Sikhismen

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av guru Nának sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Panjab i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islam og hinduisme, men sikhane sjølv ser på det som ein heilt ny religion. Etter guru Nának vidareutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er panjabi og tyder ‘elev’.

Sikhismen
Khanda
Sikh-guruar
Skrifter
Guru Granth Sáhib
Bani - «Tjaupai»
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»
«Mul Mantra» - «Sukhmani»
Dasam Granth
Religionsfilosofi
Nám djapo (Gudsteneste)
kirat karni (ærleg arbeid)
vand kay sjako (del goda)
tru - etikk - moral
Dei fem K-ane
kesj (uklipt hår)
kaṛa (stålarmband)
kangha (stålkam)
katjha (knesid underbrok)
kirpán (sabel, evt. dolk)
Heilage stader
Amritsar
Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)
gurdvara
Folk og språk
Panjab - panjabi
sikhar - gurmukhiskrift
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í

Religionsutøving

Den heilage boka åt sikhane, Sri Guru Granth Sáhib dji, blir rekna som den ellevte guruen. Sikhar møtest til gudsteneste i tempel som blir kalla gurdvaraer.

Sikh wearing turban
Mannleg sikh med turban.
Foto: Harkanwal Singh

Alle religiøst innvigde mannlege sikhar, og ein del kvinnelege sikhar òg, ber i utgangspunktet fem kjennemerke, kjend som dei fem K-ane. Dette er kaṛa, eit armband, kirpán, ein sabel (evt. ein liten dolk-liknande mini-sabel), kesj, langt hår, kangha, ein stålkam, og katjha, underbukser. Det var den siste levande guruen, guru Gobind Singh, som gav bod om dette, og i dag skil sikhar seg ut mange stader ved dei store turbanane dei bruker til å ha rundt det lange håret.

Tru

Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud blir ein frelst og slepp atterføding. Kontakt får ein gjennom å besøkje ulike guruar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanleg i hinduismen. I sikh-trua er slike ritar knytte til eit materielt jordliv. Dei kan derfor ikkje frelsa menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Gud sitt namn, sjabad, Gud sitt ord og Satsang, selskap med fromme og heilage folk, er vegene til frelse.

Sikh-religionen inkluderer tru på karma på liknande vis som i hinduismen, men det blir òg lagt vekt på at det berre finst éin gud. Nokre element av sikh-religionen kan minne om bhakti-miljøa innanfor hinduismen medan andre element minner om muslimsk sufisme.

Religionen vart mykje utsett for åtak frå muslimske herskarar under sine tidlege år, noko som førte til ei sterk samkjensle og til militarisering.

Dei ti sikh-guruane

  1. Guru Nának (Dev) (14691539) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet blygskap.
  2. Guru Angad Dev (15041552) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet lydnad.
  3. Guru Amar Das (14791574) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet likskap.
  4. Guru Ram Das (15341581) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet teneste.
  5. Guru Ardjan Dev (15631606) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet sjølvoppofring.
  6. Guru Har Gobind (15951644) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet rettferd.
  7. Guru Har Rai (16301661) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet miskunn.
  8. Guru Har Krisjan (16561664) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet reinskap.
  9. Guru Teg Bahadur (16211675) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet ro.
  10. Guru Gobind Singh (16661708) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet kongeleg mot.

Andre sentrale personar i sikhismen

Sikhisme i Skandinavia

Noreg

Statistikk over sikhar i Noreg
År Offisielt medlemstal
og grunnlag for
offentleg stønad
Prosent av totalt medlemstal
i registrerte trussamfunn
utanom Den norske kyrkja
1971 (tal manglar)
1980 (tal manglar)
1990 1 078 0,6 %
2000 1 772 0,7 %
2001 1 974 0,7 %
2002 2 172 0,8 %
2003 2 404 0,8 %
2004 3 110 1,0 %
(Kjelder: [1], [2])

De fleste av dei noko over 3 000 sikhane i Noreg bur i eller ved Oslo. Det finst to gurdvaraer i Noreg — den eine, Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji, ligg på Alna i Oslo og den andre ligg i Drammen.

Sverige

Dei første sikhane kom til Sverige i byrjinga av 1970-åra, men sikh-samfunnet vart ikkje formelt organisert før tidleg i 1980-åra, da Gurdwara Sangat Sahib i Stockholm vart organisert. I dag finst det òg ein gurdvara i Göteborg og det har funnest ei foreining for sikhar i Malmö òg. Det nøyaktige talet sikhar i Sverige er ikkje kjent, men først i 2000-åra reknar ein med at i overkant av 1 000 sikhar budde i Sverige.

Danmark

Det nøyaktige talet sikhar i Danmark i dag er ukjent, men det dreier seg truleg om kring 1 000 personar eller familiar.[3] Det finst éin gurdvara i Danmark — Gurdwara Siri Guru Singh Sabha i Vanløse.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Generelt om sikhismen

Skandinavia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.