Metall

Metall er stoff som både er sterke og lette å forma, og som leier varme og elektrisitet. Dei fleste metalla har stor tettleik og høge smeltepunkt, og er ofte blanke og skinande.

At metall har vore svært viktige for menneskja si utvikling, ser me i metallnamna på tidsaldrar som jernalderen og bronsealderen.

Ei legering er ei blanding av ulike grunnstoff som oppfører seg som eit metall og inneheld minst eitt, men gjerne fleire ulike, metalliske grunnstoff.

Metales, Valparaíso
Metall kan mellom anna brukast til transportkonteinerar, skip, kranar og smijernsutsmykking.
RingForging
Glødande ring av metall.

Metall i kjemien

Innan kjemien er eit metall definert som eit grunnstoff som lett gjev frå seg elektron og som dannar metallbindingar. Denne typen binding, der elektrona held til i ei slags sky rundt kationa, gjev metalla dei viktige eigenskapane deira.

I periodesystemet er metalla skilde frå ikkje-metall med ei skrå linje frå bor til polonium. Stoffa som ligg på denne linja er halvmetall medan stoffa nedanfor og til venstre er metall. Sjølv om metalla utgjer størsteparten av den periodiske tabellen, er dei ikkje vanlege å finna i naturen, særleg ikkje i rein form.

Grupper av metall

Kjende metall

Sjå òg

Aluminium

Aluminium er eit metallisk grunnstoff med sølvfarga glans. I kontakt med luft vert eit tynt oksidasjonslag danna på overflata. Dette hindrar vidare korrosjon. Aluminium veg omtrent ein tredel av stål og kopar. I rein form har aluminium liten styrke. For det meste vert derfor aluminiumlegeringar som er smibare og lette å bearbeide nytta i maskiner og ved støyping. Aluminium har utmerkt korrosjonsmotstand og held lenge. Det er ikkje magnetisk.

Bly

Bly er eit grunnstoff med kjemisk symbol Pb. Bly er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Bly er eit uedelt tungmetall med lågt smeltepunkt. I luft vil bly vere blågrått på, sidan blyet vil regagere med oksygen og danne eit lag blyoksid på overflata. Dersom ein skrapar av dette laget vil bly vere sølvaktig, men vil oksydere og bli blågrått på nokre minutt.

Ioneradien til blyionet er omtrent lik ioneradien til Ca2+. Dette gjer at bly akkumulerer i beinvev.

Fløyte

For mjølkeproduktet fløyte, sjå kremfløyte

Fløyter er blåseinstrument laga av røyr med eitt eller fleire hòl i. Ein skapar lyd ved å blåsa luft mot ein kant av fløyta. Fløyter blir brukte som musikkinstrument, men òg til andre føremål, som å varsla eller gje ordrar med.

Nesten kvar ein kultur har sin eigen fløytetype, som regel fleire. Fløyter er enkle å laga, alt ein treng er eit røyr som ein så kan blåsa mot, som når ein bles på ei flaske. Men blant dei mange ulike fløytetypane i verda finst mange svært kompliserte typar, til dømes den vestlege tverrfløyta av metall, med ei rekke hòl og klaffar. Dei fleste fløyter blir spelte med munnen, men i nokre kulturar finst òg nasefløyter.

Glans i mineralogi

Glans i mineralogi er ei karakterisering av korleis lys vekselverkar med overflata på ein krystall, stein eller mineral. For eksempel, ein diamant blir omtalt son å ha ein diamant glans medan pyritt blir omtalt som å ha ein metallisk glans. Glans blir og nytta til å karakterisere andre ting skinn som til dømes stoff, særleg silke og sateng eller metall.

Grunnstoff

Eit grunnstoff er eit stoff som ikkje kan skiljast i fleire stoff ved konvensjonelle kjemiske metodar. Det består av atom med same atomnummer, det vil seia same talet proton i atomkjernen. Atoma kan vera av ulike isotopar, altså med ulikt tal nøytron og ulik atommasse, men dei kjemiske eigenskapane er i hovudsak avhengige av protontalet.

Dei fleste stoffa rundt oss er bygde opp av eit lite tal grunnstoff som finst i store mengder på jorda. Den store variasjonen i materiale kjem rundt oss kjem frå at grunnstoffa er bundne saman på svært ulike måtar, som molekyl.

Så langt (2004) er det oppdaga 116 grunnstoff, men berre 90 av dei finst i naturen. Dei siste stoffa er blitt til ved kjernefysiske reaksjonar framkalla av menneske. Desse er radioaktive stoff med svært kort halveringstid, og er forsvunne frå jorda sidan ho og dei blei til.

Så vidt me veit er hydrogen, det enklaste grunnstoffet, òg det mest vanlege i universet, med helium på andreplass. På jorda er oksygen og silisium dei vanlegaste grunnstoffa, og me finn dei særleg i ulike mineralsambindingar.

Ein får stoff som er bygd opp av molekyl dersom grunnstoff som er ikkje-metall reagerer med kvarandre. Dersom eit stoff som er metall og eit anna som er ikkje-metall reagerer, vil dette gje eit stoff som er bygd opp av positive og negative ioner. Slike stoff blir kalla ionesambindingar eller salt.

Grunnstoffet tinn

Tinn er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Tinn finst i to allotrope former. Ved låge temperaturar kan tinn i den vanlege metalliske forma gå over til den andre forma. Dette fenomenet er kjend som tinnpest.

Metallisk tinn er ikkje giftig. Det kan derimot organiske tinnsambindingar vera.

Det finst lite tinn på jorda. På oversikter over dei vanlegaste grunnstoffa i jordskorpa, kjem tinn langt ned på lista, bak vanlegare(!) stoff som praseodym, samarium, gadolinium og dysprosium. Likevel er ikkje tinn noko dyrt metall. Dette skuldast at det er lett å utvinna det vesle tinnet som finst, frå naturlege førekomstar av tinnstein.

Hydrogen

Hydrogen (eldre òg vasstoff eller brenne) er ein fargelaus, luktfri og ugiftig, men svært brennbar gass. Det er det lettaste av alle grunnstoff og har atomnummer 1 og symbolet H.

Hydrogen kan reagera med dei fleste andre grunnstoff. Det finst i vatn, i alle organiske stoff og i alle organismar. Det er det vanlegaste grunnstoffet i universet, og så godt som alle stjerner i hovudserien består av hydrogen i plasma-fase.

Hydrogen blir brukt i stor skala i industrien. Viktige område er produksjon av ammoniakk for bruk i kunstgjødsel, herding av

feitt og i oljeraffineri under produksjonen av fleire petroleumsprodukt, slik som propan, diesel og flybrennstoff. Hydrogen blir òg mykje nytta som rakettbrennstoff, mellom anna i romferja.

I laboratoriet kan ein laga hydrogen ved å la ei syre reagera med eit metall, til dømes sink. Når ein framstiller hydrogen kommersielt, skjer det vanlegvis ved å bryta ned naturgass. Elektrolyse av vatn er ein enkel, men lite effektiv metode. Forskarar prøver no å utvikla nye metodar som nyttar grøne algar for hydrogenproduksjon.

Karbon

Karbon, eldre òg kolstoff eller kol, er eit grunnstoff med atomnummer 6 og kjemisk symbol C. Karbon er i gruppe 14 i det periodiske systemet, og er eit ikkje-metall. Som dei andre grunnstoffa i denne gruppa, dannar det hovudsakleg tetravalente kovalente sambindingar. Det er tre naturlege isotopar av karbon. Den vanlegaste er C12, med 98.0%, følgd av C13 med 1,1 %. I tillegg finst det spor av den radioaktive isotopen C14, som har ei halveringstid på 5700 år. Karbon er eit av dei grunnstoffa som har vore kjent sidan antikken. Namnet karbon kjem frå det latinske ordet "carbo", som tyder kol.

Det er mange kjende allotropar av karbon. Dei best kjende er grafitt, diamant og amorft karbon. Dei fysiske eigenskapane til dei ulike allotropane til karbon er svært ulike. Grafitt er til dømes svart og mjukt nok til at ein kan bruke det i blyantar, mens diamant er svært hardt og gjennomsiktig. Amorft karbon er den forma ein finn i til dømes sot og trekol. I tillegg finst karbon i form av fulleren, som blant anna Buckminsterfulleren, som kjemisk er molekylet C60, og karbonnanorør. Alle kjende allotropar av karbon er stabile faste stoff ved romtemperatur, og treng høg temperatur for å reagere sjølv med oksygen.

Den vanlegaste oksydasjonstilstanden til karbon er +4, men det er og sambindingar som har oksydasjonstilstanden +2. Karbonmonoksid er eit døme på eit slikt molekyl. Dei største kjeldene av uorganisk karbon er kalkstein, marmor, dolomitt og karbondioksid i atmosfæren og i havet. Organisk karbon kan ein finne i kol, olje, gass, torv, metanhydrat, og i alle levande organismar. Karbon har fleire kjende sambindingar enn noko anna grunnstoff, og fleire enn 10 millionar ulike typar karbonsambindingar er kjende, og langt fleire finst i teorien.

Karbon er det femtande meste vanlege grunnstoffet på jordoverflata, og det fjerde vanlegaste i universet etter hydrogen, helium og oksygen målt etter vekt. Det er den nest vanlegaste grunnstoffet i menneskekroppen etter oksygen, om lag 18.5% av vekta. Den unike emna karbon har til å lage komplekse kjemiske sambindingar gjer at karbon dannar basis for alt kjent liv.

Kuiperbeltet

Kuiperbeltet, dessutan kalla Edgeworth-Kuiper-beltet, er ein region i solsystemet som strekkjer seg frå banen til Neptun på 30 AE til omtrent 55 AE frå Sola. Det liknar på asteroidebeltet men er mykje større; 20 gangar so vidt og 20 til 200 gangar so massivt. Som asteroidebeltet er det i hovudsak sett saman av smålekamar (restar frå danninga av solsystemet) og minst éin dvergplanet; Pluto. Medan lekamane i asteroidebeltet for det meste er sette saman av stein og metall, er kuiperbelteobjekta stort sett sette saman av frosne flyktige stoff som metan, ammoniakk og vatn.

Sidan oppdaginga av det første kuiperbelteobjektet (KBO) i 1992 har talet på kjende objekt stege til over tusen, og ein meiner at meir enn 70 000 KBO-ar med diameter på meir enn 100 km eksisterer i regionen.

Musikk

Musikk er lyd som blir skapa for å underhalda, uttrykka seg, eller dyrka fram kjensler i dei som høyrer han. Melodi, harmoni, rytme og vekslinga mellom lyd og stille er viktige element i musikken. Ordet musikk kjem frå gresk mousikê (μουσικη), som er avleidd av ordet for muse.

Alle menneskesamfunn har ei eller anna form for musikk, og det meste kan brukast til å få fram vellyden. Stemmen er kanskje den viktigaste lydskaparen, men det finst òg ei stor mengd musikkinstrument, laga av materiale som tre, skjel, skinn, horn, stein, metall og plastikk.

Nitrogen

Nitrogen (eldre nemning kvelstoff eller kvæve) er eit ikkje-metall i gruppe 15 i det periodiske systemet. Grunnstoffet finst i naturen som gassen N2 og i ei rekkje sambindingar. Nitrogen har berre ei allotrop form, ein fargelaus, luktfri, ugiftig og lite reaktiv diatomisk gass. Nitrogen har høgare elektronegativitet enn andre grunnstoff i gruppe 15.

Oksid

Oksid er sambindingar av oksygen og eit anna grunnstoff. I vanlege oksid har oksygen oksidasjonstal -2, medan oksidasjonstrinnet er -1 i peroksid. Oksid av metall er oftast faste stoff, medan oksid av ikkje-metall ofte er gassar. Oksid kan vera sure, basiske eller amfotære.

Oksygen

Oksygen, eldre òg surstoff eller nøre, er eit grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8. Det høyrer til ikkje-metalla, og ligg i gruppe 16 i det periodiske systemet. Grunnstoffet har to allotrope former, oksygengass (O2) og ozon (O3). Oksygenmolekylet er vanlegvis paramagnetisk, men diamagnetisk former finst.

Saksofon

Saksofon er eit instrument i treblåseinstrument-familien. Instrumentet blir brukt både innan klassisk musikk og moderne musikkformer som jazz og popmusikk.

Steinalderen

Steinalderen er ei nemning på den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein og andre naturmateriale, men ikkje metall. Han er den lengste perioden i menneskehistoria, rundt 2,6 millionar år, med ei byrjing i den geologiske epoken pleistocen. Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn—nokre samfunn har klart seg utan metall fram til våre dagar.

Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein førhistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.

Svovel

Svovel er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol S og atomnummer 16. Det er med i gruppe 16 i p-blokka i periodesystemet.

Mange svovelsambindingar har karakteristisk lukt. Den giftige gassen hydrogensulfid (H2S) er eit døme på dette.

Tromme

Tromme er eit perkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med ein membran trekt over ein eller begge endar. Ein kan få lyd ved å få membranen, eller trommeskinnet, til å vibrera. Trommr er eit av dei eldste og mest utbreidde musikkinstrumenta, og fint i ei rekkje variantar innanfor ulike kulturar og musikktradisjonar.

Trommer vert laga i ei rekkje ulike storleikar og fasongar og frå fleire ulike materiale. Trommekroppen eller korpus er gjerne laga av tre, metall, keramikk, glasfiber eller plast. Skinnet kan vera av anten dyrehud eller syntetiske materiale. Dei fleste trommer har to membranar, der ein kan slå an begge eller berre den eine medan den andre verker som resonansmembran. Trommer der ein slår an begge skinna blir kalla tofellstrommer. Dei fleste trommer kan stemmast, anten ved hjelp av mekaniske innretningar for å strame membranen (stemmeskruer, tauverk) eller ved hjelp av til dømes varme. Ein del tofellstrommer kan ha ulikt stemte trommeskinn.

Ein kan spela tromme ved hjelp av trommestikker, vispar, klubber eller hender. Instrumentet kan brukast som akkompagnement til song og dans og i ei rekkje ulike typar ensemble.

I orkester- og korpsmusikk er skarptromme, stortromme, pauke og mindre perkusjonsinstrument som til dømes tamburin mykje nytta. I sjangrar som pop, rock og jazz, vert ofte fleire ulike typar trommer kombinert i trommesett. Enkeltståande handtrommer, som til dømes bongotrommer, congas eller djembe, er også vanlege i ei rekkje musikkformer.

Valuta

Valuta er ei eining eller eit omgrep på eit betalingsmiddel for eitt eller fleire land.

Det kan òg brukast om pengeverdi, då som regel i ordsamansetjingar.

Ordet kjem opphavleg frå det latinske ordet «va_leo», som tyder «gjeld» eller «er verdt».

I tidlege tider veit ein at myntar frå framande land vart godteke som gangbar «valuta», mest truleg fordi dei bestod av edelt metall som hadde verdi overalt. Før den andre verdskrigen var det framleis landet sin gullreserve som stod som garanti for eit land sin valutareserve.

Mange land brukar framand valuta (t.d. amerikansk dollar), nokre land brukar felles valuta (t.d. euro), medan dei fleste land brukar sin eigen valuta.

Døme på valuta er norsk krone (NOK), britisk pund (GBP), australsk dollar (AUD) og russisk rubel (RUR). Forkortingane blir oppretta av ISO gjennom ISO 4217.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.