Moustérienkulturen

Moustérienkulturen er eit arkeologisk namn på ein stil av hovudsakleg flintreiskap som primært er knytt til Homo neanderthalensis og er datert til den miderste delen av paleolitikum (eldre steinalder).

Han er kalla opp etter hola Le Moustier i regionen Dordogne i Frankrike. Liknande flintreiskapar frå tida etter istida er funne over heile Europa, Vesleasia og Nord-Afrika.

Le Moustier sup
Grotta i Le Moustier i Dordogne som gav kulturgruppa namnet sitt.

Kjenneteikn og leivningar

Moustérien-reiskapar som er funne i Europa er laga av neandertalarar for mellom 300 000 og 30 000 år sidan. I Nord-Afrika og Vesle-Asia vart dei òg laga av anatomisk moderne menneske. I Levanten er det til dømes ikkje mogeleg å skilje mellom slike reiskap som er laga av høvesvis moderne menneske og neandertalarar.[1]

Kjelder

  1. Shea, J. J., 2003: Neandertals, competition and the origin of modern human behaviour in the Levant, Evolutionary Anthropology, 12:173-187.
Beirut

Beirut (arabisk بيروت, Bayrūt; bibelhebraisk בְּאֵרוֹת Be'erot; hebraisk: ביירות Beirut; Peyrut; latinsk Berytus; fransk Beyrouth; armensk Պէյրութ Beyrut) er hovudstaden og den største byen i Libanon. Sidan det ikkje har vore noko folketeljing på mange år, er det eksakte folketalet ukjend, men estimat frå 2007 seier ein stad mellom litt meir enn 1 million til litt mindre enn 2 millionar i Stor-Beirut. Byen ligg på ei halvøy midt på Middelhavskysten til Libanon, og er den største hamnebyen i landet. Han vart først nemnd i Tell el Amarna-breva frå Egypt kring 1400-talet fvt. Byen har vore kontinuerleg busett sidan den gong. Beirutelva renn frå sør til nord langs austkanten av byen.

Beirut er regjeringssetet i Libanon og spelar ei sentral rolle i libanesisk økonomi med mange bankar og føretak basert i Beirut sentrum, Hamragata, Rue Verdun og Ashrafieh. Etter øydeleggingane under den libanesiske borgarkrigen har kulturlandskapet i Beirut endra seg stort med mykje utbygging. Basert på reknskapsføring, marknadsføring, finans og rettsvesen, er Beirut av Globalization and World Cities Research Network rangert som ein Beta World City.

Ein Avdat

Ein Avdat (hebraisk עין עבדת) eller Ein Ovdat er ei kløft i Negevørkenen i Israel, sør for Sde Boker kibbutz. Arkeologiske funn syner at Ein Avdat var busett av nabatearane og katolske munkar. Fleire vasskjelder i den sørlege opninga av kløfta munnar ut i djupe tjern i ei rekkje fossar.

HaYonimgrotta

HaYonimgrotta (hebraisk מערת היונים, Me'arat HaYonim, 'Duegrotta') er ei grotte som ligg i ein kalksteinsklippe kring 250 meter over havet i Øvre Galilea i Israel. Grotta var busett i midtre eldre steinalder i Moustérienperioden, frå 250 000 til 100 000 år sidan, og seinare under natufisk periode for kring 12 000 år sidan.Moustérienkulturen etterlet seg fleire blad av stein.

Natufikulturen danna sirkelforma rom med handsama golv og steinverktøy.

Nahal Amud

Nahal Amud (hebraisk נחל עמוד), òg kalla Wadi Amud, er ei elv i Øvre Galilea som renn ut i Genesaretsjøen.

Kjelda til elva, Ramat Dalton, ligg 800 meter over havet. Nedslagsfeltet omfattar fjelltoppane Kanaanfjellet (955 moh) og Har Meron (1 204 moh) og ho flyt sørover gjennom det austlege Galilea til nordvestsida av Genesaretsjøen - ei høgd som er 200 meter under havnivå. Elva er kalla opp etter ei søyle som stig høgt opp frå bakken, like ved elva nær Kibbutz Hokuk.

Det finst mange grotter i kløfta som danna elveleiet på denne staden, og var ein gong busett av Homo heidelbergensis og seinare av neandertalarar, som i grotta ved Zuttiyeh. Dei første paleontologiske utgravingane i det som då var Palestina fann stad her i 1925-1926. I grotta fann ein òg gjenstandar frå Moustérienkulturen og acheuléen.

Det meste av Nahal Amud vart erklært eit naturreservat i 1972.

Pyrenéhalvøya

Pyrenéhalvøya (òg kalla Den iberiske halvøya eller Iberia) ligg heilt sørvest i Europa. Her ligg Spania, Portugal, Andorra og Gibraltar og eit veldig lite område av Frankrike. Ho er den vestlegaste av tre store halvøyar i Sør-Europa – Pyrenéhalvøya, Den italienske halvøya og Balkan. Ho grensar i søraust og aust til Middelhavet og i nord, vest og sørvest til Atlanterhavet. Pyreneane dannar den nordaustlege grensa til halvøya og skil ho frå resten av Europa. I sør ligg nordkysten av Afrika. Ho er den nest største halvøya i Europa med eit areal på 582 860 km².

Qesemgrotta

Qesemgrotta er ei grotte 12 km aust for Tel Aviv i Israel som var busett i eldre steinalder og tidlege menneske frå før 382 000 til kring 200 000 år sidan.

Grotta vart senter i ein kontroversiell episode då aviser i desember 2010 rapporterte at israelske og spanske arkeologar hadde funne dei tidlegaste spora av det moderne menneske, men det viste seg at journalistane hadde attgjeve den vitskaplege rapporten unøyaktig og det stod ingen stader i rapportane at det var snakk funn av homo sapiens.

Tabungrotta

Tabungrotta er ei grotte i Nahal Me'arot naturreservat i Israel ved Karmelberget. Grotta var busett i periodar i eldre steinalder (500 000 til kring 40 000 år sidan). I løpe tav denne perioden samla det seg avleiringar av sand og leire opp til 25 meter i grotta. Utgravingar indikerer at ho er ein av dei mest langvarige menneskelege busetjingane i Levanten.

Dei tidlegase og nedste avleiringane i grotta inneheld store mengder sjøsand. Dette og spor av pollen indikerer eit relativt varmare klima på den tida. Dei smeltane isbreane som dekte det meste av jorda fekk havnivået til å stige og kysten av Middelhavet til å trekkje seg inn over land. Kystsletta var smalare enn ho er i dag, og var dekt med savannevegetasjon. Dei som budde i grotta nytta handøkser av flint eller kalkstein ti å drepe dyr (gasellar, flodhestar, nashorn og ville kyr som levde på kystsletta) og til å grave opp planterøter. Etter kvart som reiskapane betra seg over tid, vart handøksene mindre og betre forma og skraper laga av tykke flak av flint, var truleg nytta til å skrape mat av bein og handsame dyreskinn.

Dei øvre nivåa av Tabungrotta bestor hovusakleg av leire og silt, og indikerer eit kaldare, meir fuktig klima. Materiala funnen i denne delen av grotta er frå Moustérienkulturen (kring 200 000 - 45 000 år sidan). Små flintreiskap av tynne flak dominerer desse nivåa.

Det er funne leivningane av ei neandertalarkvinne i Tabungrotta, datert til kring 120 000 år sidan. Det er eit av dei eldste menneskeskjeletta som er funne i Israel.

Urdaibai

Urdaibai er eit estuar og eit biosfærereservat i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania. Estuaret vert òg kalla Mundaka- eller Gernikaestuaret

Urdaibai ligg ved kysten av Biscayabukta nord i Spania. Urdaibai dekkjer eit område på 220 km² og området har om lag 45 000 innbyggjarar, dei fleste av dei i byane Bermeo og Gernika. Området har mange små elvar som munnar ut i dei salte myrområda som er omgjeve av høge klipper. Det omliggande landområdet består av beitemark, treklynger med eik, lauvskog og plantasjar med barskog. Kystlandskapet er dekt med steineik og jordbærtre.

Det er dokumentert 615 artar karplanter og 318 virveldyr, 245 av desse fuglar, i Urdaibai.

I området finst spor frå førhistorisk tid romartida og mellomalderen. Mellom anna ligg Santimamiñegrotta her, med funn frå moustérienkulturen til jernalderen.

Økonomien i området er basert på metallurgi, fiske, jordbruk og skogbruk. Det finst òg ein viktig turistsektor, hovudsakleg sentrert rundt dei lokale strendene. Mundaka trekker òg til seg mange surfarar frå heile verda.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.