Namnedag

Ein namnedag er ein dag som er tileigna ein person sitt førenamn. Det er ein merkedag for personar som har dette namnet, og blir feira om lag som ein fødselsdag i nokre land, særleg i Hellas og Sverige. Kva namnedag ein har står i ei særskild liste. I Noreg blir ho gjeven ut i almanakken, medan den offisielle katolske helgenlista, som styrer katolske namnedagar, blir gjeven ut av Vatikanet.

Braille calendar cs
Namnedagar i byrjinga av juni på ein tsjekkisk kalender med blindeskrift. (Foto: Hynek Hanke)

Historie

Skikken med namnedagar oppstod i den kristne kyrkja, mest for å redusera tydinga av den heidenske fødselsdagsfeiringa. Det vart vanleg å ta namn etter den helgenen som i følgje kyrkja vakta over datoen dåpsdagen fall på. Når helgenane blei feira på sin dag, kunne dei som hadde namnet føla seg litt spesielle. Det var òg rekna som meir heldig å feira den dagen ein tok imot dåpen og frelsen på, framfor dagen ein blei fødd som eit syndig menneske.

Namnsdag på härbret av Carl Larsson 1898
Svensk namnedagsfeiring, måla av Carl Larsson i 1898.

Etter Reformasjonen fall mykje av den gamle helgendyrkinga bort i Norden, og Noreg mista sin tradisjon med namnedagar. I Sverige, derimot, levde han vidare. I øvre lag av samfunnet blei dagen feira på same måte som ein fødselsdag, og namnedagar har sidan vore feira i store delar av samfunnet i både Sverige og Finland.

I førstninga eksisterte det ingen standardiserte lister over namnedagar, men i 1747 fekk Sverige ein offisiell almanakk. To år senare vart namnedagar inkludert i denne almanakken. Etter dette har namnedagsfeiring vore vanleg i store delar av Sverige og Finland.

Notid

Namnedagsskikken blei teken opp att i Noreg av Almanakkforlaget i 1988, då dei fekk namneforskaren Kristoffer Kruken og andre til å laga eit framlegg om nye namnedagar. Desse var baserte på dei gamle namnedagane, men tok òg med nyare namn som var blitt vanlege sidan då. Listene over namnedagar blir oppdatert nå og då.

Dei katolske landa feirar namnedagar etter ei offisiell liste frå Vatikanet, men i mange land har namnedagsfeiring aldri slått rot. I Noreg har namnedagsfeiring vorten vanlegare dei siste åra, mens i Danmark er namnedagsfeiring svært uvanleg. I Finland ser ein det som viktig å fordela namna på dagane slik at størst mogleg del av folket får ein namnedag, medan lista frå Vatikanet held seg til helgenar, som dei stadig tek inn nye av.

Sjå også

Bakgrunnsstoff

1. juli

1. juli er den 182. dagen i den gregorianske kalenderen (183. under skotår). Det er 183 dagar att av året.

1. mai

1. mai er den 121. dagen i den gregorianske kalenderen (122. under skotår). Det er 244 dagar att av året.

10. juli

10. juli er den 191. dagen i den gregorianske kalenderen (192. under skotår). Det er 174 dagar att av året.

10. juni

10. juni er den 161. dagen i den gregorianske kalenderen (162. under skotår). Det er 204 dagar att av året.

10. mai

10. mai er den 130. dagen i den gregorianske kalenderen (131. under skotår). Det er 235 dagar att av året.

12. mai

12. mai er den 132. dagen i den gregorianske kalenderen (133. under skotår). Det er 233 dagar att av året.

14. april

14. april er den 104. dagen i den gregorianske kalenderen (105. under skotår). Det er 261 dagar att av året.

14. mai

14. mai er den 134. dagen i den gregorianske kalenderen (135. under skotår). Det er 231 dagar att av året.

15. mai

15. mai er den 135. dagen i den gregorianske kalenderen (136. under skotår). Det er 230 dagar att av året.

21. juni

21. juni er den 172. dagen i den gregorianske kalenderen (173. under skotår). Det er 193 dagar att av året.

25. juni

25. juni er den 176. dagen i den gregorianske kalenderen (177. under skotår). Det er 189 dagar att av året.

25. september

25. september er den 268. dagen i den gregorianske kalenderen (269. under skotår). Det er 97 dagar att av året.

30. november

30. november er den 334. dagen i den gregorianske kalenderen (335. under skotår). Det er 31 dagar att av året.

31. desember

31. desember er den 365. og siste dagen i den gregorianske kalenderen (366. under skotår).

31. juli

31. juli er den 212. dagen i den gregorianske kalenderen (212. under skotår). Det er 153 dagar att av året.

6. juli

6. juli er den 187. dagen i den gregorianske kalenderen (188. under skotår). Det er 178 dagar att av året.

8. mai

8. mai er den 128. dagen i den gregorianske kalenderen (129. under skotår). Det er 237 dagar att av året.

Namnedagar i Noreg

Namnedagar i Noreg er eit oversyn over noverande norske namnedagar sortert etter dato.

Namnedagar har røter til katolske helgendagar. Dei vart gjeninnførte i Noreg av Almanakkforlaget i 1988. Forlaget reviderte lista i 1998 og inneheld 819 namn. Alle årets dagar bortsett frå 1. januar, som i kyrja er Jesu namnedag, skotårsdagen 29. februar og 25. desember har tilhøyrande namn.

Namnedagar i Sverige

I Sverige har dei ein lang ubroten tradisjon for å feire namnedagar. Namedagsfeiringa går attende til før reformasjonen, og ulikt i mange andre land held skikken seg sterk i Sverige også etter at landet hadde gått over til protestantismen. Før reformasjonen vart namnedagane feira etter helgendagane. Den fyrste lista over namnedagar etter reformasjonen kom i 1749 i den offisielle svenske almanakken. Sidan har lista vorte endra fleire gonger, seinast i 2001 etter at ei arbeidsgruppe nedsett av Svenska Akademien hadde kome med framlegg. Planen er at lista skal gåast gjennom og reviderast om 15 år, det vil seie i 2016.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.