Leksikon

Eit leksikon (frå gr. λέξικον ‘ordsamling’) er oftast eit større oppslagsverk med meir eller mindre omfattande utgreiingar. Historia naturalis (ca. 70 e.Kr.) av Plinius den eldre blir ofte rekna som det fyrste leksikonet.

Leksikon i lingvistikken

I lingvistikken er «leksikon» den samla mengda av ordstammar og avleiingsformer i eit språk.

Prirucni slovnik naucny, encyclopedia in Czech language
Leksikon i fleire bind.

Nynorske leksikon

Kjende skandinaviske leksikon

Spesialiserte leksika

Aphel

Aphel(ium), solfjerre eller solfjerne er det punktet i ein bane der eit lekam i solsystemet, som ein planet, komet eller romsonde, er lengst frå sola. Det motsette av aphel er perihel. Jorda passerer sitt aphel i byrjinga av juli.

Banehelling

Banehelling eller inklinasjon er ein av dei seks baneparameterane som viser forma og orienteringa til ei rotasjonsbane (keplerbane), og er vinkelavstanden til baneplanet frå referanseplanet (ofte ekvator til planeten eller ekliptikken) gitt i grader.

Det å inklinere tyder å bøye seg eller helle og danna ein spiss vinkel mot eit horisontalt plan.Døme på inklinasjonsvinklar mellom ein satellitt og jorda:

ein inklinasjon på 0 grader betyr at ein satellitt går i bane rundt ein ekvatorplanet til jorda, med same fartsretning som rotasjonsretninga til jorda.

ein inklinasjon på 90 grader vil seie at satellitten går i polar bane, satellitten går altså rett over nord- og sørpolen til jorda.

ein inklinasjon på 180 grader vil seie at satellitten går i bane rundt ekvatorplanet til jorda, men i motsett retning av jordrotasjonen.

England

England er den største og mest folkerike av dei fire nasjonane som utgjer Storbritannia. England ligg i den søraustlege delen av øya Storbritannia, og grensar direkte mot Wales og Skottland.

Namnet «England» kjem frå anglarane, eit av fleire germanske folk som kom til øya i det 5. og det 6. hundreåret. Området var på den tida delt i fleire rike, sju av dei blei i fellesskap omtala som Heptarkiet og var dei viktigaste. Samlinga til eitt rike fann stad i det 8. og det 9. hundreåret, og blei rekna som fullført under Alfred den store (regjerte 871–899).

England blir styrt direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg hovudstaden i heile Storbritannia. Mot slutten av det 20. hundreår starta ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, då det blei oppretta regionale parlament.

Finsk

Finsk (finsk: suomi) er eit austersjøfinsk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av ca. 6 million menneske i Finland, til ein viss grad også i nabolanda, og i utvandrarsamfunn i USA, Canada og Australia.

Forfattar

Ein forfattar lagar skriftlege åndsverk. I dag reknar me som regel forfattarar som dei som får gjeve ut bøker, medan dei som skriv kortare artiklar for aviser og tidsskrift blir rekna som journalistar eller skribentar.

Historisk leksikon for Sveits

Historisk leksikon for Sveits er eit oppslagsverk om sveitsisk historie som kjem ut samtidig på dei tre største offisielle språka i Sveits: På tysk som Historisches Lexikon der Schweiz, HLS, på fransk som Dictionnaire Historique de la Suisse, DHS) og på italiensk som Dizionario Storico della Svizzera, DSS). Oppslagsverket har 13 band, og blei gjeve ut frå 2002 til 2014. Eit mindre omfattande verk på retoromansk, Lexicon Istoric Retic (LIR), blei gjeve ut i to band i 2010 og 2012.

Oppslagsverket er gjeve ut av ei stifting under Det sveitsiske akademiet for humaniora og samfunnsvitskap (SAGW/ASSH) og Det sveitsiske historielaget (SGG-SHH) med økonomisk støtte frå nasjonale forskingsstipend. Det blei tilverka av ein sentral stab på 35, 100 akademiske rådgjevarar, 2500 historikarar og 100 omsetjarar.

Oppslagsverket blei gjort tilgjengeleg på nettet i 1998. Det er gratis å lesa alle artiklane som er gjort klare for trykking, men det har ikkje illustrasjonar.

Det komplette verket har rundt 36 000 oppslag. Av dei er rundt 35 % biografiar, 30 % om stader, 25 % om tema som historiske hendingar, institusjongar og omgrep, og 10 % om familiar og slekter.

Hordaland fylke

Hordaland fylke er eit fylke i Noreg. Fylket ligg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Telemark og Buskerud.

Hordaland fylke vert ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland er det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane har grenser til hav. Bergen er den største byen i fylket og er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket er Leirvik og Odda.

Fylkesvåpenet til Hordaland fylke er to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet er laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.

Hovudstad

Ein hovudstad er den byen i eit land, eller ei anna politisk eining, der den politiske administrasjonen held til. Hovudstaden er ofte, men langt frå alltid, den største byen i den aktuelle eininga.

Eit land med polysefal bystruktur kan ha fleire hovudstader (som til dømes i Sør-Afrika eller Nederland), eller statusen som hovudstad kan gå på omgang mellom fleire byar.

Juliansk dato

Juliansk døgn (JD) eller juliansk dato er talet på dagar som har gått sidan startdatoen i den julianske kalenderen. Startdatoen er måndag 1. januar år 4713 fvt., klokka 12 middag, Greenwich Mean Time (GMT). Dette tidspunktet blir gjeve som JD=0,00. Juliansk dato er hyppig brukt i astronomien og i kalendariske tabellar. Det er ein metode å nummerere dagar på som er fri for oppdeling i månader og år, og han er derfor særskild nyttig når ein treng å vite intervall i dagar mellom to tidspunkt. Metoden vart innført av Joseph Scaliger i 1583.

Det finst fleire variantar av denne forma for tidsrekning til ulike føremål. Til dømes nyttar reknearkprogramma Lotus 1-2-3 og Microsoft Excel Dublin Julian Day (DJD) som startar midnatt (kl. 0:00) 1. januar, 1900. DJD 0,00 = JD 2415018,5. Juliansk dato kl. 12 Greenwich tid 1. januar 2000 er 2 451 545.

Juliansk dato modifisert eller MJD er juliansk dato minus 2 450 000,5.

Juliansk periode er eit kontinuerleg mål for tida. Den julianske perioden kombinerer solsyklusen (28 år), månesyklusen (19 år) og indikasjonssyklusen (15 år) og inneheld derfor 28·19·15 år = 7980 år. Alle desse syklusane er føresett å byrje 1. januar i den julianske kalenderen, og ein har funnet at dei byrja samstundes i 4713 f.Kr., slik at ein juliansk periode inkluderer alle tidspunkta i fortida og framtida som ein kan rekne med å referere til.

Motto

Motto, parole, slagord, slogan eller valspråk er ein kort setning eller eit fyndord som har ei viss tyding for ein person, ei slekt eller ei større eining, som ein institusjon eller ein stat. Slike ord kan til dømes uttrykka kva beraren set høgast eller kva som er grunnkarakteren deira. Mange valspråk er skrivne på latin.

Nord-Amerika

Nord-Amerika er den nordlege delen av den amerikanske verdsdelen: Grønland, Canada, USA, Mexico, Karibia og Mellom-Amerika. Snevert definert, noko som er vanleg på norsk, omfattar området berre Canada, USA og Mexico.

Bortsett frå ei tynn landgrense i sør mot Sør-Amerika er området omgitt av hav: Stillehavet i vest, Atlanterhavet i aust, Det karibiske havet i sør og Nordishavet i nord.

Nordland fylke

Nordland er ein norsk fylkeskommune. Fylket er inndelt i distrikta Helgeland, Salten, Ofoten, Lofoten og Vesterålen. Administrasjonssenteret ligg i Bodø.

Nordland grensar til Troms fylke i nord, til Trøndelag fylke i sør, og til dei svenske fylka Norrbottens län og Vesterbottens län i høvesvis nordaust og søraust.

Fylket er parlamentarisk styrt. Fylkesrådet er leia av Tomas Norvoll frå Arbeidarpartiet, medan Sonja Alice Steen frå Ap er fylkesordførar.

Norsk biografisk leksikon

Norsk biografisk leksikon er eit stort norsk biografisk oppslagsverk som er komme ut i to utgåver.

Første utgåve (NBL1) kom ut med 19 band og 5 100 artiklar i åra 1921–1983. Aschehoug var utgjevar.

Kunnskapsforlaget overtok rettane til NBL1 frå Aschehoug i 1995, og sette i gang arbeidet med ei ny utgåve i 1998. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Institusjonen Fritt Ord og Kulturdepartementet, og den 2. utgåva – NBL2 – kom ut i 10 band og med om lag 5840 artiklar i åra 1999–2005. I 2006 vart det arbeidd med ei elektronisk utgåve av NBL2. Frå 2009 er dette ei gratis nett-teneste, som ein del av nettutgåva av Store norske leksikon.

Oppland fylke

Oppland er eit fylke i Noreg. Det grensar til Trøndelag i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Sogn og Fjordane i vest, Buskerud i sørvest, Oslo i sør, Akershus i søraust og Hedmark i aust. Oppland er saman med Hedmark dei einaste fylka i Noreg som ikkje har kyst.

Oppland består av dei to dalføra Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre landskapa Toten, Hadeland og Land. Det er fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen ligg på Lillehammer. Jordbruk, industri og turisme er dei største næringane i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1989 og har ein sølv mogop mot ein grøn bakgrunn. Dei to blomane symboliserer dalføra, Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre blada symboliserer landskapa sør i fylket.

Oslo

Oslo uttale er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. I januar 2016 budde det 673 469 personar i Oslo kommune, og 988 873 i tettstaden Oslo, som også strekker seg inn i kommunane Oppegård, Bærum, Asker, Sørum, Rælingen, Lørenskog, Skedsmo, Nittedal, Lier og Røyken.

Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Perihel

Perihel(ium) eller solnære er det punktet i ein bane der eit lekam i solsystemet er nærast sola. Det motsette av perihel er aphel.

Jorda passerer perihelium omkring 3. januar.

Rogaland fylke

Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Hordaland og i aust til Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.

Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå folkegruppa rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.

Store norske leksikon

Store norske leksikon (forkorta SNL) er eit leksikon som no blir utgjeve på Internett, men opphavleg var eit bokverk i fleire band. Det var tidlegare berre på bokmål, men artiklar i verket blir i dag publisert i båe målformer.

Store norske leksikon oppstod i 1978, då forlaga Aschehoug og Gyldendal slo saman leksikonverksemdene sine og etablerte Kunnskapsforlaget. Kunnskapsforlaget har framleis dei to forlaga som hovudeigarar.

Det er estimert at det er selt 250 000 sett av leksikonet som bokverk, og at omsetninga til saman var over 2 milliardar kroner. Førehandssalet av Store Norske tok til i 1978, og vart på over 30 000 sett. Så seint som i 1995 vart det selt 10 000 sett årleg, og Kunnskapsforlaget hadde eit overskot på 20 millionar kroner.

Nedgangen i kommersiell leksikonbransje på 1990-talet ramma Kunnskapsforlaget hardt, og lenge var det tvil om dei ville klare å gje ut ei fjerde papirutgåve av leksikonet. Etter at stiftinga Fritt Ord løyvde ti millionar kroner i 2003 sette utgjevaren i gang produksjonen, og forlaget hadde i februar 2006 selt 7 500 sett av leksikonet.Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007 i 16 band, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.

SNL kom i nettutgåve frå 2000, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med verknad frå 1. juli 2010. Kunnskapsforlaget ville heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.Stiftinga Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR (no Sparebankstiftelsen DNB) overtok nettleksikonet snl.no frå 1. juli 2010 og etablerte ein modell der universiteta, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Det Norske Videnskaps-Akademi deltok. Hausten 2014 vart nettleksikonet omorganisert frå å vere eit aksjeselskap til å verte ei foreining, Foreningen Store norske leksikon, der det økonomiske grunnlaget vart sikra ved medlemskontingent frå medlemane. Institusjonen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Det Norske Videnskaps-Akademi, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og universiteta i Noreg har meldt seg inn i denne foreininga, som òg ynskjer andre viktige kunnskapsinstitusjonar som medlemar. Leksikonet vert såleis knytt til dei viktigaste kunnskapsinstitusjonane i Noreg, og dette skulle kunne kombinere høg kvalitet med ein trygg økonomi.

Anne Marit Godal overtok som dagleg leiar og hovudredaktør for SNL frå våren 2011.

Telemark fylke

Telemark er eit fylke i Noreg, som grensar til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Aust-Agder i sørvest, og Rogaland og Hordaland i nordvest.

Fylket dannar på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sør- og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Telemark kan delast inn i fire regionar: Kragerøregionen Vestmar, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland (Skien- og Porsgrunnregionen). Skien er administrasjonssenter og den største av sju andre byar i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1970 og har på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks. Dette skal symbolisere vern og vørdnad. Fylkesblomen til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle.

Time

Time (avstytt t på norsk, h, av latinsk hora, 'time', internasjonalt) er ei måleining for tid som utgjer 60 min, eller 3600 sek. Ordet time har opphav i norrøne tími, som tyder «tid, gang».

Eit døgn utgjer til vanleg 24 timar. Å dela døgnet inn i tjuefire timar kjem frå det gamle Egypt, der ein brukte tolvtalssystemet.

Ein time er eksakt definert som 3600 sekund, i motsetnad til lengre tidseiningar som døgn, veke, månad og år, som er definerte astronomisk og varierer i lengd. Det er òg vanleg å dela timar inn i fire kvarter.

I undervisingssamanheng vert ordet «time» eller «skuletime» også brukt om perioden undervisinga varer, og ein kan med det seie «timen varte i 45 min.».

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.