Månen

Månen er den naturlege satellitten til jorda, synleg frå alle stader på jorda. Han er 3 476,2 km i diameter, om lag ¼ av Jorda. Dette er ein uvanleg stor satellitt/planet-proporsjon, og gjer at Månen har merkbar påverknad på rørsla til Jorda, og ikkje minst på tidevatnet i havet.

Den tida Månen brukar på eitt omløp rundt jorda, er konstant (29 ½ døger), og dette har menneskje til alle tider brukt som ein praktisk målestokk for tidsrekning. Ordet månad er difor direkte avleidd av «måne». Månen har også gjeve namn til mellom anna måndag, månesjuke og menstruasjon. Han er viktig i fleire religionar, både som guddom (til dømes den norrøne guden Måne) og teikn (til dømes for islam og hindukalenderar).

Middelavstanden frå sentrum av månen til sentrum av jorda er 384 403 km. Mellom 1969 og 1972 vart det frå USA sendt fleire romskip med amerikanske astronautar til månen. 20. juli 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen.

Månen
Månen sett frå Jorda
Månen sett frå Jorda
Baneparametrar
Store halvakse 384 400 km
(0,0026 AE)
Banens omkrins 2 413 402 km
(0,016 AE)
Eksentrisitet 0,0554
Perigeum 363 104 km
(0,0024 AE)
Apogeum 405 696 km
(0,0027 AE)
Omløpsperiode 27,321661 døgn
(27 d 7 t 43,2 min)
Synodisk periode 29,530588 d
(29 d 12 t 44,0 min)
Gjennomsnittleg banefart 1,022 km/s
Maks. banefart 1,082 km/s
Min. banefart 0,968 km/s
Banehelling varierer mellom
28,60° og 18,30°
(5,145396° til ekliptikken)
Er ein naturleg satellitt til Jorda
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 3 476,2 km [1]
(0,273 av Jordas)
Diameter over polane 3 472,0 km
(0,273 av Jordas)
Flattryktheit 0,0012
Overflateareal 3,793·107 km2
(0,074 av Jordas)
Volum 2,197·1010 km3
(0,020 av Jordas)
Masse 7,347673·1022 kg
(0,0123 av Jordas)
Snitt tettleik 3,344 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 1,622 m/s2
(0,1654 g)
Unnsleppingsfart 2,38 km/s
Rotasjonsperiode 27,321661 døgn
(bunden rotasjon)
Rotasjonsfart 16,655 km/h
(ved ekvator)
Aksehelling variere mellom
3,60° og 6,69°
(1,5424° til ekliptikken)
Rektasensjon
av nordpolen
266,8577°
(17 t 47 min 26 s)
Deklinasjon 65,6411°
Albedo (refleksjonsevne) 0,12
Storleiksklasse -12,74
Overflatetemp.
 min   snitt   maks 
 40 K   250 K   396 K 
Skorpesamansetting
Oksygen 43%
Silisium 21%
Aluminium 10%
Kalsium 9%
Jern 9%
Magnesium 5%
Titan 2%
Nikkel 0,6%
Natrium 0,3%
Krom 0,2%
Kalium 0,1%
Mangan 0,1%
Svovel 0,1%
Fosfor 500 ppm
Karbon 100 ppm
Nitrogen 100 ppm
Hydrogen 50 ppm
Helium 20 ppm
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 3·10-13kPa
Helium 25%
Neon 25%
Hydrogen 23%
Argon 20%
Metan spor
Ammoniakk spor
Karbondioksid spor

Opphav

Korleis månen oppstod er eit omstridd tema. Med 1/81 av massen til jorda, skil månen seg frå dei andre månane i solsystemet (utanom Charon) ved eit usedvanleg høgt måne/planet-massetilhøve. Systemet jorda–månen kan difor oppfattast som ein dobbeltplanet.

Ein teori går ut på at både jorda og månen er danna ved at partiklar i jordbanen har klistra seg saman og gradvis bygt opp lekamane. Ein annan teori hevdar at månen kom frå ein annan stad i solsystemet og vart innfanga av jorda. Den første teorien har ikkje fullgod forklaring på kvifor månen avvik så mye frå jorda i tettleik og samansetnad, medan innfangningsteorien passar dårleg med den neste sirkelrunde banen til månen. Ein tredje teori, som no har størst tilslutting, postulerer at eit stort objekt, ein planet med storleiken til Mars, streifa Jorda i den tidlege, fluide fasen til jorda og rev med seg ei tunge av gass og partiklar, som sidan kondenserte til månen. Dette kan forklare kvifor ein finn både likskapar og ulikskapar mellom overflatematerialen på jorda og månen.

Bane

Månen går i ein elliptisk bane kring jorda i ein avstand på kring 384 403 km, eller rundt 60 jordradiar. Avstanden varierer noko og den største avstanden er 406 700 og den minste 356 400 km. Den midlare inklinasjonen til banen med ekliptikken er 5° 8,7ʹ. Omlaupstida til månen er i snitt 27 1/3 dag, som òg vert kalla ein siderisk månad.

Teorien for rørsla til månen er av dei vanskelegaste problema i himmelmekanikken. Rørsla blir forstyrra av tiltrekkinga til sola, og månen er så nær jorda at ein ved utrekningar må ta omsyn til flattrykkinga og massefordelinga til jorda. Månebanen ligg difor ikkje fast i rommet, og rørsla til månen er underkasta periodiske uregelmessigheiter. Knutelinja går tilbake 360° på 18,6 år, apsidelinja går fram 360° på 8,85 år. Dei viktigaste periodiske uregelmessigheitene er eveksjonen og variasjonen.

Fysiske eigenskapar

Tyngdekrafta på måneoverflata er berre 17 % av tyngdekrafta på jorda. Månen har ingen permanent atmosfære, men ein uhyre tynn, flyktig atmosfære, noka tilsvarande eksosfæren til jorda. Ein trur at denne tynne atmosfæren skuldast utgassing frå det indre av månen, fordamping av meteorittar og tilførsel frå solvinden. Lufttrykket er berre omkring éin hundre milliarddel av atmosfæretrykket ved jordoverflata. Det er påvist hydrogen, helium, neon og argon. Argon vert danna radioaktivt, medan dei øvrige gassane kjem av solvinden.

Månen sett frå jorda

Månen er synleg frå jorda fordi han reflekterer lyset frå sola. Han har såkalla bunden rotasjon, som vil sei at han alltid vender same side mot jorda. På grunn av eksentrisiteten til banen og hellinga til rotasjonsaksen med banenormalen, vil ein kunne sjå 59 % av overflata til månen frå jorda.

Det ser ut som månen voggar litt fram og tilbake i løpet av ein månad. Det skuldast at banefarten varierer medan rotasjonsfarten om eigen akse er konstant. Denne effekten vert kalla librasjon.

Stundom kjem månen inn i skuggen til jorda og formørkar månen. Dette vert kalla måneformørking.

Månefase

Tilhøvet mellom den opplyste delen av måneskiva og heile måneskiva vert kalla ein månefase. Ved nymåne er måneskiva mørk og ved fullmåne er han heilt opplyst. I første og siste kvarter er høvesvis høgre og venstre halvdel av måneskiva opplyst. Tida mellom desse fire hovudfasane er 7,3 døgn i gjennomsnitt, men kan variera mellom 6,5 og 8,2 døgn på grunn av eksentrisiteten til månebanen og skrå stilling i tilhøve til ekliptikken. Tidsintervallet frå nymåne til påfølgjande nymåne vert kalla lunasjon. Lengda på lunasjonane er ein synodisk månad, 29,5306 døgn.

Eit døgn på månen, månedøgn, er ein synodisk månad, slik at både dag og natt vert ca. 14 jorddøgn.

Geologi

Moon Farside LRO
Baksida til månen fotografert av NASA-sonden Lunar Reconnaisance Orbiter

Den låge tettleiken og seismiske målingar har vist at månen må vera nokså homogen med ein fast, metallfattig kjerne. Ein særs svak remanent magnetisme på månen i dag tyder likevel på at han ein gong må ha hatt ein flytande kjerne og eit sterkare magnetfelt.

Månelandskapet liknar mykje på ein ørken med fjell, bortsett frå at dei fleste fjella er kraterrender frå eit utal meteorittnedslag.

Ved fullmåne vil ein med det blotta auge kunne sjå lyse og mørke område på månen. Frå gammalt av har dei mørke områda vorte kalla hav, mare. Denne nemninga er vorten halden på trass i at det lenge har vore kjent at månen er heilt tørr. Med unntak av Mare Crisium, heng hava saman og er omgjeve av lyse fjellområde, som dekkjer 2/3 av framsida og går opp i 5 500 meter høgd. Ein kan òg sjå fleire av kratera, særskild Tycho og Kepler, med nokre lyse striper, som strålar ut i alle retningar. Dette tyder at på kratera skuldast nedslag av kometkjernar. I ein kikkert vil ein òg kunna sjå ei mengd ringforma danningar, ringfjell. Det finst over 300 000 ringfjell med diametrar over 1 km, medan dei største har diametrar på vel 200 km. Nesten alle er nedslagskrater etter meteoroidar, asteroidar eller kometar og er ikkje av vulkansk opphav. Dei største ringfjella har sentralfjell, som er karakteristisk for nedslagskrater over ein viss storleik, der deler av kraterkanten vil rase inn mot midten etter samanstøyten. Havområda er nesten fri for krater fordi dei vart danna ved utstrømming av lava etter at det meste intense bombardementet frå rommet hadde opphøyrt.

Månen har òg andre interessante overflateformasjonar:

  • dalar som er gjennomskjeringar av fjellkjeder
  • riller, forholdsvis grunne kløfter, nokre hundre kilometer lange, nokre kilometer breie og nokre hundre meter djupe
  • domar, kuppelforma danningar med diameter på 2-3 kilometer og høgd på eit par hundre meter
  • klipper

Astronautane sine fotavtrykk på månen vitnar om at berggrunnen er dekt av lausmasser (regolitt), som har vorte danna ved forvitring av fjellgrunnen på grunn av ekstreme temperatursvingingar.

Baksida av månen vart fotografert første gong av den sovjetiske romsonden Luna 3 i 1959 . Denne sidan er dekt av eit nesten samanhengande, lyst fjellområde med særs mange ringfjell.

Temperaturen på dagsida kan koma opp i ca. 130 °C fordi sollyset ikkje vert veikt av ein atmosfære. På nattsida kjem temperaturen ned i ca. –150 °C.

Utforsking

20. juli 1969 landa dei første astronautane på månen. Dei utførde fleire vitskapelege målingar og tok månestøv attende til jorda. Ei rekkje umanna sovjetiske og amerikanske romsondar har òg bidrege til utforskinga av månen.

Namn på månen

I 1651 vart Almagestum Novum, skriven av den italienske astronomen J. B. Riccioli, gjeven ut. Det inneheld eit kart over månen med namn på mange av formasjonane. Namnereglane som Riccioli nytta i dette verket danna grunnlaget for den noverande nomenklaturen for månen og over 200 av namna hans er framleis i bruk på månen i dag. Riccioli baserte kartet sitt på eldre månekart av J. Hevelius og M. Langrenius, der dei mørke slettene vart kalla hav (mare), i tillegg til namn som sjøar, bukter og sumper. Namna er symbolske som til dømes Mare Frigoris (Kuldehavet), Lacus Mortis (Dødehavet), Sinus Iridium (Regnbogebukta) og Palus Putredinis (Forråtningsumpa). Dei fleste fjella på månen vart kalla opp etter fjell på jorda og dei fleste kratera eller ringfjella er kalla opp etter kjende folk, hovudsakleg astronomar.

I 1935 kom gav månekommisjonen til International Astronomical Union (IAU) ut Named Lunar Formation: Catalogue and Map, som gir register over alle godkjende namn på måneformasjonar. I 1961 kom dei første bielta frå baksida av månen, og lista vart utvida med 17 nye namn. I 1964 vart det lagt til over 60 nye namn på formasjon på framsida, og i 1970 ei liste på over 500 nye namn. Fleire av formasjonane på månen er kalla opp etter nordmenn,

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Albedo

Albedo er forholdet mellom mengda av reflektert ljos og innfallande ljos til eit objekt som ikkje sjølv lyser (t.d. planet, asteroide o.l.). Er denne verdien lik 1, reflekterast alt innfallande ljos, mens verdi 0 viser ein perfekt absorberande (svart) overflate. Albedo, diameter og avstand til objektet gir til saman objektets visuelle ljosstyrke.

Nokre typiske verdiar:

Jorda: 0,33

Månen: 0,12

Venus: 0,65

Mars: 0,15.

Asteroidemåne

Ein asteroidemåne er ein asteroide som går rundt ein annan asteroide. Astronomane går ut frå at mange asteroidar har månar, ofte relativt store månar. Asteroidar med månar blir ofte kalla binære asteroidar.

Termen dobbelasteroide blir nokre gonger brukt for tilfelle der asteroiden og månen er omtrent like store. 90 Antiope er ein slik asteroide, der to like store delar går i bane rundt eit felles gravitasjonssentrum.

Den spreidde skiva

Den spreidde skiva er ein region i det ytre av solsystemet med ein populasjon av isete småplanetar. Den innerste delen av skiva overlappar med Kuiperbeltet, men dei ytre grensene strekkjer seg mykje lengre ut frå sola og mykje høgare over ekliptikken.

Det er lite som til no er kjent om den spreidde skiva, men det er føreslått skiva vart forma då kuiperbelteobjekt vart spreidde av gravitasjonell påverknad frå dei ytre planetane; for det meste Neptun. Påverknadane gav objekta banar med høg eksentrisitet og stor helling.

Enceladus

Enceladus er den niande inste månen til Saturn og blei oppdaga av William Herschel i 1789. Overflata er veldig lys, og nesten 100 % av solstrålane blir reflekterte. Det gjer at månen er veldig kald, berre -201° C. Enceladus er det mest reflekterande objektet i solsystemet som er funne, han er au ein av dei få månane som har atmosfære. Dette blei oppdaga av Cassini-Huygens i mars 2005. Månen er ein av tre objekt i det ytre av solsystemet som er vulkansk aktive (i lag med jupitermånen Io og neptunmånen Triton), då han har isfontener på sørpolen som stadig sender ispartiklar kilometervis ut i verdsrommet. Desse isfontenene er opphavet til Saturns E-ring.

Undersøkingar gjorde av romsonden Cassini tyder på at Enceladus har eit verdsfemnande hav, og at det kan vera varmekjelder med ein temperatur på minst 90 °C på botnen av dette havet.

Jupitermånen Elara

Elara er ein av månane til Jupiter. Han høyrer til Himalia-gruppa av jupitermånar. Fram til 1975 vart månen berre kalla Jupiter VII, deretter fekk han namnet Elara etter ei av Zevs sine mange elskarinner (Zevs svarer til den romerske guden Jupiter).

Jupitermånen Ganymedes

Ganymedes er den største månen til Jupiter, og den største månen i heile solsystemet. Han vart oppdaga av Galileo Galilei 7. januar 1610, truleg nesten samstundes med Simon Marius, som namnsette månen.

Han har ei omlaupstid på 7,155 døgn og ein middelavstand til planeten på 1 071 millionar km. Diameteren til månen er 5262 km.

På fotografi frå Voyager-- og Galileo-romsondane viser overflata område med høg kratertettleik. Nokre av kratera er gamle og nesten heilt utviska, medan andre er unge og skarpe med strålesystem. Det finst òg område med 5-10 km breie, ofte parallelle furer som skuldast foldingar i ei tidlegare tynn skorpe. Ganymedes er utanom jorda den einaste kloten der det er påvist foldingar. Observasjonar gjorde av både Hubble-teleskopet og romsonden Galileo tyder på at det finst eit saltvasshav under yta på Ganymedes.

Jupitermånen Himalia

Himalia er ein jupitermåne som vart sett for første gong den 4. desember 1904 av Charles Dillon Perrine, som observerte han frå Lick-observatoriet i California. Etter oppdaginga vart månen formelt kalla for Jupiter VI, og også Hestia etter åregudinna Hestia. Først i 1975 fekk han sitt noverande namn etter nymfa Himalia, som ifølgje gresk mytologi fekk tre søner med Zevs.

På veg mot Planeten Saturn, tok romsonden Cassini den 19. desember 2000 eit grovkorna bilete av Himalia, men dessverre gjorde avstanden det umogleg å avsløre overflatedetaljar på den mørke kloden. Ein trur at månen består av klippemateriale og i mindre grad is.

Himalia er det største medlemmen av ei underinndeling av Jupiter sine månar som vert kalla Himalia-gruppa, alle med ein avstand på 11 til 13 millionar kilometer til Jupiter, og med banehellingar rundt 27,5 grader.

Jupitermånen Leda

Leda er ein av månane til Jupiter. Han har truleg ein radius på kring 10 km, og vert med det rekna som den minste månen i Himalia-gruppa. Han vart oppdaga 14. september 1974 av Charles T. Kowal.

Jupitermånen Lysithea

Lysithea er ein av månane til Jupiter. Han har truleg ein snittradius på kring 18 km, og vert med det rekna som den nest minste månen i Himalia-gruppa. Han vart oppdaga 6. juli 1938 av Seth Barnes Nicholson.

Jupitermånen Sinope

Sinope er ein av månane til Jupiter. Han vart oppdaga 21. juli 1914 av Seth Barnes Nicholson og har ein snittradius på kring 19 km.

Sinope er mogelegvis medlem av Pasifaë-gruppa, men dette er uvisst.

Jupitermånen Thebe

Thebe er ein av månane til Jupiter. Han vart oppdaga 5. mars 1979 av det vitskaplege laget bak Voyager-sondane.

I lag med tre andre månar går Thebe i bane innanfor banen til Io. Han er den nest største av desse.

Lysår

Eit lysår eller ljosår (symbol: l.y.) er eit lengdemål for astronomiske avstandar. Det er definert som den distansen lyset tilbakelegg på eitt år. Lysfarten 299 792 458 meter i sekundet, som tyder at 1 lysår er 9 461 milliardar kilometer.

Grunnen til at lysår vert brukt som måleining i astronomisk samanheng, er at det er meningslaust å snakke om meter eller kilometer grunna dei enorme avstandene. Sidan middelavstanden til månen er 384 390 km, bruker lyset ca. 1,3 sekunder derifrå til jorda.

På same måte bruker ein lys-time, lys-min og lys-s. Avstanden til månen er 1,3 lys-s, til sola 8,3 lys-min, til Pluto 5,5 lys-time, til næraste stjerne (Alfa Centauri) 4,3 ly og til nærmaste spiralgalakse (Andromedatåka) 2,3 millionar ly.

Lysår skal no erstattast av SI-eininga parsec, pc. 1 parsec er det same som 3,26 lysår. Ein parsec er definert som avstanden der 1 astronomisk eining er motståande til ein vinkel på eit bogesekund

Månefase

Månefase synar til skilnaden i utsjånad på den synlege delen av månen sett frå jorda. Månefasesyklusen tek om lag éin månad, og er bakgrunnen for denne tidseininga.

Ein halvdel av månen er alltid opplyst av sola (sett vekk frå månemørking når jorda skuggar), men tilhøvet mellom dei tre himmellekamane gjer at ein frå jorda ofte berre ser ein del av den opplyste sida. Månefasen der ein ser heile måneskiva vert kalla fullmåne, medan fasen der ein nesten ikkje ser månen vert kalla nymåne. I mellomfasane er månen ein halvmåne som er i ny når den synlege delen veks fram mot fullmåne, og i ne når han minkar mot nymåne. Første kvarter er når månen er i voksande, austleg kvadratur, og nøyaktig halvparten av den lyste overflata er synleg frå jorda, siste kvarter er når halvmånen er minkande.

Månefasane gjentek seg på dei same datoane kvart 19. år. Ein slik syklus vert kalla Meton-syklus.

Planeten Saturn

Saturn (symbol ♄) er den sjette planeten frå sola. Planeten er ein gasskjempe, den nest største planeten i Solsystemet. Berre Jupiter er større. Saturn har namnet sitt etter den romerske guden Saturn. Planetsymbolet er ei stilisert framstilling av sigden til denne guden.

Saturnmånen Helene

Helene er ein av månane til Saturn. Han er ein av to trojanar til månen Dione; den andre er Polydeuces.

Helene vart oppdaga 1. mars 1980 av Pierre Laques og Jean Lecacheux.

Saturnmånen Iapetus

Iapetus er den tredje største månen til Saturn, oppdaga av Giovanni Domenico Cassini i 1671. Iapetus er best kjend for dei dramatiske overflatekontrastane, men oppdagingar av romfartøyet Cassini har avslørt mange andre uvanlege fysiske trekk med månen. Som alle dei andre saturnmånane er Iapetis kalla opp etter ein av titanane i gresk mytologi, Iapetos.

Saturnmånen Kalypso

Kalypso er ein av månane til Saturn. Han er ein av to trojanar til månen Tethys; den andre er Telesto.

Kalypso vart oppdaga av Dan Pascu, P. Kenneth Seidelmann, William Baum og Douglas Currie 13. mars 1980.

Tidvatn

Tidvatn er ei nemning på at nivået på havet stig og senker seg i høve til land. Det er mest månen, men og sola, si tiltrekkingskraft som skaper fenomenet.

Fjøre sjø eller lågvatn er når vatnet er på sitt lågaste. Flod, og kalla høgvatn, er når tidvatnet er på sitt høgste. Ei vasslinje ved gjennomsnittleg flod vert kalla eit flomål. Når ein går frå flod til fjøre vert det kalla ebbe. Tidsrommet mellom to høgvatn eller to lågvatn i norske kystområder er kring 12 timer og 25 min, dvs. eit halvt månedøgn. Dei største vekslingane i vasstanden skjer omtrent ved ny- og fullmåne og ca. 71/4 dagar før og etter springflod har ein den minste vekslinga i vasstanden (nippflod). Dei største vekslingane vert kalla spring, som springflod og springfjøre. Overgangen frå flo eller frå fjøre vert kalla straumkantring eller straumkentring.

I innhav og innsjøar er tidvatnet som regel heilt ubetydeleg.

Kombinasjonen av flod og kraftig vind, gjerne saman med eit kraftig lågtrykk, kan gje stormflod. Då når floda enda høgare enn normal springflod og kan skapa flaum. I ekstreme tilfelle har slik flaum gjort stor skade.

Atmosfæren er òg påverka av tidvasskreftene, såkalla tidluft eller atmosfærisk tidvatn, men effekten er små i forhold til andre faktorar i atmosfæren, som høgtrykk og lågtrykk.

Vikram Samvat

Vikram samvat er ein av fleire hindukalendrar som blir brukt i India og Nepal. Den vart grunnlagt i år 58 f.Kr. av kong Vikramaditya av Ujjain.

Kalenderen er basert på rørslene til sola og månen. Det er tolv månader i året og kvar månad blir rekna frå ein fullmåne til den neste. Kvar månad er ca. 29 dagar. Dette fører til at året blir ti eller elleve dager kortare enn solåret. For å korrigere for dette blir det lagt til ein ekstra månad.

For å konvertere eit årstal i vikram samvat til eit årstal i den gregorianske kalenderen så må ein trekke frå 57 eller 58. Ein trekk frå 57 dersom den aktuelle datoen er mellom starten på hinduåret og slutten på året i den gregorianske kalenderen, og 58 ellers.

Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.