Språk

Språk er eit (av fleire) teiknsystem som blir brukt til kommunikasjon. Det viktigaste kjenneteiknet på språk som system er at det er bygd opp av ei avgrensa (finitt) mengde einingar utan tyding som i sin tur kan setjast saman til ei ikkje-avgrensa (infinitt) mengde einingar med tyding. Dei tydingslause einingane tilsvarar språklydane (konsonantar og vokalar), og desse blir sette saman til ord og bøyingseiningar med tyding.

Etter denne definisjonen er det, så vidt ein veit, berre menneska som har språk. Alle mentalt friske menneske har språk, og det primære uttrykket for språk er talespråk, men også døves teiknspråk er kjenneteikna av to nivå på same måte som menneskeleg talt språk. Ein kjenner derimot ikkje til kommunikasjonssystem hjå dyr som er kjenneteikna ved at ei avgrensa mengde tydingslause einingar kan setjast saman til ei uendeleg mengde tydingsberande einingar. Dyr kommuniserer difor ved hjelp av ikkje-språkleg kommunikasjon. Såkalla kroppsspråk, dvs. rørsler med kroppsdelar for medvite eller ikkje-medvite å uttrykka meining, har ikkje dei viktigaste kjenneteikna på språk, men er likevel kommunikative.

Alfabetiske og stavingsbaserte skriftspråk avspeglar menneskeleg talt språk og er bygde over same lest som dei. Bokstavane ber ikkje meining i seg sjølve og tilsvarar språklydane i talespråk. Bokstavane blir på same måte som språklydar sette saman til ord og bøyingseiningar med tyding. Symbolske skriftspråk har derimot ikkje den same todelinga som talespråk og alfabetiske skriftspråk - der vil kvart symbol i større grad direkte svara til bestemte ord.

Ulike språk

Det er vanskeleg å seia kor mange ulike språk ein snakkar i verda, ettersom grensene mellom dei er svært vage. Alle språk har geografiske variasjonar, desse blir kalla dialektar. Men av og til er desse dialektane uforståelege for andre som snakkar språket. Kva som er eitt språk blir ofte definert historisk og politisk, eller som språkforskaren Max Weinreich sa: «Eit språk er ein dialekt med ein hær og ein marine.»

Språk endrar seg stadig, og dette forklarar kvifor det er så mykje variasjon mellom dei. Mange språk har visse trekk til felles fordi dei stammar frå eit urspråk. Mange språkforskarar trur at alle språk i verda opphavleg kjem frå det same urspråket, men det er svært vanskeleg å prova. Dersom ein kan seia sikkert at nokre språk har likt opphav, seier ein at dei høyrer til ein språkfamilie. Språk utan slike familiar vert kalla isolerte språk.

Bakgrunnsstoff

Temaside: Språk

Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Dansk

Dansk (eigen uttale [ˈdanˀsg]) er eit nordgermansk språk snakka av omkring 5,6 millionar menneske, hovudsakleg i Danmark og i det tyske landskapet Sydslesvig der det har status av eit minoritetspråk. Små dansktalande fellesskap finst endå i Noreg, Sverige, Spania, Dei amerikanske Sambandsstatane, Canada, Brasil og Argentina. Ogso, inmigrasjonen og språkskiftet i urbane område har ført til at 15-20% av folkesetnaden på Grønland snakkar dansk som fyrste språk.

So som andre nordgermanske språk har dansken opphav i urnordisk, fellesspråket til dei germanske folka som busette seg i Skandinavia under vikingtida. Den indre klassifikasjonen av nordgermanske språk er omstridt, med den diakrone og den synkrone modellen som mest godkjende innom språkvitskapen. I den diakrone modellen er dansk og svensk samla under den austnordiske greina i motsetnad til vestnordiske språk norsk, islandsk og færøysk. I den synkrone modellen fell dansk, norsk og svensk saman under den fastlandske gruppa, medan islandsk og færøysk byggjer saman øynordiske språk. Dansk, norsk og svensk er gjensidig forståelege til ein viss grad.

So lenge som til 1500-talet var dansk eit dialektkontinuum snakka mellom Slesvig og Skåne som ikkje hadde noko som helst standardisert tale- eller skriftspråk. Situasjonen endra seg etter oppfinninga av trykking og den protestantske reformasjonen, når riksdansken byrja å utvikle seg på grunnlaget av Københavns dialekt. Språkstandarden breidde seg ovanfor landet gjennom utdanningssystemet og administrasjon, jamvel om tysk og latin framleis var hovudskriftspråka til og med det seine 1600-talet. Etter kontinuerlege landstap mot Sverige og Tyskland, fekk dansken sterkare knyting til den danske nasjonalidentiteten og blei stadig meir populært under 1700- og 1800-talet. I dag størstedelen av folkesetnaden i Danmark snakkar standardspråket og regionale skilnader minskar seg. So som i andre land spelar generasjonsskiftet ei større rolle i språkutviklinga.

Dansk har veldig stort vokalinventar med 27 vokalfonem. Prosodisk merkjer dansken seg ut gjennom stød, ein type av laryngal arikulasjon som i stor grad motsvarer tonelagsdistribusjonen i svensk og norsk. Dansk blir ofte hevda som eit vanskeleg språk å lære og forstå på grunn av sine fonetiske særdrag som ikkje finst i grannespråka. Grammatikken av dansk er delvis bøyingsbasert og liknar mykje svensk, norsk og engelsk. So som andre fastlandske nordiske språk viser dansk og V2-ordstilling der finitte verbformer alltid står på andre plass i ei setning.

Engelsk

Engelsk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, eit vestgermansk, angelsaksisk språk. Engelsk er etterkomar av språket til dei germanske stammane som utvandra frå område i dagens Sør-Danmark og Nord-Tyskland på 400-talet. Språket med nærast slektskap til engelsk på kontinentet i dag er frisisk, som framleis blir tala av somme i desse områda og i delar av Nederland.

Europa

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelar på jorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet. Omgrepet «verdsdel» eller «kontinent» kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje ymse syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata (kring 6,8 % av landarealet). Berre Oseania er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11 % av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minste. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeidd for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.

Fransk

Fransk (français) er eit romansk språk som mellom anna vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (ɛ, œ, ã og ɔ), ein labialisert y (som i rue), skarre-r og schwa (ə).Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).

Gresk

Gresk (gresk: Ελληνικά, IPA [e̞ˌliniˈka], Hellensk)

er ei eiga grein av indoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske i Hellas, Kypros, Bulgaria, Albania og Tyrkia. Det finst òg mange greske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes i Melbourne i Australia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etter Aten og Thessaloníki.

Gresk har vorte skrive med det greske alfabetet, som var det fyrste til å innføre vokalar, sidan 1000 f.v.t. i Hellas og sidan 400 f.v.t. på Kypros. Før dette vart det skrive med linear B i Hellas og kypriotisk stavingsskrift på Kypros. Gresk litteratur har ei historie på nærare 3000 år.

Hebraisk

Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Italiensk

Italiensk er eit romansk språk som blir tala av omkring 70 millionar menneske, dei fleste av desse bur i Italia.

Standard italiensk er bygd på toskansk dialekt (frå regionen Toscana) og ligg på ein måte mellom språket i Sør-Italia og Nord-Italia. Den lenge etablerte toskanske standarden har dei siste tiåra blitt litt utvatna av varianten dei talar i storbyen Milano, som er det økonomiske sentrum i Italia.

Italiensk er ein etterkommar etter latin, og blei formalisert på 1300-talet gjennom verka til Dante Alighieri, som blanda sørlege dialektar, særleg sisiliansk (frå Sicilia), med sin eigen toskanske dialekt i dei episke dikta Divina Commedia. Dante sine høgt elska verk blei lesne over heile Italia, og hans skrivemåte blei standarden som alle andre kunne skjønne. Dante blir framleis gitt æra for å ha standardisert det italienske språket. Som sagt er den toskanske dialekten det noverande målføret som ligg nærast Dante sitt språk, som enno altså er grunnlaget for standard italiensk.

Italiensk høyrer til den italo-dalmatiske språkgruppa, som igjen høyrer til den italo-vestlege delen av dei romanske språka, som er ei undergruppe av den italiske greina av indoeuropeisk.

Italiensk er det offisielle språket i Italia og San Marino, og i Sveits, i kantonane Ticino og Grigioni (norsk/tysk Graubünden). Det er også det andre offisielle språket i Vatikanstaten og i Istria fylke i Kroatia og tre kommunar i Slovenia, der det finst ein italiensk minoritet. Språket blir mykje bruka av italienske utvandrargrupper i Luxemburg, USA, Venezuela, Brasil, Argentina, Canada og Australia, og blir dessutan tala av somme i grannelanda Malta og Albania. I mykje mindre grad kan ein også somtid høyre det tala i delar av Afrika som tidlegare var styrte av Italia, landa Somalia, Libya og Eritrea.

Latin

Latin høyrer til den italiske greina av indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områda kring Middelhavet. Dei eldre måla der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måla i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Noreg

Noreg, offisielt Kongeriket Noreg (bokmål: Kongeriket Norge, nordsamisk: Norgga gonagasriika), er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Nord for Trøndelag er Noreg langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men båe desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på (Antarkt)is.

Norrønt

Norrønt eller oldnordisk er språket som vart brukt i Noreg, på Island og dei andre norrøne busetjingane i Nordsjøområdet i tida frå om lag 700 til om lag midten på 1300-talet.

Namnet oldnordisk kjem av at ein ei tid tenkte at norrønt var opphavet til alle dei nordiske språka. Dette fann ein seinare ut ikkje var tilfellet då opphavsspråket er urnordisk, medan norrønt er det felles vestnordiske språket som har utvikla seg til norsk, færøysk, islandsk og norn.

Det var ikkje noko klart skilje mellom desse ulike dialektane, og fram til 1200-talet såg ein på dei som det same språket; dansk eller dǫnsk tunga. Dei som snakka dette språket kunne òg lett samtala med talarar av andre germanske språk, som gammalengelsk, gammalsaksisk og andre nedertyske språk.

Norsk

Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir for det meste snakka i Noreg, men òg i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i Sverige — Jemtland, Herjedalen og Båhuslen — har dialektane mange likskapar med norsk, særleg nord i området.

Nynorsk Wikipedia

Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.

Offisielt språk

Offisielle språk er språk som etter lova i eit land skal nyttast i offisiell korrespondanse og dokumentasjon. Om eit land har fleire offisielle språk, kan det vere reglar for kva språk som kan, skal eller bør nyttast i ulike samanhengar.

Halvparten av landa i verda har offisielle språk. Nokre land har berre eitt offisielt språk, slik som Albania, Frankrike, Island, Japan og Tyskland. Andre, som Noreg, Belgia, Finland, Afghanistan, Paraguay, Bolivia, India, Sveits og Sør-Afrika har fleire offisielle språk. I Noreg er både norsk og samisk offisielle språk. Fleire norske kommunar har samiske språk eller kvensk som offisielle språk saman med norsk. Norsk har dessutan to offisielle målformer, nynorsk og bokmål.

Nokre land, som Irak, Italia og Spania, har eitt offisielt språk for landet, men andre medoffisielle språk for enkelte viktige regionar. Andre land, som USA, har ingen offisielle språk, men offisielle språk i enkelte delstatar. Til slutt er det dei landa som ikkje har noko offisielt språk i det heile, som Australia, Eritrea, Luxembourg, Sverige, Tuvalu og Storbritannia.

Kolonialisme og/eller nykolonialisme har i nokre land ført til at det offisielle språket og lærespråket ikkje er det same som nasjonalspråket eller det mest nytta språket. Dette gjeld for land i Afrika og på Filippinane. I kontrast til dette, er irsk offisielt språk i Irland, og det skyldast nasjonalisme. Det er berre ein liten minoritet i Irland som kan snakke irsk, mens fleirtalet nyttar engelsk. Det same gjeld for New Zealand der engelsk er morsmålet til dei fleste, mens maori er eit offisielt språk med stor plass i det offentlege.

Kva som er offisielt språk eller ikkje har stor symbolverdi, og det er ofte debatt rundt dei offisielle språka og bruken av dei. I Noreg har ein til dømes hatt ein langvarig debatt rundt bokmål/nynorsk, i tillegg til ei rekkje lokale debattar om bruk av samisk.

Russisk

Russisk er eit av dei indo-europeiske språka, på den slaviske språkgreina saman med mellom andre polsk, ukrainsk, tsjekkisk, slovakisk, bulgarsk, slovensk og serbo-kroatisk. I lag med ukrainsk og kviterussisk utgjer russisk dei tre austslaviske språka. Russisk er det mest utbreidde slaviske språket. Nyare overslag for russisktalande varierer mellom 145 og 160 millionar menneske.

Spansk

Spansk (au kjent som kastiljansk) er eit ibero-romansk språk, og det tredje mest snakka språket i verda. Det er morsmålet for omkring 352 millionar menneske, eller 417 millionar viss ein inkluderer òg dei som ikkje har spansk som morsmål (i fylgje estimat frå 1999). Majoriteten av den spansktalande befolkninga lever i Latin-Amerika.

Svensk

Svensk (svenska) høyrer til språkgruppa nordiske språk, som er ei undergruppe av den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Såleis er svensk nærast i slekt med, og i dei fleste fall gjensidig skjønleg med, dansk og norsk.

Svensk, dansk og norsk bokmål blir historisk sett rekna som austnordiske språk, medan nynorsk saman med færøysk og islandsk høyrer til dei vestnordiske språka, men likevel skjønar dei fleste svenskane tala norsk mykje betre på grunn av den like uttalen. Svenskar og danskar har problem med å skjøne kvarandre, medan nordmenn skjønar både svensk og dansk godt.

Etter ei anna inndeling, blir svensk, dansk og norsk kalla fastlandsskandinaviske språk, i motsetning til dei øyskandinaviske, islandsk og færøyisk. Da legg ein vekt på at dei tre førstnemnde i dag er gjensidig forståelege i større grad, og at dei fekk dei same forenklingane ved inngangen til nyare tid (frå 1500-talet, om lag) - som bortfall av kasusbøyingar og verbbøyingar i person.

I Noreg er det likevel vanlegast å tale om dei nordgermanske språka som nordiske språk, medan dei tre fastlandsspråka blir omtala som skandinaviske språk, rett og slett.

Tysk

Tysk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, saman med mellom andre engelsk og dei skandinaviske språka.

Det som til vanleg blir kalla tysk, er høgtysk, i motsetnad til lågtysk. Lågtysk eller nedertysk blir framleis tala av mange menneske i dei nordlege delane av Tyskland, men færre enn før. Nederlandsk kan seiast å vere ei form for lågtysk. Lågtysk har hatt stor påverknad på dei skandinaviske språka, ikkje minst norsk, på grunn av mykje samband i sjøfart og handel tidlegare. Eit nærskyldt språk som òg finst i Nord-Tyskland og Nederland, er frisisk, som blir sagt å liggje ein plass mellom tysk og engelsk.

Ukrainsk

Ukrainsk er eit austslavisk språk på den slaviske greina av dei indoeuropeiske språka. Det blir tala som morsmål av om lag 47 millionar menneske, av dei bur om lag 31 millionar i Ukraina, der det er offisielt språk. Resten fordeler seg på 25 andre statar. Ukrainsk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, men det ukrainske alfabetet har nokre bokstavar som er annleis enn dei russiske.

Ukrainsk høyrer saman med russisk og kviterussisk til den austslaviske språkgruppa. På 1700-talet utvikla det seg attmed kyrkjeslavisk eit ukrainsk skriftspråk som sprang ut frå folkemålet. På 1800-talet blomstra ukrainsk som litteraturspråk, men i 1876 kom det eit vidtgåande forbod mot ukrainskspråklege publikasjonar og anna bruk av språket, fordi tsaristiske tenestemenn ottast separatisme. Dette vara til 1906. Den mest framståande ukrainske diktaren på 1800-talet, Taras Sjevstjenko, vart elles send i indre eksil til Kasakhstan for tekstane sine.

Med skipinga av ein sjølvstendig ukrainsk republikk i 1918 vart ukrainsk for første gong statsspråk, det var det òg i Den ukrainske sovjetrepublikken. Likevel dominerte russisk i vitskap, litteratur og media. Derfor har omgangspråket til folk flest sterk russisk påverknad. Dette ser ein klart når ein samanliknar med ordbruken i det sterke ukrainske miljøet i Canada. Men språket deira verkar eksotisk og forelda for innanlands-ukrainarane.

Med sjølvstendet i 1991 vart ukrainsk einaste offisielle språket i den nye staten. Det var mykje strid om dette, da 22 prosent av folkesetnaden i Ukraina er russarar, og også mange etniske ukrainarar i den austlege delen av landet berre talar russisk. Det finst òg ei munnleg blandingsform mellom russisk og ukrainsk, kalla sursjyk.

På grunn av denne historiske utviklinga er språkspørsmålet for mange ukrainarar enno eit brennbart politisk tema, som blir heftig diskutert.

Wikimedia Commons

Wikimedia Commons er eit Wikimedia-prosjekt som starta den 7. september 2004. Commons på engelsk språk tyder sams eller felles. Det kan og visa til ei allmenning.

Commons er ei database med ulike filer, som bilete, videoar og lyd, som er heilt eller delvis frigjevne frå opphavsrettsvernet. Filene kan lastast ned av alle, men hovudmålet for prosjektet er at det skal kunna brukast av dei andre Wikimedia-prosjekta som til dømes Wikipedia, Wiktionary og Wikibooks.

Prosjektet prøver å vera internasjonal og språknøytralt. Det vil seia at dokumentasjonen skal omsetjast til så mange språk som råd, og at filene ikkje alltid blir skildra eller sorterte på engelsk.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.