Reiarlag

Reiarlag er eit firma som driv skipsfart.

Eit reiarlag kan mellom anna organiserast som enkeltpersonforetak eller aksjeselskap. Nokre kjende nordiske reiarlag er det norske Wilh. Wilhelmsen og det danske A.P. Møller-Mærsk.

Kjelder

Basel

Basel (italiensk Basilea og fransk Bâle) er den tredje største byen i Sveits. Byen har 169 536 innbyggjarar (2011) og eit areal på 23 km². I storbyområdet kring Basel, som dels går inn i Frankrike (St.-Louis) og Tyskland (Lörrach, Weil, m.fl.), bur det i alt om lag 740 000 innbyggjarar.

Byen ligg nordvest i Sveits, ved grensene til Frankrike og Tyskland, og ved breidda av Rhinen.

Samferdselstiløva er gode, med blant anna eit jarnbanenett som forgreiner seg til Frankrike, Tyskland og det øvrige Sveits. Stasjonen i Basel er eit av dei viktigaste jernbaneknutepunkta i Europa. Den internasjonale flyplassen ligg i Saint-Louis, på fransk side av grensa, 13 km nordvest for sentrum. Industrien er viktig for Basel, byen er kjent for sin lækjemiddel- og kjemiindustri, som til dømes Hoffmann-La Roche, Novartis og Sandoz. Her er òg produksjon av elektrisk utstyr, maskiner og silke.

Elles kan nemnast at Basel, plasseringa si til trass, er ein viktig sjøfartsby der fleire reiarlag har kontora sine. Sambandet til havet ved hjelp av Rhinen tyder mykje for byen. Elva renn gjennom byen og deler han i to, noko som har gjeve Basel tilnamnet «byen med bruene». Hamna i Basel er endepunkt for skipstrafikken på Rhinen og den einaste hamna i Sveits.

Vidare er Basel og kjent som ein viktig kulturby, der mange kulturfestivalar, arrangement og konsertar blir avvikla. I tillegg til dette er Basel ein internasjonal utdannings- og forskningsby. Universitetet, frå 1460, er det eldste i Sveits.

Namnet Basel var òg nemninga på ein kanton, men denne vart 1833 delt i Basel-Landschaft og Basel-Stadt.

Color Line

Color Line er eit norsk reiarlag som driv ferjetrafikk mellom Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland. Color Line har over 3 000 tilsett og har ein flåte på 11 skip.

Den norske Amerikalinje

Den norske Amerikalinje A/S (NAL) var eit norsk reiarlag for rutefart mellom Noreg og USA, som vart stifta i 1910. Selskapet vart etter kvart berre kalla «Amerikalinja». Reiarlaget hadde viktig nasjonal tyding, og skipa til selskapet vart rekna som flaggskipa til handelsflåten.

Det Midthordlandske Dampskibsselskab

Det Midthordlandske Dampskibsselskab var eit ruteselskap på Vestlandet. Selskapet trafikkerte strekninga Bergen-Os-Fusa-Tysnes. Selskapet fusjonerte inn i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap 1. januar 1962.

Det Stavangerske Dampskibsselskab

Det Stavangerske Dampskibsselskap AS (DSD) er et reiarlag med base i Stavanger. Føretaket er eigd av familien til Stavangermannen Folke Hermansen.

Reiarlaget har stor kystflåte som driv ferjetransport og lokaltrafikk i Rogaland og tilstøytande område. Frå 1919 og til 1978 da selskapets einaste hurtigruteskip (MS «Kong Olav») vart seld, var Stavangerske og ein del av hurtigruta. Med dotterselskap har DSD omtrent 1000 tilsette i Noreg, i tillegg til tilsette i ein rekke andre land. Føretaket består av Stavangerske AS, Nor Lines AS (tidlegare Nor Cargo) og DSD Shipping AS.

DSD vart etablert i 1855, og er med det eit av de eldste reiarlag i Noreg. 150 årsjubileet vart feira den 12. februar 2005.

Farsund

Farsund er ein by og administrasjonssenteret i Farsund kommune i Vest-Agder fylke. Tettstaden ligg på vestsida av sundet som fører inn til Lyngdalsfjorden, og på øyane i sundet: Engøy, Farøy og Gåseholmen, alle med brusamband. Namnet på tettstaden kjem frå sundet mellom Farøy og Spindsodden. Farsund har 3 420 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Farsund voks fram ved skipsleia langs Farøya lengst nord på Listalandet, og vart ein veksande handelsstad med kjøpstadsrett frå 1849. Byen er sterkt prega av Lund-slekta, som og har æra for å ha grunnlagt han. Mange av dei mest kjende bysborna frå Farsund er knytt til denne familien, mellom dei Eilert Sundt.

Mot slutten av 1700-talet voks Farsund fram som ein handels- og sjøfartsby som var godt kjend ute i resten av verda. Mykje av æra for Farsunds framgang på den tida hadde Jochum Brinch Lund. Lund vert rekna som grunnleggjaren av Farsund. Lund budde i bygget der Nordea Bank i dag held til. Dei fire trea han hadde i hagen finn ein att i byvåpenet.

Farsund er framleis rekna som sjøfartsby, og fleire reiarlag er etablert her. Farsund er eit viktig handels- og servicesenter, og her kjem Farsunds Avis ut. I sentrum står Frelserens kirke, ei langkyrkje i stein frå 1785.

Ferje

Ferje er ei nemning på ein båt eller eit skip som fraktar passasjerar og køyretøy over avgrensa avstandar. Ferjer kan enten vere småe personferjer som ikkje kan ta med seg køyretøy, eller vere større bilferjer med plass til køyretøy, og jarnbaneferjer med spor for tog. På jarnbaneferjer er det ofte fleire spor attmed kvarandre, slik at lange tog kan takast med ved å verte delte opp.

Ordet «ferje» kjem av norrønt «ferja». Å ro ferja tydde å ro folk eit kort stykke. På bokmål og i nokre bymål nyttar ein nokre gonger nemninga «ferge», etter dansk «færge».

Ferjetrafikk er viktig for mange kystbuarar. Kostnaden for ferjetrafikk er ofte lågare enn å byggja ei bru eller ein undersjøisk tunnel. Trass i lågare kostnad vert ferjetrafikken mange stader lagt ned. Ferjeulykker, vêret, sjeldne avgangar, mangel av nattruter, driftsproblem og streik gjer at dei som avheng av ferje ofte ynskjer landfast samferdsel. Ei bru eller ein tunnel gjev også folk større fridom til å reisa når dei ynskjer. Særleg gjeld dette når bilismen er på frammarsj.

I 1999 vart det frakta 46 millionar passasjerar i Noreg via 336 ferjer. Av dei var det 37 millionar på bilferjer. Det var ein nedgang på nesten 13 % frå 1990. Det ferjesambandet kor det vert frakta flest passasjerar er ruta mellom Nesoddtangen og Aker Brygge, som opphavleg vart drive av A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap, men som vert drive av eit anna reiarlag etter anbodskonkurranse i regi av Ruter AS, eit offentleg eigd selskap for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Her vert det årleg frakta 2,3 millionar passasjerar; desse ferjene tek ikkje bilar.

Ei passasjerferje for passasjerar til fots er ofte kalla ein «vassbuss» eller «vassdrosje». Døme på dette finn ein i Venezia i Italia. Norske døme på slik ferjetrafikk finn ein i området kring Bergen. Frå mellomalderen og fram til 1930-åra gjekk mykje av trafikken i Bergen over vatn. Trafikken vart utført av såkalla fløttmenn eller ferjemenn.

Fjord1 Fylkesbaatane

Fjord1 Fylkesbaatane (tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) er eit norsk transportselskap. Det er ein del av Fjord1-konsernet, og driv i hovudsak ferje-, passasjerbåt- og godsbåt-trafikk i Sogn og Fjordane.

Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap

Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ASA (forkorta HSD ASA) er eit tidlegare transportkonsern med hovudkontor i Bergen. I 2006 vart HSD slege saman med Gaia Trafikk til selskapet Tide.

Selskapet var delt opp i tre dotterselskap:

HSD Sjø AS

HSD Buss AS

HSD Transport AS* (Dette selskapet vart seld til Posten i 2005. HSD avslutta med dette eit 125-årig engasjement innan godstransport.)HSD Sjø dreiv snøggbåt- og ferjeruter i Hordaland fylke og «Flaggruten» mellom Bergen og Stavanger. Dei siste åra reiste 2 millionar passasjerar i året med HSD Sjø AS og i 2003 frakta ferjene til selskapet 4,6 mill bilar. HSD Sjø AS hadde 31 ferjer og 10 snøggbåtar.

HSD Buss dreiv rute- og turkøyring med buss i Hordaland og deltok òg i fleire ekspressbussruter i samarbeid med andre selskap. Selskapet hadde 630 bussar og frakta i 2003 15 mill passasjerar.

(HSD Transport dreiv godstransport med ruter over heile landet, og hadde eit internasjonalt tilbod gjennom samarbeid med Frans Maas Norge AS. HSD Transport blei eige aksjeselskap frå 1. januar 2001, og hadde om lag 130 tilsette. Posten overtok selskapet i 2005 og arbeider med å samordne aktiviteten med sine andre datterselskap, Nor-Cargo og Nettlast)

I 2003 hadde HSD ein omsetnad på 1,83 mrd. kroner. Konsernet hadde ca. 2 100 tilsette.

HSD var ein del omtala i media dei siste åra, særleg etter Sleipner-forliset den 26. november 1999, der M/S «Sleipner» gjekk på grunn og sokk ved skjeret Stora Blokso utanfor Ryvarden, med tap av 16 menneskeliv.

Hausten 2005 blei det lansert planar om ein fusjon mellom HSD og busslaget Gaia Trafikk. Fusjonen måtte godkjennast av bystyret i Bergen, fordi Bergen Kommune er største aksjonær i Gaia Trafikk. I juni 2006 godkjente fleirtalet i bystyret fusjonsplanane, men med merknader om kommunen sin sendemann berre skulle røyste for fusjonen om styreleiaren i det fusjonerte selskapet var ei kvinne. Samstundes vedtok bystyret samrøystes å anmode kommunen om å arbeide for at nynorsk skulle vere forretningsspråk i det nye selskapet. 3. november 2006 vart selskapet skipa, og fekk namnet Tide.

Hurtigruten AS

Hurtigruten AS, tidlegare Hurtigruten Group ASA og Hurtigruten ASA, er eit norsk reiarlag som mellom anna opererer Hurtigruta. Selskapet vart stifta som Hurtigruten Group ASA 1. mars 2006 ved samanslåinga av Troms Fylkes Dampskibsselskap og Ofotens og Vesteraalens Dampskipsselskab, med hovudkontor i Narvik.

Eigaren av reiarlaget er Silk Bidco AS, der hovudaksjonæren er det London-baserte investeringsselskapet TDR Capital.Selskapet skifta namn til Hurtigruten ASA 26. april 2007. 2. februar 2015 fekk skifta Hurtigruten ASA namn til Hurtigruten AS, og hovudkontoret vart flytta til Tromsø. HRG har omtrent 3 400 tilsette, og driv og mellom anna USA og Sør-Amerika. Selskapet driftar 11 hurtigruteskip langs norskekysten. Fram til 2008 dreiv selskapet òg ferjer og snøggbåtar i Nordland, Troms og Sunnmøre, men selskapet Torghatten Nord tok over ferjene og snøggbåtane i Nordland og Troms dette året. Hurtigruten AS har òg skip i cruise i Antarktis.

Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab

Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab var eit reiarlag skipa i 1891, då Ole Bulls Dampskibsselskab og Osterøens Dampskibsselskab slo seg saman til eit transportselskap. I 1923 vart namnet endra til «Indre Norhordland dampbåtlag» (INDL).

I 1974 gjekk Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab saman med Bergen Nordhordland Trafikklag saman, og det nye namnet vart A/S Bergen-Nordhordland Rutelag.

DS «Oster» er ein dampbåt som vart bygd 1908 ved Christianssands Mek. Værksted for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Båten gjekk i fast rute mellom Osterfjorden og Bergen som kombinert passasjer- og lastebåt.

Møre og Romsdal Fylkesbåtar

Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) var eit selskap som dreiv båt- og ferjetrafikk i Møre og Romsdal. Selskapet vart stifta i juni 1920. Selskapet hadde hovudkontor i Molde.

Norled AS

Norled AS er eit reiarlag som driv ferje- og snøggbåtsamband fleire stader i Noreg, frå Oslofjorden i sør til Troms i nord. Reiarlaget er eit av dei største av sitt slag i landet, med åtti fartøy i drift og meir enn tusen tilsette, og er eit heileigd dotterselskap av Det Stavangerske Dampskibsselskap AS. Hovudkontoret for Norled AS ligg i Stavanger, og elles har selskapet kontor i Bergen, Ålesund og Oslo.

Norled As er eit framhald av selskapet Tide Sjø AS, som vart skipa etter at ekstraordinære styremøte 2. mai 2007 i Tide ASA og Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) AS hadde gjort vedtak om hovudprinsippa for å slå saman kvar sine dotterselskap, Stavangerske AS og Tide Sjø AS, til selskapet Tide Sjø. Denne fusjonen vart gjennomført 3. oktober 2007. Norled AS vart skipa ved å skilja ut Tide Sjø av Tide ASA i 2011. Ferjene, som hadde fått namn der samansetningar med «Tide» inngjekk i namnet, fekk etter dette nye namn der «Tide» var fjerna.

Rijeka

Rijeka (italiensk Fiume) er den tredje største byen i Kroatia, og ligg ved Kvarnerbukta i Adriahavet. Han er òg den største hamnebyen i Kroatia med skipsverv, reiarlag, oljeraffineri, petrokjemisk industri, tobakksfabrikkar mm., og er eit viktig trafikknutepunkt. Byen har òg hamnefunksjonar for innlandsstatane Ungarn og Austerrike.

Elva Riječina, som renn gjennom byen, har gjeve namn til byen.

Rijeka er administrativt sentrum for Primorje-Gorski Kotar fylke og romersk-katolsk erkebispesete. Universitetet vart grunnlagt i 1632.

Ved folketeljinga i 2001 var det 144 043 innbyggjarar i Rijeka (om lag 300 000 i omlandet).

Stena Line

Stena Line er eit svensk skipsfartføretak med trafikk over heile Nord-Europa. Føretaket vart grunnlagd av Sten A. Olsson i Gøteborg på 1960-talet. Det er eit av verdas største reiarlag.

Tide

Tide er eit norsk transportverksemd som vart etablert 3. november 2006 som ei følgje av fusjonen mellom HSD og Gaia Trafikk. Verksemda har hovudkontor i Bergen. Tide hadde i 2006 1040 bussar, 30 ferjer og 10 båtar og verksemda var prisa til om lag 800 millionar kroner. Verksemda fraktar årleg rundt 39 millionar reisande. 25 millionar av desse i Bergen. Det er 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 2,1 milliardar kroner.

Bjørn Ove Børnes er konsernsjef.

Torghatten Nord AS

Torghatten Nord AS er eit norsk reiarlag som driv ferjer og snøggbåtar i Nordland og Troms. Reiarlaget er eit dotterselskap av Torghatten ASA. Administrerande direktør er Bjørn Laksforsmo, og har kontor i Tromsø og Stokmarknes.

Selskapet vart skipa i 2008 i høve med oppkjøpet av ferje- og hurtigbåtdivisjonen i Hurtigruten ASA. Overtakinga skjedde formelt 5. januar 2009.

Vesteraalens Dampskibsselskab

Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) var eit reiarlag som vart stifta i 1881 på Stokmarknes i Nordland. Føretaket dreiv med lokal rutetransport, samt at det starta den første Hurtigruta i 1893.

Selskapet fusjonerte i 1987 med Ofotens Dampskipsselskap, det nye føretaket fekk namnet Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS). I 2006 fusjonerte OVDS med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) og danna Hurtigruten Group, som seinare vart omdøypt til Hurtigruten ASA.

Viking Line

Viking Line er eit finsk ferjeselskap grunnlagt i 1963. Det driv bilferjer mellom Finland, Åland, Sverige og Estland.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.