Solrenning

Solrenning eller soloppgang er når den øvre randa av sola er synleg over synsranda på om morgonen. Langs same breiddegrad vil tida for solrenninga finne stad fire minutt seinare for kvar lengdegrad vestover og fire minutt tidlegare for kvar lengdegrad austover.

Easter-sunrise-south-beach-miami-04-08-2007-by-tom-schaefer-miamitom-for-wikipedia-03
Stranda i Miami like etter solrenning.
Simple sunrise
Solrenning over fjellet.

I Noreg er det seinaste tidspunktet for solrenning første eller andre juledag – klokka 09:20 i Oslo, klokka 09:46 i Bergen og klokka 10:02 i Trondheim. I Tromsø renn ikkje sola før 16. januar.

Det tidlegaste tidspunktet for solrenning i Noreg er omkring 19. juni, då renn sola klokka 03:53 i Oslo, klokka 04:09 i Bergen og klokka 03:02 i Trondheim (klokkeslett etter sommartid).

Sunrise of Lovina 200507-3
Solrenning på Bali.

Sjå òg

Kjelder

Almanakk for Noreg

Almanakk for Noreg er ein almanakk som har vore utgjeven av Universitetet i Oslo kvart år sidan 1814. Almanakken vert redigert av ein almanakk-komité utnemnd av Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo. Almanakken kjem ut både på nynorsk og bokmål. På bokmål heiter han Almanakk for Norge. Tabellane blir rekna ut ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

Almanakken har sidan 1912 komme ut med parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Boka har no eit A6-format og 128 sider. Av innhaldet er kalendarium med merkedagar, solrenning og soleglad i ei rekkje byar, kulminasjon og nedgang for sol, måne og planetane frå Venus til Saturn, månefasar, tussmørketabellar og planetkart som syner planetbaner på himmelen gjenom året. Det er òg statistiske oppgåver, meteorologiske data og oversikt over reglar for jakt, fangst og fiske.

Almanakken har kvart år ein temaartikkel. Temaartiklane dei siste åra har vore:

2018: Finn E. Johannesen: Spanskesykja

2016: Øystein Sørensen: Oktoberrevolusjonen og Noreg og Alv Egeland: Kristian Birkeland

2015: Martin Austnes: «Noregs Bank – Banken som skulle gje det nye Noreg ei framtid»

2014: Morten Nordhagen Ottosen: «'Mirakelåret' 1814 i eit europeisk perspektiv»

2013: Johan Moan: «Døgnrytmar og årsrytmar hos mennesket»

2012: Nils Voje Johansen: «Då venuspassasjar endra verda»

2011: Johan Peter Collett: «Det Kongelige Frederiks Universitet blir grunnlagt i 1811» - om Universitetet i Oslo.

2010: Henrik G. Bastiansen: «Norsk fjernsyn er 50 år»

2009: Trond Bergh: «Bergensbanen 100 år»

2008: Odd Arvid Storsveen: «Enhver Religion har et mildt og kjærligt Hjerte» - om Henrik Wergeland religiøse tenking.

2007: Finn Erhard Johannessen: «Kong Chulalongkorns noregsreise i 1907»

2006: Vigdis Ystad: «Ibsen hundre år etter»

2005: Henrik G. Basiansen: «1905: Telegrafen, telefonen og unionen»

2004: Marie Skoie: «Da tida vart normal»

Anne Vada

Anne Kari Hårnes Vada (fødd 25. april 1965) er ein prisløna norsk songar og musikar frå Steinkjer. Artistnamnet hennar er Anne Vada.

Atmosfærisk refraksjon

Atmosfærisk refraksjon er retningsendringa til ein himmellekam på grunn av lysbryting i jordatmosfæren. Himmellekamen verkar høgare på himmelen enn han verkeleg er, men asimut vert ikkje endra. Ei stjerne som er ei senit har null refraksjon. På grunn av refraksjonen vil sola og månen sjå ut som dei er ovale, fordi den nedre randen vert løfta meir enn den øvre. Av same årsak blir dagen forlenga med nokre minutt og områda som har midnattsol strekkjer seg 35 minutt nærmare ekvator, forbi polarsirkelen.

Ein kjende til refraksjonen alt i oldtida, men Tycho Brahe var den første som korrigerte sidan observasjonar for den.

Kosmisk oppgang og nedgang

Kosmisk oppgang og nedgang er når ei stjerne eller ein planet står opp eller går ned, samstundes med sola.

Matias Orheim

Matias Orheim (26. juli 1884–20. april 1958) var ein norsk salmediktar og lekpredikant. Han gav ut fleire songbøker, og skreiv til saman 178 melodiar og omtrent 1000 dikt. Seks av songane hans er i Norsk Salmebok og tretten songar er med i bedehussongboka Sangboken Syng For Herren. Best kjent av desse er «Kvardagskristen vil eg vera». I tillegg dreiv han ei utstrekt reiseverksemd og vitja alle prestegjelda i landet bortsett frå dei seks nordlegaste i Finnmark. Dit fekk han ikkje kome av di han brukte nynorsk. Når han reiste rundt og forkynte spelte han også songane sine. Dei akkompagnerte han anten på fele eller på glas.

Songane hans har preg av å vere skrivne inn i ein tradisjon med fokus på andeleg vekking.

Olav Aukrust

Olav Aukrust (21. januar 1883–3. november 1929) var ein lyrikar og diktar frå Lom kommune i Oppland fylke. Han skreiv på nynorsk med ein svip av gudbrandsdalmål. Aukrust nytta gjerne lokalområdet som inspirasjon for dei romantiske dikta sine.

Fram til 1917 arbeidde han som lærar og etter kvart folkeskulestyrar i Lom. Garden der han var fødd og budde heile livet, Nordgard Aukrust, er open for publikum i turistsesongen. Det vert drive ein stor urtehage på staden, men det er òg mogleg å sjå minne etter Aukrust.

Typisk for Aukrust er store, rapsodiske dikt med religiøst og filosofisk innhald. Han brukte gjerne den såkalla wergelandtrokeen, men ikkje så mjukt som Henrik Wergeland – til det var Aukrust for rimglad. Ved sida av Ibsen er han vorten rekna som vår mest rimglade poet. Jf. Hallvard Lie i Norsk verslære.

Mellom Aukrusts mest sentrale dikt kan nemnast Emne. Leif Mæhle skreiv doktoravhandlinga si med utgangspunkt i emneproblematikken i Aukrusts dikting. Eit anna sentralt og velkjent dikt er Still meg ei storvengja sorg overskygde som byggjer på ei ekstatisk-mystisk oppleving Aukrust hadde i ungdommen, og som kom til å tyda mykje for diktinga hans. Typisk er òg det stemningsmetta «Einsemd». Kjært for mange er det vesle diktet på fire små strofer, Ei naki grein:

"Ei naki grein med blodraud bær

og ei som bladrik blømer,

på kvar sin måte fagre er

for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev sin ange, ho,

der ljuv ho ligg og blømer.

Den andre gjev sitt hjarteblod

når lauv og haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,

den andre brenn og mognar

og gjev til sist sitt hjarteblod;

der tung av bær ho bognar.

Eg gav deg den med blomar på.

Eg gjev deg den med bæri.

Kven rikast er vil du få sjå

litt lenger fram på ferdi."

Komponisten Sparre Olsen tonesette m.a.Fjell Noreg og Vårblå himil i mars. Det fyrste er vorte folkeeige som korsong. Camilla Granlien Band har på plata Jarnnetter (2008) brukt mange av tekstane til Aukrust og sambygdingen Tor Jonsson, inkludert Ei naki grein.

Aukrust stod på fleire måtar folketradisjonen nær. Han kunne t.d. bruka lokale segner som emne for dikting, som i Sota. Han skreiv også populære folkelivsbilete som Aksion på Tande og Bilbeistet.

Aukrust var musikalsk, og ville verta musikar, men fekk leddtuberkulose som øydela for desse planane. Han spelte likevel litt folkemusikk frå heimetraktene på fele og munnharpe.

Aukrust si dikting inspirerte fleire andre lyrikarar, mellom dei Aslaug Vaa og Olav H. Hauge, som begge byrja sin lyriske karriere i tilnærma Aukruststil.

Aukrust var gift med Gudrun Blekastad. Fram til 1917 arbeidde han som lærar og vart etterkvart folkehøgskulestyrar på Dovre og i Gausdal.

Bilethoggaren Dyre Vaa, som er kunstnaren bak Aukrustmonumentet i Lom, gav skulpturen som framstiller St. Clemens på Nidarosdomen, Aukrusts trekk. Nordgard Aukrust, garden der diktaren vart fødd og budde heile livet, er open for publikum i turistsesongen. Det vert no drive ein stor urtehage på staden, men det er òg mogleg å sjå minne etter Aukrust.

Olav Aukrust var onkelen til den folkekjære Kjell Aukrust.

Pred da se razdeni

«Pred da se razdeni» (makedonsk «Пред да се раздени», makedonsk for Før solrenning) var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på makedonsk og romanés av Esma og Lazano. Songen er skriven av Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkoska.

Rasar i The Elder Scrolls

The Elder Scrolls-serien er ein datarollespel-serie med karakterar av mange ulike fantasy-rasar, der spelaren kan spele som ti av desse. Vanlegvis fell rasane innanfor ein av tre grupper; menneskje, alv og beist.

Raud

Raud er fargen ved enden av det synlege lysspekteret, ved sidan av oransje. Fargen har ei dominerande bølgjelengd på rundt 625–740 nanometer. Raudt er ein primærfarge i fargemodellane RGB og CMYK. Han er komplementærfarge til cyan.

Raudfargen til himmelen ved solrenning og soleglad er ei følgje av rayleighspreiing av sollyset. Raudfargen i jord og berg som Grand Canyon kjem av hematitt eller raud oker, begge former av jernoksid. Jernoksid er også det som gjev planeten Mars raudfarge. Raudfargen til blod kjem frå proteinet hemoglobin, medan plantar som mogne jordbær, raude eple og raudt haustlauv er farga av antocyanin.

Tussmørker

Tussmørker er ei nemning for lyset før solrenning eller etter soleglad når sollyset vert spreidd og reflektert av gass og støv i den øvre atmosfæren og lyser opp den lågare atmosfæren og overflata på jorda. På norsk heiter det ofte skyming eller skumring om kveldsmørket og dagning eller grålysing om daggryet.

Halvmørkret skaper ei særeigen trolsk stemning, men i ny tid er tussmørkret, i staden for å vera tida då ein synest ein ser tusser, vorte tida då det vert tend elektrisk lys overalt. I norsk tradisjon er «å halde skyming» å sitje og kvile innomhus utan tende lys, før det vert så mørkt at ein må kveikje lys for å få gangsyn.

Vesperae solennes de Confessore

Vesperae solennes de Confessore, KV 339, er ein vesper av Wolfgang Amadeus Mozart, komponert i seks satsar. Vesperen følgjer katolsk liturgi for ein vesper, og inkluderer Magnificat frå Lukasevangeliet i tillegg til fem salmar frå Det gamle testamentet. Namnet «de Confessore» viser at vesperen er skriven til ein helgen, «solennes» tyder høgtidleg, og viser at det er skrive for framføring med orkester.

Vesperen er skriven for solistar (sopran, alt, tenor og bass), firstemt kor, to clarinoar, to fiolinar, pauker, cello, kontrabass, fagott, tre tromboner og orgel. Han er mest kjend for sopranarien i «Laudate Dominum».

Teksten til dei seks satsane i vesperen er henta frå bibelske salmar, og alle satsane vert avslutta med doksologien Gloria Patri. Satsane er Dixit (Salme 109), Confitebur (Sal. 110), Beatus Vir (Sal. 111), Laudate Pueri (Sal, 112), Laudate (Sal. 116) og Magnificat (Luk. 1).

Musikken vart skriven medan Mozart var hoffkomponist for erkebiskopen i Salzburg.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.