Metula

Metula (hebraisk מְטֻלָּה) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Metula ligg mellom dei bibelske byane Dan, Abel Bet Maacah og Ijon og grensa til Libanon.

Metula
מְטֻלָּה, מטולה, Metulla
lokal kommune
Metula and Hermon
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°16′44″N 35°34′28″E
Areal 9,4 km²
Folketal 1 466 (2008) [1]
Folketettleik 156 / km²
Grunnlagd 1896
Borgarmeister Herzel Boker
Israel location map
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.metulla.muni.il/

Historie

Tidleg historie

Det er funne spor etter busetnader frå antikken her, inkludert vinpresser og mosaikkgolv.[2] Ein gravstad her som vart undersøkt i 1967 omfatta minst fire graver frå seint på 200-talet til seint på 500-talet.[2]

Osmansk tid

I 1816 vitja den reisande Buckingham «ein stor landsby kalla Metully, hovudsakleg busett av drusarar».[3] I 1875 skildra Guérin Methelleh eller Metelleh som ein landsby med ei kjelde, busett av drusarar frå Hauran som dyrka ein hage i aust.[4] Kort tid etter registrerte Survey of Western Palestine «El Mutallah: Ein liten landsby, bygd av stein, busett av kring 100 drusarar, i ei åsside, nær ei elv og omgjeve av dyrkbar mark.»[5]

Grunnlegginga av den jødiske moshava

Då drusaropprøret i 1895 braut ut, vart mennene i Mutallah med i opprøret. Sidan kvinnene ikkje klarte å drive arbeidet i landsbyen, selde eigaren av landområda, ein kristen frå Sidon kalla Jabur Bey, 12 800 dekar land til sjefsoffiseren til baron de Rothschild, Josva Ossovetski.[6][7] Landsbyen hadde vore busett og oppdyrka av meir enn 600 drusarar forpaktarar. Då drusaropprøret vart slege ned, kom mennene attende og kravde forpaktarrettane sine attende.[7] Ossovetski kalla inn dei tyrkiske styresmaktene, som kom for å arresterte drusarane som desertørar og opprørar, medan Ossovetski gav dei tilbod om ein ussel kompensasjon for å forlate landområdet.[7] Mange var misnøgde og åtte år med feidar og valdelege samanstøytar følgde.[7] Til slutt vart det kome fram til ei semje mellom landsbybuarane og Jewish Colonization Association i 1904 for ein ytterlegare sum på 60 000 francs (3 000 tyrkiske pund).[7][8][9] Denne episoden førte til mykje kritikk av metodane til agentane til Rothschild, inkludert somme frå andre sionistar som Ahad Ha'am.[7][9][10]

Den jødiske busetnaden vart grunnlagd i juni 1896 av 60 bondefamiliar frå meir etablerte samfunn og 20 familiar som ikkje var bønder. Dei fleste grunnleggjarane var emigrantar frå Russland. Pionerar (halutzim) frå Petah Tikva slo seg òg ned i Metula, og det same gjorde somme forskarar frå Safed.

Mandattida

Mot slutten av fyrste verdskrigen var Metula under fransk okkupasjon.[11] Grenseavtalen mellom Storbritannia og Frankrike i 1920 førte til at Metula hamna i Palestina, men det var først i 1924 at britane tok over den fulle kontrollen over området.[11] I mellomtida tok innbyggjarane i Metula til og med del i val for det libanesiske parlamentet.[11]

Den britiske sionisten Norman Bentwich skreiv i 1919:

«Metullah, den nordlegaste utposten, har fått ein ny funksjon som sommarferiestad for resten av landet. Fjellufta og den flotte staden, høgt over ei kløft og ei elv som renn nedover til Jordan, gjer han til ein favoritt på tørre dagar og dei få gardane her er overfylte i juli og august. Metullah er ein sommarstasjon for djerve menn og kvinner i koloniane. Han ligg frå langt unna vegen til å trekkje til seg turistar, men med tida vil staden verte for jødiske innbyggjarar, det mange av dei høgtliggande landsbyane i Libanon er for syrarane på slettene.» [12]

Ulovlege emigrantar passerte gjennom her mellom 1920–1923, då Metullah vart nytta som stoppe stad på veg inn i Palestinamandatet frå Det franske mandatområdet i Syria og Libanon. Straumen av ulovlege emigrantar auka i 1933-1934. Ofte vart emigrantar robba langs vegen. Innbyggjarane i Metula gøymde nykomarar i heimane sine, og heldt falske bryllaupsfeiringar der dei «feirande» vart frakta til midten av landet, langt frå grensa.

Forsvarsstillingar låg lagns begge sider av hovudvegen, og var ein del av forsvarsnettverket til landsbyen under opprøra i 1936-1939. Byggverka vart laga av sement, med rektangulære skår. Stillingane var bemanna av milits og menn frå Metullah, og var i bruk fram til sjølvstendekrigen.

Brua over Nahal Ayyun vart bygd av britane i 1943-44. Den 17. juni 1946 (Bru-natta) inntok og øydela dei fire Palmach-bataljonane (eliteeiningar i Haganah) for å hindre fiendtlege styrkar å kome inn i landet. Som følgje av dette fengsla dei britiske soldatane mange Yishuv-leiarar og Palmah-medlemmar, den 29. juni 1946 («Svart Sabbat»). Brua vart sprengd igjen av Palmach under sjølvstendekrigen. Brua vart bygd opp att i 1980-åra.

Staten Israel

I dagens Israel er Metula kjend som ein velståande by og ein populær turisstad, særleg for israelske skulebarn på sommarferie.[13]

Under Libanonkrigen i 2006 vart Metula ein spøkjelsesby då folkesetnaden for ei stund flykta unna for å unngå rakettåtaka til Hizbollah. Byen vart råka av 120 rakettar under krigen.[13]

Safari-ulukka skjedde ein sundagsettermiddag, den 10. mars 1984, då ein konvoi med israelske soldatar på sine «Safari»-lastebilar køyrde frå Metula til den libanesiske byen Marjayoun. Då dei var på brua kom ein raud pickup køyrande mot dei. Soldatane gav pickupen signal om å stoppe for å sleppe konvoien forbi. Då den første jeepen og den første safari-lastebilen hadde passert, eksploderte pickupen i ein enorm eksplosjon. Tolv soldatar mista livet og 14 vart skadde.

Geografi og klima

Metula ligg heilt nord i Israel, 6 km frå den libanesiske grensa, 520 meter over havet.

Vintrane er vanlegvis kalde og våte, med ein årsnedbør på 900 mm, medan somrane er varme og tørre. Elva Nahal Ayoun har kjelda si i Libanon, kring sju kilometer nord for Metula.

Kjelder

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014.
  2. 2,0 2,1 Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 641.
  3. J. S. Buckingham (1825). Travels among Arab Tribes inhabiting the countries East of Syria and Palestine ... London: Longman, Hurst, Rees, Orme, Brown and Green. s. 407.
  4. M. V. Guérin (1880). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Galilée II. Paris. s. 345–346.
  5. C. R. Conder ad H. H. Kitchener (1881). The Survey of Western Palestine 1. London: Palestine Exploration Fund. s. 89.
  6. Benny Morris, Righteous Victims. First Vintage 2001 edition, p55.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Arieh L. Avneri (1984). The Claim of Dispossession. New Brunswick: Transaction Books. s. 96–98. ISBN 0-87855-964-7.
  8. Morris, Righteous Victims, s.55.
  9. 9,0 9,1 Yosef Gorney (1987). Zionism and the Arabs, 1882-1948: a study of ideology. USA: Oxford University Press. s. 18. ISBN 978-0-19-822721-2.
  10. Alan Dowty (2001). ««A Question That Outweighs All Others»: Yitzhak Epstein and Zionist Recognition of the Arabs Issue». Israel Studies 6: 34–54. doi:10.1353/is.2001.0003.
  11. 11,0 11,1 11,2 Gideon Biger (2004). The boundaries of modern Palestina, 1840-1947. Routledge. s. 134. ISBN 978-0-7146-5654-0.
  12. Norman Bentwich (1919). Palestina of the jødar. London: Kegan Paul, Trench, Trubner & Co. s. 96.
  13. 13,0 13,1 Calm Returns to Israeli Border Town Two Years After War

Bakgrunnsstoff

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Metula frå Wikivoyage

Al-Batuf regionale kommune

al-Batuf regionale kommune (arabisk البطوف, hebraisk מועצה אזורית אל-בטוף, Mo'atza Azorit al-Batuf) er ein regional kommune som ligg heilt sør i Beit Netofa-dalen nord for Nasaret i Nord distrikt i Israel. Han var tidlegare ein del av Lev HaGalil regional kommune fram til 2000 og består av fire landlege israelsk-arabiske landsbyar.

Hamaam

Rumana

Rumat al-Heib

UzeirDen regionale kommunen er kalla opp etter Al-Batufsletta (det arabiske namnet på Beit Netofa-dalen), der han ligg. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, al-Batuf hadde eit folketal på 6 700 i 2010.

Bustan al-Marj regionale kommune

Bustan al-Marj regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית בוסתן אל-מרג', Mo'atza Azorit Bustan al-Marj) er ein regional kommune nord i Israel. Området grensar til Jezreeldalen og ligg nord for Afula. Kommunen omfattar fire arabisk landsbyar:

Ed Dahi

Kafr Misr

Nein

Sulam

Det nordlege distriktet i Israel

Det nordlege distriktet (arabisk: منطقة الشمال – Minṭaqat aš-šamāl; hebraisk: מחוז הצפון – Meḥoz hatzafon) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det nordlege distriktet har eit areal 4 478 km², som aukar til 4 638 km² om ein tar med både land og vatn. Den største byen er Nasaret, medan administrasjonssenteret er Nof HaGalil.

Golanhøgdene har vore styrt som eit underdistrikt av Det nordlege distriktet sidan 1981, og er de facto annektert av Israel, men dette er ikkje internasjonalt anerkjent og SN reknar annekteringa. Utanom Golanhøgdene, som dekkjer 1 154 km², er det totale landarealet 3 324 km² (3 484 km² med vatn).

Galileastripa

Galileastripa (hebraisk אצבע הגליל, Etzba HaGalil (tyder «Fingeren til Galilea») ei landstripe langs Huladalen nord i Israel som dekkjer fem kommunar. Byar langs Galileastripa er Metula og Kiryat Shmona.

Gilboa regionale kommune

Gilboa regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגלבוע, Mo'atza Azorit Gilbo'a) er ein regional kommune nord i Israel, i fjellsida av Gilboa. Det bur kring 22 000 innbyggjarar her fordelt på 38 busetjingar. Storleiken på kommunen er kring 250 000 dekar.

Han grensar i nord og vest til Jezreeldalen og Jezreeldalen regionale kommune, i sør til Samariafjella og i aust til Beit She'an-dalen og Beit She'an-dalen regionale kommune.

Golan regionale kommune

Golan regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית גולן, arabisk مجلس الجولان الإقليمي) er ein regional kommune som har oppsyn med regionale tenester for israelske busetjingar i Golanhøgdene. Han består av 19 moshavim, 10 kibbutzim og andre landsbyar. Kommunestyret heldt til i Katzrin.

Golanhøgdene vart erobra av Israel frå Syria i seksdagarskrigen i 1967. Dei vert internasjonalt rekna som eit syrisk område okkupert av Israel, sjølv Israel hevdar dei har retten til å halde området.

Jezreeldalen regionale kommune

Jezreeldalen regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית עמק יזרעאל, Mo'atza Azorit Emek Yizra'el) er ein regional kommune nord i Israel som omfattar dei fleste busetjingane i Jezreeldalen. Han består av 15 kibbutzim, 15 moshavim, seks felleskap og to beduinlandsbyar. Trass i namnet ligg ikkje alle busetjingane i sjølve Jezreeldalen proper, men i nærleiken.

Jordandalen regionale kommune

Emek HaYarden regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית עמק הירדן, Mo'atza Azorit Emek HaYarden, tyder Jordandalen regionale kommune), er ein regional kommune i Jordanelvadalen mellom Genesaretsjøen i nord og Beit She'an i sør. Han var den første regionale kommunen i Israel, skipa i 1949.

Dei fleste busetnadane ligg langs Hovudveg 90, ein veg som strekkjer seg frå nord til sør gjennom kommunen, parallelt til Jordanelva. Kommunehuset ligg mellom Degania Alef og Tzemah industriområde.

Kfar Giladi

Kfar Giladi (hebraisk skrift כְּפַר גִּלְעָדִי, tyder Giladilandsbyen) er ein kibbutz på Galileastripa nord i Israel. Han ligg sør for Metula i Naftalifjella ovanom Huladalen og langs den libanesiske grensa, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.

Kisra-Sumei

Kisra-Sumei (arabisk كسرا-سميع, hebraisk כִּסְרָא-סֻמֵיע) er ein arabisk by vest i Galilea i Nord distrikt i Israel. Han hadde eit folketal på 6 700 i 2006, og innbyggjarane er hovudsakleg medlemmar av drusar-samfunnet.

Byen vart danna då landsbyane Kisra og Sumei vart slått saman, og fekk status som lokal kommune i 1990.

Ma'ale Yosef regionale kommune

Ma'ale Yosef regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מעלה יוסף, Mo'atza Azorit Ma'aleh Yosef) er ein regional kommune i Øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Han ligg mellom byane Ma'alot-Tarshiha og Shlomi. Administrasjonssenteret er i Gornot HaGalil.

Kommunen vart grunnlagd i 1963 og dei fleste busetjingane vart grunnlagde i 1950-åra. Han vart kalla opp etter Yosef Weiz, sionistpioner i den andre Aliyah og direktør i Jewish National Fund etter første verdskrigen.

Megiddo regionale kommune

Megiddo regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מגידו, Mo'atza Azorit Megido) er ein regional kommune nord i Israel og dekkjer Menasheplatået, og delvis i Jezreeldalen. Kommunen grensar til byen Yokneam Illit i nord, og Karmelberget i aust, og husar kring 9600 innbyggjarar fordelt på ni kibbutzim og fire moshavim.

Kommunen er kalla opp etter den antikke byen Megiddo og ruinane av denne byen ligg i nærleiken av kibbutz Megiddo.

Merom HaGalil regionale kommune

Merom HaGalil regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מרום הגליל, Mo'atza Azorit Merom HaGalil) er ein regional kommune nord i Galilea i det nordlege Israel. Kommunen vart grunnlagd i 1950.

Mevo'ot HaHermon regionale kommune

Mevo'ot HaHermon regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מבואות החרמון, Mo'atza Azorit Mevo'ot HaHermon) er ein regionale kommune i Nord distrikt i Israel. Han dekkjer 13 moshavim og fellesbusetnader, frå nordbreidda av Genesaretsjøen, til den libanesisk grensa og Hermon. Administrasjonssenteret er i Merkaz Kach.

Misgav regionale kommune

Misgav regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית משגב, Mo'atza Azorit Misgav) er ein regional kommune i Galilea nord i Israel. Kommunen har 22 000 innbyggjarar fordelt på 35 småbyar, hovudsakleg fellesbusetjingar, men òg fleire kibbutzim og moshavim. Innbyggjarane i 29 av desse er hovudsakleg jødiske, og i seks av dei beduinar. Regionen er kjend for jødiske og ikkje-jødiske samfunn som lever side om side.

Den administrative statusen regional kommune gjeld ikkje alle byane i det samanhengande geografiske området til kommunen. Dei fleste arabiske byane i regionen er ikkje ein del av den regionale kommunen, og vert rekna som eigne lokale kommunar. Heller ikkje Karmiel, ein by som ligg i hjartet av Misgav høyrer til den regionale kommunen. Folketalet i Karmiel aleine er meir enn dobbelt så høgt som i heile Misgav regionale kommune.

Nedre Galilea regionale kommune

Nedre Galilea regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגליל התחתון, Mo'atza Azorit HaGalil HaTahton) er ein regional kommune nord i Israel som omfattar dei fleste busetnadene i Nedre Galilea. Over 9000 menneske bur i tre kibbutzim, ti moshavim og to fellesbusetnader i kommunen.

Kommunestyret heldt til i Kadoorie i nærleiken av Kadoorie jordbruksskule.

Yavne'el

Yavne'el (hebraisk skrift יַבְנְאֵל) er ein moshava og ein lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han er ein av dei eldste jødiske landsbyane i landet.

Yuval

Yuval (יוּבַל), òg kalla Kfar Yuval (כְּפַר יוּבַל), er ein moshav på Galileastripa, mellom Metula og Kiryat Shmona nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune.

Moshaven vart grunnlagd i 1953 av evakuerte frå Gamlebyen i Jerusalem som opphavleg kom frå Kurdistan. Namnet «Yuval» (bekk) etter sideelvane til Jordanelva i området, og refererer òg til Jeremia 17:8 («og strekkjer røtene mot bekken»). Tidleg i 1960-åra forlet dei fleste innbyggjarane moshaven, og han vart busett på ny av immigrantar frå Kochi i India. Sidan moshaven ligg nær grensa til Libanon har han ofte vore utsett for terroriståtak. I 1975 infiltrerte ei gruppe terroristar moshaven, tok kontroll over ein bustad og tok livet av tre medlemmar av ein familie.

Øvre Galilea regionale kommune

Øvre Galilea regionale kommune (hebraisk מוֹעָצָה אֲזוֹרִית הַגָּלִיל הַעֶלְיוֹן, Mo'atza Azorit HaGalil HaElyon) er ein regional kommune i Øvre Galilea i Israel.

Området har eit folketal på 15 500. Administrasjonssenteret ligg i Kiryat Shmona, ein by som ikkje er ein del av kommunen.

Byar
Lokale kommunar
Regionale kommunar

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.