Samfunnsøkonomi

Samfunnsøkonomi (òg kalla sosialøkonomi, statsøkonomi, nasjonaløkonomi eller politisk økonomi) er ein vitskap som studerer hushald med knappe ressursar. Utgangspunktet er at alle typar behov ikkje kan tilfredsstillast ved hjelp av tilgjengelege ressursar og at det derfor er nødvendig å velje.

Samfunnsøkonomi dreiar seg om samfunnsorganisering, produksjon, forbruk og fordeling.

Dei ulike greinene er mikroøkonomi, der enkeltaktørar såvel på produksjonssida som konsumpsjons-sida blir studert, og makroøkonomi, der ein økonomi som heilskap blir studert, med fokus på produksjon, arbeidsløyse og inflasjon. Dessutan har ein internasjonal økonomi som eit tredje område, der handel og kapitalflyt mellom landa blir studert.

Kjelde

Den svenskspråklege wikipediaen, art. Nationalekonomi, som lesen 10. mars 2009.

Autoritær

Autoritær er den som (urett eller upåkalla) krev autoritet, vanlegvis med illegitime middel som til dømes vald eller trugslar. Ordet blir òg bruka om personar som er overdrive dominante, kompromisslause, diktatoriske og maktfullkomne. Dessutan blir det bruka om grupper med eit autoritært leiarskap og om samfunn med maktmisbruk, myndigheitskontroll og absolutte reglar, og som ikkje er demokratiske.

Dette i motsetning til uttrykket autorisert, som er det å ha fått ein rettmessig autoritet på eit gjeve område (av nokon annan, gjennom prøving). Dette blir då noko heilt anna.

Autoritært leiarskap er leiarskap som krev lydnad. Ordet blir såleis bruka om ein leiarstil der éin person bestemmer og det ikkje blir gjeve rom for debatt.

Autoritær oppseding av barn byggjer på absolutte normer og eit straffesystem som det ikkje kan stillast spørsmål ved.

Når det gjeld ulike diktatur-regime skil ein gjerne mellom autoritære regime, som i regelen lèt folk leve sine private liv i fred, så lenge dei ikkje gjer aktiv motstand mot makthavarane og prøver å endre maktforholda, og totalitære regime, som krev aktiv oppfølging frå samfunnsmedlemene og som blandar seg inn i alle forhold, også dei ein elles reknar som å høyre til privatsfæren. Ein annan måte å seie det på er denne: Autoritære regime følgjer regelen «den som ikkje er mot oss er med oss», medan totalitære regime følgjer regelen «den som ikkje er med oss er mot oss».

Chr. Michelsens Institutt

Chr. Michelsens Institutt for Videnskap og Åndsfrihet, ofte berre kalla Chr. Michelsens Institutt (CMI), er eit norsk samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt i Bergen. Instituttet er ei privat stifting og blei skipa i 1930. CMI har 40 tilette forskarar som for det meste har fagbakgrunn innan sosialantropologi, samfunnsøkonomi og statsvitskap, og har eit særleg fokus på rettigheits- og utviklingsspørsmål. Direktøren for instituttet er Ottar Mæstad.

Fattigdomsgrense

Ei fattigdomsgrense er det inntektsnivået der grensa går mellom å ha råd til å kjøpe alle ressursane som krevst for å overleve eller ikkje. Folk som har ei inntekt under fattigdomsgrensa har per definisjon inga disponibel inntekt.

Kvar denne grensa går er eit omdiskutert emne, men ein vanleg internasjonal definisjon på ekstrem fattigdom er å leve på under éin USA-amerikansk dollar om dagen, eller nærare bestemt 1,08 USD justert etter kjøpekraftspariteten i 1993. I 2008 auka Verdsbanken grensa til 1,25 USD.

Gjensidig hjelp

Gjensidig hjelp er ein term i samfunnsøkonomi bruka om frivillig gjensidig byte av ressursar og tenester til gjensidig nytte. Konseptet er sentralt i libertær sosialisme og/eller anarkisme.

Gunnar Myrdal

Gunnar Myrdal, (6. desember 1898–17. mai 1987) var ein svensk økonom frå Gagnef i Dalarna i Sverige.

Samfunnsøkonom, sosialdemokratisk politikar; handelsminister i 1945-47, professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen i Stockholm i 1933-47, professor i internasjonal økonomi ved Universitetet i Stockholm i 1960-67. Mottok nobelprisen i økonomi i 1974 (delt med Friedrich von Hayek).

Gift med Alva Myrdal sidan 1924 (ho døydde i 1986). Myrdal døydde 17. mai 1987 i Danderyd i Stockholms län. Han vart far til Jan Myrdal.

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (fødd 14. februar 1972) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han var frå 16. oktober 2013 til 31. august 2018 Noregs samferdselsminister i regjeringa Solberg. Han blei valt inn på Stortinget som representant nr. 7 for Rogaland i 2005, og som representant nr. 1 i 2009. Frå 6. oktober 2011 var han finanspolitisk talsmann for Frp, og frå 26. mai 2013 er han 2. nestleiar i partiet. Han har ein mastergrad i økonomi frå University of Toledo i Ohio i USA.

Politisk økonomi

Politisk økonomi var den opphavlege termen for studiet av produksjon, handlingar som kjøp og sal, samt tilhøvet til lova og til styresmaktene.

Termen vart brukt allereie på 1700-talet om studiet av økonomien til ein stat. Nokre politiske økonomar støtta arbeidsverditeorien. Blant dei mest kjende tilhengarane av denne teorien finn ein personar som John Locke, Adam Smith og Karl Marx). Deira utgangspunkt var at det var arbeidet som skapte grunnlaget for verdiane i samfunnet. Mange politiske økonomar var også opptekne av utviklinga innan teknologien, ei utvikling som gjekk stadig hurtigare og som fekk ei stadig viktigare rolle innan sosiale og økonomiske forhold.

Seint på 1800-talet blei termen politisk økonomi erstatta av termen samfunnsøkonomi (på engelsk «economics»), ein term som blei brukt av dei som forsøkte å gje studiet av økonomi eit meir matematisk grunnlag.

I dag blir termen politisk økonomi brukt om fleire ulike, men nærskylde tilnærmingar til studiet av økonomisk og politisk åtferd. Politisk økonomi tek mellom anna for seg samspelet mellom politikk og økonomi nasjonalt og internasjonalt. Modellar og metodar hentast frå både samfunnsøkonomi og statsvitskap. Politisk økonomi arbeider både med «økonomisk» åtferd i den politiske prosessen og med «politisk» åtferd i markedet.

Rune Bjerke

Rune Bjerke (fødd 17. juni 1960) er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare arbeidarpartipolitikar.

Bjerke har eksamen i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og ein mastergrad i Public Administration (MPA) frå Harvard University. Han har tidlegare vore finansbyråd i Oslo kommune, rådgjevar i Olje- og energidepartementet, direktør i Scancem og konsernsjef i Hafslund ASA. Han tiltredde som konsernsjef i DnB NOR i 2007.Han er son av LO-økonom Juul Bjerke og bror til tidlegare miljøvernminister Siri Bjerke. Bjerke er gift med Libe Solberg Rieber-Mohn.

Saera T. Khan

Saera Tithi Khan (fødd 24. april 1979 i Oslo) er ein norsk politikar for Ap. Ho var stortingsrepresentant frå Oslo 2005–09 og vararepresentant i perioden 2001–2005. Khan var medlem av Arbeidarpartiets sentralstyre 2002–09.

Khan er fødd i Noreg av foreldre frå Bangladesh. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Oslo, med faga statsvitskap, samfunnsøkonomi, Kjønn og samfunn og Europa og integrasjon. Ho gjekk på Oslo katedralskole, der ho var russ i 1998.

Ho var medlem av Oslo bystyre 1999–05. Ho har tidlegare vore styremedlem i Oslo Ap og medlem av Kvinnenettverket i Oslo Arbeidarparti.

I perioden 2003 til 2005 arbeidde Khan som kommunikasjonsrådgjevar i Flyktninghjelpen.

I februar 2009 markerte Saera Khan seg som ein motstandar av å bruka hijab saman med politiuniform.

Samfundspartiet

Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala. Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.

Samfunnsvitskap

Samfunnsvitskap er vitskapen om korleis menneske og samanslutningar av menneske utviklar seg i forhold til kvarandre.

Sentralt står spørsmålet om kor fritt det enkelte mennesket og den enkelte samanslutninga er til å ta rasjonelle val, det vil seie val som er til størst mogleg nytte for den enkelte.

Innanfor denne vitskapsgreina finn ein først og fremst faga:

samfunnsøkonomi

sosialantropologi

sosialpsykologi

sosiologi

statsvitskapSkotta mellom desse faga er likevel ikkje tette.

Samfunnsøkonom

Ein samfunnsøkonom er ein person med eksamen på hovudsfagsnivå i samfunnsøkonomi, grada cand.oecon. Tittelen var tidlegare sosialøkonom. Både embetseksamen og hovudfagseksamen i økonomi gav tittelen samfunnsøkonom. Embetseksamen innebar et studieløp i økonomi på 5 år, medan hovudfagseksamen kravde 4 år. For hovudfagseksamen var det i tillegg eit krav om halvtanna års studiar i andre fag i tillegg til økonomistudia.

Samfunnsøkonomene

Samfunnsøkonomene er ein interesseorganisasjon for dei som har eksamen i samfunnsøkonomi. Foreininga gjev ut tidsskriftet Økonomisk forum. Frode Lindseth er leiar (2011).

Samfunnsøkonomenes fagforening

Samfunnsøkonomenes fagforening er ei fagforeining for personar med eksamen i samfunnsøkonomi.

Fagforeininga er tilslutta Akademikerne og SAN, og ho har dessutan ein samarbeidsavtale med Forskerforbundet.

Medlemmer i organisasjonen Samfunnsøkonomene er automatisk medlemmer i Samfunnsøkonomenes fagforening dersom dei ikkje reserverer seg mot det.

Stagflasjon

Stagflasjon er eit økonomisk omgrep for stagnasjon i økonomisk vekst kombinert med inflasjon og auka arbeidsløyse.

I ein normal konjunktursyklus brukar inflasjonen å auke under høgkonjunktur, samstundes som arbeidsløysa er låg, og arbeidsløysa brukar å auke under lågkonjunktur, samstundes som inflasjonen er låg. Mange land opplevde stagflasjon i etterdønningane av oljeprissjokka på 1970-talet. Dette var ein delvis ny situasjon samanlikna med dei konjuktursvingingane som hadde vore i tiåra før.

Stagflasjon er problematisk fordi det inneheld dei negative sidene ved både høgkonjunktur og lågkonjunktur, og er dessutan vanskeleg å gjere noko med. Politiske tiltak som dempar inflasjonen medfører ofte auka arbeidsløyse og omvendt. Her er altså ein grunnleggande motsetnad mellom prisstabilisering og BNP-stabilisering. Det er derfor vanskeleg for sentralbanken å påverke denne situasjonen med det eine pengepolitiske verktøyet som står til rådvelde, styringsrenta.

Thorstein Veblen

Thorstein Bunde Veblen (30. juli 1857–3. august 1929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein grunnleggjar, i lag med John R. Commons, av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899).

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande (fødd 2. oktober 1969 i Overhalla) er ein norsk politikar og partileiar for Venstre. Ho har vore stortingsrepresentant frå Oslo sidan 2001, først som fast møtande vararepresentant for statsråd Odd Einar Dørum, deretter som valt stortingsrepresentant frå 2005. Grande har vore partileiar i Venstre sidan 2010 og var parlamentarisk leiar 2001–2005 og 2009–2018.

Grande vart norsk kulturminister frå 17. januar 2018, etter at Venstre valte å gå inn i regjeringa Solberg. Frå 22. januar 2019 er ho kultur- og likestillingsminister, etter å ha teke over ansvaret for likestillings- og diskrimineringsspørsmål frå Barne- og likestillingsdepartementet.

Åsmund Ohnstad

Åsmund Ohnstad (fødd 4. september 1950) er ein norsk forfattar og historikar frå Aurland i Sogn og Fjordane. Han har lektorutdanning i språk, samfunnsøkonomi og historie ved universitetet i Bergen. Ohnstad har gitt ut fleire bøker om lokalhistorie på norsk og engelsk. Åsmund Ohnstad har vore leiar i Aurland sogelag.

Han er son av forfattar og historikar Anders Ohnstad.

Økonomi

Økonomi er læra om korleis individ, verksemder, styresmakter og andre organisasjonar i samfunnet gjer val, og korleis desse vala avgjer korleis samfunnet sine ressursar vert brukte. Dersom det er fleire som vil ha ein ressurs enn det er personar som kan få han, må ein på eit eller anna vis fordele den knappe ressursen. Økonomi prøver å gje eit teoretisk rammeverk til å handsame desse problemstillingane.

Me har ei rad disiplinar innanfor økonomi — som samfunnsøkonomi, som ofte vert inndelt i mikroøkonomi og makroøkonomi. Bedriftsøkonomi vert ofte rekna som ein egen disiplin, men kan òg sjåast på som mikroøkonomi i bruk.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.