Nasjonaldag

Ein nasjonaldag er ein særskild dag som vert feira av eit folk kvart år, og er gjerne meint å styrka dei nasjonale kjenslene til folkegruppa eller staten dei er del av. Kvart land i verda har éin nasjonaldag, somme har fleire. Som regel blir dagen feira på den same datoen kvart år, men nokre land har flyttbare nasjonaldagar.

Dagen blir ofte feira til minne om ei spesiell hending, i mange tilfelle noko som har med sjølvstende eller frigjering frå eit anna land å gjera. I Noreg blir nasjonaldagen feira den 17. mai til minne om grunnlova som vart underteikna på Eidsvoll på denne dagen i 1814. India feirar både dagen landet fekk sjølvstende, den 15. august, og ein grunnlov, den 26. januar. Jamaica feirar nasjonaldagen sin den første måndagen i august kvart år, ettersom 6. august 1962, då landet fekk sjølvstende frå Storbritannia, var ein slik måndag.

Andre hendingar ein kan feira som nasjonaldag er statsleiaren sin fødselsdag, ei viktig historisk hending, som ein siger i eit slag, eller ein nedarva tradisjon som er felles for folket som feirar nasjonaldag. Thailand feirar til dømes nasjonaldagen sin på kongen sin fødselsdag; den franske nasjonaldagen 14. juli er til minne om storminga av Bastillen og symboliserer starten på den franske republikken, medan England feirar nasjonalhelgenen sin, Georg, den 23. april.

Gibraltar National Day
Nasjonaldagen i Gibraltar blir feira den andre måndagen i mars månad.

Feiring

Ein nasjonaldag er som regel ein offentleg høgtidsdag i landet som feirar han, og er gjerne òg ein flaggdag. I mange land samlar folk seg til fest, paradar eller talar. Nokre land, som USA og Frankrike, markerer dagen med fyrverkeri.

Det er stor forskjell på kor mykje nasjonaldagen blir feira i ulike land. I Noreg deltek nesten så godt som heile folket i feiringa, medan nasjonaldagen i dei ulike britiske landa er mindre overveldande, kanskje fordi ein ikkje har ein ein felles helgen for heile landet, eller fordi ein vil unngå å støyta minoritetar.

Nasjonaldagar

Alfabetisk

A

B

C

D

E

F

G

H

I

J

K

L

M

N

O

P

Q

R

S

T

U

V

W

Z

Bakgrunnsstoff

Kronologisk

Januar

Februar

Mars

April

Mai

Juni

Juli

August

September

Oktober

November

Desember

Sjå og

1. juli

1. juli er den 182. dagen i den gregorianske kalenderen (183. under skotår). Det er 183 dagar att av året.

1. oktober

1. oktober er den 274. dagen i den gregorianske kalenderen (275. under skotår). Det er 91 dagar att av året.

1. september

1. september er den 244. dagen i den gregorianske kalenderen (245. under skotår). Det er 121 dagar att av året.

12. juni

12. juni er den 163. dagen i den gregorianske kalenderen (164. under skotår). Det er 202 dagar att av året.

15. august

15. august er den 227. dagen i den gregorianske kalenderen (228. under skotår). Det er 138 dagar att av året.

15. september

15. september er den 258. dagen i den gregorianske kalenderen (259. under skotår). Det er 107 dagar att av året.

20. mai

20. mai er den 140. dagen i den gregorianske kalenderen (141. under skotår). Det er 225 dagar att av året.

21. september

21. september er den 264. dagen i den gregorianske kalenderen (265. under skotår). Det er 101 dagar att av året.

25. juni

25. juni er den 176. dagen i den gregorianske kalenderen (177. under skotår). Det er 189 dagar att av året.

26. juli

26. juli er den 207. dagen i den gregorianske kalenderen (208. under skotår). Det er 158 dagar att av året.

27. april

27. april er den 117. dagen i den gregorianske kalenderen (118. under skotår). Det er 248 dagar att av året.

28. november

28. november er den 332. dagen i den gregorianske kalenderen (333. under skotår). Det er 33 dagar att av året.

30. juli

30. juli er den 211. dagen i den gregorianske kalenderen (212. under skotår). Det er 154 dagar att av året.

31. august

31. august er den 243. dagen i den gregorianske kalenderen (244. under skotår). Det er 122 dagar att av året.

6. februar

6. februar er den 37. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 328 dagar att av året (329 under skotår).

7. juli

7. juli er den 188. dagen i den gregorianske kalenderen (189. under skotår). Det er 177 dagar att av året.

9. september

9. september er den 252. dagen i den gregorianske kalenderen (253. under skotår). Det er 113 dagar att av året.

Samefolkets dag

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn.

Datoen markerer det første samlande møtet for ulike samiske organisasjonar og aktivistar i Trondheim 6. februar 1917, med deltakar frå Noreg og Sverige. Dette var første gong i historia at nord- og sørsamar frå ulike land samla seg til eit stort møte for å drøfta felles saker og problemstillingar. Elsa Laula Renberg stod bak både ideen og sjølve møtet, som samla over hundre deltakarar.

I 1992 gjorde samekonferansen vedtak om at 6. februar, saman med seks andre dagar i året, skulle vera offisielle samiske flaggdagar.

Samekonferansen sitt vedtak i 1993 låg til grunn for Sametinget sitt vedtak om å gjera den 6. februar til Sámi álbmotbeaivi – Samisk folkedag.

Frå 2004 har dagen vore offisiell flaggdag i Noreg, der det er påbod om å flagga med det norske flagget ved alle offentlege bygg. Det er valfritt om ein i tillegg vil flagga med det samiske flagget. Flagget er ei helsing til samane på dagen deira.

Sjølvstende

Sjølvstende tyder å vere fri og er det motsette av å vere avhengig eller underlagt.

For ein stat tyder sjølvstende det tidspunktet då folket i landet tok styringa. Denne hendinga blir gjerne seinare markert med ein nasjonaldag.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.