Otho av Romarriket

Otho, Marcus Salvius Otho, fødd år 32, død 16. april 69 (sjølvmord), var romersk keisar frå 15. januar i firekeisaråret 69.

Otho var ven av keisar Nero av Romarriket. Keisaren oppmoda han til å gifta seg med elskarinna si, den lettsindige Poppaea Sabina. Otho vart send som statthaldar til den romerske provinsen Lusitania. Lusitania omfatta vestlege delar av den iberiske halvøya. Otho var statthaldar i ti år, og synte seg som ein dugleg leiar. Etter at Galba vart keisar, vona Otho på å verta adoptert av keisaren. Då planen slo feil, tok Otho del i ein oppreist mot keisaren. Otho stilte seg i spissen for pretorianargarden, og vart etter mordet på Galba sjølv keisar den 15. januar 69. Han måtte snart kjempa mot ein annan tronkrevjar, Vitellius. I slag nord i dagens Italia ved Bedriacum mot feltherrane Caecina og Valens måtte styrkane til Otho gje tapt. Otho tok livet av seg den 16. april 69. Vitellius etterfylgde Otho som keisar

Otho av Romarriket
OthoDen

Fødenamn Marcus Salvius Otho
Fødd 28. april 32 (juliansk)
Ferentium, Roma
Død

16. april 69 (juliansk)
Brixellum

Yrke politikar
Tittel Imperator Marcus Otho Caesar Augustus
Føregangar Galba
Etterfylgjar Vitellius

Sjå òg

  • Revolusjonskeisarane
    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.