Librasjon

Librasjon er ei svingande rørsle mellom to himmellekamar i omlaup, mellom anna i rørsla til månen relativt til jorda eller trojan-asteroidar kring planetar. Librasjonen gjer det mogeleg å sjå små delar av månen, som normalt er på den usynlege halvkula. Ein kan dermed sjå 59 % av måneoverflata frå jorda.[1]

Det finst tre typar librasjonar:

  • Librasjon i lengd er eit følgje av at banen til månen rundt jorda er noko eksentrisk, slik at rotasjonen til månen nokon gonger ligg føre og nokon gonger etter posisjonen til månen i banen.
  • Librasjon i breidde er eit følgje av at rotasjonsaksen til månen heller litt i høve til normalen til baneplanet til månen. Opphavet til denne librasjonen svarar til måten årstidene oppstår på som følgje av rørsla til jorda rundt sola.
  • Parallaktisk librasjon er ein liten dagleg oscillasjon som kjem av rotasjonen til jorda, som flyttar ein observatør først frå den eine sidan og så til den andre sida av den rette linja gjennom sentrum i jorda og månen. Denne librasjonen tillèt ein observatør å sjå månen frå to ulike vinklar. Dette er fordi observatøren er på overflata til jorda, ikkje i sentrum.
Lunar libration with phase Oct 2007 450px
Simulering av fasen og librasjonen til månen.

Kjelder

  1. Spudis, Paul D. (2004). «Moon». World Book at NASA. Henta 22. juni 2016.
Månen

Månen er den naturlege satellitten til jorda, synleg frå alle stader på jorda. Han er 3 476,2 km i diameter, om lag ¼ av Jorda. Dette er ein uvanleg stor satellitt/planet-proporsjon, og gjer at Månen har merkbar påverknad på rørsla til Jorda, og ikkje minst på tidevatnet i havet.

Den tida Månen brukar på eitt omløp rundt jorda, er konstant (29 ½ døger), og dette har menneskje til alle tider brukt som ein praktisk målestokk for tidsrekning. Ordet månad er difor direkte avleidd av «måne». Månen har også gjeve namn til mellom anna måndag, månesjuke og menstruasjon. Han er viktig i fleire religionar, både som guddom (til dømes den norrøne guden Måne) og teikn (til dømes for islam og hindukalenderar).

Middelavstanden frå sentrum av månen til sentrum av jorda er 384 403 km. Mellom 1969 og 1972 vart det frå USA sendt fleire romskip med amerikanske astronautar til månen. 20. juli 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.