Midtausten

Midtausten er regionen mellom Middelhavet og Persiabukta. Land i det vestlege Asia og det nordlege Afrika som grensar til den regionen, vert òg ofte rekna med.

MiddleEast
Midtausten

Eurosentrisme

Mange har kritisert namnet Midtausten av di ein kan oppfatta det som eurosentrisk. Regionen ligg i aust frå ein vesteuropeisk ståstad, men for ein indar ligg han i vest. For ein russar ligg han i sør. Førestavinga midt- har også ført til ein del forvirring, av di før første verdskrigen, nytta ein ofte uttrykket Det nære austen om Balkan og Det osmanske riket, medan Midtausten viste til Persia, Afghanistan og nokre gonger Sentral-Asia, Turkestan og Kaukasus. Til skilnad frå Det fjerne austen som viste til landa i Aust-Asia som Kina, Japan, Korea, Hongkong, Taiwan osv. Etter at Det ottomanske imperiet fell i 1918, slutta ein å nytta uttrykket Det nære austen, medan Midtausten i større grad vart nytta om dei nye statane i Den arabiske verda.

Sjå òg

Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Armensk

Armensk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir tala av armenarar i fleire land, og er offisielt språk i Armenia. Det blir talt av rundt 3,5 millionar menneske i Armenia og i spreidde koloniar i Kaukasia og Midtausten.

Armensk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Moderne armensk fell i to hovuddialekter: austarmensk i Armenia og vestarmensk i Tyrkia, der det for det meste er vorte utrydda, og i emigrantkoloniar i Midtausten.

Armensk har sitt eige skriftspråk som blei utvikla på 400-talet. Det armenske alfabetet inneheld 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn. Alfabetet blei ifølgje tradisjonen skapt på grunnlag av det greske alfabetet av biskop Mesrop (d. 440), som òg skal ha skapt det georgiske og alfabetet til dei kaukasiske albanarane.

Austeuropeisk tid

Austeuropeisk tid, eller Eastern European Time (EET), er tidssona som ligger to timer føre GMT/UTC, og vert dermed gjerne skrive GMT+2 eller UTC+2. Denne blir brukt i nokre europeiske og nordafrikanske land og nokre land i Midtausten. Dei fleste bruker ikkje EET som sommartid.

Bronsealderen

Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 f.v.t. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 f.v.t., Aust-Europa 2500 f.v.t., Vest-Europa 2200 f.v.t., Kina 2000 f.v.t., og Skandinavia 1800 f.v.t.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Det osmanske riket

Det osmanske riket, også kalla Det ottomanske riket, var eit enormt, tyrkisk imperium, grunnlagd av Osman I ved byrjinga av 1300-talet og styrt av Det osmanske dynastiet fram til Tyrkia som republikk vart skipa av Mustafa Kemal Atatürk i 1923 etter den fyrste verdskrigen.

Riket var mektigast på 1500-talet under sultan Süleyman den store. Det hadde likevel størst utstrekking i 1683, då det strekte seg frå Wien i vest, gjennom Midtausten og Nord-Afrika, til dagens Iran og Den arabiske halvøya i aust. Sjølv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.

Ein sultan styrte riket saman med diwanen, ei regjering sett saman av vesirar og leia av storvesiren. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen kalif, det åndelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundreår såg ein på desse sultanane som dei einaste som hadde rett til å erklæra heilag krig.

Drusarar

Drusarane eller druzarane er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakleg utbreiing i Midtausten. Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er òg påverka av andre religionar og av gresk filosofi.

Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stader i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og òg ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølve Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, 'monoteisme-folket'.

Halvøy

Ei halvøy (latin «paene insula», 'nestenøy') er eit stykke land som stikk ut frå eit større fastland slik at det vert omgjeve av vatn på tre sider så det berre vert landfast på ei lei.

Halvøyar kan likna litt på nes, som har vatn på tre sider. Det er berre det avlange tungeliknande skapet på neset og det at øya gjerne er rund, som skil dei to slaga landstykke.

Iran

Iran, før 1934 kalla Persia, er eit land vest i Asia, i Midtausten. Det grensar til Pakistan og Afghanistan i aust, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Armenia i nord og Tyrkia og Irak i vest. Iran har kystlinje langs Persiabukta og Omanbukta i sør og mot Kaspihavet i nord.

Iran er eit land utan ein titulær hovudgruppe på grunn av ein etnisk sett svært samansett folkesetnad, med eit kulturelt og lingvistisk mangfald som er sameint under ein nasjonal identitet basert på standardisert farsi som fellesspråk. Dette inkluderer ti folkegrupper, mellom desse persarar, kurdarar, lurarar, bakhtiararar, gilakarar, masendaranarar, arabarar, balutsjarar, aserbajdsjanarar og turkmenarar.

Jordan

Sjå òg namnet Jordan

Jordan (arabisk الأردن, al-Urdun), offisielt Det hashimittiske kongedømet Jordan (arabisk المملكة الأردنية الهاشمية, al-Mamlakah al-Urdunīyah al-Hāshimīyah) er eit arabisk kongedøme i Vest-Asia, ved austbreidda av Jordanelva. Det strekkjer seg inn i den historiske regionen Palestina. Jordan grensa til Saudi-Arabia i sør og aust, Irak i nordaust, Syria i nord, og Vestbreidda, Daudehavet og Israel i vest.

Kongedømet oppstod i samband med at Vest-Asia vart delt mellom Storbritannia og Frankrike etter fyrste verdskrigen. I 1946 vart Jordan ein sjølvstendig, suveren stat, offisielt kalla Det hashimittiske kongedømet Transjordan. Etter at Vestbreidda vart erobra under den arabisk-israelske krigen i 1948, tok Abdullah I tittelen konge av Jordan og Palestina. Namnet på staten vart endra til Det hashimittiske kongedømet Jordan den 1. desember 1948.Sjølv om Jordan er eit konstitusjonelt monarki, har kongen vid utøvande og lovgjevande makt. Jordan er klassifisert som eit land med «middels menneskeleg livskvalitet» av Human Development Report frå 2011, og ein vekstmarknad med den tredje friaste økonomien i Vest-Asia og Nord-Afrika (32. friaste i verda). Jordan har ein økonomi i det «øvre sjiktet av middels». Jordan har hatt «høgare status» hos Den europeiske unionen sidan desember 2010, og er medlem av Euro-Middelhavet frihandelsområde. Landet var òg med å starte Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC).

Kurdarar

Kurdarane (kurdisk کورد / Kurd) er eit folkeslag som held til i Midtausten, i hovudsak i eit landområde som vert kalla Kurdistan. Dette området består for ein stor del av fjell, og tilhøyrer formelt Tyrkia, Syria, Irak og Iran. Kurdarane vert difor rekna som den største etniske folkegruppa i verda utan ein eigen nasjonalstat.

Mange kurdarar bur òg i storbyar utanfor Kurdistan, som i Istanbul, Ankara, Bagdad, Damaskus og Jerevan.

Fleirtalet av kurdarane, omtrent 75%, er sunnimuslimar. Mange er òg alevittar, sjia-muslimar eller tilhengar av ikkje-muslimske religionar som yezidismen.

Mesopotamia

Mesopotamia (Μεσοποταμία Mesopotamia) er eit gammalt gresk namn som tyder landet «mellom (μεσο mesos) flodene (ποταμός potamos)», brukt om området mellom flodene Eufrat og Tigris i det noverande Irak. Sidan omkring 5000 f.Kr. har det eksistert byar og palass frå forskjellige kulturar i Mesopotamia.

Mesopotamia vert ofte kalla «sivilisasjonens vogge» sidan den eldste kjente litteraturen i verda er funnen her. Her utvikla dei eldste sivilisasjonane ein jordbrukskultur og eit skriftspråk. Mesopotamia vart folkesett av m.a. sumerar, aramearar (som seinare vart kjende som syrarar), babylonarar, assyrarar og kaldearar. Det var her verdas første bysamfunn vart organiserte, mellom dei Lagash, Ur, Uruk og Nippur.

Palestina

Palestina er eit område og eit historisk landskap i Midtausten. I etterkant av andre verdskrigen vart kring halvparten av området proklamert som staten Israel (1948), mens palestinarane gjer krav på heile området som sitt rettmessige land.

Namnet Palestina stammar frå filistrane som frå 1100 før kristus utgjorde størsteparten av befolkninga i området omkring Gaza. I år 135 e.Kr. vart den tidlegare provinsen Judæa omorganisert og gjeven namnet Syria Palæstina som provins under det dåverande Romarriket. Palestina var ein del av det britiske palestinamandatet frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av det britiske mandatområdet Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan).Staten Israel vart proklamert i 1948 på 78 prosent av den delen av det historiske Palestina som ligg vest for Jordanelva. PLO proklamerte staten Palestina på Vestbreidda og Gaza i 1988 men vart ikkje anerkjend av Israel og den vestlege verda. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta på avgrensa delar av Vestbreidda og Gaza i 1993 som følgje av Oslo-avtalen.

Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.

Raudehavet

Raudehavet er òg namnet på to statar, ein i Sudan og ein i Egypt

Raudehavet (arabisk البحر الأحمر Baḥr al-Aḥmar, al-Baḥru l-’Aḥmar; hebraisk ים סוף Yam Suf; tigrinja ቀይሕ ባሕሪ QeyH baHri) er ei havbukt frå Indiahavet mellom Afrika og Asia.

Republikken Kypros

Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.

Samaritansk religion

Samaritansk religion er ein israelittisk religion, nært i slekt med jødedommen. Samaritansk religion godtek ikkje den jødiske Tanákh, og berre den samaritanske utgåva av Toráen blir sett som kanonisk. Sentralt i samaritansk religion står fjellet Gerizím, der mellom anna påskeofferet framleis finn stad kvar pesah.

Sionisme

Sionisme er ei form for jødisk nasjonalisme, som hevdar at jødar utgjer ei etnisk/nasjonal gruppe med rett til heile eller delar av det historiske landskapet Palestina/Israel. Ein tilhengar av sionismen blir kalla ein sionist.

Grunnlaget for den politiske sionismen i moderne tid blei lagt med Theodor Herzl si bok Der Judenstaat frå 1894, der han hevda at jødane måtte få sin eigen stat.

Frå 1917 fokuserte sionismen på å etablere ein stat i den vestlege delen av det da nyoppretta britiske protektoratet Palestina (dagens Israel, dei okkuperte områda og Jordan) — tidlegare ei gruppe provinsar i det tyrkisk-styrte osmanske riket.

Tamburin

Tamburin (fransk diminutiv av mellompersisk tambur, 'tromme, lutt') er eit rytmeinstrument danna av ei einfelltromme montert på ei rund ramme som også har festa par av små metallskiver i sidene. Ein slår typisk på tromma med handa. Metallskivene lagar lyd når tamburinen blir slått eller rista, eller når ein stryk ein finger, som regel tommelen, rundt sida av trommeskinnet.

Tamburinen høver til rytmisk akkompagnement og improvisasjon.

Han blir brukt til mange ulike typar musikk, som folkemusikk, janitsjar-, orkester- og populærmusikk og ein del kyrkjemusikk.

Tamburinar finst i ulike storleikar og utformingar. Ramma er tradisjonelt av tre, men kan også lagast av plastikk. Det finst også tamburinar utan trommeskinn, berre med metallskiver.

Instrumentet er kjend frå gammelt av i Kina, India og Midtausten. Det kom med romarane til Europa og blei vanleg blant spelemenn frå mellomalderen.

Tihamah

Tihamah eller Tihama (arabisk تهامة Tihāmah) syner til kystsletta i Arabia langs Raudehavet frå Akababukta til Bab el Mandeb-sundet.

Tyrkia

Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Han grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.

Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.

Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert. Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i fyrste verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den fyrste presidenten.

Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.

Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja tingingar om fullt EU-medlemskap i 2005. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.

Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve landet ei viktig strategisk plassering. På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomien og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.

Vest-Asia
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | Libanon | Oman | Qatar | Saudi-Arabia | Dei sameinte arabiske emirata | Syria | Tyrkia | Jemen

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.