Prince Edwardøyane

Prince Edwardøyane er to småøyar i det subantarktiske Indiahavet som er ein del av Sør-Afrika. Øyane heiter Marion Island og Prince Edward Island.

Øyane i gruppa har status som spesielt naturreservat i Sør-Afrika, så all aktivitet på øyane er avgrensa til forsking og bevaring.[1][2] Den einaste busetnaden på øyane er mannskapet på ein meteorologisk og biologisk forskingsstasjon driven av Det sørafrikanske nasjonale antarktisprosjektet på Marion Island.

Prince Edwardøyane
øy
Prince Edward Islands, EO-1 ALI satellite image, 5 May 2009
Land Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Stad Indiahavet
 - koordinatar 46°46′23″S 37°51′9″E
Høgaste punkt Mascarin Peak
 - høgd 1 242 moh.
Areal 335 km²
Folketal Ingen
Jorda sentrert kring Prince Edwardøyane
Jorda sentrert kring Prince Edwardøyane

Geografi og geologi

PrEdwIsl Map
Kart over Prince Edwardøyane

Øygruppa ligg kring 1760 km søraust for Port Elizabeth på fastlandet i Sør-Afrika. Marion Island (46°54′45″S 37°44′37″E) er den største av dei to og er 25,03 km lang og 16,65 km brei med eit areal på 290 km² og ei kystlinje på om lag 72 km, det meste med høge klipper. Det høgaste punktet på Marion Island er Mascarin Peak (tidlegare State President Swart Peak), med ei høgd på 1242 moh. Boot Rock er om lag 150 meter høg og ligg utanfor nordkysten.

Prince Edward Island, South Africa, EO-1 ALI satellite image, 5 May 2009
Prince Edward Island

Prince Edward Island (46°38′39″S 37°56′36″E) er ei mykje mindre øy på 45 km², 10,23 km lang og 6,57 km brei, og ligg om lag 12 nautiske mil (22 km) nordaust for Marion Island. Ved Van Zinderen Bakker Peak nordvest for midten av øya er øya 672 meter over havet.[3] Det ligg nokre holmar og skjer langs nordkysten av øya, som Ship Rock 100 meter nord for det nordlegaste punktet og Ross Rocks 500 meter frå kysten.

Marion Island, South Africa, EO-1 ALI satellite image, 5 May 2009
Marion Island

Begge øyane har vulkansk opphav. Marion Island er toppen av ein stor undersjøisk skjoldvulkan som stig om lag 5000 meter opp frå djuphavet til toppen av Mascarin Peak. Vulkan er aktiv og har hatt utbrot mellom 1980 og 2004.[4]

Klima

Øyane ligg midt i lågtrykksbanen til lågtrykka som året rundt går austover på den sørlege halvkula, og dette gjev dei uvanleg kjølig og vindfullt klima. Det er kraftig vind nesten kvar dag, og den rådande vindretninga er nordvestleg. Den normale årsnedbøren er 2400 mm og opp til over 3000 mm på Mascarin Peak. Det regnar i snitt 320 dagar i året (kring 28 dagar kvar månad), og øyane er av dei mest skya stadane i verda med kring 1300 soltimar i året på austsida av Marion Island, men berre kring 800 timar utanfor kysten og den våte vestsida av øyane. Sommaren og vinteren har mykje likt klima med kald vind og fare for snø og frost til alle tider av året. Middeltemperaturen i februar (midtsomars) er 8,3 °C og i august (midtvinters) 3,9 °C.[5][6]

Plante- og dyreliv

I dette kalde klimaet er plantelivet avgrensa til gras, mosar og lav, medan ein av dyreliv finn store bestandar av sjøfuglar, selar og pingvinar.[7] Farvatnet kring øyane vert ofte vitja av fleire artar kval, særleg spekkhoggarar, som lever på pingvinar og selar. Dyrelivet er særleg sårbart for innførte artar, og eit særleg problem har vore kattar. I 1949 vart fem huskattar førte til Marion Island for at dei skulle ta seg av problem med mus på stasjonen. Kattane formeirte seg raskt, og i 1977 var det kring 3400 kattar på øya som levde på petrellar i staden for mus og trua med å utrydde fuglane på øya. Somme petrellartar vart faktisk utrydda, og det vart sett i gang ein plan for å utrydde kattane. Nokre få kattar vart infisert med eit virus, og dette reduserte kattebestanden til kring 600 i 1982.[8] Kattane som var att, vart jakta på og skotne, og i 1991 vart berre åtte kattar fanga over ein periode på 12 månadar. Ein trur at kattane i dag er heilt borte frå øya.

Historie

Edward, Duke of Kent and Strathearn by Sir William Beechey
Prins Edward, som øyane er kalla opp etter.

Øyane vart oppdaga den 4. mars 1663 av Barent Barentszoon Lam på det nederlandske skipet «Maerseveen» og vart kalla «Dina» (Prince Edward) og «Maerseveen» (Marion).[9][10] I januar 1772 vitja Marc-Joseph Marion du Fresne øyane[11] og brukte fem dagar i eit forsøk på å gå i land i den tru at han hadde funne Antarktis (som ein då ikkje hadde oppdaga enno). Han kalla øyane Terre de l'Espérance (Marion) og Ile de la Caverne (Pr. Edward).[10] I 1776 møtte ekspedisjonen hans, som var leia av den nestkommanderande Jules Crozet etter at du Fresne var død, James Cook i Cape Town. Cook segla så mot øyane, men klarte heller ikkje å gå i land på grunn av dårleg vêr. Cook kalla[11][12] den minste øya opp etter prins Edward, den fjerde sonen til kong Georg III, og gav den største øya namn etter Marc-Joseph Marion du Fresne.

Første gong nokon gjekk i land på øyane, var seint i 1803 då ei gruppe selfangarar leia av den amerikanske kapteinen Henry Fanning på «Catharine».[13] Desse selfangarane fann derimot spor etter tidlegare busetnader, truleg andre selfangarar. James Clark Ross vitja øyane i 1840, men klarte ikkje å gå i land. Øyane vart endeleg kartlagde av kaptein George Nares i 1873.

I 1908 tok britiske styresmakter eigarskap over øyane og gav William Newton rettar til å ta ut guanoførekomstar dei neste 21 åra. I 1908 oppretta stranda jegerar ein busetnad på nordkysten kalla Fairbairn Settlement. I 1926 gav britane eit selselskap løyve til å jakte på sel på øyane dei ti neste åra.

Seint i 1947 og tidleg i 1948 annekterte Sør-Afrika øyane etter ein avtale med britane og oppretta ein meteorologisk stasjon i Transvaal Cove på nordaustkysten av Marion Island. Forskingsstasjonen vart raskt utvida, og i dag forskar ein på biologi på øyane, særleg fuglar (pingvinar, petrellar, albatrossar, måsar) og selar. I dag heiter forskingsstasjonen RSA Marion Station.[14]

Den 22. september 1979 skjedde Vela-hendinga. Ein av dei amerikanske Vela-satellittane som vart nytta til å overvake eit delvis forbod mot atomprøvesprengingar, registrerte ei hending nær Prince Edwardøyane som hadde det karakteristiske dobbeltglimtet ein får ved små atomprøvesprengingar. Det har aldri vorte stadfesta kva dette var.

Rettsleg status

Sør-Afrika gjorde krav på Marion Island og Prince Edward Island med ein styrke frå den sørafrikanske marinen frå HMSAS «Transvaal» kommandert av John Fairburn den 29. desember 1947 og 4. januar 1948.[13] 1. oktober 1948 vart annekteringa offisiell då generalguvernør Gideon Brand van Zyl signerte Prince Edwardøyane-lova i 1948. Med denne lova kom øyane inn under styret til Cape Town og sørafrikansk rett.

Sjå òg

Kjelder

  1. Cooper, John (2006). «Antarkter eiND øyar - Background Research Paper produced for the South Africa Environment Outlook report on behalf av Department of Environmental Affairs and Tourism» (PDF). s. 6. Henta 7. november 2012.
  2. 1993 United Nations list of national parks and protected areas. World Conservation Monitoring Centre, International Union for Conservation of Nature and Natural Resources, Commission on Natural Parks and Protected Areas, United Nations Environment Programme. 1993. s. 173. ISBN 2-8317-0190-2.
  3. Peakbagger - Van Zinderen Bakker Peak, Sør-Afrika
  4. «Marion Island». Global Volcanism Program. Henta 7. november 2012.
  5. General Survey of Climatology, V12 (2001), Elsevier
  6. GISS Climate data averages for 1978 to 2007, source - GHCN
  7. «Southern Indian Ocean Islands tundra». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund.
  8. K Berthier, M Langlais, P Auger, D Pontier (22. oktober 2000). «Dynamics of a feline virus with two transmission modes within exponentially growing host populations». BioInfoBank Library.
  9. Rubin, Jeff (2008). Antarktis. Lonely Planet. s. 233. ISBN 978-1-74104-549-9.
  10. 10,0 10,1 «Marion Island, South Indian Ocean». Btinternet.com. 29. juni 2003. Arkivert frå originalen 2012-07-29. Henta 7. november 2012.
  11. 11,0 11,1 Keller, Conrad (1901). «XXII - The Prince Edward Isles». Madagaskar, Mauritius and the other East-African Islands. S. Sonnenschein & Co. s. 224–225. Henta 7. november 2012.
  12. James Cook
  13. 13,0 13,1 «Marion Island - History». Sanap.ac.za. Henta 7. november 2012.
  14. «Google Maps». Maps.google.com. 1. januar 1970. Henta 7. november 2012.

Bakgrunnsstoff

Antarktiske og subantarktiske øyar

Dette er ei liste over antarktiske og subantarktiske øyar.

Subantarktis øyar er øyar kring Antarktis som ligg nord for og nær Den antarktiske konvergensen.

Antarktiske øyar er øyane kring Antarktis like sør for Den antarktiske konvergensen, altså det som faktisk vert rekna som Antarktisregionen.I følgje vilkåra i Antarktistraktaten er ingen krav på landområde sør for 60 °S stadfesta. Dette omfattar somme av dei antarktiske øyane, men ingen av dei subantarktiske øyane.

Bouvetøya

Bouvetøya (fransk Île Bouvet, tidlegare Liverpool Island) er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.

Øya vart først oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som første person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den første Norvegia-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Etter at britane protesterte og vart erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg i underkant av 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring.

Bøylepingvin

Bøylepingvin, tidlegare eselpingvin, er ein pingvin kjenneteikna av ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit sterkt oransjefarga nebb.

Bøylepingvinen er den raskaste undervassymjaren blant pingvinane, og kan kan nå djupner på 170 meter. Han er den tredje største pingvinarten, etter keisar- og kongepingvin. Saman med adeliepingvin og ringpingvin utgjer bøylepingvinen slekta Pygoscelis.

Crozetøyane

Crozetøyane (fransk Îles Crozet eller offisielt Archipel Crozet) er ei subantarktisk øygruppe sør i Indiahavet. Dei utgjer ein av fem administrative distrikt i Dei franske sørterritoria.

Den antarktiske konvergensen

Den antarktiske konvergensen er den antarktiske polare frontsonen, det vil seie polarfronten på den sørlege halvkula. Ved den antarktiske konvergensen møter kalde antarktiske vassmasser dei varmare subantarktiske vassmassene. Fenomenet finst langs ei linje rundt Antarktika, i Atlanterhavet og Indiahavet kring 50 ºS og i Stillehavet noko lenger sør, kring 60 ºS, men posisjonen til frontsonen varierer både gjennom året og frå år til år.

Kaldt overflatevatn frå Sørishavet søkk under det varmare og dermed lettare vatnet frå dei sørlege delane av Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet. Denne sonen er 32 til 48 km brei, og blandinga av vassmassane fører til stor marin produktivitet, spesielt for antarktisk krill. Når vatnet søkk spreiar det seg nordover i ei djupne på kring 1000 meter. I Atlanterhavet kan ein spore dette vatnet heilt nord for ekvator sidan det har lågt saltinnhald.

Polarfronten på den nordlege halvkula skapar ikkje dette fenomenet på grunn av landmassane som omkranser den polaren regionen.

Den antarktiske konvergensen er ikkje berre eit skilje mellom to hydrologiske regionar, men han separerer òg område med særeige marint liv og ulike klima.

Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, Bouvetøya, Heard- og McDonaldøyane ligg sør for den antarktiske konvergensen.

Kerguelen ligg omtrent på konvergensen, medan Falklandsøyane, Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Île Amsterdam, Île Saint-Paul, Tierra del Fuego og Macquarieøya ligg nord for konvergensen.

Edward Augustus, hertug av Kent og Strathearn

Prins Edward Augustus, hertug av Kent og Strathearn (2. november 1767–23. januar 1820) var ein britisk prins, den fjerde sonen av kong Georg III og Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Han var far til dronning Victoria.

Edward blei hertug av Kent og Strathearn og jarl av Dublin den 23. april 1799, same året som han blei øvstkommanderande for dei britiske styrkane i Nord-Amerika. 23. mars 1802 blei han utnemnd til guvernør av Gibraltar, ein tittel han heldt fram til han døydde. Hertugen blei utnemnd til feltmarskalk (Field-Marshal of the Forces) 3. september 1805.Prins Edward var det første medlemmet av den britiske kongefamilien som budde i Nord-Amerika over ein lengre periode (1791–1800). I 1794 blei han den første prisen til å vitja USA etter sjølvstendet. I nyare tid er han blitt omtalt som «far til den kanadiske krona» for innverknaden sin på utviklinga av Canada. Han skal også ha vore den første som nytta omgepet «kanadiar» om både franske og engelske busetjarar i øvre og nedre Canada den 27. juni 1792, i eit forsøk på å roa opptøyar mellom dei to gruppene.I 1818 gifta Edward av Kent seg med enkeprinsessa av Leiningen, Viktoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld. Dei fekk ei dotter, den seinare dronning Viktoria, som blei fødd i 1819. Mindre enn eit år seinare, den 23. januar 1820, døydde prinsen av lungebetennelse. Han blei gravlagd i St. George's Chapel ved Windsor Castle. Far hans, Georg III, døydde seks dagar seinare. Broren Vilhelm IV blei ny konge, men ettersom ingen av dei eldre brørne hadde overlevande ektefødde barn blei Viktoria dronning etter Vilhelm.

Fleire stader er kalla opp etter prinsen, mellom anna Prince Edward Island i Canada og Prince Edward Island, ei av Prince Edwardøyane, i Sør-Afrika.

Geografiske ytterpunkt i Antarktis

Dette er ei liste over geografiske ytterpunkt i Antarktis.

Gråhovudalbatross

Gråhovudalbatross, Thalassarche chrysostoma, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Han har ein sirkumpolar utbreiing, hekkar på isolerte øyar i Sørishavet og beitar ved høge breiddegradar lenger sør enn nokre av dei andre Thalassarche-albatrossane. Arten har fått namnet av den oskegrå farga på hovud, strupe og øvre hals.

Namnet chrysostoma er sett saman av to greske ord. 'Khrusos' tyder gull og 'stoma' tyder munn, ein referanse til det gylne nebbet.

Kjempepetrellar

Kjempepetrellar er dei største petrellane som finst. Dei er sjøfuglar på den sørlege halvkula og har felles hekkeområde på Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen, Macquarieøya og Sør-Georgia, sørkjempepetrellen òg så langt sør som på Antarktis. Dette er ei slekt, Macronectes i familien Procellariidae, eigentlege stormfuglar, med to artar, sørkjempepetrell og nordkjempepetrell.

Kjempepetrellane var lenge rekna som ein art, dei vart aksepterte som to artar i 1966. Saman med havhest, sørhavhest, antarktispetrell, flekkpetrell og snøpetrell utgjer dei ei distinkt gruppe av eigentlege stormfuglar, kalla havhestar.

Namnet kjempepetrell passar desse fuglane. Sørkjempepetrellen er noko større enn slektningen, 3-8 kg og 180-210 cm i vengespenn og 86-100 cm i kroppslengd. Tilsvarande data for nordkjempepetrellen er 3-5 kg, 150-210 cm og 80-95 cm. Hannar er signifikant større og tyngre enn hoer. Overflatisk kan dei minne om albatrossar, og dei er einaste ekte stormfuglar som kjem opp i samsvarande storleik. Men dei kan lett skiljast frå albatrossane etter utforminga av nebbet, den røyrforma ytre nasen er samanvaksen på oversida av nebbet hos kjempepetrellane, medan albatrossar har fråskilte opningar på sidene av nebbet. Den kvite morfen av sørkjempepetrellen er meir kvit enn nokon albatross, elles er kjempepetrellane mykje mørkare og meir gråbrunspraglete enn albatrossar, og er ein aning meir krumrygga.

Femten prosent av sørkjempepetrellane, M. giganteus, er av ein lys morf, nesten heilt kvite, og er enkle å artsfastsetje. Dei andre sørkjempepetrellane kan vere vanskeleg å skilje frå systerarten. Framspissen av nebbet hos nordkjempepetrellen, M. halli, er svakt raudaktig eller rosa, hos giganteus bleik grøn. Undersida av eldre halli er bleikare og meir einsarta enn giganteus, sistnemnte viser ein kontrast mellom eit bleikare hovud og nakke og mørkare buk. I tillegg syner vaksne halli vanlegvis bleike augo, medan vaksne giganteus av normal morf vanlegvis syner mørke auge, sporadisk med bleike flekkar. Klassiske eksemplar av nordkjempepetrellen er identifiserbare innanfor ein rimeleg avstand. Uheldigvis er ungfuglar av begge artar mørke og særs vanskeleg å skilje om ikkje farga på nebbspissen kjem tydeleg fram. Nokre relativt unge nordkjempepetrellar kan synast å vere bleikare på hovudet, det indikerer sørkjempepetrell, og dermed er nordkjempepetrell verre å stadfeste enn sørkjempepetrell.

Kjempepetrellane grip sjansen til å finne føde både på land og til havs, unikt for eigentlege stormfuglar. Faktisk finn dei det meste av føda nær kysten. På land et dei åtsel, spesielt av selar og pingvinar. Dei har robuste føter og kan som einaste petrellar ta seg godt fram til fots. Til havs tar dei kril, blekksprut og fisk. Ofte kan dei følgje fiskebåtar for å plukke avfall. Kjønna har ulike strategiar for å søke føde, spesielt utanfor hekketida.Sørkjempepetrellen har størst tilhug til å danne lause hekkekoloniar. Han startar hekkesesongen ca. 40 dagar etter nordkjempepetrellen på stadar kor dei har felles hekkeområde. Begge legg berre eit egg og rugar i om lag 60 dagar. Ungane treng 4 månader til dei er flygedyktige og er kjønnsmodne etter 6 til 7 år.

Kongepingvin

Kongepingvin (Aptenodytes patagonicus) er den nest-største av alle pingvinartar. Berre keisarpingvinen på Antarktis er større. Desse to artane er dei einaste artane i familien Aptenodytes. Kongepingvinen vart skildra av engelskmannen John Frederick Miller i Patagonia i 1778.

Kortnebbdukkpetrell

Kortnebbdukkpetrell (Pelecanoides georgicus) er ein dukkpetrell og medlem av ordenen stormfuglar. Det er ein av fire svært like alkeliknande små sjøfuglar som lever pelagisk på den sørlege halvkula. Dei har utbreiing i Sør-Atlanteren og øyar av dei sørlege Indiahavet, på øyar og holmar utanfor New Zealand og på søraustlege australske øyar.

Mascarin Peak

Mascarin Peak (fram til 2003 kalla State President Swart Peak) er den høgaste toppen på Marion Island, med ei høgd på 1 230 meter. Marion Island er den største av Prince Edwardøyane, som ligg i den subantarktiske delen av Indiahavet og tilhøyrer Sør-Afrika. Mascarin Peak er den einaste aktive vulkanen i Sør-Afrika. Det siste utbrotet skjedde i 2004.

Toppen har namn etter Marion du Fresne sin fregatt «Le Mascarin», som sigla forbi øygruppa i 1772. Før 2003 hadde han namn etter Charles Robberts Swart, den siste generalguvernøren av Unionen Sør-Afrika og den første statspresidenten av Republikken Sør-Afrika.

Prince Edward Island

Prince Edward Island (fransk Île-du-Prince-Édouard; skotsk gælisk Eilean a’ Phrionns eller Eilean Eòin; míkmaq Apekweit eller Epikwetk) er ei øy og ein provins i Canada. Provinsen er den minste i landet, både i folketal og flatevidd. Flesteparten av innbyggjarane bur utanfor byar. Samstundes er han den provinsen som har størst folketettleik i Canada.

Slirenebbar

Slirenebbar (Chionidae) er ein familie av fuglar som er knytt til Antarktis. Familien er klassifisert som vadefuglar i orden Charadriiformes og inneheld berre ei slekt, Chionis, med berre to artar. Dei to artane er antarktisslirenebb, Chionis albus, og maskeslirenebb, Chionis minor. Namnet slirenebb kjem av at fuglane har eit slireforma, hornaktig deksel som dels dekkjer overnebbet.

Slirenebbane hekkar på sub-antarktiske øyar og på Den antarktiske halvøya. Antarktisslirenebb migrerer til Falklandsøyane og kystnære sørlege Sør-Amerika i den sørlege vinteren. Slirenebbane er dei einaste fuglefamilien som er endemisk hekkefugl i Antarktis-regionen. Dette er òg dei einaste fuglane i Antarktis som ikkje har symjehud på føtene.

Slirenebbane har kvit, tjukk fjørdrakt. Dei ser klumpete og dueaktige ut, ein antar dei liknar felles forfedrar til moderne måsar og terner. Huda rundt auga er naken. Huda over nebbet er òg naken og har vorteliknande utvekstar. Ulikskapane mellom dei to artane inkluderer ulik farge på beina og på den nakne ansikthuda. Antarktisslirenebb er 40-42 cm i kroppslengd. Utbreiingsområdet inkluderer i tillegg til Antarktis-kontinentet òg Scotia Arc, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Maskeslirenebb er 1-2 cm kortare og har svart nebb. Distribusjonen inkluderer Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen og Heardøya.

Dei spaserer på bakken, omtrent som rikser, og flyg berre når dei er skremt opp eller under migrasjon. I flukt liknar dei duer.

Slirenebbane er opportunistiske matsøkjarar, dei tar virvellause dyr, avføring, og et av kadaver, av fødselsetterbyrd frå selar og daudfødte selunger i flomålet. Dei vil òg forsyne seg av ungar og egg frå skarvar og pingvinar.

Under hekkesesongen, som fell saman med hekkesesongen til pingvinar, vil slirenebbpar forsvare revir innanfor pingvinkoloniar, store nok til å dekkje ei rekkje pingvinreir. Slirenebbparet vil ofte arbeide saman for å trakassere vaksne pingvinar, motstå pingvinane sine freistnader på å hakke, inntil dei får tilgang på egg eller ungar eller kan stele kril som vaksne pingvinar gulpar opp for å mate ungane sine. Nær dei få menneskelege busetjingane i regionen, tar dei frimodig for seg av avfall. På grunn av denne dietten, brukar dei mykje tid på vask og å reinske fjørdrakta.

Dei legg 2 eller 3 kvite, flekka egg i sprekker eller hòler i fjellet. Reiret er uryddig fora med tang, steinar, fjør, guano, bein, og inn i mellom plastsøppel. Sjølv daude ungar vert ikkje fjerna frå reirplassen. Rugetida varer frå 28 til 32 dagar, og ungane blir flygedyktige etter 50 til 60 dagar.

Sotalbatross

Sotalbatross, Phoebetria fusca, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Arten hekkar på sub-antarktiske øyar i Sør-Atlanteren og Indiahavet, og har elles utbreiing til havs i Sørishavet frå Sør-Amerika til Australia. Saman med gråalbatross utgjer han den biologiske slekta Phoebetria.

Subantarktis

Subantarktis er ein region på den sørlege halvkula, like nord for regionen Antarktis. Dette samsvarar om lag med breiddegradane mellom 46° og 60° sør for ekvator. Subantarktis omfattar mange øyar i dei sørlege områda av Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet, særleg dei som ligg nord for Den antarktiske konvergensen. Subantarktiske isbrear ligg per definisjon på øyar i den subantarktiske regionen. Alle isbreane som ligg på kontinentet Antarktis er per definisjon rekna for å vere antarktiske isbrear.

Sørhavsterne

Sørhavsterne (Sterna vittata) er ein medlem av ternefamilien. Ho er ei mellomstor terne som lever sirkumpolart på sørlege hav og hekkar på subantarktiske øyar.

Sørhavsterna er ei kvit og lys grå terne med svart hette. I hekkedrakt er nebb og føter raude og den svarte hetta dekkjer hovudet frå nebbrota til nakken og går ned til i underkant av auga. Undersida av kroppen er grå, men kinna, undergumpen og halen er kvite. Utanom hekketida får vaksne fuglar heilt kvit underside, hetta blir mindre med kvit panne og nebbet blir skittenraudt. Sørhavsterner liknar raudnebbterner, men er litt større enn sistnemnde, måler 36 centimeter og veg 140 gram i gjennomsnitt.

Sørhavsterner hekkar på mange øyar i Sørishavet nord til Île Amsterdam i Indiahavet på 37°49′ sør. Dette inkluderer øyane Tristan da Cunha, Gough Island, Sør-Shetlandsøyane, Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelenøyane, Snaresøyane, Aucklandøyane, Bountyøyane, Antipodeøyane, Campbelløyane, Macquarieøya, Sør-Georgia og småøyar utanfor Stewart Island/Rakiura. Nokre av fuglane som hekkar lengst sør er trekkfuglar, kjente overvintringsområde ligg langs søraustkysten av Sør-Amerika og utanfor Sør-Afrika.

Perioden for hekking varierer frå lokasjon til lokasjon og ligg innanfor grensene september til mars.

Hekkebiotopa er steingrunn nær kystlinja og litt lengre inn med noko vegetasjon. Dei vel hekkeplassar som er lite tilgjengelege for predatorar, på holmar, på fjellhyller i bergsider, tilhøva varierer frå øy til øy. Dei hekkar vanlegvis i små koloniar på under 20 par, nokre gonger parvis, somme plassar i koloniar på opptil 1000 par. Reiret er ei enkel grop, kor dei legg eitt egg, nokre gonger to egg. Paret rugar på skift i ca. 24-25 dagar og ungane flygedyktige etter ein månad. Tre år gamle kan sørhavsterna starte hekking og dei kan oppnå levealder på over 14 år.

Når hekking går føre seg beitar dei nær land, utanfor hekkesesongen på åpent hav eller langt frå land. Føda består hovudsakleg av små fisk og pelagiske krepsdyr i sjøen. Dei kan plukke krepsdyr ved å duppe nebbet i sjøen og dei kan stupdukke.

Sørleg sjøelefant

Sørleg sjøelefant eller sørleg elefantsel er ein sjøelefant som både er den største selarten og det største rovpattedyret som finst. Han lever på fleire øyar og kystar sirkumpolart rundt Antarktis.

Dyra har fått namnet sitt fordi hannane har ein oppblåsbar nasesekk som minner om snabelen til ein elefant. Sørleg sjøelefant har mndre nasesekk og kraftigare kranium enn den nordlege arten.

Dyra har sterk kjønnsdimorfisme som mellom anna tyder at hannane er mykje større enn hoene. Hannar blir typisk 4,5 meter lange og 1,5-3 tonn tunge, men kan bli opptil 5,8 meter og 3,7 tonn. Hoer veg vanlegvis 350-600 kg, men kan bli opptil 800 kg.

Sjøelefantar lever i koloniar der éin hann har kontroll over revir med fleire hoer og ungar. Hannane slost om revir og satus ved hjelp av store hjørnetenner. Den viktigaste maten deira er blekksprut, som omfattar rundt 75 % av kosthaldet. Elles et dei fisk.

Sørleg sjøelefant finst på Antarktika og øyar i det sørlege Stillehavet. Ein kan finna dei så langt nord som Falklandsøyane, Sør-Afrika og Australia.

Selane lever størsteparten av livet til havs, men kjem på land for å føda, para seg og gro nytt skinn. Koloniane deira på land er støyfulle stader. Hannane utstøyter kraftige brøl i paringstida. Hoene kan både laga ein mørk, knurrande lyd og ein høgfrekvent jodlelyd når dei kaller på ungane eller er redde. Ungane kan laga ein skarp bjeffelyd.

Sørleg elefant er byttedyr for spekkhoggar, store haiar og leopardsel. Dei har også vore jakta av menneske i fleire tusen år. Dei blei utsett for intens jakt på 1800-talet, og var truga av utrydding. Etter at jakta opphøyrde i løpet av 1900-talet har bestandane teke seg opp igjen fleire stader. Bestanden av sørleg sjøelefant blei estimert til 650 000 på midten av 1990-talet.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.