar og rovdyr.

Menneske har nytta horn som materiale sidan steinalderen. Horn er hardt, men kan samstundes lett skjerast til. Horn kan mellom anna brukast som skaft til ulike verktøy, som drikkehorn eller musikkinstrument som bukkehorn eller sjofár. Hornet har også inspirert og gjeve namn til fleire messingblåseinstrument, som posthorn og valthorn.

Jarnalderen

Jarnalderen eller jernalderen er i arkeologien rekna som den tidsepoken der bruken av jarn er framståande i produksjonen av våpen og reiskap. I Noreg begynte jarnalderen frå om lag år 500 f.v.t., men dei tidlegaste spora av jarnutvinning er mykje eldre, kanskje så tidleg som år 3000 f.v.t. Det tok bortimot 1000 år frå menneskeslekta oppdaga jarnutvinning til kunnskapen nådde Norden. Jarnalderen begynte på ulike tider på ulike plassar i Europa.

I Europa og Asia kjem jarnalderen etter bronsealderen, mens han i resten av verda kjem direkte etter steinalderen. Det er vanskeleg å tidfeste jarnalderen nøyaktig for ein enkelt region, men det refererer til den tidsepoken der bruken av jarn er det mest avanserte metallarbeidet til ein sivilisasjon.

Dei første teikna på bruk av jarn kjem frå det gamle Egypt og Sumer, der dei laga små gjenstandar som spydspissar og ornament allereie i år 4000 f.v.t.

Kirurgi

Kirurgi er ei grein innan medisin som tek for seg sårbehandling og operasjonar, og læra om skadar og sjukdomsformer som fører til slik behandling. I moderne kirurgi utfører ein kirurg inngrepa. Dette er ein utdanna lege med spesialisering innan kirurgi.

Ein har gjort kirurgiske inngrep sidan steinalderen, og i visse oldtidssamfunn kunne ein utføra kompliserte operasjonar. I Europa hadde ein lite utvikla kirurgi fram til 1800-talet, då ein byrja utviklinga av moderne bedøving, hygiene og antibiotika. Nyare utvikling har gjeve lokalbedøving og medisinske instrument til kikkholskirurgi (artroskopi), der ein kan gå inn i kroppen gjennom ein liten opning og utføra ein operasjon.

Korn

Sjå òg Korn (fleirtyding).

Korn er grassortar med frø som kan etast, vanlegvis etter å ha blitt malne til mjøl eller gryn. Menneske har dyrka korn sidan steinalderen, og ein finn ulike foredla typar over heile verda.

Korn inneheld mykje fiber, protein, B-vitaminar og noko mindre E-vitamin, mineraler og umetta feittsyrer.

Kunst

Kunst (frå urgermansk kunst, 'kunne') er skapande verksemder som kan ha dekorativt eller kjenslemessig uttrykk, og resultatet av slike verksemder. Medan 'kunst' opphavleg omfatta all menneskeleg aktivitet, også handverk og vitskap, blir det i dag sett på som eit uttrykk for menneskeleg skaparevne.

Menneske i alle kulturar har skapt kunst frå steinalderen og fram til våre dagar, både for si eiga skuld og for å skapa underhalding eller venleik for andre. Den kunstnariske skapartrongen kan derfor sjå ut til å vera ein viktig del av det å vera menneske.

Mellomsteinalderen

Mellomsteinalderen er eit omgrep for ein del av steinalderen som kom mellom eldre og yngre steinalder. Tida er også kalla mesolittisk tid eller mesolitikum. Perioden starta fleire stader for rundt 10 000 år sidan etter siste istida, då klimaet blei varmare, og slutta etterkvart som jakt og sanking i stor grad blei avløyst av jordbruk som viktigaste næringsgrunnlag. Nokre stader bruker ein også nye teknologiar som mål for kva tid denne alderen slutta.

Moskenes kommune

Moskenes er ein kommune i øygruppa og landskapet Lofoten i Nordland fylke. Han omfattar fiskeværa Reine, Sørvågen, Hamnøy, Moskenes, Å og Tind i tillegg til fråflytte bygder som Refsvika og Hell, som saman med kvasse tindar langs Vestfjorden gjer kommunen til ein av dei meir biletvakre i landet.

Moskenesstraumen ligg mellom Lofotodden, heilt sør i øygruppa, og den isolerte øya Mosken. Sjømenn har frykta denne malstraumen i århundre, men Mosken er mindre skremmande. På øya finn ein holemåleri frå steinalderen.

Musikkinstrument

Musikkinstrument er gjenstandar laga til for å skapa musikk. Det går ei flytande grense mellom gjenstandar frå dagleglivet som blir brukte til å laga lyd i eit musikkstykke (t.d. vaskebrett) og instrument som er blitt særskild laga for å spelast på av musikarar. Det akademiske studiet av musikkinstrument blir kalla organologi.

Det er funne musikkinstrument som stammer frå steinalderen. Det eldste moglege instrumentet kan vera opptil 67 000 år gammalt, oldsaker som dei fleste godtek som tidlege fløyter er opptil 37 000 år gamle. Kvart samfunn har utvikla sine instrument, og samtidig teke til seg nye instrumenttypar utanfrå. I mellomalderen kunne ein til dømes finna instrument som stamma frå Mesopotamia i Indonesia-øyane, medan ein i Europa brukte instrument som opphavleg kom frå Nord-Afrika.

Ein deler instrument inn på ulike måtar, til dømes gjennom korleis dei lager lyd. Eit gammalt system som kan sporast tilbake til første hundreåret f.Kr. delte instrumenta inn i fire hovudgrupper: Instrument som laga lyd gjennom vibrerande strengar, instrument som laga lyd gjennom vibrerande luft, perkusjonsinstrument laga av tre eller metall, og perkusjonsinstrument med skinntrekk, trommer.

Seinare er stemmen blitt kalla eit eige instrument, og nyare oppfinningar som ikkje passar inn i systemet er komne til, som tangentinstrument og elektroniske instrument. Det er laga fleire nye system for klassifisering av musikkinstrument, til dømes kan ein dela dei inn etter kva toneområde dei dekker: Sopran, alt, tenor, baryton eller bass.

Sande kommune i Vestfold

Sande kommune er ein kommune i Vestfold fylke. Kommunen grensar i nord til Drammen, i aust til Svelvik, i sør til Holmestrand, og i vest mot Hof. Høgaste punkt er Presteslettåsen, 563 moh.

Her er gjort talrike funn frå førhistorisk tid, mellom anna frå Nøstvetkulturen i steinalderen.

Somerset

Somerset er eit grevskap i Sørvest-England. Administrasjonsbyen er Taunton, som ligg sør i grevskapet. Det seremonielle grevskapet grensar til grevskapa Bristol og Gloucestershire i nord, Wiltshire i aust, Dorset i søraust og Devon i sørvest. Det grenser delvis i nord og vest til kysten av Bristol Channel og estuaret til elva Severn. Den tradisjonelle nordlege grensa gjekk langs elva Avon, men den administrative grensa har krype sørover med opprettinga av City of Bristol og grevskapet Avon og dei etterfølgjande sameinte styresmaktene i nord.

Somerset er eit landleg grevskap med åsar som Mendip Hills, Quantock Hills og Exmoor nasjonapark og store flater som Somerset Levels. Det er funne spor etter menneske frå steinalderen og busetnader etter romarane og saksarane. Seinare spelte grevskapet ei viktig rolle i å føre kong Alfred den store til makta, i den engelske borgarkrigen og i Monmouthopprøret.

Jordbruket er ei stor næring i grevskapet. Oppdrett av sau og kyr, inkluder produksjon av ull og ostar (som cheddar) er tradisjonelle næringar som framleis eksisterer. Arbeidsløya er lågare enn landsgjennomsnittet.

Sveio kommune

Sveio er den sørlegaste kommunen i Hordaland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grensar til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. Halvøya ligg mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio kan både reknast for å høyra til Haugalandet og Sunnhordland.

Folk bur spreidd i fleire tettstader, dei største er Førde, Sveio, Valevåg, Auklandshamn og Buavåg. Sveio har fleire vatn med røsslyngheier rundt, og seks slike område er verna.

Området har vore busett sidan steinalderen. Det ligg godt til ut mot havet, midtvegs mellom Stavanger og Bergen, og var lenge viktig for reisande langs kystleia.

Trekantsambandet med undersjøisk tunnel gjev samband nordover til øya Stord. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går gjennom kommunen. Buavåg har ferjesamband til Langevåg sør på Bømlo.

Södermanland

Södermanland, òg kalla Sörmland, er eit landskap aust i Svealand i Sverige. Namnet tyder «Södermännens land», der «södermännen» var det folk som budde sør for Mälaren. Arealet til landskapet er 8 388 kvadratkilometer, og innbyggjartalet drygt 1,1 millionar.

Dei fleste av innbyggjarane til landskapet bur i Stockholsområdet. Eskilstuna kommune er kommunen innanfor Södermanlands län med flest innbyggjarar.

Södermanland er rikt på fornminne, der ein kjenner til ca 96 000 innanfor grensene til landskapet.

Landskapsvåpenet til Södermanland er ein svart griff på gul botn.

Teknologi

Teknologi (av gresk τεχνολογια < τεχνη, 'handverk', og λογος 'ord, lære' + suffikset ια) er kunnskap om, tillaging og bruk av reiskapar, maskinar, teknikkar, system eller metodar for å oppnå visse restultat. Det kan visa til utvikling og oppfinning av nye verktøy, materialar, prosessar og teknikkar som hjelper til med å løysa problem. Menneska har drive med teknologi sidan steinalderen, og han har sidan vore i stendig utvikling.

Yngre steinalder

Yngre steinalder viser til siste delen av steinalderen, då dei fleste menneske blei bufaste jordbruksfolk. Tida er også kjend som bondesteinalderen, neolittisk tid eller neolitikum. Den yngre steinalderen var prega av «den neolittiske» eller «jordbruksrevolusjonen», ei gradvis endring frå jakt og sanking til dyrehald og dyrking av jorda som hovudnæringar. Slike «revolusjonar» fann stad fleire stader på jorda, uavhengig av kvarandre, og spreidde seg så ofte gjennom kontakt. Ein reknar med at yngre steinalder tok til rundt 8500 f.Kr. i den fruktbare halvmånen i Midt-Austen, der ho frå rundt 3500 f.Kr. blei avløyst av bronsealderen. I Norden reknar ein tida 4000–1800 f.Kr. til yngre steinalder.

Endringane omfatta nye teknologiar, som polerte steinreiskapar, veving og pottemakeri i stort omfang; mogleik for matoverskot og større busetjingar i hus og landsbyar, men også eit meir einsidig kosthald og nye sjukdommar og epidemiar. Ein fekk større yrkesspesialisering, truleg også større sosial skilnad. Store steinsetjingar og gravkammer blei bygde på denne tida, noko som peiker mot organiserte samfunn og at visse personar var verdige større gravminne. Funn av gjenstandar som har flytta seg over større avstandar viser at ein dreiv handel. Busetjingar med vernande påleverk, skjelett med spor av vald og bergkunst av krigarar tyder på at det også blei utkjempa konfliktar.

Nokre viktige funnstader frå yngre steinalder er Abu Hureyra i Syria, Çatal Höyük i Tyrkia, Jeriko på Vestbreidda, Mehrgarh i Pakistan og Yangshao i Kina.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.