Sinne

Sinne er ei kjensle som kan oppstå som svar på oppfatta trugsmål eller plager, og kan føra til aggressiv framferd. Sinnet er ein naturleg reaksjon utvikla for å hanskast med trugsmål, og kan vera til hjelp gjennom å gje den som er sint auka styrke til å handla mot trugsmålet. Medan sinne kan vera eit forsøk på å få makt, kan det også vera eit uttrykk for maktesløyse.

Hannibal Poenaru - Nasty cat ! (by-sa)
Ein katt skyt rygg, viser tenner og stirrer på noko som gjer han sint.
Foto: Hannibal Poenaru

I kroppen kan sinne føra til høgare hjartefrekvens og blodtrykk, utvida pupillar og auka nivå av hormona adrenalin og noradrenalin. Individ kan visa sinne gjennom kroppsspråk, som ved å stirra, visa tenner, laga høge lydar eller prøva å sjå større og meir trugande ut. Menneske kan banna og krangla eller langa ut fysisk for å aktivt visa sinne, men kan også uttrykka sinnet på ein meir passiv måte, med stille hulking, spenning eller passiv-aggressiv åtferd.

Sint oppførsel kan brukast for å få tak i og verna om ressursar, sosial innverknad og status. På den andre sida kan sinne føra til uønskt vald og stress, og mange samfunn har derfor reglar for kva grad av sinne som er godteke. I katolsk tradisjon er vreide rekna som ei av dei sju dødssyndene.

Emo boy 03 in rage
Ein gut skrik, kastar papir og knyter hendene i sinne.
Foto: José Serrano

Kjelder

  • «anger», The Oxford Dictionary of Sports Science & Medicine. Oxford University Press, 2007. Oxford Reference Online. 8 January 2009
28. februar

28. februar er den 59. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 306 dagar att av året (307 under skotår).

3. februar

3. februar er den 34. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 331 dagar att av året (332 under skotår).

På den nordlege halvkula er dagen midtvegs i vinteren, om ein reknar at årstida har 88 dagar.

Aiolos

Aiolos er namnet på to personar i gresk mytologi og dikting.

I greske segner er Aiolos son av Pyrra og Hellen, som igjen er soneson av Prometevs. Aiolos var i segnene herskar i Thessalia og vart rekna som stamfar for aiolerane, den eine av tre stammer som hellenarane frå gammal tid var delt inn i.I Odysseen er Aiolos vindguden som heldt til på ei drivande øy. Av Aiolos får Odyssevs ein sekk med dei fire vindane i. Mennene til Odyssevs lurer seg til å opne sekken medan han ligg og søv og det kjem ein storm som fører skipet tilbake til Aiolos. Odyssevs ber om hjelp på ny, men Aiolos jagar han bort i sinne.

Art

Arten (latin species) er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna biologisk systematikk. Ein art er ei gruppe liknande individ og blir gjerne definert som organismar som kan formeira seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom.

Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild vitskapleg namn sett saman av slektnamnet og det særeigne artsnamnet. Mennesket har til dømes artsnamnet Homo sapiens, der Homo viser til heile slekta av menneskeliknande menneskeapar som har eksistert tidlegare, medan sapiens berre viser til menneskja.

Bernie Taupin

Bernard John «Bernie» Taupin (fødd 22. mai 1950) er ein engelsk tekstforfattar, diktar og songar, mest kjend for det langvarige samarbeidet med Elton John. Han skreiv tekstane til dei fleste store hittane til John og har skrive fleire av dei mest kjende tekstane i poprock-historia.

I 1967 svarte Taupin på ei annonse i den engelske musikkavisa New Musical Express som søkte nye låtskrivarar. Om lag samstundes sende Elton John inn musikk han hadde laga til avisa, og paret vart ført saman, og har samarbeidd på mange prosjekt sidan.Etter å ha laga meir enn 100 låtar saman vert dei rekna for eit av dei største låtskrivarpara nokon sinne, i lag med Lennon/McCartney, Burt Bacharach/Hal David og Mick Jagger/Keith Richards.

Nokre av dei mest kjende tekstane til Taupin er «Daniel» (1973), «Your Song» (1970), «Sacrifice» (1989), «Candle in the Wind» (1973 & 1997), «Sorry Seems to Be the Hardest Word» (1976), «Rocket Man» (1972) og «Goodbye Yellow Brick Road» (1973).

Es ist ein trotzig und verzagt Ding

Er ist ein trotzig und verzagt Ding, BWV 176, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for treeiningssundag.

Teksten er henta frå Jeremias 17: 9 (første sats), Paul Gerhardt (sjette sats) og Christiane Mariene von Ziegler (sats 2-5) (endra av J.S. Bach)

Koraltemaet er basert på salmen «Christ unser Herr zum Jordan kam». Komponisten er ukjend, men det er mogeleg at Johann Walter kan ha vore involvert i komponeringa eller ei tilpassing.

Green Day

Green Day er ei musikkgruppe frå California i USA, som består av Billie Joe Armstrong (gitar og vokal), Mike Dirnt (bass) og Tré Cool (slagverk). Green Day, saman med to andre band, The Offspring og Rancid, får æra for å ha gjort punkrock populært i USA på midten av 90-talet. Bandet har seld over 70 millionar plater verda over, og det gjer dei til det mest suksessfulle punkbandet nokon sinne.

Green Day har til no vunne tre Grammy-prisar: «Alternative Album» for Dookie, «Best Rock Album» for American Idiot og «Record of the year» for singelen «Boulevard of Broken Dreams».

Harald Sæverud

Harald Sigurd Johan Sæverud (17. april 1897–27. mars 1992) var ein norsk komponist. Han er særleg kjend for å ha laga musikk til Peer Gynt frå 1947, Rondo Amoroso og Kjempeviseslåtten, som blei skriven under den andre verdskrigen i sinne mot okkupasjonsmakta. Med ni symfoniar er Sæverud òg ein av dei fremste skandinaviske symfonikarane i det tjuande hundreåret.

Jan-Henrik Fredriksen

Jan-Henrik Fredriksen (fødd 2. oktober 1956) er ein norsk politikar for Frp, fødd i Kragerø i Telemark. Han vart vald inn på Stortinget frå Finnmark i 2005, som FrPs første representant frå Finnmark nokon sinne.

Kjensler

Sjå òg kjenslesans.

Kjensler er ulike namnsette, sterke sinnstilstandar. Innan psykologi skil ein gjerne mellom kortvarige kjensler og meir langvarige stemningar. Ei kjensle er gjerne eit direkte svar på ei oppleving og kan føra til endringar i kroppen, til dømes gjennom hjartefrekvensen eller hormonproduksjon, og i handlingar, som å endra ansiktsuttrykk eller å flykta.

Dei «grunnleggjande kjenslene» glede, leiskap, forbausing, frykt, vemming og sinne blei klassifiserte av to amerikanske psykologar, Ekman og Friesen, i 1971. Ansiktsuttrykka for desse kjenslene fanst og blei forstått likt i mange ulike, relativt isolerte kulturar, og kunne sjåast på små barn som ikkje hadde lært dei av nokon. Det finst ei rekkje andre namngjevne kjensler som av nokre forskarar blir rekna som blandingar av desse grunnleggjande. Andre forskarar, som Russell eller Plutchik, har føreslått modellar der kjensler står i kontrast til kvarandre.

Kniv

Kniv er ein reiskap med skaft og ofte eit skarpt blad, som regel av metall, som er lagd for å kutte av, forme til eller dele opp ymse materiale med. Vanlegvis vert knivane laga med ulike formar og i ulike storleikar etter kva det er meininga å nytte dei til, og er som reiskapsgruppe den mest allsidige av alle. Ei mengd ulike handverkarar nyttar knivar, og knivar er i dagleg bruk i så godt som alle hushaldningar. Knivar kan brukast til å skjere i og forme til materiale som tre og lêr, til slakting og oppstykking av dyr, til matlaging og for å eta med. Knivar har frå gamalt av òg vore nytta som våpen, ikkje minst som drapsvåpen i slåsskampar eller andre situasjonar der sinne og brutalitet tek makta over ein person.

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein norsk KrF-politikar frå Rubbestadneset som var leiar i partiet frå 2011 til 2019. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til Regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005.

Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.

Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.

I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ei karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.Hareide blei ved stortingsvalet 2009 valt inn som representant frå Akershus. Han leiar Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.

Live Magic

Live Magic er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen. Det vart spelt inn under The Magic-turneen (1986) og kom ut 1. desember 1986. Det kom ikkje ut i USA før august 1996. Albumet vart sterkt kritisert av mange fans, fordi mange av songane var kraftig kutta ned. Til dømes var operaseksjonen frå «Bohemian Rhapsody» fjerna, det andre verset av «Tie Your Mother Down», og både «Is This the World We Created...?» og «We Are the Champions» var redusert til eitt vers og eitt refreng. I juli 2004 kåra magasinet Q Live Magic som eit av dei fem mest skuffande konsertalbuma frå vanlegvis bra band.Dei fleste opptaka var frå Knebworth Park den 9. august 1986, som var den siste konserten bandet nokon sinne spelte med originalbesetninga.

London Symphony Orchestra, Vol. I

London Symphony Orchestra, Vol. 1 er eit album frå 1983 av Frank Zappa. Det består av London Symphony Orchestra som spelar fire av Zappa sine komposisjonar— «Sad Jane», «Pedro's Dowry», «Envelopes» og «Mo 'n Herb's Vacation» — innspelt i januar 1983. Albumet var det tredje der Zappa brukte eit orkester, etter Lumpy Gravy i 1967 og Orchestral Favorites i 1979. I 1995 vart albumet gjeve ut i lag med etterfølgjaren, London Symphony Orchestra, Vol. 2 (1987), som London Symphony Orchestra Vol. 1 & 2. Det originale albumet vart endra i studio for å rette opp i utstemde og feilspelte tonar, i tillegg til å legge på litt klang på enkelte delar. Desse ekstra effektane vart fjerna for CD-utgåva i 1995.

Det store redigeringa var berre mogeleg fordi det vart nytta digital fleirsporsopptakar. Dette var eit av dei første digitale opptaka av eit orkester nokon sinne. Ved å spele orkesteret i grupper av instrument, kunne lydane på albumet høyrast i større detalj enn det som var mogeleg med tidlegare innspelingsteknikkar.

New Kid in Town

«New Kid in Town» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther og spelt inn av Eagles for albumet Hotel California i 1976. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA og 20. plassen i Storbritannia. Singelversjonen tonar ut tidlegare enn albumversjonen. Den 26. februar 1977 nådde songen toppen av Billboard-lista. Glenn Frey syng solovokal på songen med Don Henley på harmonivokal. Randy Meisner spelar gitarrón mexicano og Joe Walsh elektrisk piano og orgel.Eagles-biografen Marc Eliot skriv at «New Kid in Town» fangar «ein presis og spektakulær augneblink som alle karar som har kjent smerte, sjalusi, utryggleik, sinne og hjartesorg i den augneblinken han oppdagar at kjærasten likar nokon andre betre og har gått vidare kjenner att.» Han skriv òg at han fangar eit meir abstrakt tema om «den lunefulle karakteren til både musen og massane.»I plateomslaget til The Very Best Of snakka Don Henley om kva songen tyder:

I 1977 vann Eagles Grammy-prisen for beste stemmearrangement med «New Kid in Town».På det første soloalbumet til Henley, I Can't Stand Still, refererer han til songen i linja «there's a new kid in town» mot avslutninga av «Johnny Can't Read».

Spice Girls

Spice Girls var ei britisk jentegruppe skipa i 1994. Bandet spelte dansepop og hadde fem medlemmar, kvar med sitt kallenamn: Melanie Brown («Scary Spice»), Melanie Chisholm («Sporty Spice»), Emma Bunton («Baby Spice»), Geri Halliwell («Ginger Spice»), og Victoria Beckham («Posh Spice»). Spice Girls skreiv kontrakt med plateselskapet Virgin Records og gav ut debutsingelen «Wannabe» i 1996. Singelen nådde førsteplassen på topplistene i meir enn 30 land og bidrog til å etablere gruppa som eit globalt fenomen. Debutalbumet deira, Spice, blei selt i meir enn 30 millionar eksemplar i heile verda, og var det bestseljande albumet av ei kvinneleg gruppe i musikkhistoria. Det andre albumet deira, Spiceworld, blei selt i meir enn 20 millionar eksemplar. Totalt har dei selt over 100 millionar plater i heile verda, noko som gjer dei til den mestseljande kvinnelege musikkgruppa nokon sinne, ei av dei mestseljande popgruppene nokon sinne, og det største britiske pop-fenomenet sidan Beatlemania.

Telluric Chaos

Telluric Chaos er eit konsertalbum av det gjenforeinte Iggy Pop & The Stooges. Opptaket er henta frå den siste konserten av den første japanske turneen deira nokon sinne, som fann stad 22. mars 2004 i Shibuya AX i Tokyo i Japan. Songane er hovudsakleg henta frå dei to første albuma deira (inkludert heile Fun House) og ingen songar frå James Williamson-tida (Raw Power, Kill City). Albumet inneheld òg versjonar av tre songar frå soloalbumet til Iggy Pop frå 2003, Skull Ring, som The Stooges spelte på, samt ein heilt ny song, «My Idea Of Fun», som seinare kom ut på The Weirdness i 2007.

Tåre

Tårer er ei klar, svakt salthaldig væske som vert utskild frå tårekjertelen ved auget og er viktig i vern og vedlikehald av dei ytste augehinnene. Tårene held bindehinna og hornhinna på overflata av auge og innsida av augeloket fuktig og minskar friksjonen mellom dei når ein blunkar, og tilfører henne oksygen frå lufta. Dei tilfører området nærings- og antistoff og vernar det mot bakteriar og framandlekamar.

Vanlegvis blir tårer førte tilbake til kroppen gjennom tårekanalen, men når det er mykje av væska kan noko av henne renna ut frå auget som ei eller fleire tårer. Dette kan skje ved sterke sinnstemningar, som glede, sinne, sorg og så vidare, ofte ved at ein gret. Ein kan også få overflod av tårer gjennom overproduksjon eller ein tett tårekanal. Både dette og underproduksjon av tårer kan vera symptom på, eller føra til, sjukdom.

Zemërimi i një natë

«Zemërimi i një natë» (albansk for Ei natt sitt sinne) er ein song av den albanske songaren Hersi Matmuja, gjeven ut i desember 2013. Songen er skriven av Jorgo Papingji og Genti Lako.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.