Påske

Denne artikkelen handlar om den kristne høgtida. For den jødiske påska, sjå pesah.

Påska (gjennom gresk Πάσχα og arameisk פַּסְחָא [pasḥā] frå hebr. פֶּסַח [pesaḥ], ‘passering’) er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av påska kjem fastetida og den stille veka, og etter påskesundag kjem påsketida, som varar fram til pinse. I tillegg til den kristne tydinga har høgtida òg innslag frå jødisk pesah, som lammemiddag; frå heidensk tru, som påskeegg; og frå hovudsakleg verdsleg kultur, som påskekrim og påsketur i fjellet.

Gulfargen er knytt til påska, kanskje sidan det er fargen til sola, kyllingar og eggeplomma. Dei gule påskeliljene blomstrar vanlegvis ved påsketider, og er blitt eit anna symbol på påska.

Ordsoge

Ordet «påske» er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesah. Utanom Skandinavia blir namn avleidde av det hebraiske namnet bruka på nederlandsk og på dei fleste romanske språka. På tysk og engelsk brukar ein oftast det førkristne namnet «Ostern» (tysk) eller «Easter» (engelsk).

Kristen påskefeiring

Cristo crucificado
Jesus på krossen. Måleri av Diego Velázquez (1599-1660).

Stilleveka

Opptakta til feiringa av påske byrjar med palmesundag, og held fram med stilleveka der ein markerer skjærtorsdag og langfredag. Desse dagane er til minne om Kristi liding og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien frå fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er òg særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og påskeaftan.

Skjærtorsdag

Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark, men er arbeidsdag i dei fleste andre landa. Dagen vert feira til minne om det siste måltidet til Jesus og læresveinane, og dette vert markert med gudstenester med nattverd. Nokre held òg fotvasking til minne om fotvaskinga som har gjeve dagen namn.

Langfredag

Langfredagen er av dei stillaste dagane i året, og det set òg eit preg på gudstenesta. Alterlysa vert ikkje tent, pynten er ofte borte frå alteret, musikken er avdempa. I gudstenesta vert Jesu liingshistorie lesen, ei lang og dramatisk forteljing.

Mange stader har folk krossvandringar der dei minnest Jesu vandring til Golgata, samtidig som dei bed for dagsaktuelle emne. Men i luthersk tradisjon er all langfredagsmarkering avdempa - noko som står i sterk motsetning til den meir dramatiske langfredagsmarkeringa i sørlege, katolske stròk.

Påskeaftan

Påskeaftan er laurdagen før påskedag. Tradisjonelt er det ein dag der ein ikkje har liturgiske handlingar; i både katolsk og ortodoks tradisjon er denne dagen føreskriven som ein dag utan liturgi. Ein seier gjerne at påskeaftan er den dagen då kyrkja står samla i sorg ved Kristus si grav.

Påskevaka

Påskevaka, eller påskevigilia, er starten på sjølve påskefeiringa. Ho blir gjerne feira som ein påskenattsmesse kring midnatt på påskeaftan, eller tidlegast etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen på eit døger som ein finn i jødisk liturgi, nemleg frå solefall til solefall. Det vil seie at det uansett er på sundagen ein byrjar feiringa, uavhengig av det verdslege døgeret sin gang.

I vestleg tradisjon er det tradisjon for at liturgien byrjar med tenning av påskelyset, som er eit symbol på Kristus; han kalla seg «Verda sitt lys». Liturgien står i kontrast til den som har vore dei føregåande dagane; kyrkjene er no pynta, prestane har gjerne på seg dei flottaste messekleda og korsongen er lovsong i staden for dei meir neddempa salmane som blir bruka i fasta og den stille veka. Det er òg tradisjon for å lese Påskelovsongen, ein høgtideleg proklamasjon av påskeunderet.

I den protestantiske kyrkja feirar dei oftast ikkje påskevigilie, men i dei seinare åra er det òg i desse kyrkjelydane vorte stadig meir vanleg med ei gudsteneste påskenatt.

Påskedag

Russian Resurrection icon
Kristi oppstode. (Russisk ikon frå 1500-talet.)

påskedagen held feiringa av Kristi oppstode fram på morgonen og denne dagen innleier i tradisjonelt ein oktav, det vil seie ein åttedagarsperiode der alle dagar liturgisk sett blir rekna som festdagar på lik line med sundagar.

Påskedagen er halden som den fremste høgtidsdagen i den kristne kyrkja. I mange land held dei òg andre påskedag som heilagdag. Tredje påskedag var heilagdag i Danmark og Noreg fram til 1771, og heldt som «halvhelg» lang tid etter dette.

Påsketida

Påsketida varar fram til pinse.

Verdsleg påskefeiring

Heidenske røter

Den kristne påskefeiringa fell saman med ein gammal heidensk tradisjon om å feira vårjamndøgeret og eit nytt jordbruksår. For å sikra grøde hadde ein mange skikkar der ein brukte symbol for livskraft. Ein brukte mellom anna egg, til dømes til å grava ned i jorda eller som gåver mellom ungdom. Desse er blitt til vår tids dekorerte eller godterifylde påskeegg

I Tyskland blei egga forbunde med påskeharen; det vart sagt at han ein gong om året kunne leggja egg, og det var i påska.

Nye klede

Nye klede er eit symbol på fornying, noko påska er på mange plan.[1] I engelsktalande land finst ein langvarig tradisjon for å få nye klede til påske. Shakespeare nemner han i Romeo og Julie[2] Å ta på nye klede til påske var rekna som lukkebringande.[3] Etterkvart gjekk skikken over til å gjelda ein hatt som blei kjøpt eller pynta til påske. Denne skikken er omtalt i songen «Easter parade» av Irving Berlin.[4] Skikken er etterkvart gått ut av bruk, slik at berre særs gamle og særs unge bruker ny påskehatt, eller Easter bonnet.[5] I staden er det vanleg for ungar i barnehagar og småskular å pynta spesielle hattar med påskepynt.

Nyare tradisjonar

Fjelltur

I Noreg er det ganske vanleg å nytta påskeferien til å dra på fjellet for å nyta snøen og sola. Dette kan ha samanheng med ein tradisjon om å sjå på sola frå ein fjelltopp påskemorgon. Ein meinte nemleg at sola dansa på denne dagen, i glede over at Jesus var stått opp igjen. Denne skikken kan òg ha både jødiske og heidenske røter:

I jødedommen er pesah frå Toráen av forbunde med ofringa av påskelammetTempelhøgda. Denne ofringa skjer ikkje i våre dagar sidan Tempelet i Jerusalem ikkje står og er i det meste av jødedommen erstatta med lesinga av påskeforteljinga under påskemåltidet. Samaritanarane feirar framleis pesah med ofring av påskelam på Gerizím-fjellet.

Dei moglege røtene i åsatrua heng saman med at sola på denne tida av våren varmar meir enn om vinteren. Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert om det var nokon slik skikk, så er ein fjelltur for å sjå sola stå opp ein rimeleg konsekvens av dette. Ein skikk som er meir direkte knytt til soldyrking og ein tidlegare offerkult, er den gamle norske skikken å smørje smør på ein stein og sjå at sola «et» smøret.

Påskekrim

Eit anna moderne påskefenomen er påskekrimmen, det vil seia ein tradisjon for å lesa kriminalromanar eller senda ein kriminalserie på fjernsynet i påskeveka.

Samisk påske

For reindriftsamane fell påska og starten på reinsdyrtrekket til kysten saman, og høgtida er derfor blitt til ei sosial samlingstid der ein gjerne legg giftarmål, selskap og konkurransar.

Når er det påske?

Dei første kristne feira påska slik ho vart tidfesta etter den jødiske kalenderen. Etter denne kalenderen kunne påskedagen falle på ein kvar vekedag, slik at dei kunne komme til å feire Jesu oppstode på ein fredag. Rundt år 160 e.Kr. byrja difor dei kristne i Roma å feire påskedagen første søndagen etter den jødiske påskeaftan. Men praksisen var ulik inntil kyrkjemøtet i Nikea i 325 fastsette at påskedagen heller skulle feirast første søndagen etter første fullmåne etter vårjamndøgn (her: 21. mars).

Tidspunkt for påska varierer mykje frå år til år, som lista nedanfor viser.

År Dato for 1. påskedag -
protestantar, katolikkar, og den finske ortodokse kyrkja
1. påskedag i
andre ortodokse trussamfunn
2000 23. april 30. april
2001 15. april 15. april
2002 31. mars 5. mai
2003 20. april 27. april
2004 11. april 11. april
2005 27. mars 1. mai
2006 16. april 23. april
2007 8. april 8. april
2008 23. mars 27. april
2009 12. april 19. april
2010 4. april 4. april
2011 24. april 24. april
2012 8. april
2013 31. mars
2014 20. april
2015 5. april
2016 27. mars

Kjelder

  1. Cindy Dell Clark, Flights of Fancy, Leaps of Faith: Children's Myths in Contemporary America (University of Chicago Press), 1998:97. Oppgjeve i Engelsk Wikipedia.
  2. Mercutio erter Benvolio: "Did'st thou not fall out with a Tailor for wearing his new Doublet before Easter?»
  3. Iona Opie & Moira Tatem. «EASTER: new clothes», A Dictionary of Superstitions. Oxford University, 1996. ISBN-13: 9780192829160. Onlineversjon: 2003 eISBN: 9780191726873.
  4. In your Easter bonnet
    with all the frills upon it,
    You'll be the grandest lady in the Easter parade. (Irving Berlin, «Easter Parade», 1933.
  5. "Where's the Easter wear? Forget the Easter eggs, try to find a bonnet", Boston Herald, April 16, 2006.

Bakgrunnsstoff

2. søndag i påsketida

2. søndag i påsketida, før kalla 1. sundag etter påske, quasi modo geniti, quasimodogeniti eller berre quasimodo, av dei latinske orda i introitussalmen for dagen, «.. som nyfødde born ...» (1. Pet. 2,2) er sundagen som avsluttar påskeoktaven, som byrjar påskedagen.

Fleire av dei gammaltestamentlege festane varte ei veke, slik at sjølve festdagen vart feira på nytt den åttande dagen. I oldkyrkja var dagen òg kalla kvitesundagen eller kvitkledesundagen, fordi dei som var døypte på påskevaka eller påskedagen, tok av seg dei kvite kleda denne sundagen.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

3. søndag i påsketida

3. søndag i påsketida, før kalla 2. sundag etter påske, Misericordia Dominini, «miskunn-sundagen», av latinske orda i kollektbøna for dagen, som byrjar med orda «Miskunnsame Gud, du har sett din son til hyrding over oss villfarne menneske…» , er den tredje sundagen i den kristne påsketida.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

4. søndag i påsketida

4. søndag i påsketida, før kalla 3. sundag etter påske, tidlegare Jubilate, «lat hyllingsrop lyda», av dei latinske orda i dei gamle inngangsorda for denne sundagen, som byrja med orda «Lat hyllingsrop lyda for Gud, all jorda…» (Sal. 66,1), er den fjerde sundagen i den kristne påsketida.

Evangelietekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

5. søndag i påsketida

5. søndag i påsketida, før kalla 4. sundag etter påske, tidlegare Cantate, «syng lovsong», av dei latinske orda i introitussalmen som i mellomalderen vart bruka for denne sundagen, og som byrja med orda «Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under!» (Sal. 98,1), er den femte sundagen i den kristne påsketida.

Evangelietekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.

6. søndag i påsketida

6. søndag i påsketida, før kalla 5. sundag etter påske, tidlegare Rogate, «bed!», av dei latinske orda i evangeliteksten for dagen: «Be, så skal de få!» (Joh. 16,24), er den sjette sundagen i den kristne påsketida.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i tradisjonelt henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev. I Den norske Kyrkja brukast no annakvart år som preiketekst Mat. 6,6-13, det er teksten til Fadervår.Alt frå kring år 450 vart dei tre dagane mellom Rogate og Kristi himmelfartsdag kalla rogasjonsdagane. Det var bønedagar då kyrkjelyden gjekk i prosesjon med krossar og kyrkjefaner for å be om velsigning for land og grøde.

Bisher habt ihr nichts gebeten in meinem Namen

Bisher habt ihr nichts gebeten in meinem Namen, BWV 87, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for femte sundag etter påske, som dette året var den 6. mai.

Teksten er henta frå Christiane Mariane von Ziegler (sats 2-4, 6), Evangeliet etter Johannes 16: 24 (første sats) 16: 33 (femte sats), og Heinrich Müller (siste sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, meine Freude» av Johann Franck (1650).

Erhalt uns, Herr, bei deinem Wort

Om salmeteksten, sjå «Gud hald oss uppe ved ditt ord»Erhalt uns Herr, bei deinem Wort, BWV 126, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for seksagesima (åttande søndag før påske) som dette året var den 4. februar.

Teksten er henta frå Martin Luther (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Halt im Gedächtnis Jesum Christ

Halt im Gedächtnis Jesum Christ, BWV 67, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter påske.

Teksten er henta frå Paulus’ andre brev til Timoteus 2: 8 (første sats), Nikolaus Herman (fjerde sats), Evangeliet etter Johannes 20: 19 (sjette sats), Jakob Ebert (sjuande sats) og opphavet til resten ukjend, men Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre, medan andre foreslår Salomo Franck. ; John 20: 19 (Mvt. 6)

Koraltemaet er basert på salmane «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ» etter Jakob Ebert (1601) og «Erschienen ist der herrlich Tag» etter Nicolaus Herman (1560).

Ich bin ein guter Hirt

Ich bin ein guter Hirt, BWV 85, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for andre sundag etter påske, som dette året var den 15. april.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 10: 11 (første sats), Cornelius Becker (tredje sats) og Ernst Christoph Homburg (siste sats), medan resten har ukjend opphav (truleg Christiane Mariane von Ziegler)

Koraltemaet er basert på salmen «Wer nur den lieben Gott läßt walten» av Cornelius Becker (1598)

Ich bin vergnügt mit meinem Glücke

Ich bin vergnügt mit meinem Glücke, BWV 84, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1727 for niande sundag før påske, den 9. februar.

Teksten er henta frå Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt (femte sats) og truleg Christian Friedrich Henrici (Picander) for resten.

Koraltemaet er basert på salmen «Wer nur den lieben Gott läßt walten» publisert av Georg Neumark i hans Fortgepflantzter Musikalisch-Poetischer Lustwald i Jena i 1657. Opphavet til teksten og musikken kan sporast attende til Kiel i 1641.

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen, BWV 145, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for tredje påske, som dette året var den 19. april.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander). Bach har sjølv truleg lagt til første og andre sats.

Koraltemaet er basert på salmen «Erschienen ist der herrlich Tag», som vart nytta av Martin Luther og andre på 1500-talet. Han har kanskje opphav som ein gregoriansk song for påske.

Ich weiß, daß mein Erlöser lebt

Ich weiß, daß mein Erloser lebt er ein kyrkjeleg kantate komponert av Georg Philipp Telemann. Han vart tidlegare feilaktig tilskriven Johann Sebastian Bach i eit manuskript frå midten av 180-talet som sidan gjekk tapt, og fekk derfor katalognummeret BWV 160. Då katalogen til Telemann vart samla i 1950-åra vart det klart at det var Telemann og ikkje Bach som var komponisten.

Kantaten er skriven for påske for solostemme, fiolin og continuo. “Ich weiss, dass mein

Teksten er skriven av Erdmann Neumeister.

Ihr werdet weinen und heulen

Ihr werdet weinen und heulen, BWV 103, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje sundagen etter påske, som dette året var 22. april. Verket vart framført ein gong til av Bach i Leipzig den 15. april 1731.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 20 (første sats), Paul Gerhardt (sjette sats), Christiane Mariene von Ziegler (sats 2-5).

Koraltemaet er basert på salmen «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit»

Langfredag

Langfredag markerer i kristen tradisjon dagen då Jesus Kristus døydde på krossen. Dagen vert markert fredag før påske. Namnet kjem av at det var Jesu lengste dag. På engelsk vert dagen kalla Good Friday, som eigentleg tyder «heilag fredag». På tysk heiter dagen Karfreitag, der kar tyder «sorg, sut».

I Noreg vert langfredag framleis sedd på som ein viktig heilagdag, det ein av dei tre dagane i året som mellom anna vert markerte med reklamefrie sendingar i kommersielle radio- og fjernsynskanalar.

Pesah

Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח [pɛsaḥ]), òg skrive Pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matrettar som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minna om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettane og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt.

Sie werden euch in den Bann tun

Sie werden euch in den Bann tun, BWV 44, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter Kristi himmelfartsdag, eller den sjette søndagen etter påske. Stykket vart framført første gong 21. mai 1724.

Skjærtorsdag

Skjærtorsdag eller skirtorsdag er ein dag i den kristne påskeveka og feirar det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før han blei krossfesta. Ordet kjem frå norrønt skíriþórsdagr som tyder reinsetorsdag (jf. skjær, 'rein)', som siktar til at Jesus vaska føtene til disiplane kvelden dei hadde det siste måltidet. Under dette måltidet innstifta Jesus den heilage nattverden.

Dagen blir markert siste torsdagen før påske. På messa i kyrkja vert det siste måltidet minna ved at kyrkjelyden feirar nattverd. Skjærtorsdag er dagen før langfredag, og det kan bli markert ved at all pynt vert fjerna frå altaret ved slutten av gudstenestaa. Lys, blomar, vaser og dukar blir bore bort slik at altaret framstår blottlagt til langfredagsgudstenesta.

Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark.

Søndag før pinse

Søndag før pinse, før kalla 6. sundag etter påske, tidlegare Exaudi, «Høyr meg!», av dei latinske orda i inngangssongen for dagen: «Høyr meg, Herre, når eg ropar, ver meg nådig og svar meg!» (Sal. 16,24), er den siste sundagen i den kristne påsketida.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i tradisjonelt henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev. Sundagen knyter linene frå påske til pinse.

Wahrlich, wahrlich, ich sage euch

Wahrlich, wahrlich, ich sage euch, BWV 86, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for femte sundag etter påske, som dette året var den 14. mai.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 3 (første sats), Georg Grünwald (tredje sats) og Paul Speratus (siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend opphavsmann.

Koraltemaet er basert på salmane «Kommt her zu mir, spricht Gottes Sohn» av Georg Grünwald (1530) og «Es ist das Heil uns kommen her» av Paul Speratus (1523).

Påske
Påsketid
Påskeforteljingar
Kristne tradisjonar
Andre tradisjonar

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.