Samaria

Samaria eller Shomron (hebraisk שומרון‎, Šoməron; gresk Σαμάρεια; arabisk سامريّون‎, Sāmariyyūn eller السامرة, as-Samarah – òg kalla جبال نابلس, Jibal Nablus) er namnet på eit fjellområde i det gamle Palestina,[1] baser tpå grensene til det bibelske Det nordlege kongedømet Israel. Namnet «Samaria» kjem frå den antikke byen Samaria, hovudstaden i kongedømet Israel.[2][3][4] I moderne tid vert området generelt og nesten universelt rekna som ein del av Vestbreidda.[5]

Jordan avstod kravet sitt på området til den Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) i november 1988. I 1994, kontroll over områda 'A' (full sivil og tryggleikskontroll av Dei palestinske sjøvstyresmaktene) og 'B' (palestinsk sivilkontroll og felles israelske-palestinsk tryggleikskontroll) vart overført av Israel til Dei palestinske sjøvstyresmaktene. Dei palestinske sjølvstyresmaktene anerkjende ikkje omgrepet Samaria som ein del av området sitt.

גבעות יצהר
Åsane i Samaria i 2011.
Dothan, where Joseph was sold by his brethren American Colony, Jerusalem
Dothan der Josef i følgje Første Mosebok vart seld av brørne.

Geografi

I nord grensar Samaria til Jezreeldalen, i aust til Jordandalen, i vest til Karemelryggen (i nord) og Sharonsletta (i vest) og i sør av Jerusalemfjella. I bibelsk tid strekte Samaria seg frå Middelhavet til Jordandalen[6] inkludert Karmelberget og Sharonsletta.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Samaria» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2014.
  • Rainey, A. F. (November 1988). «Toward a Precise Date for the Samaria Ostraca». Bulletin of the American Schools of Oriental Research 272 (272): 69–74. JSTOR 1356786. doi:10.2307/1356786.
  • Stager, L. E. (February–May 1990). «Shemer's Estate». Bulletin of the American Schools of Oriental Research. 277/278 (277): 93–107. JSTOR 1357375. doi:10.2307/1357375.
  • Becking, B. (1992). The Fall of Samaria: An Historical and Archaeological Study. Leiden; New York: E. J. Brill. ISBN 90-04-09633-7.
  • Franklin, N. (2003). «The Tombs of the Kings of Israel». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 119 (1): 1–11.
  • Franklin, N. (2004). «Samaria: from the Bedrock to the Omride Palace». Levanten 36: 189–202. doi:10.1179/lev.2004.36.1.189.
  • Park, Sung Jin (2012). «A New Historical Reconstruction of the Fall of Samaria». Biblica 93 (1): 98–106.
  • Tappy, R. E. (2006). “The Provenance of the Unpublished Ivories from Samaria,” Pp. 637–56 in “I Will Speak the Riddles of Ancient Times” (Ps 78:2b): Archaeological and Historical Studies in Honor of Amihai Mazar on the Occasion of his Sixtieth Birthday, A. M. Maeir and P. de Miroschedji, eds. Winona Lake, IN: Eisenbrauns.
  • Tappy, R. E. (2007). “The Final Years of Israelite Samaria: Toward a dialog between Texts and Archeology,” Pp. 258–79 in Up to the Gates of Ekron: Essays on the Archelogy and History of the Eastern Mediterranean in Honor of Seymour Gitin, S. White Crawford, A. Ben-Tor, J. P. Dessel, W. G. Dever, A. Mazar, and J. Aviram, eds. Jerusalem: The W. F. Albright Institute of Archaeological Research and the Israel Exploration Society.
  1. Encyclopedia Britannica: Samaria
  2. Harvard Expedition to Samaria, 1908–1910, Harvard University
  3. Samaria. Online Etymologi Dictionary
  4. Mercer Dictionary of the Bible. s. 788. Watson E. Mills, Roger Aubrey Bullard. Mercer University Press, 1990
  5. Neil Caplan (19. september 2011). The Israel-Palestine Conflict: Contested Histories. John Wiley & Sons. s. 18–. ISBN 978-1-4443-5786-8.
  6. Nelson's Encyclopædia, v. IX, s. 204, (London, 1907)

Bakgrunnsstoff

Koordinatar: 32°8′35″N 35°15′38″E

Assyria

Assyria var eit oldtidsrike ved Tigris i Mesopotamia, i eit område som no hovudsakleg ligg i nordlege Irak. Det utvikla seg på 1000-talet f.Kr. til eit omfattande rike, og blei i løpet av det første hundreåret f.Kr., under Det nyassyriske riket, til det største imperiet som hadde vore i Levanten.

Riket oppstod rundt den gamle hovudstaden Assur. På 700-talet f.Kr. blei hovudstaden flytta til Ninive. Begge byane låg i eit trekanta kjerneområde mellom den øvre delen av Tigris og Vesle Zab.

Assyria og Babylonia var rivalar som hadde stor påverknad på kvarandre. Det assyriske landområdet blei utvida mot sør då dei fekk overtaket på babylonarane, medan Babylonia blei utvida mot nord då babylonarane fekk overtaket. I 721 f.Kr. erobra assyrarane Samaria og gjorde Nord-riket av Israel til ein assyrisk provins. Dei klarte ikkje å hærta hovudstaden i Juda, Jerusalem.

I 609 f.Kr. blei Assyria overvunne av Det nybabylonske riket då Ninive fall for den babylonske erobringshæren. Assyria heldt fram med å vera ein provins i dei påfølgjande rika: Babylonia, Medarriket, Akaemenidane, Seleucidane, Partia, Romarriket og Sassanidane fram til 600-talet, då Det arabiske riket erobra området.

Assyrarane tala opphavleg assyrisk som lik babylonsk var ein dialekt av akkadisk. Dei skreiv med kileskrift. Seinare gjekk dei i stor grad over til å bruka arameisk.

I dag bruker ein nemninga assyrarar om ei folkegruppe i Irak, Iran, Tyrkia, Syria som har ein stor diaspora i Europa, Amerika og Australia. Desse meiner dei er etterkomarar av oldtidsassyrarane, og snakkar eit språk som liknar arameisk, med visse påverkingar frå det gamle assyriske språket. Dei fleste av desse tilhøyrer Den assyriske kyrkja i aust.

Bik'at HaYarden regionale kommune

Bik'at HaYarden regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית בקעת הירדן, Mo'atza Azorit Bik'at HaYarden, tyder Jordandalen regionale kommune), òg Aravot HaYarden (tyder Jordanslettene) er ein regional kommune som omfattar 21 israelske busetjingar i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Kommuneområdet strekker seg frå Mehola i nord, nær Beit She'an-dalen, til Jeriko i sør.

Byen Ma'ale Efraim, ein lokal kommune, ligg innafor grensene til den regionale kommunen, men er ein sjølvstendig kommune. Kommunesenteret ligg iShlomtzion.

Det sørlege distriktet i Israel

Det sørlege distriktet (hebraisk מחוז הדרום, Mehoz HaDarom; arabisk لواء الجنوب) er eit av seks administrative distrikt i Israel og det største i landareal, men samtidig tynt folkesett. Det dekkjer det meste av Negevørkenen, og Aravadalen. Det sørlege distriktet har 1 086 240 innbyggjarar og eit areal på 14 185 km2. Folkesetnaden består av 79,66 % jødar og 12,72 % arabarar (hovudsakleg muslimar) og 7,62 % andre (hovudsakleg russiske kristne). Distriktshovudstaden er Beer Sheva, medan den største byen er Ashdod. Pendlarbyane kring Beersheba, Omer, Meitar og Lehavim, er alle relativt velståande, medan utviklingsbyar (som Sderot, Netivot og Ofakim) og sju beduinarbyar er lågare på den samfunnsøkonomiske skalaen.

Distrikt i Israel

Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.

Gush Etzion regionale kommune

Gush Etzion regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית גוש עציון, Mo'atza Azorit Gush Etzion) er ein regional kommune nord i Judeafjella, nord på den okkuperte Vestbreidda, som styrer alle busetjingane i Gush Etzion-området, i tillegg til andre som ligg i nærleiken. Kommunesenteret ligg like ved Alon Shvut.

Har Hevron regionale kommune

Har Hevron regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית הר חברון, Mo'atza Azorit Har Hevron) er ein israeleskregional kommune sør i Judeafjella ved Hebron-fjellet, sør på den okkuperte Vestbreidda. Kommunesenteret ligg like ved Otniel. Kommunen vart grunnlagd i 1983.

Kiryat Arba ligg fysisk innafor området til Har Hevron regionale kommune, men er ein sjølvstendig bykommune.

Tre av busetjingane - Eshkolot, Sansana og Beit Yatir - ligg på den israelske sida av Israel si sperring på Vestbreidda.Kommunen består av busetjingane Adora, Abigail, Beit Hagai, Beit Yatir, Carmel, Eshkolot, Livne, Ma'ale Hever, Ma'on, Mitzpe Asa'el, Negohot, Otniel, Sansana, Shim'a, Susya, Telem og Teneh Omarim.

Judea

Judea (hebraisk יהודה, Yəhuda, tiberhebraisk Yəhûḏāh, arabisk يهودية, Yahudia, gresk Ἰουδαία, Ioudaía) er ei nemning på eit område sør i Vestbreidda der jødar slo seg ned etter eksilet i Babylonia. Judea er ei gresk-latinsk form av det arameiske jehud, av hebraisk for 'prise'. Namnet på regionen vart framleis nytta etter den babylonske erobringa og persisk, hellenistisk og romersk tid. Som følgje av Bar Kokhba-opprøret i 135 evt. fekk regionen nytt namn og vart slått saman med Romersk Syria til Syria Palaestina av den sigrande romerske keisaren Hadrian. Omgrepet Judea som geografisk omgrep vart offisielt henta fram att på 1900-talet som ein del av det idraelske distriktnamnet på det meste av Vestbreidda – Judea- og Samaria-området.Judea låg sør for Samaria og nord for Idumea, mellom Middelhavet og Dødehavet. Området blei mykje utvida under av makkabearane.

Judea med naboområde blei eit vasallrike under Romarriket i det første hundreåret f.Kr. og ein romersk provins frå år 6.Området er i dag er delt mellom Israel og Vestbreidda, og i nokre samanhengar, Jordan.

Judea- og Samaria-området

Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda. Judea- og Samaria-området er òg eit Israelsk administrativt distrikt, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.

Karnei Shomron

Karnei Shomron (hebraisk קרני שומרון, tyder Samaria sine lysstråler), er ei israelsk busetjing og lokal kommune på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1977. I 2012 var folketalet i Karnei Shomron på 6 570. Karnei Shomron ligg i Qalqilya-provinsen og vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda går aust for Karnei Shomron, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

Karnei Shomron ligg 48 km nordaust for Tel Aviv og 85 km nord for Jerusalem.

Ma'on i Har Hebron

Ma'on/P.S. Maggioni (hebraisk skrift מָעוֹן) er ei israelsk busetjing og ein moshav shitufi i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda, sør for Hebron og nord for Beersheba. Han er underlagt Har Hebron regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Mateh Binyamin regionale kommune

Mateh Binyamin Regional Council (hebraisk skrift מועצה אזורית מטה בנימין, Mo'atza Azorit Mateh Binyamin) er ein regional kommune som dekkjer 42 israelske busetjingar og utpostar sør i Samariafjella på den okkuperte Vestbreidda. Kommunsenteret ligg i Psagot. Kommunen er kalla opp etter den gamle israelittiske Benjamin-stamma, som skal ha halde til i dette området.

Megilot regionale kommune

Megilot regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית מגילות, Mo'atza Azorit Megilot), Daudehavsrullane regionale kommune, er ein regional kommune i Judeaørkenen nær vestbreidda av Daudehavet. Med berre kring 1 000 innbyggjarar er det den minste regionale kommunen i Israel. Kommunsenteret ligg i Vered Yeriho.

Regionale kommunar i Israel

Regionale kommunar (hebraisk מועצה אזורית, Mo'atza Azorit) er ein av tre typar lokalstyre ein finn i Israel og israelskokkuperte område, i lag med byar og lokale kommunar. I 2003 var det 53 regionale kommunar i Israel, vanlegvis med ansvar over eit område med landlege busetnader. Dei regionale kommunane har alt frå mellom tre til 54 busetnader, vanlegvis spreidd over eit relativt stort område med geografisk nærleik til kvarandre.Kvar busetnad i ein regional kommune har vanlegvis ikkje meir enn 2000 innbyggjarar, og vert styrt av ein lokal komité. Denne komiteen sender representar til det regionale kommunestyret etter kor mange innbyggjarar dei har. Dei mest vanlege busetnadane i dei regionale kommunane er kibbutzim og moshavim.

Samaritanarar

Samaritanarar er eit israelittisk folk av samaritansk religion med noverande geografisk utbreiing i Shekhem (Nablus) på Vestbreidda/Samaria og Holon ved Tel-Aviv i Israel.

Shavei Shomron

Shavei Shomron (hebraisk skrift שָׁבֵי שׁוֹמְרוֹן, tyder Attende til Samaria) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, grunnlagd i 1977. Han ligg vest for Nablus (Shechem) i Shomron regionale kommune. I 2003 hadde han 604 innbyggjarar, hovudsakleg religiøse sionistar og moderne ortodokse jødar.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Shomron regionale kommune

Shomron regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית שומרון, Mo'atza Azorit Shomron, tyder Samaria regionale kommune) er ein israelsk regional kommune nord på den okkuperte Vestbreidda. Han yter kommunale tenester til 30 israelske busetjingar i Samarafjella med eit samla folketal på kring 23 600 innbyggjarar. Kommunesenteret ligg i Elon Moreh.

Kommunen ligg spreidd over eit område på 2 800 kvadratkilometer. Fram til hausten 2005 då somme av områda vart fråflytta etter tilbaketrekkingsplanane til Israel, var Shomron regionale kommune den største regionale kommunen i Israel ut frå areal. Kommunen utgjer kring 10% av arealet til Israel innafor Den grøne linja.

Kommunegrensene:

Nord: (tidlegare) busetjingane Ganim og Kadim, fram til Megiddo-krysset.

Vest: busetjignane Tzofim, til Kfar Saba.

Sør: busetjingane Peduel og Alei Zahav.Kommunen er delt inn i geografiske område, der kvar region har sine eigne preg:

Nord-Shomron: Hinanit, Hermesh, Tal Menashe, Mevo Dotan, Reihan, Shaked. Alle busetjingane er sekulære, utanom Tal Menashe. Folketalet er rundt 2 000.

Sentral-Vest-Shomron: Avnei Hefetz, Barkan, Ma'ale Shomron, Nofim, Sal'it, Einav, Etz Efraim, Peduel, Tzufim, Kiryat Netafim, Revava, Shavei Shomron, Sha'arei Tikva, Yakir: blanda folkesetnad (sekulære og religiøse). Dei fleste samfunna er store og godt etablerte. Om ein tar med dei lokale kommunane i Samaria (Alfei Menashe, Elkana, Immanuel, Karnei Shomron, Kedumim, Oranit og byen Ariel), som alle ligg i dette området, er den jødiske folkesetnaden på kring 60 000.

Fjellbusetjingane: Elon Moreh, Itamar, Har Brakha, Yitzhar (ei blokk, nær Nablus, folketal kring 3 000), og lenger sør, Kfar Tapuach, Rechelim, Nofei Nehemia og Migdalim, med mindre enn 1000 innbyggjarar.

Teneh Omarim

Tene Omarim (hebraisk skrift טנא עומרים, òg kalla Tene, Omarim, eller Ma'ale Omarim) er ei israelsk busetjing og ikkje-religiøs fellesbusetnad på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 2,3 kilometer frå Den grøne linja sør i Hebron-fjellet og like nord for Meitar. Han vart grunnlagd i 1983 som ei Nahal-busetjing under namnet «Nahal Omarim» og demilitarisert i 1984. Tene har eit folketal på 645 (2011) og er underlagt Har Hebron regionale kommune.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Kring 19 prosent av området som busetjinga ligg på, høyrer til private palestinarar i følgje ein Peace Now-rapport frå 2006. Busetjingar på privateigd palestinsk land er ulovlege etter israelsk lov.

Tzur Natan

Tzur Natan (hebraisk skrift צוּר נָתָן, tyder Natanberget) er ein moshav shitufi sentralt i Israel, vest i Samaria. Han ligg på ein åstopp, 170 meter over havet, på ein kam ved foten av Samariaåsane. Han ligg sør for Tayibe og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 237.

Moshaven vart grunnlagd i 1966 som ei Nahal-busetjing av Hashomer Hatzair-medlemmar, og vart kalla opp etter Nathan Simons. Han vart sivilisert eit år seinare av tidlegare medlemmar av Beitar-ungdomar.

Vestbreidda

Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)) eller Cisjordan er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet. I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km2 og 220 km2 vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet. Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013). Meir enn 80 %, kring 2 100 000, er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda, av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem, i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.

Judea- og Samariaområdet
Byar Ariel · Beitar Illit · Ma'ale Adumim · Modi'in IllitMap of Judea and Samaria Area
Regionale kommunar Det jødiske samfunnet i Hebron
Lokale kommunar Alfei Menashe · Beit Aryeh-Ofarim · Beit El · Efrat · Elkana · Giv'at Ze'ev · Har Adar · Immanuel · Karnei Shomron · Kedumim · Kiryat Arba · Ma'ale Efrayim · Oranit
Regionale kommunar Gush Etzion · Har Hevron · Mateh Binyamin · Megilot Daudehavet · Shomron · Sør-Jordandalen (Bik'at HaYarden)
Region Vestbreidda
Nasjonalparkar i Israel
Jerusalem distrikt Bayt 'Itab · Canada Park1 · Castel · Davidsbyen1 · Ein Hemed · Emek Tzurim1 · Judeafjella · Samuelsgrava1
Det nordlege distriktet Achziv · Bar'am · Beit Alfa-syngagoga · Beit She'an · Beit She'arim · Belvoirborga · Capernaum · Chorazin · Gan HaShlosha · Hamat Gader · Hamat Tiberias · Harodkjelda · Hermon1 · Hexagons pool1 · Karnei Hattin · Huladalen · Hurshat Tal · Hurvat Minia · Kursi1 · Montfortborga · Har Arbel · Har Tabor · Nimrodborga1 · Rosh HaNikra · Sde Amudim · Sussita · Tel Hazor · Tel Kedesh · Tel Megiddo · Tzalmonelva · Tzippori · Yehi'amborga
Haifa distrikt Gamle Caesarea · HaSharonparken · Karmelberget · Nahal Mearot · Tel Shikmona
Det sentrale distriktet Alexanderelva · Arsuf · Hof HaSharon · Mazormausoleet · Migdal Afek · Palmachimstranda · Rubinelva · Sidna Ali · Tel Afek · Tel Gezer · Tzur Natan · Yarkon
Det sørlege distriktet Ashkelon · Avdat · Beit Guvrin · Besorelva · Ein Avdat · Ein Gedi · Eshkol · Mamshit · Masada · Negevmonumentet · Nitzana · Semekhgrottene · Shivta · Tel Arad · Tel Be'er Sheva · Tel Lachish · Tel Zafit
Judea- og Samariaområdet Herodium1 · Qumran1 · Samaria1
1 Ligg i israelskokkuperte territorium

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.