Provinsen Pontevedra

Pontevedra er ein provins på kysten av Atlanterhavet nordvest i Spania, sørvest i den autonome regionen Galicia. Han grensar til provinsane La Coruña, Lugo og Ourense og til Portugal.

Provinsen har opp under ein million innbyggjarar. Om lag 8 % av desse bur i provinshovudstaden Pontevedra, som ikkje er den største byen. Den største byen er Vigo med om lag 300 000 innbyggjarar. Provinsen har totalt 62 kommunar.

Provincia de Pontevedra, España

Kjelder

Koordinatar: 42°30′N 8°30′W

Arousa

A Illa de Arousa (spansk La Isla de Arosa) er den einaste øykommunen i Galicia i Spania. Han ligg i provinsen Pontevedra.

Catoira

Catoira er ein kommune i provinsen Pontevedra i Galicia i Spania.

Festivaler i Catoira er Festa da parroquia de Oeste, òg kalla Festas de Santabaia, andre søndagen i august. Første søndagen i august er Romaría Vikinga.

Elva Minho

Minho er den lengste elva i Galicia i Spania med ei lengd på 308 km.

Namnet vert skrive Minho på portugisisk og Miño på galisisk og spansk. Begge namna kjem frå det latinske Minius. Minho gjev vatn til vingardar og jordbruksområde og vert nytta til produksjon av vasskraft. Ho renn òg langs delar av grensa mellom Spania og Portugal.

Kjelda til Minho ligg om lag 50 km nord for Lugo i Galicia. Elva renn like sør for murane til denne gamle romarbyen og renn sørover gjennom kløfter før dalen vert breiare nord for Ourense. Elva er gjort om til reservoar frå Portomarín til Frieira. I elva finn ein følgjande reservoar: Belesar med 654 hm³, Peares med 182 hm³, Velle med 17 hm³, Castrelo med 60 hm³ og Frieira med 44 hm³.

Tjue kilometer nord for Ourense, ved Os Peares, mottar Minho vatn frå den største sideelva si, Sil. Ho renn gjennom Ourense og renn sørvestover til ho når den portugisiske grensa nær Melgaço. Det er ei stor demning ved Frieira nær byen Ribadavia, som er kjend for vinen Ribeiro.

Den portugisiske delen av Minho deler landet i to i om lag 80 km. Dalen er eit frodig jordbruksområde der det vert dyrka korn, poteter, kål eller berre gras, avhengig av tida på året. Overalt inn i mellom jordbruksområda elvane og hagane finn ein vinrankane, som vert nytta til den lett muserande Vinho Verde. Den beste av desse, Alvarinho, vert produsert i området rundt Monção og Melgaço.

Etter å ha passert mellomalderbyane Melgaço og Monção renn Minho med den spanske byen Tui og den portugisiske Valença do Minho på kvar side. Begge byane har bevarte festningsverk og er nasjonalmonument. Minho munnar ut i Atlanterhavet nær Caminha.

Galicia i Spania

Galicia er ein autonom region nordvest i Spania med status som historisk region og eit av dei første kongedøma i Europa. (Kongedømet Galicia). Regionen er delt inn i provinsane A Coruña, Lugo, Ourense og Pontevedra. Han grensar til Portugal i sør, dei spanske regionaen Castilla y León og Asturias i aust, Atlanterhavet i vest og Biscayabukta i nord.

Pontevedra

Pontevedra (stundom skrive Ponte Vedra) er ein by nordvest i Spania. Han er provinshovudstaden i provinsen Pontevedra i Galicia og har kring 80 000 innbyggjarar.

Rías Baixas

Rías Baixas (tyder «Nedre Ria») er ein del av Costa del Marisco ut mot Atlanterhavet i den sørlege delen av Galicia i Spania. Kyststrekninga ligg langs den sørlege delen av provinsen A Coruña og heile provinsen Pontevedra. I sør grenser Rias Baixas til Portugal og endar ved Kapp Finisterre i nord.

Vigo

Vigo er den største byen i Galicia i Spania, og ligg i provinsen Pontevedra.

Han har opp mot 300 000 innbyggjarar og eit storbyområde på kring 470 000 innbyggjarar, som er det fjortande største i Spania. Vigo er den største byen i Spania som ikkje er provinshovudstad.

Øyar i Spania

Dette er ei liste over øyar i Spania.

Balearane

Mallorca

Minorca

Ibiza

Formentera

Cabrera

Og fleire mindre øyar som Conillera, Dragonera og Es Vedra

Kanariøyane

Gran Canaria

Tenerife

La Palma

Lanzarote

Fuerteventura

La Gomera

El Hierro

Og dei to mindre øyane Alegranza og Graciosa, samt den vesle øya Lobos

Plazas de Soberanía i Gibraltarsundet

Alborán

Den vesle øygruppa Chafarinas

Perejil

Peñón de Alhucemas

Nokre kystøyar som høyrer til provinsane på fastlandet

Islas Cíes i provinsen Pontevedra i Galicia

Isla de Tarifa, det sørlegaste punktet i Vest-Europa

Tabarca utanfor kysten av Alicante, den minste busette øya i Spania

Columbretesøyane

Illes Medes utanfor Costa Brava

Elva Guadalquivir

Isla de la Cartuja

Provinsar i Spania
Flag of Spain

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.