Omdreiingar per minutt

Omdreiingar per minutt (o/min) eller omdreiingar i minuttet er ei eining for rotasjonshastigheit (rotasjonsfrekvens), i staden for «omdreiingar per sekund». Omdreiingar per minutt er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta for å visa rotasjonshastigheita til mekaniske komponentar.[1] Turtalet til motorar, propellar etc. vert som oftast oppgjeve i o/min.

Standardiseringsorganisasjonar anbefalar å nytta symbolet r/min, som følgjer generelle prinsipp for eininggsymbol på ein betre måte. Dette følgjer den engelske nemninga revolutions per minute (RPM eller rpm).

I SI-systemet kan ein oppgje rotasjonshastigheit som ein frekvens eller som ein vinkelhastigheit.

SI-eininga for frekvens er hertz (Hz):

1 o/min = 1 r/min = 1/60 Hz

Vinkelhastigheit (ω) blir oppgjeve i radianar (rad) per sekund (s), gjerne skrive s-1.

1 o/min = s-1

Kjelder

  1. Hofstad, Knut (22. april 2017). «rpm». Store norske leksikon (på norsk).
Dynamometer

Eit dynamometer er eit instrument for å måle storleiken på ei kraft, eit dreiemoment eller ein effekt. Til dømes kan effekten produsert av ein maskin, motor eller andre roterande kraftmaskinar reknast ut ved å måle dreiemoment og rotasjonsfart (omdreiingar per minutt) samstundes.

Effekt

I fysikken er effekt (symbol: P) definert som mengda arbeid utført per tidseining. Effekt vert målt i den SI-avleia eininga watt med symbol W. Éin watt svarar til å omsetje eller forbruke éin joule per sekund.

Medan watt uttrykker arbeid per sekund, uttrykker kWh/h arbeid per time, eit uttrykk som vert nytta innan energiproduksjon.

Sidan éin joule varar til eit arbeid lik det å skyve med ei kraft av 1 Newton over ein avstand av 1 meter, vil ein effekt på 1 watt kunne skyve ein lekam med ei kraft av 1 Newton med ein snøggleik på 1 meter per sekund. Dette svarar til å heise ca. 102 gram 1 meter oppover per sekund ved jordoverflaten.

Ei eldre måleining for effekt som framleis er i bruk er hestekraft, som er lik 735,49875 watt, eller å heise 75 kg ein meter opp per sekund. Ein kW tilsvarar 1,36 hestekraft.

Electrolux Assistent

Assistent er ein kjøkkenmaskin introdusert av Electrolux i 1940. Han var designa av Alvar Lenning og vart ein stor seljar for Electrolux.

LZ 127 «Graf Zeppelin»

LZ 127 «Graf Zeppelin» var eit tysk luftskip, oppkalt etter grev Ferdinand von Zeppelin. Med en lengd på 236,6 m, ein diameter på 30,5 m og eit volum på 105 000 m3 var det datidas største luftskip. Det fløy føyrste gong 18. september 1928 og var utstyrt med fem 12-sylindra Maybach VL 2-motorar med ei samla effekt på 2850 hk ved 1 600 omdreiingar per minutt. Rekkevidda var 12 000 km ved marsjfart 115 km/t, toppfart var 128 km/t.

«Graf Zeppelin» blei til å begynne med brukt til eksperimentelle formål, men fløy samtidig post og passasjarer for å hoalde omkostningane nede. I oktober 1928 fløy skipet på sine fyrste langtur, til Lakehurst utanfor New York i New Jersey.

Rotasjon

Rotasjon eller dreierørsle syner særskilt til rørsla til ein stiv lekam rundt eit punkt eller ein akse. I matematikken blir rotasjon definert som ei rørsle der alle faste punkt i ein fast lekamar blir verande i ein fast avstand frå eit visst punkt. Dersom aksen eller punktet eit objekt roterer rundt er inne i objektet, seier ein at det roterer om seg sjølv eller at det spinn.

Døme på gjenstandar som er utforma til å rotere er hjul, propell, svinghjul og rotor. Eit objekt kan rotera i høve til andre objekt ved hjelp av ein eller fleire hengsler, til dømes dører og sakser.

Rotasjonen vert målt som ein vinkelfrekvens, med eining radianar per sekund [rad/s], men andre einingar er òg i bruk:

Omdreiingar per sekund [o/s].

Omdreiingar per minutt [o/min]. Denne eininga er vanleg for motorar og andre maskinar.

Singelplate

Ein singel eller singelplate (òg skrive single), ofte forkorta SP (Single Playing) er eit standardisert format for grammofon- og CD-plater. Ein singel inneheld mindre lyd, det vil seia kortare lydopptak og færre lydspor enn musikk- og lydplater i andre format (EP- og LP-plater).

Ei tradisjonell singelplate er ei grammofonplate med berre eitt lydspor eller éin komposisjon per plateside. Hovudsongen er vanlegvis plassert på A-sida, medan B-sida inneheld eit bonusspor. Ein grammofonsingel har ein diameter på 17,5 cm og skal spelast av med 45 omdreiingar per minutt, og kan derfor òg kallast ei 45-plate. Slike singelplater kom på marknaden i 1948 saman med større plater i såkalla LP-format. Ein CD-singel består som regel av éin hovudsong og éin til tre «bonussongar». Ein maxi single ville bestå av fleire enn to songar.

Singlar vert ofte gjevne ut både i forkant og etterkant av eit studioalbum for å marknadsføre musikken og selje fleire pater. Ofte vert det òg spelt inn ein musikkvideo til singlane som kjem ut. På ein singel kan det i tillegg til hovudsporet vere konsertopptak, andre songar frå studioalbumet, tidlegare ikkje utgjevne songar, demoar eller den same songen i forskjellige versjonar.

Singelsalet vert registrert på singellister i dei fleste land, som til dømes VG-lista i Noreg, Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart i Storbritannia. Desse listene vert ofte publiserte i magasin eller aviser, og mange fjernsynsshow eller radioprogram som tar ei nedteljing på lista. For å kome med på lista må ein følgje somme krav som dei som eig lista avgjer, som regel går det på platesal og kor mange gonger songane vert spelte på radio. I dag er mange av desse listene òg basert på mengda nedlastingar av songen.

Singlane hadde stordomstida si særleg i 1950- og 1960-åra, i starten av rockehistoria, særleg fordi dei var billigare enn heile album. Utover i 1960-åra vart det større fokus på album og samanhengande tema, men singlane var framleis eit viktig marknadsføringsledd. I løpet av 1990- og 2000-åra har singlane vorte mindre viktige, sidan både album og singlar vert gjeve ut på CD-plater som har meir eller mindre same produksjonskostnad og album vart hovudmetoden å selje musikk på.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.