Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (engelsk Organisation for Economic Co-operation and Development, forkorta OECD) er ein internasjonal organisasjon av industriland. OECD er eit framhald av OEEC, som vart skipa i 1948 for å gjennomføre Marshallhjelpa. OEEC vart erstatta av OECD i 1961 med USA og Canada som nye medlemmar. OECD-kretsen er i dag samansett av 30 land som kjenneteiknast ved velutvikla marknadsøkonomi og demokrati i tillegg til eit relativt høgt inntektsnivå. Europakommisjonen deltek også i arbeidet saman med medlemslanda i Den europeiske unionen (EU).

Bidrag til OECD sitt budsjett, som er på rundt to milliardar kroner årleg, er basert på medlemslanda sin økonomiske storleik.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling
OECD logo

Skipa16. april 1948, 30. september 1961

Medlemsland

OECD member states map
Kart der medlemsland i OECD er markerte i blått.

Nye medlemmar

Det vil etterkvart dukke opp nye medlemmar i OECD. Her snakkar vi om nye nasjonar som får medlemskap. Det er opne diskusjonar om medlemskap for Russland, Estland, Latvia, Litauen, Bulgaria og Romania. OECD samarbeider også med Indonesia, Kina, Sør-Afrika, Brasil og India.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

2010

2010 (MMX med romartal) i den gregorianske kalenderen er eit år utan skotdag som byrja på ein fredag.

Austerrike

Republikken Austerrike eller berre Austerrike (tysk: Republik Österreich eller Österreich) er eit land i Sentral-Europa med ni delstatar. Det er omgjeve av land på alle sider og grensar mot Liechtenstein og Sveits i vest, Italia og Slovenia i sør, Ungarn og Slovakia i aust, og Tyskland og Tsjekkia i nord.

Australia

Australia er eit land i Oseania som ligg sør for Indonesia og Papua Ny-Guinea. Det er det sjette største landet i verda i areal, og vert òg rekna som eit kontinent. Det bur litt meir enn 20 millionar innbyggjarar i Australia. Den største delen av desse bur i dei store byane som til dømes Sydney, Melbourne, Brisbane, Perth og Adelaide, trass i at landbruk er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til landet.

Canada

Canada er eit vidstrekt land lengst nord i Nord-Amerika. Det er det andre største og eit av dei nordlegaste landa i verda. Canada utgjer størstedelen av det nordamerikanske kontinentet og grensar til berre eitt anna land, USA i sør og i vest, til Alaska.

Canada er ein føderasjon med mykje sjølvstyre for ti provinsar og tre territorium, og har styresettet parlamentarisk demokrati og statsforma konstitusjonelt monarki, med Dronning Elizabeth som statsoverhovud.

Landet var både tidlegare franske og tidlegare britiske koloniar, og er medlem av både La Francophonie og Commonwealth of Nations. Fransk er hovudspråket i Quebec. New Brunswick er tospråkleg, medan resten av landet hovudsakleg er engelsktalande. Begge språka er offisielle i heile landet, men ein provins kan velja om han skal vera tospråkleg eller velja eitt hovudspråk.

Økonomisk er landet industrialisert og teknologisk utvikla. Næringsvegane er basert på rike naturressursar og handel med andre land, særleg naboen USA. Canada er hovudsakleg sjølvforsynt med energi på grunn av relativt store ressursar av fossile brennstoff, i tillegg til produksjon av kjerne- og vasskraft.

Chile

Republikken Chile er eit land på vestkysten av Sør-Amerika som grensar til Peru, Bolivia og Argentina.

Finland

Republikken Finland eller berre Finland (finsk: Suomen Tasavalta eller Suomi) er eit land i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det fyrste og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.

Frankrike

Republikken Frankrike eller berre Frankrike (fransk: République française eller France) er eit land i Vest-Europa med fleire territorium i Karibia, Sør-Amerika, Indiahavet, Stillehavet og Nord-Atlanteren. Fastlandet i den europeiske delen blir på fransk kalla l'Hexagone, «sekskanten»: Den eine kanten blir då kysten mot Atlanterhavet i vest, den andre kanten kysten mot Den engelske kanalen i nordvest, den tredje kanten grensa mot Belgia, Luxemburg og Tyskland i nordaust, den fjerde kanten grensa mot Tyskland, Sveits og Italia i aust, den femte kanten kysten mot Middelhavet og grensa mot Monaco i søraust og den sjette kanten grensa mot Spania og Andorra i sørvest. Den søramerikanske delen av Frankrike, Fransk Guyana, grensar til Brasil og Surinam, og det franske Saint-Martin i Karibia grensar til det nederlandske St. Maarten.

Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.

Italia

Italia (italiensk: Repubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet.

Japan

Japan (japansk: Nihon: 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet.

Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.

Nederland

Kongeriket Nederland eller berre Nederland (nederlandsk: Koninkrijk der Nederlanden eller Nederland) er eit lite, men tett folka land nordvest i Europa. Det har kyst mot Nordsjøen og grenser i tillegg til Tyskland og Belgia. Landet blir nokre gonger feilaktig kalla Holland, men dette er berre to av provinsane i Nederland (Noord Holland og Zuid Holland).

Portugal

Portugal er eit land på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har kyst mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Asorane høyrer òg til Portugal. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar.

Republikken Irland

Republikken Irland utgjer fem seksdelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla «Éire» på irsk og «Ireland» på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilja mellom stat og øy.

Slovakia

Den slovakiske republikken (forkorta til Slovakia; slovakisk Slovensko eller Slovenská republika) er eit land i Sentral-Europa med over fem millionar innbyggjarar fordelt på om lag 49 000 km². Det grensar til Tsjekkia og Austerrike i vest, Polen i nord, Ukraina i aust og Ungarn i sør. Den største byen er hovudstaden, Bratislava. Slovakia er medlemsland i Den europeiske unionen, NATO, SN, OECD, WTO, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar.

Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400- og 500-talet, under folkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt til Samo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane), Stor-Mähren, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Austerrike-Ungarn og Tsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia under fløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.

Slovakia har den raskast veksande økonomien i EU og OECD (2007). Landet vart medlem av EU i 2004 og eurosona i 2009.

Spania

Kongeriket Spania eller berre Spania (spansk Reino de España eller España) er det største landet på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Landet er eit konstitusjonelt monarki med hovudstad i Madrid. Det grensar mot Andorra og Frankrike i nord, Portugal i vest, og mot Gibraltar og Middelhavet i sør.

Utanfor det spanske fastlandet høyrer Kanariøyane i Atlanterhavet, Balearane (Mallorca, Menorca, Ibiza, etc.) og nokre område kalla Plazas de soberanía til landet. Desse omfattar nokre ikkje-busette øyer utanfor Marokko. Byane Ceuta og Melilla grensar til Marokko, medan Llívia er ein eksklave i Frankrike. Talet på innbyggjarar er 46 659 302 (2018).

Storbritannia

Storbritannia (engelsk: United Kingdom), offisielt Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (engelsk: United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland), er eit konstitusjonelt monarki som omfattar England, Wales, Skottland og Nord-Irland. På engelsk blir namnet ofte korta til UK. Øya Storbritannia utgjer størstedelen av Dei britiske øyane, som ligg utanfor den nordvestre kysten av det europeiske kontinentet.

Sveits

Det sveitsiske eidssambandet eller berre Sveits (tysk: Schweizerische Eidgenossenschaft eller Schweiz, fransk: Confédération suisse eller Suisse, italiensk: Confederazione Svizzera eller Svizzera, retoromansk: Confederaziun svizra eller Svizra) er eit land i Europa. Landet grensar mot Tyskland i nord, Frankrike i vest, Italia og Austerrike i sør og Liechtenstein i aust. Sveits er eit land med mange språk. Slik er det òg mange namn på landet. På tysk er namnet Schweizerische Eidgenossenschaft, fransk Confédération suisse, italiensk Confederazione Svizzera, retoromansk Confederaziun svizra og på Latin Confoederatio Helvetica). Namnet Schweiz kjem av ei høgalemanniske form av namnet på kantonen Schwyz, etter kvart vart namnet nytta på heile eidssambandet Sveits.

Sør-Korea

Sør-Korea er eit land i Aust-Asia. Det grensar til Nord-Korea. Hovudstaden er Seoul.

Tsjekkia

Den tsjekkiske republikken eller berre Tsjekkia (tsjekkisk: Česká republika eller Česko) er eit land på grensa mellom Aust- og Mellom-Europa, og er omgjeve av land på alle kantar. Det grensar mot Tyskland i vest, Austerrike i sør, Slovakia i aust og Polen i nord. Landet vart oppretta 1. januar 1993 og omfattar dei historiske landskapa Böhmen (tsjekkisk Čechy) og Mähren (Morava), i tillegg til ein liten del av Schlesien (Moravské Slezsko). Landet utgjorde fram til 1993 saman med det noverande Slovakia staten Tsjekkoslovakia. Tsjekkia blei med i NATO i 1999 og i EU i 2004.

Tyskland

Forbundsrepublikken Tyskland eller berre Tyskland (tysk: Bundesrepublik Deutschland eller Deutschland) er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.

Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8. Etter USA, Tyskland er den nest mest populære migrasjon destinasjon i verden.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.