Paradisfuglar

Paradisfuglar er medlemmer av familien Paradisaeidae av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Dei fleste artane i denne familien er funne på Ny-Guinea og øyane omkring, med tillegg av nokre få artar som finst i Molukkane i Indonesia og i austlege Australia. Familien har 41 artar i 16 slekter. Medlemmene i denne familien er kanskje best kjende for fjørdrakta hos hannfuglar på dei fleste artane, dei har særs langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg frå nebbet, venger eller hovud. Dei fleste artane har utbreiing i tett regnskogshabitat. Kosten hos alle paradisfuglar er dominert av frukt og i mindre grad leddyr. Paradisfuglar har ei rekkje sosiale system for forplanting, frå monogami til leikbasert fleirkoneri.

Familien er av kulturell tyding for innbyggjarane på Ny-Guinea. Handel med skinn og fjører av paradisfuglar har gått føre seg i to tusen år, og fuglane har vore av betydeleg interesse for vestlege samlarar, ornitologar og skribentar òg. Ei rekkje artar er trua av jakt og tap av habitat.

Paradisfuglar
Brudeparadisfugl, Paradisaea minor Foto: Roderick Eime

Brudeparadisfugl, Paradisaea minor
Foto: Roderick Eime
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Slekter og artar
  • Sjå teksten
  • Vitskapleg namn
    Paradisaeidae
    Vigors, 1825

    Skildring

    Ornamental diversity in the birds-of-paradise
    Paradisfuglar i ulike fargar og positurar.
    Cicinnurus regius-20031005
    Kongeparadisfugl, Cicinnurus regius
    Foto: Doug Janson
    Paradisaea rubra-20090516
    Raudparadisfugl, Paradisaea rubra
    Ellis Rowan25
    Blåparadisfugl, Paradisaea rudolphi'
    Astrapia mayeri -Papua New Guinea-8
    Strimmelparadisfugl, Astrapia mayeri
    Ellis Rowan26
    Huonparadisfugl, Astrapia rothschildi
    Wilson's Bird of Paradise
    Regnbogeparadisfugl, Cicinnurus respublica
    Foto: Doug Janson
    Epimachus meyeri -Papua New Guinea -male-8
    Brunsigdnebb, Epimachus meyeri

    Paradisfuglar er generelt kråkeliknande i kroppsforma, og faktisk nært i slekt med familien kråker. Paradisfuglar varierer i storleik frå kongeparadisfugl på 50 gram og 15 cm til krøllparadisfugl på 44 cm og 430 gram. Hannen av svartsigdnebb er den lengste arten på 110 cm inkludert den lange halen. Alle hannane er større og lengre enn hofuglen av arten, skilnadene varierer frå litt til ekstremt. Vengene er avrunda og hos nokre artar strukturelt endra på hannar for å skape lydar. Det er stor variasjon i familien med omsyn til nebbform. Nebbet kan vere langt og nedbøygd, som hos slekta Epimachus, sigdnebb, og slekta Ptiloris, eller kort og tynnt som hos Astrapias. Storleiken på kropp og nebb varierer med kjønnet, det er mest vanleg at hoene har større nebb enn hannar, spesielt hos insektetande artar.[1]

    Variasjon i fjørdrakta mellom kjønna er nært knytt til forplantingssystemet. Manucodia-artane og kråkeparadisfugl, som er sosialt monogame, har kjønnsdimorfisme. Likeins med dei to artane av Paradigalla, begge polygame. Alle desse artane har generelt svart fjørdrakt med varierande mengder grøn og blå irisering.[1]

    Habitat og distribusjon

    Paradisfuglar har eit største mangfald sentrert på den store øya Ny-Guinea. Alle, unntatt to slekter, finst på øya. Dei to unntaka er slektene Lycocorax og Semiptera, begge monotypiske og begge endemiske til Molukkane, vest for Ny-Guinea. Av artane i slekta Ptilorisee er to endemiske til kystskog i austlege Australia, ein annan opptrer både i Australia og på Ny-Guinea, og ein er berre funne på Ny-Guinea. Den einaste andre slekta å ha ei art utanfor New Guinea er Manucodia, ein representant som er funne i heilt nord i Queensland. Dei andre artane er avgrensa til New Guineas og nokre av dei omkringliggande øyane. Mange artar har svært små leveområde, spesielt ei rekkje artar med habitattypar som fjellskog, skog i høgland, t.d. svartsigdnebb, eller øy-endemiske t.d. regnbogeparadisfugl.[1]

    Fleirtalet av paradisfuglar lever i tropiske skogar, inkludert regnskog, sumpar og tåkeskog.[1] Fleire artar har vorte registrerte i kystnær mangroveskog.[2] Sørlege artar som skjelbukparadisfugl i Australia, lever i subtropiske og tempererte våte skogar. Som gruppe er Manucodia mest fleksible i krav til levestad, spesielt glansparadisfugl som kan leve i skog så vel som opne savannar og terreng med open småskog.[1] Middels høge høglandshabitat er dei mest brukte habitat, tretti av dei førti artane finst i bandet mellom 1000 og 2000 moh.[2]

    Åtferd

    Føde

    Føda til paradisfuglar er dominert av frukt og leddyr. Forholdet mellom dei to typar av mat varierer avhengig av art, med frukt dominerande hos einskilde artar, og leddyr som dominerande i dietten hos andre. Forholdet vil påverke andre aspekt av åtferd av arten, til dømes fruktetande artar har ein tendens til å beite oppe i trekroner, medan insektetarar kan søkje føde lågare ned. Fruktetarar er meir sosiale enn insektetarar, som er meir einslege og territoriale.[1]

    Forplantingsbiologi

    Dei fleste artane har forseggjorte paringsritual, med paradisaea-artar ved hjelp av leikbasert paringssystem. Andre, til dømes Cicinnurus og Parotia-artar, har mykje ritualstyrte paringsdansar. Hybridisering er hyppig blant desse fuglane, det ymtar om at polygame artar av paradisfuglar er særs nærskylde trass ulike slekter. Jamvel om eksistensen av hybridar er reell, har somme ornitologar hypotesar om at minst nokre påståtte hybridar er gyldige artar som kan vere utdøydde.[3]

    Paradisfuglar byggjer reiret av mjuke materialar, slik som lauv, bregnar og småkvistar. Vanlegvis plasserer dei reiret i eit tre.[4] Omfanget av kullet er noko usikkert. Hos store artar er det nesten alltid berre eitt egg. Mindre artar kan produsere kull på 2-3.[5] Egga blir klekt etter 16-22 dagar, og ungane forlèt reiret mellom 16 og 30 dagar gamle.[4]

    Taksonomi og systematikk

    I mange år vart paradisfuglar handsama som nært knytt til gartnarar. I dag er dei berre tenkt å vere fjernt nærskylde. Dei næraste slektningar av paradisfuglar evolusjonsmessig, er kråkefamilien Corvidae, monarkar Monarchidae og dei australske pottemakarfuglane, Corcoracidae.[1]

    Nøyaktig avgrensing for denne familien har vore gjenstand for revisjon òg. Dei tre artane i satengfuglfamilien, Cnemophilidae, med slektene Cnemophils og Loboparadisea, vart handsama som ei gruppe av paradisfuglar. Trass morfologiske skilnader i munn, føter og i hekkevanar, var dei plassert i paradisfuglfamilien heilt til ein studie i år 2000 la framlegg om ein eigen familie nærare bærfuglar, Melanocharitidae.[6] Den same studien fann at gulskjermhonningetar, Macgregoria pulchra, tidlegare nemnd gulskjermparadisfugl, faktisk var medlem av den store australske honningetarfamilien. Dei to artane i slekta Melampitta, òg frå Ny-Guinea, har usikre slektstilhøve, var tidlegare tatt med i paradisfuglfamilien, men er no lista som sin eigen melampittafamilie.[7]

    I tillegg til desse tre artane, har ei rekkje systematisk gåtefulle artar og slekter vorte sett på som potensielle medlemmer av denne familien.[1] Taveunisatengstjert, Lamprolia victoriae, på Fiji har vore knytt til paradisfuglar mange gonger sidan han vart oppdaga. Nyare molekylære bevis plasserer no taveunisatengstjert blant viftestjertar i familien Rhipiduridae.[8]

    Artar

    Paradisfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[9]

    Slekt Lycocorax

    • Kråkeparadisfugl, Lycocorax pyrrhopterus, Paradise-crow, Bonaparte, 1850, (LC)

    Slekt Phonygammus

    • Trompetarparadisfugl, Phonygammus keraudrenii, Trumpet Manucode, Lesson & Garnot, 1826, (LC)

    Slekt Manucodia

    • Krøllparadisfugl, Manucodia comrii, Curl-crested Manucode, Sclater, 1876, (LC)
    • Krushalsparadisfugl, Manucodia chalybatus, Crinkle-collared Manucode, Forster, 1781, (LC)
    • Purpurparadisfugl, Manucodia jobiensis, Jobi Manucode, Salvadori, 1876, (LC)
    • Glansparadisfugl, Manucodia ater, Glossy-mantled Manucode, Lesson, 1830, (LC)

    Slekt Pteridophora

    • Vimpelparadisfugl, Pteridophora alberti, King-of-Saxony Bird-of-Paradise, Meyer, 1894, (LC)

    Slekt Parotia

    • Hjelmparadisfugl, Parotia carolae, Carola's Parotia, Meyer, 1894, (LC)
    • Fojaparadisfugl, Parotia berlepschi, Bronze Parotia, Kleinschmidt, 1897, (LC)
    • Vogelkopparadisfugl, Parotia sefilata, Western Parotia, Forster, 1781, (LC)
    • Pompongparadisfugl, Parotia wahnesi, Wahnes's Parotia, Rothschild, 1906, (NT)
    • Sølvpanneparadisfugl, Parotia lawesii, Lawes's Parotia, Ramsay, 1885, (LC)

    Slekt Seleucidis

    • Tolvtrådparadisfugl, Seleucidis melanoleucus, Twelve-wired Bird-of-Paradise, Daudin, 1800, (LC)

    Slekt Drepanornis

    • Sommarfuglsigdnebb, Drepanornis albertisi, Black-billed Sicklebill, Sclater, 1873, (LC)
    • Gallasigdnebb, Drepanornis bruijnii, Pale-billed Sicklebill, Oustalet, 1879, (NT)

    Slekt Semioptera

    • Bannerparadisfugl, Semioptera wallacii, Standardwing Bird-of-Paradise, Gray, 1859, (LC)

    Slekt Lophorina

    • Karnevalsparadisfugl, Lophorina niedda, Vogelkop Lophorina, Mayr, 1930
    • Fabelparadisfugl, 'Lophorina superba, Greater Lophorina, Forster, 1781, (LC)
    • Maskeradeparadisfugl, Lophorina minor, Lesser Lophorina, Ramsay, 1885

    Slekt Ptiloris

    • Skjelbukparadisfugl, Ptiloris paradiseus, Paradise Riflebird, Swainson, 1825, (LC)
    • Asurstrupeparadisfugl, Ptiloris victoriae, Victoria's Riflebird, Gould, 1850, (LC)
    • Safirparadisfugl, Ptiloris magnificus, Magnificent Riflebird, Vieillot, 1819, (LC)
    • Blåbrystparadisfugl, Ptiloris intercedens, Growling Riflebird, Sharpe, 1882, (LC)

    Slekt Epimachus

    • Svartsigdnebb, Epimachus fastosus, Black Sicklebill, Hermann, 1783, (LC)
    • Brunsigdnebb, Epimachus meyeri, Brown Sicklebill, Finsch & Meyer, 1885, (LC)

    Slekt Paradigalla

    • Kilehaleparadisfugl, Paradigalla carunculata, Long-tailed Paradigalla, Lesson, 1835, (NT)
    • Stumphaleparadisfugl, Paradigalla brevicauda, Short-tailed Paradigalla, Rothschild & Hartert, 1911, (LC)

    Slekt Astrapia

    • Stasparadisfugl, Astrapia splendidissima, Splendid Astrapia, Rothschild, 1895, (LC)
    • Arfakparadisfugl, Astrapia nigra, Arfak Astrapia, Gmelin, 1788, (LC)
    • Huonparadisfugl, Astrapia rothschildi, Huon Astrapia, Förster, 1906, (LC)
    • Prinsesseparadisfugl, Astrapia stephaniae, Stephanie's Astrapia, Finsch & Meyer, 1885, (LC)
    • Strimmelparadisfugl, Astrapia mayeri, Ribbon-tailed Astrapia, Stonor, 1939, (NT)

    Slekt Cicinnurus

    • Kongeparadisfugl, Cicinnurus regius, King Bird-of-Paradise, Linné, 1758, (LC)
    • Regnbogeparadisfugl, Cicinnurus respublica, Wilson's Bird-of-Paradise, Bonaparte, 1850, (NT)
    • Praktparadisfugl, Cicinnurus magnificus, Magnificent Bird-of-Paradise, Pennant, 1781, (LC)

    Slekt Paradisaea

    • Blåparadisfugl, Paradisaea rudolphi, Blue Bird-of-Paradise, Finsch & Meyer, 1885, (VU)
    • Keisarparadisfugl, Paradisaea guilielmi, Emperor Bird-of-Paradise, Cabanis, 1888, (NT)
    • Raudparadisfugl, Paradisaea rubra, Red Bird-of-Paradise, Daudin, 1800, (NT)
    • Fagerparadisfugl, Paradisaea decora, Goldie's Bird-of-Paradise, Salvin & Godman, 1883, (VU)
    • Brudeparadisfugl, Paradisaea minor, Lesser Bird-of-Paradise, Shaw, 1809, (LC)
    • Safranparadisfugl, Paradisaea raggiana, Raggiana Bird-of-Paradise, Sclater, 1873, (LC)
    • Slørparadisfugl, Paradisaea apoda, Greater Bird-of-Paradise, Linné, 1758, (LC)

    Galleri

    Ptiloris victoriae by Bowdler Sharpe

    Asurstrupeparadisfugl, Ptiloris victoriae

    Astrapia nigra by Bowdler Sharpe

    Arfakparadisfugl, Astrapia nigra

    Pteridophora alberti by Bowdler Sharpe

    Vimpelparadisfugl, Pteridophora alberti

    Seleucidis melanoleuca by Bowdler Sharpe

    Tolvtrådparadisfugl, Seleucidis melanoleuca

    Semioptera wallacei by Bowdler Sharpe

    Bannerparadisfugl, Semioptera wallacii

    Epimachus albertisii by Bowdler Sharpe

    Sommarfuglsigdnebb, Epimachus albertisi

    Lophorina minor by Bowdler Sharpe

    Fabelparadisfugl, Lophorina superba

    Parotia sefilata by Bowdler Sharpe

    Vogelkopparadisfugl, Parotia sefilata

    Parotia carolae by Bowdler Sharpe

    Hjelmparadisfugl, Parotia carolae

    Parotia lawesii by Bowdler Sharpe

    Sølvpanneparadisfugl, Parotia lawesii

    Paradisaea decora by Bowdler Sharpe

    Fagerparadisfugl, Paradisaea decora

    Ellis Rowan26

    Huonparadisfugl, Astrapia rothschildi

    Kjelder

    Referansar

    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Firth, Clifford B.; Firth, Dawn W. (2009). «Family Paradisaeidae (Birds-of-paradise)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David. Handbook of the Birds of the World. Volume 14, Bush-shrikes to Old World Sparrows. Barcelona: Lynx Edicions. s. 404–459. ISBN 978-84-96553-50-7.
    2. 2,0 2,1 Heads, M (2001). «Birds of paradise, biogeography and ecology in New Guinea: a review». Journal of Biogeography 28 (7): 893–925. doi:10.1111/j.1365-2699.2001.00600.x.
    3. Fuller, Errol (January 1997). The Lost Birds of Paradise. Voyageur Press. ISBN 1-8531-0566X.
    4. 4,0 4,1 Frith, Clifford B. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 228–231. ISBN 1-85391-186-0.
    5. Mackay, Margaret D. (1990). «The Egg of Wahnes' Parotia Parotia wahnesi (Paradisaeidae)». Emu 90 (4): 269. PDF fulltext
    6. Cracraft, J. & Feinstein, J. (2000). «What is not a bird of paradise? Molecular and morphological evidence places Macgregoria in the Meliphagidae and the Cnemophilinae near the base of the corvoid tree.». Proceedings of the Royal Society B 267: 233–241.
    7. 7,0 7,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
    8. Irested, Martin; Fuchs J; Jønsson KA; Ohlson JI; Pasquet E; Per G.P. Ericson (2009). «The systematic affinity of the enigmatic Lamprolia victoriae (Aves: Passeriformes)—An example of avian dispersal between New Guinea and Fiji over Miocene intermittent land bridges?» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 48 (3): 1218–1222.
    9. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff

    Handbook of the Birds of the World

    Handbook of the Birds of the World (HBW) er eit engelskspråkleg bokverk produsert av det spanske forlaget Lynx Edicions. Dette er den første handboka som dekkjer alle kjende fugleartar. Serien er redigert av Josep del Hoyo, Andrew Elliott, Jordi Sargatal og David A Christie.

    Alle 16 planlagte band er no publiserte. Banda kom ut i årlege intervall frå 1992, og serien vart komplett med band 16 i desember 2011. Dette er det første gongen alle artane finst illustrert og handsama i detalj i eit enkelt verk for ein klasse i dyreriket.

    Material i kvart band er gruppert i familiar, kvar familie har ein innleiande artikkel, og dette er følgt av skildringar av dei einskilde artane med taksonomi, underartar og distribusjon, skildrande tekst, habitat, mat og fôring, forplanting, trekk, status og vern og bibliografi. I tillegg har alle band unntatt det første og andre eit essay om eit bestemt ornitologiske tema. Meir enn 200 anerkjende spesialistar og 35 illustratørar frå meir enn 40 land har medverka til prosjektet til no, og dessutan har 834 fotografar frå heile verda gjeve bilete.

    Sidan første bandet kom i 1992, har serien fått fleire internasjonale prisar. Det første bandet vart valt som årets fuglebok av magasina Birdwatch og British Birds, og det femte volumet vart anerkjent som Outstanding Academic Title av Choice Magazine, i magasinet American Library Association. Det sjuande volumet, som i tillegg til å få utmerkinga årets fuglebok av Birdwatch og British Birds, vart òg æra med Best Bird Reference Book in the 2002 WorldTwitch Book Awards. Den same åtgaum vart òg tildelt band 8 eit år seinare.

    Kvart band er stort, 32 gonger 25 cm, og veg mellom 4 og 4,6 kg, det har vore framlegg om «gaffeltruckboka» som ein betre tittel.

    Som eit supplement til det Handbook of Birds of the World, og med det endelege målet å spreie kunnskap om verdas fuglefauna, starta forlaget Lynx Edicions i 2002 nettstaden Internet Bird Collection (IBC). Det er eit fritt tilgjenge, nettbasert audiovisuelt bibliotek av fuglane i verda med sikte på å leggje videoar, bilete og lydopptak som demonstrerer ei rekkje biologiske aspekt for alle artar. Det kan gjelde underartar, fjørdrakter, føde, hekking, etc. IBC er ein ikkje-profitt freistnad på å samle av materialar frå meir enn hundre bidragsytarar frå heile verda. Biblioteket har i dag over 45 000 videoar og 32 000 bilete som representerer over 84 % av dei verdsomspennande artane, og nytt materiale kjem til dagleg.

    I byrjinga av 2013 lanserte Lynx Edicions det nettbasert oppslagsverket HBW Alive, som inkluderer innleiinga i alle band, alle familieskildringer, samt alle artsskildringar frå dei 17 publiserte HBW-banda. Sidan starten har taksonomien blitt grundig revidert og oppdatert to gonger, ein gong for ikkje-sporvefuglar og ein gong for sporvefuglar, etter utgjevinga av dei to banda av HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World.

    Kongebærfuglar

    Kongebærfuglar, Paramythiidae, er ein særs liten fuglefamilie avgrensa til høgtliggande skog på Ny-Guinea. Familien består av to artar i to slekter: meisebærfugl, Oreocharis arfaki, og arten kongebærfugl, Paramythia montium. Dette er fargerike små til mellomstore sporvefuglar som beitar på frukt og litt insekt. Desse artane var tidlegare med i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, men DNA-DNA hybridiseringsundersøkingar viste at desse to artane er relatert til kvarandre, men åtskilt frå blomsterfuglar.

    Monarkar

    Monarkar, Monarchidae, utgjer ein familie av sporvefuglar som inkluderer paradismonarkar og skjorlerker. Dette er små insektetande songfuglar med lange halar. Dei lever i skog i Afrika sør for Sahara, søraustlege Asia, Australasia og på ei rekkje øyar i Stillehavet. Berre nokre få artar trekkjer. Mange artar dekorerer det koppforma reiret sitt med lav.

    Nasjonaldyr

    Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.

    I mange nordeuropeiske land er løve eit symbol på kongsmakta og finst i riksvåpen. Løva er rekna som konge av dyra, og tradisjonen med å bruka henne som symbol på kongsmakt skriv seg frå normannarane. I Mellom-Europa er det fyrst og fremst ørnar, gjerne kongeørn, ein har brukt som symbol. Dette kjem opphavleg frå den romerske Aquila, ein forgylt ørn alle legionane bar meg seg som eit symbol på keisermakta. Romarriket sitt eige nasjonalsymbol var likevel ulven som fostra opp Remus og Romulus, og ulv er fortsatt rekna som nasjonaldyr for Italia. Den dobbelthovuda ørnen ein finn i mange austeuropeiske land kjem frå Austromarriket (Bysants).

    Passeri

    Passeri er ein underorden av sporvefuglar i den biologiske ordenen Passeriformes. Eit anna namn som nokre gonger er brukt er Oscines, frå latinsk oscen, ein songfugl. Denne gruppa inneheld omtrent 4000 artar, syrinx er typisk utvikla for å lage ein variert og forseggjort fuglesong.

    Ein trur Passeri utvikla seg frå omtrent 50 millionar år sidan i den delen av Gondwana som seinare vart Australia, New Zealand, Ny-Guinea og Antarktis, før dei spreidde seg rundt om i verda.

    Andre fuglar har songar til å tiltrekke makar eller halde territorium, men desse er vanlegvis enkle og repeterande, og manglar variasjonen slik som mange Oscine songarar kan gjere.

    Det er usemje om vidare gruppering av taksa innanfor Passeri.

    Satengfuglfamilien

    Satengfuglfamilien, Cnemophilidae, er ein ny biologisk familie av sporvefuglar med tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea. Dei var opphavleg tenkt å vere ein del av paradisfuglfamilien Paradisaeidae fram til genetisk forsking ymta om at fuglane ikkje er nært knytt til paradisfuglar i det heile og er kanskje nærare til bærfuglar.

    Felles for alle tre artar av satengfuglar er at hannar er meir fargerike enn hoer, som er lite iaugefallande. Satengfuglar har svake føter, breie gap, og dessutan manglar dei beinstruktur i det nasale område. Alle artar av satengfuglar byggjer overbygde reir, i motsetnad til paradisfuglane. Hoa legg éitt egg og tek seg av det utan nokon assistanse frå hannfuglen. Satengfuglar lever utelukkande på frukt, sjølv i ung alder.

    Cnemophilidae er akseptert av Clementslista og av IOC World Bird List.

    Sporvefuglar

    Sporvefuglar (Passeriformes) er ein orden av fuglar. Han er utbreidd over heile verda med artar fordelt på tre underordenar, Acanthisitti, Tyranni og Passeri.

    Dette er den største fugleordenen og omfattar meir enn halvparten av alle verdas fugleartar. Sporvefuglar dannar ein av dei mest varierte biologiske ordenar av virveldyr med ca. 6 332 identifiserte artar, og er langt over dobbelt så artsrik som den største av ordenar av pattedyra, gnagarar. Ordenen sporvefuglar inneheld 140 familiar, av virveldyr er det berre piggfinnefiskar, Perciformes, som har fleire familiar.

    Namnet «Passeriformes» er avleidd frå Passar domesticus, det vitskaplege namnet på arten gråsporv. «Passeridae» er nemninga på ei undergruppe og ein biologisk familie av ca. 43 artar kalla sporvar. Passer er den latinske nemninga for 28 artar av sporvar i slekta Passer og liknande småfuglar.

    I Noreg hekkar ca. 100 artar. Omtrent 35 andre er observerte.

    På andre språk

    This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
    Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
    Images, videos and audio are available under their respective licenses.