Sjaḥarít

Sjaḥarít (hebr. שַֽׁחֲרִית [šaḥărīt]) eller sjaḥrít (he. שַׁחְרִית [šaḥrīt]) er namnet på den jødiske morgongudstenesta. Sentrale element i gudstenesta er Sjemá‘ Jisraél og ‘Amidáen. Føre sjølve hovudgudstenesta har ein oftast eit gudstenesteledd som i sefardisk jødedom blir kalla zemirót og som i askenasisk jødedom blir kalla pesuké dezimrá.

måndag (eller tysdag i nokre fall), torsdag og sjabbát (laurdag) held ein i tillegg seder kirjat Torá — gudstenesteleddet der det blir lese frå Toráen.

IDF soldier put on tefillin
Jødedommen
Star of David
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Berít milá

Berít milá er den jødiske omskjerings- og namngjevingsseremonien for nyfødde gutar. Seremonien finn normalt stad åtte dagar etter fødselen, men kan finne stad seinare i staden om det er medisinske grunnar til å vente.

Birkat hammazón

Birkat hammazón er ei bøn med fire hovudbolkar som blir lesen etter brødmåltid etter jødisk tradisjon.

Habdalá

Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]), jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid.

Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag. Det fulle ritualet frå sjabbát til kvardag på ein laurdagskveld (når denne kvelden ikkje er høgtidsdag), inneheld desse elementa:

Ein tenner eit levande lys (gjerne eit fletta lys eller eit lys med fleire veikar)

Ein innleiingsdel — denne delen varierer mellom ulike jødiske retningar og etter om ein gjer habdalá i synagogen eller heime.

Signing av ein bekar med kasjér vin eller druejus. (Ein drikk ikkje vinen enno.)

Signing av velduftande krydder. Ein luktar på kryddera.

Signing av elden.

Signing av skilnaden mellom helg og kvardag.

Ein drikk så vinen eller jusen og sløkkjer det levande lyset att.

Jødedommen

Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tanákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.

Over dei siste om lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane.

Jødedommen lèt seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samanhengande historie. I denne tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammalegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur såvel som renessansen, opplysningstida (sjå t.d. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denne bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle desse i dialektisk spenning.»)

Slik sett har dei mange som opp gjennom årtusena har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisistet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa, når Rut i Ruts bok (ein del av både den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet) seier åt Na‘omi: עמֵּךְ עַמִּי וֵֽאלֹהַֽיִךְ אֱלֹהָי׃ «Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!» (Ruts bok, kap. 1, v. 16)

I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hadj til Mekka i islam og pilegrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabu‘ót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mogleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier ein לְשָׁנָה הַבָּאָה בִּירֽוּשַׁלַֽ‌ִם — «Året som kjem, i Jerusalem!»

Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger dagleg — anten privat eller i synagogen.

Jødisk bryllaup

Eit jødisk bryllaup inneheld to opphavleg separate seremoniar som i dag er samanslegne til éin todelt seremoni — kiddusjín (truloving) og nísu’ín (vigsling av ekteskapet). Sjølve seremonien går tradisjonelt føre under ein ḥuppá (bryllaupsbaldakin). Rett føre sjølve seremonien blir ketubbáen (ekteskapskontrakten) godteken av brureparet og underskriven av to vitne.

Jødiske bøner og gudstenester

I rabbanittisk jødedom er det tre daglege gudstenester på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ʿarbít (‘kvelds’). (Mange askenasiske jødar kallar kveldsgudstenesta maʿarív i staden.) Alle desse gudstenestene inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ʿAmidá» (‘ståande’). ʿAmidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særleg blant askenasím er det vanleg å kalle ʿamidáen «sjemoné ʿesré» (‘18’), ettersom ʿamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart dette talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáʿ Jisraél» (‘Høyr, Israel’). Denne bøna blir lesen under sjaḥarít og ʿarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.

Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstenester kan seiast både i fellesgudstenesta og som privat bøn. Unntak frå denne regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heilagbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. Denne gruppa blir definert noko ulikt blant ulike jødiske grupper.

Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved ulike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.

Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom dei ulike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergrupper av rabbanittiske jødar brukar det same materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjennomfører offentleg eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved ulike høve og kva språk ein brukar for dei ulike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsetjingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom desse ytterpunkta.

Kaddísj

Kaddísj (aram. קַדִּישׁ [qaddīš]) er namnet på ei lovprisingsbøn i jødedommen. Denne bøna, som i dei aller fleste jødiske meinigheiter blir lesen på arameisk, inneheld ikkje Guds Namn og inneheld vanlegvis ikkje noka eksplisitt forbøn for døde heller, men er mest vidkjend i sin funksjon som minnebøn i dag. Kaddísj blir berre lese i minján.

Kasjrút

Kasjrút (hebr. כַּשְׁרוּת [kašrūt]) er det jødiske systemet av matføreskrifter. Innanfor kasjrút skil ein mellom dyreslag som er tahór («rituelt reine», tillatne til bruk) og tamé («rituelt ureine», ikkje tillatne til bruk). Matretter, råvarer og ingrediensar som er tillatne til mat etter kasjrút blir kalla kasjér (frå hebr. כָּשֵׁר [kāšēr]) eller koscher (frå jiddisch kósher). Mat som inneheld forbodne matslag eller kombinasjonar eller som er tillaga på forbode vis blir rekna som taréf (frå hebr.) eller treif (frå jid..)

Mikvé

Ein mikvé (hebr. מִקְוֶה miqve eller מִקְוָה miqvā, ofte òg מקווה), fleirtal mikvót (sef.) eller mikvaót (ask.), er eit jødisk rituelt bad. Som mikvé kan brukast alt reint og «levande vatn» — det vil seie havet, ei innsjø, eit vatn, ei elv, ein bekk eller ei stor nok samling av regnvatn. Det vanlegaste er at ein byggjer eit eige basseng for bruk som mikvé. Dette bassenget må få hovuddelen av vassmengda si direkte frå levande vatn.

Mikvót blir bruka til rituell reinsing og i samband med konvertering.

Neddykking i mikvé (for menneske) eller dypping i mikvé (for gjenstandar) blir kalla tebilá.

Modé aní

Modé aní (hebr. מוֹדֶה אֲנִי [mōde ănī], m. ) (m.) eller Modá aní (hebr. מוֹדֶה אֲנִי [mōdā ănī], f. ), ‘takk gjev eg’, er ei sentral bøn i jødedommen. Sidan denne bøna ikkje inneheld Guds namn kan ho seiast føre ein vaskar hendene om morgonen, og etter tradisjonell jødedom seier jødiske kvinner og menn denne bøna når dei vaknar om morgonen, føre toalettbesøk og handvask.

Parasjá

Ein parasjá (hebr. פָּרָשָׁה [pārāšā] el. פְּרָשָׁה [pərāšā], ‘inndeling’), flt. parasjijót, er mest bruka som namn på dei 54 vekeavsnitta av Toráen som blir lesne i synagogar på sjabbát og i mindre grad på måndag og torsdag i løpet av året.

Rabbinar

Rabbinar, òg skrive rabbin, rabbi, rebbi og ribbi, er ein tittel som blir bruka om jødiske lærde. Det varierer noko mellom ulike retningar av jødedommen kva som ligg i denne tittelen — frå hebraisklærar («ribbí» eller «rebbí») blant spanske og portugisiske sefardím via religionslærar og dommar i typisk askenasisk ortodoks jødedom til forrettar i synagogen og sjelesørgjar i liberale retningar av amerikansk jødedom.

Sjabbát

Sjabbát (hebraisk שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gj. gresk σαββάτων), òg kalla sjabbes (frå jid. שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske veka. Sjabbáten, som byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I kristendommen blir ordet sabbat bruka anten i same tyding som den jødiske sjabbáten eller i tydinga søndag. Ordet vart i samband med heksejakta frå 1500-talet av bruka som symbol på anti-kristen religion, og denne førestillinga er vidareført i uttrykket heksesabbat.

Sjoḥét

Ein sjoḥét (hebr. שׁוֹחֵט [šōḥēṭ]) er ein slaktar som er spesialutdanna i halakhá (jødisk religiøs lov) og som dermed er kvalifisert til å utføre sjeḥitá (schächting, slakting utført etter jødisk lov).

Tallét

Ein tallét, (hebr. טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.

Tebá

Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה tēḇā) er det hovudsakleg sefardiske og italiensk-jødiske namnet på den opphøgde plattforma i synagogen med ein lesepult der torálesinga føregår.

Torálesing

Torálesing (hebraisk קְרִיאַת תּוֹרָה qərī’at tōrā el. קִרְיַת תּוֹרָה qirjat tōrā) er ein term for offentleg resitasjon av Toráen (Mosebøkene) i synagogen.

Ein del av Toráen, ein parasjá, blir lesen kvar veke. Det er 54 ulike parasjijót (eintal: parasjá), éin for kvar av dei 54 vekene i jødiske skotår. I kortare år, som berre har 50 veker, slår ein saman nokre av dei kortare parasjijót.

Ḥazzán

Ein ḥazzán (hebraisk חַזָּן [ḥazzān]) er ein jødisk profesjonell forsongar, solist og bøneleiar i synagogen.

‘Amidá

ʿAmidá (hebr. עֲמִידָה [ʿămīdā]), òg kalla shmone-esre (gj. jid. shmoine-esre frå hebr. שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’) er den ståande, stille bøna som dannar høgdepunktet i minhá (ettermiddagsgudstenesta) og musáf (tilleggsgudstenesta etter morgongudstenesta på sjabbát, rosj hódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaharít (morgongudstenesta).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.