Raude hundar

Raude hundar (Rubella) er ein barnesjukdom med utslett som vert forårsaka av rubellaviruset. Den er vanlegvis ein uskuldig barnesjukdom med feber og eit småflekka utslett. Raude hundar er òg ein reisesjukdom. Dette tyder auka risiko for å få barnesjukdomen ved reising. MMR-vaksinen som gjev vern mot raude hundar gjevast som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Rash of rubella on back (crop)
Symptom på barnesjukdomen Raude hunder

Tilstanden

Det medisinske namnet på raude hundar er rubella etter det latinske opphavsordet ruber som tyder raud. Raude hundar er som regel ufarlig hos barn, men det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi det gjev alvorlege misdannelser hos foster når gravide vert smitta.

Foster yngre enn 20 veker kan skadast viss gravide vert smitta (spontanabort eller medfødte misdannelser). Dette er årsaka til av vaksine vert rådt til. Dei fleste barn vert vaksinert. Men vaksine skal ikkje verta til gjeve gravide. Men enkelte utbrot i enkelte delar av folkesetnaden finst. Det vil alltid vera nokon som av einkvan grunn ikkje er vaksinert. Barnet er mest smittsamt 4 dagar før og opp til 7 dagar etter utslettet bryt ut. I land utan vaksinering vil sjukdomen opptre i epidemiar med nokre års mellomrom.

Kjelder

Endemi

Sjå endemisk om artar som er endemiskeEndemi er eit omgrep innan epidemiologi om sjukdom eller sjukdomsframkallande emne som finst fast i eit visst område eller ei folkegruppe. Ein omtalar særleg infeksjonssjukdommar som endemiske, men omgrepet kan også brukast om sjukdommar som ikkje er smittsame. Der sjukdommar er endemiske opptrer dei heile tida eller med regelmessige mellomrom, og tala på tilfelle er nokså jamnt. Ordet er danna av gresk en, 'i', og demos 'folk'. Enzooti viser til det same høvet i dyrepopulasjonar. Om sjukdommen opptrer ein ny stad, eller sjukdomstilfella aukar i staden for å vera stabile, blir det kalla ein epidemi.

Endringar i miljøet, til dømes klimaendringar, og helsestell kan føra til at ein sjukdom blir eller sluttar å vera endemisk i eit område. Malaria er til dømes endemisk i fleire tropiske og subtropiske område. Under regntider kan malariamyggen spreia seg og smitten i nye område, slik at ein får epidemiar.

I Noreg er sjukdommar som brennkoppar og vasskoppar endemiske. Sjukdommar som koppar og polio er utrydda, og tidlegare vanlege sjukdommar som meslingar, raude hundar og kusma er i ferd med ikkje å vera endemiske lenger takka vere vaksinasjonsprogram.

Høyrslehemming

Høyrslehemming er det å ha nedsett høyrsle i høve til dei som høyrer normalt. Nedsettinga av høyrsla kan gå frå ganske lette, kanskje forbigåande nedsettingar til det å vera heilt døv. Høyrslehemming finst særs hyppig og i alle aldrar, men aukar med åra. Ein skil mellom to hovudtypar hemming, mekanisk eller leiingstype der årsaka sit i den mekaniske delen av øyret (øyregangen eller mellomøyret), og persepsjonstype eller nevrogen type der årsaka sit i nervedelen av høyreorganet (det indre øyret, høyrenerva eller høyrebanane i hjernen).

MMR-vaksine

MMR-vaksinen er ein immuniserande vaksine mot kusma, meslingar og raude hundar. Namnet kjem av dei engelske namna på sjukdomane: Mumps, measles og rubella. Vaksinen vart først utvikla av Maurice Hilleman ved Merck på slutten av 1960-åra.Vaksinen består av ei blanding av tre levande, men svekka virus og vert gjeven i form av ei enkelt sprøyte. Internasjonalt er det ein svært utbreidd vaksine. I det norske barnevaksinasjonsprogrammet vert MMR-vaksinen gjeven når barn er 15 månader gamle og i 6. klasse. MMR-vaksinen har vore ein del av det norske barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1983. MMR-vaksinen erstatta meslingevaksinen, som hadde vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1969, og raude hundar-vaksinen som hadde vore med sidan 1978.

Medfødd hjartefeil

Ein medfødd hjartefeil er ein strukturell feil i hjarte eller hjartenære pulsårer hos nyfødde.

Meslingar

Meslingar (Morbilli) - òg kalla kregda eller kregdå - er ein barnesjukdom med utslett. Meslinger vert skulda meslingevirus, og er den alvorlegaste barnesjukdomen. Som med andre barnesjukdomar, kan òg vaksne smittast og verta sjuke. Vaksine mot meslinger vart introdusert i Noreg i 1969 og vart kombinert med vaksinar mot raude hundar og kusma i 1983 (MMR-vaksinen)]. Det er større risiko for å få meslinger ved reising.

Det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi den kan gje alvorlege komplikasjonar som lungebetennelse, bronkitt, Øyrebetennelse, hjernebetennelse, varige skadar og død. Helseorganisasjonen i verda (WHO) anslår at det i 2000 var 30–40 millionar tilfelle av meslinger, derav 777 000 dødsfall.

Patogen

Eit patogen (frå gresk πάθος pathos «liding, lidenskap» og -γενής -genēs «skapar av»), i si eldste og vidaste tyding, er noko som kan skape sjukdom. Omgrepet er oftast nytta for å skildre ein infeksiøs agens (på folkemunne kjent som ein bakterie) — ein mikroorganisme, bakterie, sopp eller protozo som fører til sjukdom i verten. Verten kan vere eit dyr, ei plante, ein sopp eller ein annan mikroorganisme.Patogenet kan invadere verten på fleire måtar. Hovudmåtane har ulike episodiske tidsrammer, men jordureining har det lengste og mest vedvarande potensialet for å huse patogen. Organismar som skapar sjukdom i menneske vert skildra som «sjukdomsframkallande». Nokre av sjukdommane som kjem frå virale patogen er koppar, influensa, kusma, meslingar, vasskoppar, ebola og raude hundar.

Ikkje alle patogen er naudsynleg uheldige for menneske. I entomologi går patogena under éin av dei tre «P-ane» (predatorar, patogen og parasitoidar) som virkar som naturlege eller introduserte biologiske kontrollar som undertrykkjer skadedyr, særleg leddyr.

Sjukdom

Sjukdom er nedsett helsetilstand som kan koma på grunn av ytre påverking, indre ubalanse eller ein inntrengjar i kroppen. Sjukdommar kan vera alt frå mildt plagsomme til smertefulle og dødelege. Dei kan koma til enkeltindivid eller smitta i store epidemiar. Dei aller fleste organismar kan utsetjast for sjukdom.

Menneske og dyr har brukt ulike middel for å prøva å motverka sjukdom, dels ved prøving og feiling, dels ved meir systematiske studie. Trass i dette er me ikkje blitt kvitt sjukdom. Det kjem stadig nye typar, somme ufarlege, andre livstruande.

I denne artikkelen ser me hovudsakleg på sjukdommar hjå menneske.

Trippelvaksine

Trippelvaksine eller DPT-vaksine er ein vaksine mot sjukdomane kikhoste, difteri og stivkrampe, i vaksineprogrammet frå 1952. Etter gjeldande vaksinasjonsprogram for Noreg frå 1. juli 1983 vert vaksinen gjeven til born som er 3, 4, 5 og 17 månader. Borna får ei duovaksine (mot difteri og stivkrampe) i 5. klasse.

Av og til blir også MMR-vaksinen (mot meslingar, kusma og raude hundar) kalla for trippelvaksine.

Vaksine

Vaksine (av latin variolæ vaccinæ, kukoppar) er svake eller døde smittestoff eller toksinar som blir tilførte kroppen for å gjera han immun mot sjukdommen dette smittestoffet ber med seg. Ein vaksine verker som eit antigen og fører til at kroppen tek til å danna antistoff. Avhengig av sjukdomstype kan ein vaksine gje livslangt sjukdomsvern, eller trenga påfyll med visse mellomrom.

Virussjukdom

Ein virussjukdom (eller virusinfeksjon) oppstår når patogene virus trengjer inn i kroppen til ein organisme. Denne artikkelen drøfter virusa med størst klinisk relevans. Ei rekkje virus kan føre til infeksjonssjukdommar.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.