Ryukyuøyene

Ryukyuøyene (japansk 琉球列島, Ryūkyū-rettō, eller 南西諸島, Nansei-shotō) er ei japansk øygruppe som ligg i ein boge frå Kyushu, den sørlegaste av dei japanske hovudøyene, til Taiwan. Øyene dannar ei grense for det grunne Austkinahavet mot det mykje djupare havet på austsida. Den største av dei er Okinawa.

Dei nordlegaste øyene i gruppa høyrer til Kagoshima prefektur, medan dei sørlege øyene utgjer Okinawa prefektur.

Dei opphavlege øybuarane talte fleire ryukyuspråk som er i slekt med japansk, men ikkje gjensidig eller nødvendigvis innbyrdes forståelege.

I eldre tid var øyene eit eige kongedøme, men dei blei etter kvart eit lydrike under både Kina og Japan. I 1879 annekterte Japan øyene, og innførte eit brutalt styresett som undertrykte den opphavlege kulturen. Etter andre verdskrigen okkuperte USA prefekturet Okinawa fram til 1972, då Japan igjen fekk herredøme over heile øygruppa. Det finst likevel framleis amerikanske militærbasar på Okinawa.

Location Ryukyu Islands
Ryukyuøyene

Kjelder

Austkinahavet

Austkinahavet er ein grunn del av Stillehavet, mellom Taiwan, Ryukyuøyene, den japanske øya Kyushu og det kinesiske fastlandet. Austkinahavet grensar til Filippinarhavet i aust, Gulehavet i nordvest, Japanhavet i nordaust og Sørkinahavet i sørvest.

Austkinahavet dekkjer eit område på om lag 750 000 km².

Japansk-ryukyu-språk

Japansk-ryukyu-språk er ein språkfamilie som består av japansk og ryukyuspråk.

Språka stammar frå eit felles urspråk kalla proto-japonisk, som i første rekkje vart skilt i to grupper, gammal-japansk og proto-ryukyuisk. I 1954 tidfesta den japanske språkforskaren Shiro Hattori denne splittinga til Yamato-perioden (250–710).

Kyushu

Kyushu er den tredje største øya i Japan. Ho er den sørlegaste og vestlegaste av dei fire hovudøyane, og ein eigen region.

Dei største byan på øya er Fukuoka og industribyen Kitakyushu. Nagasaki ligg også her.

Eit gamalt namn på Kyushu er Saikaido. Øya vert rekna som fødestaden for den japanske sivilisasjonen.

O-bon

O-bon (お盆) eller berre bon (盆) er ei japansk buddhistisk høgtid feira til ære for åndene til forfedrane. Tida blir ofte markert ved at folk dreg tilbake til der slekta deira kom frå og steller gravene til forfedrane sine. Ein reknar også med at åndene kjem på vitjing til husaltera.

Høgtida varer i tre dagar, men blir feira til ulike tider ut frå kva kalender ein følgjer. To ulike datoar i den vestlege kalenderen er blitt fastsette for o-bonfeiring. Shichigatsu bon ('bon i juli') blir feira rundt 15. juli i område som Tokyo, Yokohama og Tohoku-regionen, medan hachigatsu bon ('bon i august') blir feira rundt 15. august i dei fleste andre områda som ikkje følgjer den tradisjonelle kalenderen. Dette er den femtande dagen i den sjuande månaden av den japanske månekalenderen, og folk feirar kyu bon, eller 'gamle bon', i område nord i Kantō-regionen, Chūgoku, Shikoku, Kyūshū og Ryukyuøyene.

Rosenterne

Rosenterne (Sterna dougallii) er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho har leveområde på austkysten av Amerika, vestkysten av Europa, kystar av Sør-Afrika, Aust-Afrika, Asia og Australia.

Ryukyuspråk

Ryukyu-språka (altenativt namn: hogen) er den eine greina av japansk-ryukyu-språkfamilien. Den interne klassifiseringa av ryukyu-språka er det ein del usemje om, forskarane er likevel samde om at det er seks ulike ryukyu-språk. Dei blir alla snakka på Ryukyu-øyene, ei øygruppe som strekkjer seg frå Japan ned mot Taiwan.

Senkakuøyane

Senkakuøyane (尖閣諸島; Senkaku-shotō; japansk namn) eller Diàoyúdǎo/Diàoyútái (forenkla kinesisk 钓鱼岛; tradisjonell kinesisk: 釣魚台; kinesisk namn; Diaoyu: kinesisk namn på engelsk) er ei omstridd gruppe ubefolka øyar i Austkinahavet. Dei er 120 nautiske mil nordaust for Taiwan, 200 nautiske mil austom det kinesiske fastlandet og 200 nautiske mil sørvest for den japanske øya Okinawa. Administrativt utgjer øyane ein del av det japanske prefekturet Okinawa. Dei vart annektert av Japan i 1895, og etter Japans nederlag i andre verdskrig var dei okkupert av USA frå 1945 til 1972, då dei vart overført attende til japansk kontroll. Òg Folkerepublikken Kina og Republikken Kina gjer krav på øyane.

Øygruppa består av fem holmar og tre aude klipper, og har eit samla landareal på 6,16 KM². Arealet til den største holmen er på 4,38 km². Til trass for den avgrensa storleiken har øyane segla opp som eitt av dei større stridsspørsmåla mellom Folkerepublikken Kina og Japan. Denne konflikten spissa seg til i september 2012, og førte til store antijapanske protestar i Kina. Havområdet rundt øyane er rikt på fisk, og ein trur det kan finnast naturgass under sjøbotnen.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.