Republikken Kypros


Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.

Κυπριακή Δημοκρατία
Kıbrıs Cumhuriyeti
Republic of Cyprus

(norsk: Kypros, kypriotisk)

Det kypriotiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Ýmnos pros tin Eleftherían»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Kypros
Offisielle språk Gresk, tyrkisk og engelsk
Hovudstad Levkosía (Nikosia)
Styresett
Republikk
Níkos Anastasiádis
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
9 251 km² (165.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 221 549 (157.)
132 /km² (68.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
16. august 19601
Nasjonaldag 1. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
27 260 mill. USD (129.)
33 300 USD (40.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +357
Toppnivådomene .cy

1 Ikkje anerkjent av Tyrkia

Geografi

Republikken Kypros utgjer dei sørlege to tredjedelane av øya Kypros. Landskapet i republikken består hovudsakleg av to område: Tróodosfjella i vest og sletta Mesaoría i aust. I Troodos ligg fjellet Ólymbos, som er det høgaste fjellet på øya med ei høgd på 1 952 meter. Den delte hovudstaden Levkosía ligg om lag midt på Mesaoríasletta.

Akanthoú

Akanthoú (gresk Ακανθού, tyrkisk Tatlısu) er ein distriktsby på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Tatlısu i distriktet Gazimağusa. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Akanthoú i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Tatlısu 1 459 innbyggjarar, fordelt på bydelane:

Aktunç (671 innbyggjarar)

Küçükerenköy (339 innbyggjarar)

Çınarlı (449 innbyggjarar)

Akrotíri og Dekélia

Dei britiske suverene baseområda Akrotíri og Dekélia, (engelsk The Sovereign Base Areas of Akrotiri and Dhekelia, gresk Περιοχές Κυρίαρχων Βάσεων Ακρωτηρίου και Δεκέλειας, Periokhés Kyríarkhon Váseon Akrotiríou ke Dekélias, tyrkisk Egemen Üs Bölgeleri Ağrotur ve Dikelya) er to britiskkontrollerte baseområde på sørkysten av øya Kypros. Akrotíri ligg i vest på kysten, og Dekélia ligg i aust. Baseområda vart oppretta i 1960, då republikken Kypros reiv seg laus frå det britiske imperiet og blei ein sjølvstendig stat.

Ammókhostos

Ammókhostos (gresk Αμμόχωστος, tyrkisk Gazimağusa eller Mağusa) eller Famagusta er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Gazimağusa i distriktet Gazimağusa. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Ammókhostos i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Gazimağusa 40 920 innbyggjarar, fordelt på bydelane:

Anadolu (1 508 innbyggjarar)

Baykal (2 574 innbyggjarar)

Canbolat (2 460 innbyggjarar)

Çanakkale (4 114 innbyggjarar)

Dumlupınar (2 940 innbyggjarar)

Harika (651 innbyggjarar)

Kapalı Maraş (226 innbyggjarar)

Karakol (7 046 innbyggjarar)

Lala Mustafa Paşa (1 836 innbyggjarar)

Namık Kemal (1 117 innbyggjarar)

Pertev Paşa (1 026 innbyggjarar)

Piyale Paşa (1 220 innbyggjarar)

Sakarya (7 647 innbyggjarar)

Suriçi (1 476 innbyggjarar)

Tuzla (Éngomi) (2 645 innbyggjarar)

Zafer (2 027 innbyggjarar)

Mutluyaka (Stýlli) (407 innbyggjarar)

Derýnia

Derýnia (gresk Δερύνεια, tyrkisk Derinya) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 5 844 innbyggjarar.

Distrikt på Kypros

Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt som igjen er delte inn i 39 kommunar og 485 lokalstyrde busetnader.

Levkosía

Kerýnia

Ammókhostos

Lárnaka

Lemesós

PáfosDei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrde busetnader.Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».

Distriktet Levkosía

Distriktet Levkosía (gresk Επαρχία Λευκωσίας, Eparkhía Levkosías, tyrkisk Lefkoşa kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa og Güzelyurt. Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.

Dáli

Dáli (gresk Δάλι, tyrkisk Dali) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 10 466 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:

Áji Konstandínos ke Eléni (4 106 innbyggjarar)

Panajía Evangelístria (6 360 innbyggjarar)

Karavás

Karavás (gresk Καραβάς, tyrkisk Alsancak) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Alsancak i distriktet Girne. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Karavás i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Alsancak 6 597 innbyggjarar. Av desse budde 5 595 i sjølve byen, fordelt på bydelane:

Çağlayan (611 innbyggjarar)

Yayla (4 325 innbyggjarar)

Yeşilova (659 innbyggjarar)I resten av kommunen budde det 1 002 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:

Ilgaz (Trimíthi) (72 innbyggjarar)

Malatya-İncesu (Paleósofos-Mótides) (180 innbyggjarar)

Yeşiltepe (Eliá) (750 innbyggjarar)

Kerýnia

Kerýnia (gresk Κερύνεια, tyrkisk Girne) eller Kyrínia (gresk Κυρήνεια) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Girne i distriktet Girne. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Kerýnia i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Girne 33 207 innbyggjarar. Av desse budde 21 319 i sjølve byen, fordelt på bydelane:

Aşağı (=Nedre) Girne (Káto Kerýnia) (4 471 innbyggjarar)

Yukarı (=Øvre) Girne (Páno Kerýnia) (16 380 innbyggjarar)

Zeytinlik (Témblos) (468 innbyggjarar)I resten av kommunen budde det 11 888 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:

Aşağı Karaman (Kármi) (675 innbyggjarar)

Doğanköy (Thérmia) (868 innbyggjarar)

Edremit (Trimíthi) (1 268 innbyggjarar)

Karakum (Karákoumi) (722 innbyggjarar)

Karaoğlanoğlu (Ájos Jeórjos) (3 745 innbyggjarar)

Zeytinlik (Témblos) (622 innbyggjarar)

Beylerbeyi (Bélapais) (918 innbyggjarar)

Ozanköy (Kazáfani) (3 070 innbyggjarar)

Kypros

Kypros (gresk Κύπρος, tyrkisk Kıbrıs) er ei øy aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 120 km vest for kysten til Syria. Geografisk sett er Kypros ein del av Asia, men kulturelt har øya vore europeisk i tida etter om lag den fyrste verdskrigen. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia.

Kythréa

Kythréa (gresk Κυθραία, tyrkisk Degirmenlik) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Degirmenlik i distriktet Lefkoşa. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Kythréa i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Degirmenlik 11 895 innbyggjarar. Sjølve byen hadde 3 284 innbyggjarar, fordelt på bydelane:

Bahçelievler (256 innbyggjarar)

Başpınar (321 innbyggjarar)

Camialtı (327 innbyggjarar)

Mehmetçik (497 innbyggjarar)

Saray (1 393 innbyggjarar)

Tepebaşı (490 innbyggjarar)I resten av kommunen budde det 8 611 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:

Balıkesir (Palékythro) (860 innbyggjarar)

Beyköy (Beíkioi) (105 innbyggjarar)

Minareliköy (Néo Khorió) (1 334 innbyggjarar)

Cihangir (Epikhó) (961 innbyggjarar)

Çukurova (Kouroú Monastíri) (208 innbyggjarar)

Demirhan (Trakhóni) (530 innbyggjarar)

Dilekkaya (Ajá) (619 innbyggjarar)

Düzova (Éxo Metókhi) (661 innbyggjarar)

Erdemli (Tremetousiá) (169 innbyggjarar)

Gaziköy (Afánia) (713 innbyggjarar)

Gökhan (Vóni) (202 innbyggjarar)

Kalavaç (Kalyvákia) (255 innbyggjarar)

Kırıkkale (Meloúsia) (390 innbyggjarar)

Kırklar (Týmvou) (384 innbyggjarar)

Meriç (Móra) (494 innbyggjarar)

Yeniceköy (Pétra tou Digení) (399 innbyggjarar)

Yiğitler (Ársos) (327 innbyggjarar)

Levkosía

Lévkosía (gresk Λευκωσία, tyrkisk Lefkoşa) eller Nikosia, engelsk og eldre norsk Nicosia, på gresk òg Χώρα (Khóra), er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa. Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.

Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.

Levkóniko

Levkóniko (gresk Λευκόνοικο, tyrkisk Geçitkale) er ein distriktsby på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Geçitkale i distriktet Gazimağusa. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Levkóniko i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Geçitkale 2 380 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:

Geçitkale (Levkóniko) (1 253 innbyggjarar)

Çamlıca (Goúfes) (100 innbyggjarar)

Çınarlı (Platáni) (183 innbyggjarar)

Mallıdağ (Meloúnda) (182 innbyggjarar)

Nergizli (Génagra) (279 innbyggjarar)

Sütlüce (Psyllátos) (291 innbyggjarar)

Yamaçköy (Ájos Nikólaos) (92 innbyggjarar)

Louroukína

Louroukína (gresk Λουρουκίνα , tyrkisk Akıncılar) eller Louroutzína (gresk Λουρουτζίνα) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrd busetnad i Levkosía i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har det meste av Louroukína vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Akıncılar i distriktet Lefkoşa.Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av Louroukína som framleis er under kontroll av republikken Kypros 11 innbyggjarar. Den delen som er administrert av Nord-Kypros hadde i 2011 390 inbyggjarar.

Lápithos

Lápithos (gresk Λάπηθος, tyrkisk Lapta) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lapta i distriktet Girne. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Lápithos i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lapta 12 118 innbyggjarar, av desse 7 839 i underdistriktet Girne Merkez. Sjølve byen hadde 5 595 innbyggjarar, fordelt på bydelane:

Başpınar (422 innbyggjarar)

Sakarya (204 innbyggjarar)

Adatepe (378 innbyggjarar)

Kocatepe (1 700 innbyggjarar)

Tınaztepe (2 119 innbyggjarar)

Türk (Tourkikí Synikía) (531 innbyggjarar)

Yavuz (494 innbyggjarar)Til dette underdistriktet høyrer og busetnaden:

Karşıyaka (Vasília) (2 091 innbyggjarar)Underdistriktet Çamlıbel med 4 279 innbyggjarar omfattar desse busetnadene:

Tepebaşı (Diórios) (774 innbyggjarar)

Akdeniz (Ajía Iríni) (522 innbyggjarar)

Alemdağ (Agridáki) (86 innbyggjarar)

Çamlıbel (Mýrthou) (872 innbyggjarar)

Geçitköy (Pánagra) (220 innbyggjarar)

Hisarköy (Kambylí) (194 innbyggjarar)

Karpaşa (Karpásia) (256 innbyggjarar)

Kayalar (Órga) (234 innbyggjarar)

Kılıçaslan (Kondeménos) (194 innbyggjarar)

Koruçam (Kormakítis) (309 innbyggjarar)

Kozan (Lárnakas) (375 innbyggjarar)

Özhan (Asómatos) (73 innbyggjarar)

Sadrazamköy (Liverá) (170 innbyggjarar)

Lýsi

Lýsi (gresk Λύση, tyrkisk Akdoğan) er ein distriktsby på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Akdoğan i distriktet Gazimağusa. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Lýsi i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Akdoğan 2 471 innbyggjarar.

Mórfou

Mórfou (gresk Μόρφου, tyrkisk Güzelyurt) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Güzelyurt i distriktet Güzelyurt. Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Mórfou i eksil.Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Güzelyurt 18 946 innbyggjarar. Sjølve byen hadde 7 465 innbyggjarar, fordelt på bydelane:

Lala Mustafa Paşa (999 innbyggjarar)

Piyale Paşa (3 711 innbyggjarar)

İsmet Paşa (2 541 innbyggjarar)

Yuvacık (Khrysilioú) (214 innbyggjarar)I resten av kommunen budde det 11 491 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:

Yayla (Syrianiokhóri) (850 innbyggjarar)

Aşaği Bostancı (Káto Zódia) (1 822 innbyggjarar)

Güneşköy (Nikítas) (505 innbyggjarar)

Yukarı Bostancı (Páno Zódia) (1 495 innbyggjarar)

Akçay (Argáki) (1 008 innbyggjarar)

Aydınköy (Prastió) (1 164 innbyggjarar)

Gayretköy (Avlóna) (367 innbyggjarar)

Kalkanlı (Kaló Khorió) (2 305 innbyggjarar)

Mevlevi (Kyrá) (386 innbyggjarar)

Serhatköy (Fylliá) (573 innbyggjarar)

Şahinler (Másari) (189 innbyggjarar)

Zümrütköy (Katokopiá) (817 innbyggjarar)

Paralímni

Paralímni (gresk Παραλίμνι, tyrkisk Paralimni) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 14 963 innbyggjarar.

Páfos

Páfos (gresk Πάφος, tyrkisk Baf) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Páfos i Republikken Kypros.Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 32 892 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:

Moúttalos (2 863)

Ájos Pávlos (7 089)

Ájos Theódoros (16 450)

Káto (=Nedre) Páfos (4 057)

Anavargós (2 433)

Øystatar i Asia
Land ved Middelhavet
Suverene statar
Statar med avgrensa anerkjenning
Biland og andre territorium
Medlemmar
Observatørar

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.