Raud

Raud er fargen ved enden av det synlege lysspekteret, ved sidan av oransje. Fargen har ei dominerande bølgjelengd på rundt 625–740 nanometer.[1] Raudt er ein primærfarge i fargemodellane RGB og CMYK. Han er komplementærfarge til cyan.

Raudfargen til himmelen ved solrenning og soleglad er ei følgje av rayleighspreiing av sollyset. Raudfargen i jord og berg som Grand Canyon kjem av hematitt eller raud oker, begge former av jernoksid. Jernoksid er også det som gjev planeten Mars raudfarge. Raudfargen til blod kjem frå proteinet hemoglobin, medan plantar som mogne jordbær, raude eple og raudt haustlauv er farga av antocyanin.[2]

Raud
 
Color icon red

Spektrale koordinatar
Bølgjelengdca. 625–740 [1] nm
Frekvens~480–400 THz
HTML-farge#FF0000
sRGBB  (r, gb)(255, 0, 0)
B: Normalisert til [0–255] (byte)

Fysikk

Raudt lys har den lågaste frekvensen som menneskeauget kan sjå. Bølgjelengda er rundt 630-760 nm. Ein lågare frekvens gjev infraraudt lys, som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er på grunn av dette den ytste fargen i regnbogen.

Mange fiskar og skaldyr ser raude ut når dei kjem opp frå havet. Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede på djupet.

Oksidert jern gjev òg ein raud farge, som me mellom anna kan sjå i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin.

Funksjon

Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i trafikklys og som raudt kort på fotballbanen, eller berre vera åtvarande, som på brannbilar eller raud fluesopp.

Symbolikk

Lukke

RoosterHarbingerOfDawn
Ein raud hane varslar om det nye kinesiske haneåret.

Det knyter seg sterk symbolikk til fargen, både gammal og ny. I India og Kina blir han sett på som svært lykkebringande. Det er vanleg for ei brur i begge landa å bera raudt når ho giftar seg, og feiringa av det kinesiske nyttåret inneber så mykje bruk av raudt ein kan.

Blod

Raudt er fargen til blod, og han blir derfor rekna som livsens farge, men òg til ulukker, som i symbola til Raudekrossen. Sambandet mellom krigsguden Mars og den raude planeten Mars har gjort raud til ein farge for krig og vald. Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.

Kyrkje

I kristen tradisjon har fargen vore eit symbol på kjærleik, lidenskap og seksualitet, slik at mellom anna Maria Magdalena framstilla som ei synderinne ofte ber raudt. Men som liturgisk farge er raudt symbol for kyrkja og den heilage anden, og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av martyrar.

Revolusjon

I moderne tid er raudt blitt fargen til venstresida, og er blitt brukt av fleire grupper, frå arbeidarrørsla til revolusjonære geriljagrupper. Den raude stjerna og det raude flagget er døme på dette.

Kjelder

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Georgia State University Department of Physics and Astronomy. «Spectral Colors». HyperPhysics site. Henta October 20, 2017.
  2. Archetti, Marco; Döring, Thomas F.; Hagen, Snorre B.; Hughes, Nicole M.; Leather, Simon R.; Lee, David W.; Lev-Yadun, Simcha; Manetas, Yiannis; Ougham, Helen J.; Schaberg, Paul G.; Thomas, Howard (2011). «Unravelling the evolution of autumn colours: an interdisciplinary approach». Trends in Ecology & Evolution 24 (3): 166–73. PMID 19178979. doi:10.1016/j.tree.2008.10.006.
Arbeidernes kommunistparti

Arbeidernes kommunistparti (AKP) var eit norsk kommunistisk parti frå 1973 til 2007. AKP har aldri stilt til val, men oppretta i si tid Raud Valallianse saman med andre sosialistiske rørsler og enkeltpersonar, for at RV skulle representere partiet i val. RV vart i 1991 ein sjølvstendig partiorganisasjon, men vart i 2007 slege saman med AKP i det nye partiet Raudt.

Akp gav ut tidsskriftet Rødt!, tidlegare Røde Fane. Partiet gav òg dei siste åra ut ei månadleg gratisavis med namnet akp.no. Avisa Klassekampen har vore sterkt knytt til partiet, og AKP var fram til nedlegginga av partiet største aksjonær i avisa.

Ungdomsfylkinga til AKP heitte Raud Ungdom. Raud Ungdom har no slutta seg til det nye partiet.

Det norske flagget

Det norske flagget er Noreg sitt nasjonalflagg. Det inneheld ein mørkeblå kross med kvite kantar på raud botn. Den vertikale krossarmen er forskyvd mot flaggstonga etter mønster av dei eldre skandinaviske flagga.

Handelsflagget har tilhøvet 22:16 og statsflagget har tilhøvet 27:16.

Raudfargen skal vere PMS 032 U og blåfargen PMS 281 U i Pantone-fargesystemet. Dette tilsvarar omtrent #ED2939 (raud) og #002664 (blå) i RGB-systemet.

Eple

Eple er frukta på apalen (Malus spp.). Det høyrer til rosefamilien. Det finst over 7000 ulike eplesortar som alle stammar frå det sure villeplet.

Modne eple kan vera raude, gule eller grøne.

Fønikia

Fønikia var ein semittisk sivilisasjon som i oldtida låg langs kysten av det som i dag er Syria og Libanon, nord i det gamle Kanaan, mellom Libanonfjella og Middelhavet. Dei fønikiske handelsrutene gjekk frå hamnebyane Sidon, Byblos og Tyr og førte varer og fønikisk kultur til Kypros, Kreta, Kartago og andre stader ved Middelhavet.

Fønikia var ein maritim handelskultur som spreidde seg rundt om i Middelhavet i det første årtusenet før vår tidsrekning. Folket som levde i Fønikia, kalla seg sjølv Kananene, mens namnet Fønikia er danna av det greske Foiniki - Φοινίκη, «det raude folket», etter ordet foinos som tyder «raud», fordi fargestoffa purpur og karmosinraudt vart produsert der.

Fønikarane la tuftene til byen Karthago, som etter kvart vart ein stormakt og erobra dei andre koloniane til fønikarane i det vestlege Middelhavet. Seinare vart byen øydelagt av romarane.

Hordaland fylke

Hordaland fylke er eit fylke i Noreg. Fylket ligg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Telemark og Buskerud.

Hordaland fylke vert ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland er det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane har grenser til hav. Bergen er den største byen i fylket og er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket er Leirvik og Odda.

Fylkesvåpenet til Hordaland fylke er to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet er laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.

Japansk

Japansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka i Japan. Det utgjer den eine greina av ein språkfamilie som også omfattar ryukyu-språka som blir snakka på Ryukyu-øyane. Det er mange teoriar om slektskap mellom japanske og andre språk, mellom anna med koreansk og altaiske språk, men det er ikkje haldbare argument for nokon av desse slektskapsteoriane. Japansk blir snakka av 130 millionar menneske.

Julebrus

Julebrus er ei nemning for ulike typer brustypar som tradisjonelt blir selde og drukne i tida rundt jul i Norge. Julebrus er stort sett raud eller meir brunleg, men det finst også grøne og gule brusar.

Laks

Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengt inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er Venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil. Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

Det vert drive sportsfiske etter laks.

Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

Raud Ungdom

Raud Ungdom er ungdomsfylkinga til Raudt, og er ein revolusjonær, feministisk organisasjon som organiserer ungdom til kamp for sosialisme, med mål om eit klasselaust samfunn: kommunisme.

Fram til 2007 då Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes kommunistparti (Akp) saman danna Raudt hadde Raud Ungdom to moderparti, og har difor tradisjonelt vore meir sjølvstendige og lausrivne enn det som har vore vanleg for andre politiske parti sine ungdomsorganisasjonar.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom.

Raud Valallianse

Raud Valallianse (RV) var eit norsk politisk parti frå 1973 til 2007. 10. mars 2007 vart det slått saman med AKP til det nye partiet Raudt. Det nye partiet heldt på namnet Raud Valallianse fram til etter Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007, fordi partiet elles etter vallova ville vera for nytt til å delta i val.

RV starta som ein samanslutnad av Arbeidaranes Kommunistparti (Akp), uavhengige sosialistar og mindre sosialistiske og revolusjonære grupperingar som ikkje fullt ut anerkjende eller stolte på det parlamentariske systemet i Noreg, og difor ikkje ville stille til val med eigne organisasjonar. Samanslutnaden vart skipa i 1973, og fekk seinare gradvis fått meir og meir preg av ein fast partiorganisasjon med eigne medlemmer og samla partiprogram. I 1991 vart RV offisielt ein sjølvstendig medlemsorganisasjon, men hadde framleis tette band til Akp.

Under Stortingsvalet 2005 argumenterte RV med at det trongst ein venstreopposisjon viss det raudgrøne alternativet fekk regjeringsmakta. Likevel vart valet eit nederlag for partiet, og RV fekk ikkje representasjon på Stortinget.

Torstein Dahle var leiar i RV frå 2003 til 2007, og vart i 2007 vald som leiar for Raudt.

Ungdomsfylkinga til Raud Valallianse var Raud Ungdom. Raud Ungdom held fram som eigen organisasjon, og er no ungdomsorganisasjonen til Raudt.

Raud blodlekam

Raude blodlekamar eller raude blodceller er den vanlegaste blodlekamen. Han er den viktigaste reiskapen for oksygentransport i blodet hos virveldyra.

Raude blodlekamar er òg kjende som erytrocyttar (frå gresk erythros for 'raud' og kytos som opphavleg tyda '(å vera) hol', til cyte som no tydar 'celle'). Ein schistocytt er ein raud blodlekam som blir delt.

Raud kjempe

Raude kjemper er stjerner som har brent opp hydrogenet i kjernen og har starta med å brenna hydrogen i eit skal utanfor. Som ein konsekvens av dette utvider stjerneatmosfæren seg, og den effektive temperaturen til atmosfæren søkk til mellom 2000 og 4000 K, slik at stjerna no framstår raudaktig.

Raude kjemper har spektralklasse K og M og ligg oppe til høgre i Hertzsprung-Russell-diagrammet. Dei har diametrar ti til 1000 gonger diameteren til sola. Stjernene Arcturus og Aldebaran er døme på raude kjemper.

Raude kjemper er ofte variable stjerner, med saktepulserande overflatelag. Grunna dei store radiusane til raude kjemper, fell tyngdekrafta mykje i dei ytre laga, slik at stjernevind tek med seg mykje materiale og kan danna planetariske tåker.

Raudt

Raudt (R) er eit norsk sosialistisk parti. Partiet var stifta i 2007, etter at Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og Raud Valallianse (RV) var avvikla for å samle kreftene på ytste venstrefløy i Noreg i eit nytt politisk parti. Raud Ungdom heldt fram som ungdomsorganisasjonen til partiet Raudt.

Bjørnar Moxnes er partileiar frå 2012. Marie Sneve Martinussen og Silje Josten Kjosbakken er høvesvis første og andre nestleiar. Benedikte Pryneid Hansen er partisekretær. Leiaren i Raud Ungdom er Tobias Drevland Lund.

Ved stortingsvalet i 2017 vart leiaren i partiet, Bjørnar Moxnes, valt inn frå Oslo. Raudt fekk 2,4 prosent av stemmene på landsplan, mot 1,3 prosent i 2013. I Oslo fekk partiet 6,3 prosent, mot 3,2 prosent i 2013.

Riksveg

Oppslagsordet Rv er omdirigert hit. Om du leitar etter partiet RV, sjå Raud Valallianse.Riksveg er ein type veg som typisk blir driven av statlege styresmakter og som bind landsdelar eller land saman. Denne typen veg finst i fleire land under ulike namn, reglar og vegmerking.

Sola

Sola er stjerna som ligg i sentrum av solsystemet. Jorda og andre himmellekamar, som planetar, asteroidar, meteoroidar, kometar og støv, går i bane rundt sola. Sola står for meir enn 99 % massen i solsystemet og energien som ho ståler ut støttar nesten alt liv på jorda gjennom fotosyntese. Varmen frå sola er den drivande krafta i klimaet og vêret på jorda, og ho står for 1/3 av tidvasseffektane, resten står månen for. Gjennom solstrålane er ho hovudkjelda for det meste av energien ein bruker på jorda, og mange kulturar har derfor vyrdt sola som ein guddom.

Sola er sett saman av 74 % hydrogen, 25 % helium, mens resten er spor av tyngre grunnstoff. Sola er ca. 4,6 milliardar (109) år gammal og omtrent midt i hovudserien. Ved fusjon vert omtrent 700 millionar tonn hydrogen gjort om til 695 millionar tonn helium i sekundet, mens 5 millionar tonn vert gjort om til elektromagnetiske bølgjer, i hovudsak gammastråling. Sola vil fortsetje med dette i ca. 5 milliardar år til før ho vert ei raud kjempe, og deretter endar kjernen som ein kvit dverg som gradvis vert kjølt ned over milliardar av år. Samtidig kastast dei ytre laga av som ei planetarisk tåke som vert strødd ut og er synleg i nokre titusen år.

Sola brenn om lag 25 % meir lyssterkt no enn då solsystemet var ungt. (Dette kunne fått store konsekvensar for livet på planeten vår, men takk vere små, eincella skaldyr som foraminifar, som absorberer karbondioksid når regn fører det med seg ut i havet, påverkar ikkje den auka varmestrålinga klimaet på jorda.)

Strekfarge

Strekfargen (eller berre strek eller pulverfarge) av eit mineral er fargen på pulveret som blir danna når mineralet blir dratt over ei ru overflate. I motsetning til fargen på mineralet, som kan variere mykje, er fargen på pulveret generelt meir einsarta for eit gitt mineral. Det er derfor eit viktig diagnostisk verktøy i identifisering av mineral.

Dersom det ikkje er nokon tydeleg strekfarge, er strekfargen rekna for å vere kvit eller fargelaus.

Strekfarge er spesielt viktig for å indentifisere opake og farga mineral. Han er minst brukbar for silikatmineral der dei fleste har ein kvit strekfarge og er for harde til at ein lett kan stryka laus pulver.

Fargen på eit mineral kan variere særs mykje på grunn av sporstoff eller ein litt endra krystallstruktur (f.eks. på grunn av gitterfeil). Små mengder sporstoff eller ureiningar som absorberer sterkt ved ei bestemt bølgelengd kan lett endre bølgelengda til reflektert lys og slik endre fargen på mineralet. Når ein derimot dreg prøva for å lage ein strek, blir mineralet brote ned til eit pulver av tilfeldig orienterte mikrokrystallar. Ein liten del av sporstoff vil ikkje påverke absorpsjonen av lys i særleg stor grad.

Ei overflate ein drar mineralet over blir kalla ei strekplate. Desse er oftast laga av porselenskiver utan glasur. Dersom ein ikkje har ei strekplate tilgjengeleg, kan ein nytte ei vanleg sikring, undersida av ein vase eller ei skål av porselen der det ikkje er glasur, eller baksida av ei keramisk veggflis. Nokre gongar kan strekfagen vere lettare eller meir nøyaktig å skildrre om ein samanlikner han med streken på ei anna strekplate.

Fordi streken på strekplata kjem frå mineralet som er knust til eit pulver, kan ein berre lage ein strek av mineral som er mjukare enn strekplata. Dersom ein nyttar uglasert porselen er det rundt 7 på Mohs hardleiksskala. Dersom ein har eit hardare mineral, kan ein finne pulverfargen ved å file eller knuse ei lita prøve med ein hammar. Dette pulveret gnirr ein så på strekplata. Dei fleste mineral med hardleik over 7 har ein kvit strek som er til lita hjelp.

Nokre mineral, som cinnabaritt (sinober) og azuritt, har ein strekfarge som er lik den naturlege fargen på mineralet. Andre mineral, som fluoritt (flusspat), har alltid ein kvit strekfarge sjølv om sjølve mimeralet kan opptre i rosa, blå, gule eller grøne krystallar.

Hematitt (jernglans) ser svart ut, men har ein raud strekfarge som har gitt opphav til namnet. Hematitt kjem frå gresk haima, som tyder 'blod'. Mineralet blyglans, som ser ut som hematitt, har derimot ein grå strekfarge.

Sør-Trøndelag fylke

Sør-Trøndelag fylke er eit tidlegare fylke i Noreg, som utgjorde den sørlege delen av Trøndelag. Fylket grensa i sør til Hedmark og Oppland, i sørvest til Møre og Romsdal, i nord til Nord-Trøndelag og austom svenskegrensa til Jämtlands län. Største by og administrasjonssenter i fylket var Trondheim.

Fylket vart oppretta i 1804, da Trondhjems amt vart kløyvd til Nordre og Søndre Trondhjems amt. Sistnemnde endra i 1919 namn til Sør-Trøndelag fylke, som stammar frå norrønt þrǿndalǫg, av folkenamnet þrǿndr, og lǫg, 'lovområde, trønderanes lovområde'. Den siste endringa av fylkesgrensa var i 1966, da Innset sokn var ført over frå daverande Kvikne kommune i Hedmark til Rennebu kommune. Fylkesvåpenet hadde to krosslagde raude øksar som er dekt over med ein raud krosstav mot gull bakgrunn. Det er teikna etter seglet til Gaute Ivarsson, som var erkebiskop av Nidaros i 1475–1510.

27. april 2016 vart det vedteke av fylkespolitikarane i Nord- og Sør-Trøndelag at dei ønskte slå saman dei to fylka til eitt. 8. juni fekk samanslåinga ja frå Stortinget. 1. januar 2018 vart fylket slått saman med Nord-Trøndelag fylke att til Trøndelag fylke.

Vestfold fylke

Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er det fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for fylkesmannen og fylkestinget ligg i Tønsberg.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og blei godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.

Vin

Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som til dømes sukker), gjærkultur og andre ingrediensar. Denne prosessen vert kalla vinifikasjon. Den klassiske vinen er laga av druer, og er oftast raud eller kvit, avhengig av ingrediensar og framstillingsmåte. Det vert òg laga rosévin, som kan vera frå klårt raud til svakt rosa i fargen. Vin kan dessutan lagast av ei rekkje andre frukter eller bær.

Det som skil musserande vin frå ikkje-musserande vin, er at han inneheld koldioksid som lager sprudlande bobler. Skilnaden mellom sterkvin og aromatisert vin ligg i alkoholinnhaldet og aromaframstillingar. Vin vert delt inn i tre kategoriar: tørr, halvtørr eller søt. Hovudsakleg inneheld vin mellom 8,5 og 14 volumprosent alkohol, men strengt teke finst det vin med alt mellom 5,5 volumprosent og 22 volvolumprosent alkohol. Dersom vinen inneheld mellom 15 og 22 volumprosent alkohol vert han kalla sterkvin. Allereie kring 6000 fvt. vart druer dyrka for å laga vin.

Det er i fylgje norsk lov 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke vin med alkoholinnhald på mellom 2,5 og 21 %. Vin blir seld på Vinmonopolet.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.