Salomo

Salomo, òg skrive Salomon (hebraisk שְׁלֹמֹה, Sjelomo) var ifølgje Den hebraiske bibelen den tredje kongen av det gamle Israel. Han var son av kong David og Batseba.[3] Salomo er omtalt i 1. Kongebok 1–11 og 2. Krønikebok 1–9 i Den hebraiske bibelen/Det gamle testamentet og i Koranen. Etter tradisjonen daterer ein regjeringstida til kong Salomo frå rundt 970 til 931 fvt., tilpassa datoane for kong David si regjeringstid.

Salomo lét byggje det første Tempelet i Jerusalem og vigsla det under sukkót (lauvhyttefesten) hausten 955 fvt.

Kort tid etter at han døydde blei landet delt i to rike – Juda i sør og Israel eller Efraim i nord.[4]

Salomo
Berruguete, Pedro - Salomon - c. 1500

Konge av Israel
Regjeringstidca. 970–931 fvt.
Føddca. 990 fvt.
FødestadJerusalem
Dødca. 931 fvt.
DødsstadJerusalem
GravstadJerusalem
Gift medNaamah, ei faraodotter
700 kongelege koner og 300 konkubiner[1][2]
DynastiHuset David
FarDavid I av Israel
MorBatseba
BornRehabeam av Juda, Menelik I av Etiopia, Q9166659, Tafat

Kjelder

  1. «In Our Time With Melvyn Bragg: King Solomon». UK: BBC Radio 4. 7. juni 2012. Henta 10. juni 2012.
  2. Holy Bible. 1 Kings 11:1-3.
  3. Barton, George A. (1906). «Temple of Solomon». Jewish Encyclopedia. s. 98–101. Henta 24. oktober 2018.
  4. Groth, Bente (28. juni 2018). «Salomo». Store norske leksikon (på norsk).
Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe

Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe, BWV 162, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for den 20. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 10. oktober 1723 i Leipzig.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Rosenmüller (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, der du meine Seele». Melodien er av Johann Rist (1641).

Alles, was von Gott geboren

Alles, was von Gott geboren, BWV 80a , er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Musikken til denne originale kantaten er tapt, men då Bach starta virket sitt i Leipzig skreiv han om kantaten til Ein' feste Burg ist unser Gott (BWV 80).

Han vart komponert i Weimar i 1715 for tredje sundag i faste, som dette året var den 15. mars.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Martin Luther (siste sats)

Also hat Gott die Welt geliebt

Also hat Gott die Welt geliebt, BWV 68, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for andre pinsedag, som dette året var 21. mai. Verket vart òg framført av Bach i perioden 1735-1740 i Leipzig.

Teksten er henta frå Christiane Mariane von Ziegler (sats 2-4), Salomo Liscow (første sats) og frå Evangeliet etter Johannes 3: 18 (femte sats)

Barmherziges Herze der ewigen Liebe

Barmherziges Herze der ewigen Liebe, BWV 185, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for den fjerde sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 20. juni 1723 i Leipzig og igjen i perioden 1746-1747 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Agricola (sjette sats)

Bereitet die Wege, bereitet die Bahn

Bereitet die Wege, bereitet die Bahn!, BWV 132, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for fjerde sundag i advent, som dette året var den 22. desember.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Elisabeth Kreuziger (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn». Denne koralmelodien vart skriven som den verdsleg songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren», som finst i samlinga til Wolflin Lochamer av verdslege songar trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart endra litt av Elisabeth Kreuziger for den kyrkjelege songen/koralen i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter), som vart trykt i Wittenberg i 1524.

Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten

Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!, BWV 172, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1714 for første pinsedag. Stykket vart framført på nytt 1717-1723 i Weimar, den 28. mai 1724 i Leipzig, den 13. mai 1731 i Leipzig og ein siste gong etter 1731 i Leipzig.

Teksten er basert på Evangeliet etter Johannes 14: 23 (andre sats), medan resten er skriven av Philipp Nicolai (sjette sats) og kanskje Salomo Franck (sats 1, 3-5)

Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til salmemelodien «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua får kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire vers som Martin Luther hadde skrive.

Halt im Gedächtnis Jesum Christ

Halt im Gedächtnis Jesum Christ, BWV 67, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter påske.

Teksten er henta frå Paulus’ andre brev til Timoteus 2: 8 (første sats), Nikolaus Herman (fjerde sats), Evangeliet etter Johannes 20: 19 (sjette sats), Jakob Ebert (sjuande sats) og opphavet til resten ukjend, men Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre, medan andre foreslår Salomo Franck. ; John 20: 19 (Mvt. 6)

Koraltemaet er basert på salmane «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ» etter Jakob Ebert (1601) og «Erschienen ist der herrlich Tag» etter Nicolaus Herman (1560).

Herz und Mund und Tat und Leben, BWV 147a

Herz und Mund und Tat und Leben, BWV 147a, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Kantaten danna grunnlaget for den langt meir kjende Herz und Mund und Tat und Leben, BWV 147 i 1723.

Han vart komponert i Weimar i 1716 for fjerde sundag i advent. Denne opphavlege kantaten inneheld ikkje den kjende koralen «Jesus bleibet meine Freude».

Teksten er henta frå Salomo Franck.

Musikken til denne opphavlege kantaten er gått tapt.

Himmelskönig, sei willkommen

Himmelskönig, sei willkommen, BWV 182, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1714 for palmesundag eller Maria bodskapsdag. Stykket vart framført to gonger til i perioden 1717-1723 i Weimar (kanskje ikkje i slottskapellet i Weimar), samt den 25. mars 1724 i Leipzig, 21. mars 1728 i Leipzig, og ein siste gong etter 1728 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 2, 4-6, 8), Paul Stockmann (sats 7), medan resten er henta frå Salme 40: 7-8.

Ihr, die ihr euch von Christo nennet

Ihr, die ihr euch von Christo nennet, BWV 164, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den 13. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Elisabeth Kreuziger (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn». Denne koralmelodien har opphav i den verdslege songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren» i samlinga til Wolflin Lochamer som vart trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart endra litt av Elisabeth Kreuziger for den første utgåva som kyrkjeleg song i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) som vart trykt i Wittenberg i 1524.

Komm, du süße Todesstunde

Komm, du süße Todesstunde, BWV 161, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1716 for kyndelsmesse og den 16. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt ein ukjend dag i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Christoph Knoll (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Befiehl du deine Wege». Denne melodien vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjærleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart», trykt i 1601.

Mein Gott, wie lang, ach lange

Mein Gott, wie lang, ach lange?, BWV 155, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1716 for andre sundag etter trettande dag jul, den 19. januar. Stykket vart framført på nytt 16. januar 1724 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-4) og Paul Speratus (femte sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Es ist das Heil uns kommen her». Koralmelodien vart først registrert på 1400-talet som ein påskesong eller ein koral kalla «Freu dich, du werte Christenheit».

Nur jedem das Seine

Nur jedem das Seine! Nur jedem das Seine!, BWV 163, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for den 23. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Heermann (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin» og «Auf meinen lieben Gott». Melodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne fanst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.

O heilges Geist- und Wasserbad

O heilges Geist- und Wasserbad, BWV 165, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1715 for treeiningssundag. Stykket vart kanskje framført på nytt 4. juni 1724 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Ludwig Helmbold (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Nun laßt uns Gott dem Herren». Denne melodien er komponert av Nikolaus Selnecker og kom først på trykk i Christliche Psalmen, Lieder vnd Kirchengesenge i Leipzig i 1587.

Tritt auf die Glaubensbahn

Tritt auf die Glaubensbahn, BWV 152, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1714 for første sundag etter juledag, den 30. desember.

Teksten er skriven av Salomo Franck.

Tue Rechnung! Donnerwort

Tue Rechnung! Donnerwort, BWV 168, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den niande sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1746-1749 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Bartholomäus Ringwaldt (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Denne melodien er spora attende til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen heiter «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven komponisten var.

Wachet! betet! betet! wachet!

Wachet! betet! betet! wachet!, BWV 70, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 26. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 21. november. Verket vart òg framført av Bach 18. november 1731.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 8, 10), Christoph Demantius (7. sats) og Christian Keymann (11. sats). Resten av satsane har ukjend opphavsmann.

Koralmelodiane er basert på «Freu dich sehr, o meine Seele» frå samlinga til Louis Bourgeois Pseaumes octante trios de David (Geneve, 1551) og «Meinen Jesum laß ich nicht» av Christian Keymann (1658).

Ärgre dich, o Seele, nicht

Ärgre dich, o Seele, nicht, BWV 186, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den sjuande sundagen etter treeiningssundag. Kantaten er basert på ein tapt kantate, BWV 186a, frå Weimar i 1716. Stykket vart framført på nytt 1746-1749 i Leipzig.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 8, 10) og Paul Speratus (sjette sats);, medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Es ist das Heil uns kommen her». Koralmelodien vart først registrert på 1400-talet som ein påskesong eller salme: «Freu dich, du werte Christenheit».

Ärgre dich, o Seele, nicht, BWV 186a

Ärgre dich, o Seele, nicht, BWV 186a, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Weimar i 1717 for tredje sundag i advent.

Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Ludwig Helmbold (sjette sats)

Det består av seks satsar, men musikken til stykket er tapt.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.