Sjanger

Sjanger, òg skrive genre (som på norsk uttalast sjanger), er eit fransk ord med latinsk opphav, genus, 'ætt' eller 'art', som vert nytta i mange språk som omgrep for grupperingar av biletkunst og skulptur, litterære verk, musikkverk, film og andre kunstnariske uttrykk og presentasjonar etter kjenneteikn som til dømes stil, språk, innhald (tematikk), komposisjonsform, presentasjonsform og sosial samanheng.

Bakgrunnsstoff

  • Helge Ridderstrøm, Hva er en sjanger?, artikkel på hio.no 2006, lesen 23. september 2007
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Alternativ rock

Alternativ rock (òg kalla alternativ musikk, alt-rock eller berre alternativ, i Storbritannia kjend som indie) er ein sjanger under rockemusikken som vart starta i 1980-åra og vart svært populær i 1990-åra. Alternativ rock inneheld ulike undersjangrar som har kome fram som sjølvstendig musikk, som til dømes grunge, britpop, gotisk rock og indiepop. Det desse sjangrane har til felles er at alle har med element frå pønken, som la grunnlaget for den alternative musikken i 1970-åra. Somme tider har alternativ rock vorte brukt som eit samleomgrep for all rockemusikk frå undergrunnsartistar i 1980-åra og all musikk som stammar frå pønkrock (altså pønken i seg sjølv, New Wave og post-punk).

Medan nokre få artistar, som R.E.M. og The Cure oppnådde kommersiell suksess og generell anerkjenning, hadde mange av alternativ rock-artistane i 1980-åra berre sjølvstendige små plateselskap og fekk vist seg fram berre gjennom speletid på collegeradio og jungeltelegrafen. Med gjennombrotet til Nirvana og populariteten til grunge- og britpoprørslene i 1990-åra, kom alternativ rock med blant dei vanlege musikksjangrane og mange alternativband fekk kommersiell suksess.

Amore traditore

Amore traditore, BWV 203, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert ein gong mellom 1718 og 1723 for eit ukjend føremål.

Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Dikt

Dikt, også kalla poesi og lyrikk, er ein sjanger innanfor skjønnlitteraturen som har desse kjenneteikna:

Tekstane er ofte relativt korte, somtid svært korte, og denne ord-økonomiseringa medfører at mykje meining må leggjast i kvart ord. Tekstane består av linjer, ikkje setningar.

Dei fleste former for dikt har ein klar musikalitet. Truleg er dikt opphavleg meint å skulle syngjast eller bli messa fram, kanhende dansast til. Musikaliteten i dikta får ein for det første fram ved at linjene har fast rytme, i ulike rytme-mønster. For det andre gir det og ein musikalsk effekt at ein i dikt ofte finn ulike typar rim. Dei vanlegaste er kanskje ende-rim, der dei siste orda i linjene rimer på kvarandre i ulik rekkjefølgje, og framlyd-rim (allitterasjon), der første lyden i minst to ord på ei eller helst to linjer rimer. I somme høve kan ulike rimtypar setjast saman til heile lyd-bilde, som liksom illustrerer innhaldet.

Somme av orda i dikta er ofte symbolske bilde, av to typar, samanlikningar og metaforar. Ei samanlikning har eit samanliknings-ord, ofte «som» eller «lik», mens metaforen ikkje har det.

Erwählte Pleißenstadt

Erwählte Pleißenstadt, BWV 216a, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig, truleg i 1728 som ei hyllest til byrådet i Leipzig. Musikken til verket i dag tapt.

Teksten vart truleg skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander).

Folkemusikk

Folkemusikk er ein sjanger eller eit sett av sjangrar som kan definerast på ulik måte, anten med omsyn til musikalsk stil, sjanger, funksjon, bruk, traderingsmåte (munnleg overlevering), framføring, sosiologiske eller etniske kriterium. Mange stader kan omgrepet nyttast om dei musikalske preferansane som dominerer over tid hjå dei breie lag av folket, medan det i norsk samanheng heller står for dei stiluttrykka som er eller har vore rekna som typiske eller unike for ulike regionar i Noreg gjennom tidene.

Gedenke, Herr, wie es uns gehet

Gedenke, Herr, wie es uns gehet! er ein kantate komponert av ein ukjend komponist. Tidlegare trudde ein han var komponert av Johann Sebastian Bach og han fekk katalognummeret BWV 217.

Glamrock

Glamrock (òg kjend under namnet glitterrock), er ein rock og roll-sjanger som var populær på byrjinga av 70-talet. Musikkstilen var eit britisk fenomen med berømte artistar som Slade, Queen, David Bowie, Gary Glitter, Sweet og Marc Bolan og T. Rex. Andre viktige artistar innan sjangeren var Alice Cooper, KISS, Lou Reed, Roxy Music, Mud, Mott the Hoople, The Glitter Band, Brian Eno og Suzi Quatro. I Noreg var det Slade og David Bowie som fekk best fotfeste, medan Sweet, med hitfabrikken Chinn/Chapman i ryggen, hadde enkelte hittar.

Glamrock var glitter, sprakande kostymer og glamour; stilen var særleg kjend for klesstilen og opptreden til utøvarane. Glamrockarane brukte ofte sminke og glitter.

Musikken var fengande og ofte med enkle tekstar som t.d. Sweet sin «Wig Wam Bam» og T.Rex sin «Children of the Revolution».

Hardrock

Hardrock (stundom kalla heavy rock) er ein sjanger innan rock som har sine tidlegaste røter i garagerock og psykedelisk rock på midten av 1960-talet. Det vert typisk nytta mykje forvrengd elektrisk gitar, bassgitar, tangentinstrument og trommer. Uttrykket «hardrock» vert i dag ofte nytta som eit generelt omgrep som dekkjer sjangrar som alternativ rock, grunge, heavy metal og pønk for å skilje musikkstilen frå poprock eller softrock.

Mein Odem ist schwach

Mein Odem ist schwach er ein kantate komponert av Johann Ernst Bach. Ein trudde tidlegare det var Johann Sebastian Bach som var komponisten og han fekk derfor katalognummeret BWV 222.

Meine Seele soll Gott loben

Meine Seele soll Gott loben, BWV 223, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Mühlhausen i 1707-1708 for eit ukjend føremål. Tekstforfattaren er heller ikkje kjend og musikken er i dag tapt.

Parlophone

Parlophone er eit plateselskap grunnlagt i Tyskland.

Selskapet vart grunnlagt i 1923 av det tyske Carl Lindström AG som sidan 1911 hadde marknadsført ein grammofon med namnet Parlophon. Parlophone vart raskt eit av dei leiande plateselskapa innan jazz. Tre år seinare vart heile Lindströmkonsernet oppkjøpt av det britisk-amerikanske Columbia Records. Då Columbia i 1931 gjekk saman med Mastra til Hi's Voice og vart til EMI vart Parlophone eit dotterselskap under dette.

Pianist

Pianist eller pianospelar er ein musikar som spelar piano. Ein profesjonell pianist kan framføre solostykke, akkompagnere song eller soloinstrument eller spele med eit orkester eller mindre musikalske samansetjingar (ofte kalla kammermusikk). Pianospel kan lett kombinerast med at ein syng, og det finst fleire artistar som syng og speler piano samstundes.

Dei fleste pianistar spesialiserer seg i større eller mindre grad i å framføre verk av visse komponistar eller innan ein avgrensa sjanger. Ein kan til dømes fokusera på musikk frå barokken, romantikken, jazz eller blues. Den kanadiske pianisten Glenn Gould er til dømes kjend for sine tolkingar av Bach, medan norske Morten Gunnar Larsen har utmerkt seg med framføringar av ragtime og tidleg jazz.

Klassiske konsertpianistar startar vanlegvis å spele piano i svært ung alder, nokre så tidleg som i treårsalderen. Det finst fleire døme på pianospelande «vedunderbarn», det vil seia ungar som oppnår stor dugleik på piano i ung alder.

Mange velkjende klassiske komponistar var også dyktige pianistar. Wolfgang Amadeus Mozart, Ludwig van Beethoven, Franz Liszt, Johannes Brahms, Frédéric Chopin, Edvard Grieg, Agathe Backer Grøndahl, Isaac Albéniz, Benjamin Britten, Sergej Rakhmaninov, George Gershwin og Geirr Tveitt var alle velrenommerte klaverspelarar.

Poprock

Poprock (òg skrive pop/rock) er rock med større vekt på profesjonell låtskriving og innspelingshandverket og mindre vekt på haldning. Stilen oppstod i 1950-åra som eit alternativt til rock and roll, tidleg poprock var påverka av rock and roll-rytmen, arrangementa og stilen (og stundom doo-wop). Stilen kan reknast som ein eigen sjanger, og ikkje berre musikk som overlappar med pop og rock. Nedsetjande kommentarar om poprock legg ofte vekt på at det er glatt, kommersielt og mindre mindre autentisk enn rock.

Progressiv rock

Progressiv rock (ofte berre kalla prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra og som i følgje allmusic var «eit hovudsakleg britisk forsøk på å ta rockemusikk til nye kunstneriske nivå.» Uttrykket «kunstrock» vert ofte nytta om ein annan med progressiv rock, men dei to sjangrane er ikkje identiske.Progressiv rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige. abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema.Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra, i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder.

Sjangeren har vorte nytta om band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer. Progressiv rock vart mest utbreidd på midten av 70-åra. Sjølv om progressiv rock nådde ein topp i 1970- og tidleg i 1980-åra, har neo-progressive band halde sjangeren relativt populær etter dette.

Psykedelisk rock

Psykedelisk rock er ein sjanger innan rock som musikalsk prøver å gjenskape effekten av hallusinogen. Han dukka opp på midten av 1960-talet hos garage- og folkrock-band i Storbritannia og USA. Psykedelisk rock er ein overgang frå tidlegare blues-basert rock til progressiv rock og heavy metal, men nytta òg ikkje-vestlege musikkstilar som indisk rāga og sitar.

Schlage doch, gewünschte Stunde

Schlage doch, gewünschte Stunde, BWV 53, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Melchior Hoffmann. Ein trudde tidlegare han var skriven av Johann Sebastian Bach, og fekk derfor nummereringa BWV.

Tilge, Höchster, meine Sünden

Tilge, Höchster, meine Sünden, BWV 1083, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Kantaten vart komponert i 1740 og er basert på Stabat Mater av Giovanni Battista Pergolesi.

Tull

Tull, tøys, vrøvl, vås, vas eller nonsens er noko som ikkje gjev meining. Omgrepa kan mellom anna visa til dumskap, feil eller skjemt i ord eller handling. Dei blir ofte brukt nedsetjande, til dømes om utsegner, handlingar eller idear, men ulike former for tøys kan også vera verkemiddel innan felt som humor, kommunikasjon, litteratur og kunst, og som ein motsats til alvor.

Vergnügte Pleißenstadt

Vergnügte Pleißenstadt, BWV 216, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1728 for bryllaupet til Johann Heinrich Wolff og Susanna Regina Hempel. Berre fragment av verket eksisterer i dag.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.