Leif

Leif og Leiv er mannsnamn av norrønt opphav. Leif har namnedag den 9. oktober.

Namna er danna som kortformer av namn med denne endinga, som Torleif, Oddleiv og liknande. Det norrøne namneleddet -leifr eller -láfr er eit norrønt adjektiv som tyder 'som blir igjen', altså 'etterkomar' eller 'arving'.

Namnet har vore kjend i Noreg sidan mellomalderen. Leif var svært mykje brukt i Noreg på 1920-talet, då rundt 2,0 % av nyfødde kunne få namnet. Bruken har deretter gått ned. I 2009 var det 15 203 norske menn som heitte Leif og 1 410 som heitte Leiv.

Namneberarar

Kjelder

12. oktober

12. oktober er den 285. dagen i den gregorianske kalenderen (286. under skotår). Det er 80 dagar att av året.

1896

1896 (romartal MDCCCXCVI) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

1906

1906 (romartal MCMVI)

1910

1910 (romartal MCMX) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.

1949

1949 (romartal MCMXLIX) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

1995

1995 (romartal MCMXCV) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.

Hønefoss Ballklubb

Hønefoss Ballklubb er ein fotballklubb frå Hønefoss i Ringerike kommune i Buskerud. Klubben spelar heimekampane sine på AKA Arena. I dag spelar klubben i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Leif Gunnar Smerud.

Fyrste gongen Hønefoss spelte på øvste nivå var i 2010-sesongen.

Leif Aune

Leif Jørgen Aune (7. juni 1925–20. juli 2019) var ein norsk sosialøkonom, statsråd 1973-78 i Arbeidarparti-regjeringar.

Leif Frode Onarheim

Leif Frode Onarheim (fødd 23. august 1934 i Oslo) er ein tidlegare norsk næringslivsleiar og politikar for Høgre.

Leif Granli

Leif Granli (fødd 25. september 1909 i Hegra, død 17. mars 1988) var ein norsk småbrukar, journalist og politikar som representerte Arbeidarpartiet. Han blei vald til Stortinget frå Nord-Trøndelag samanhengande frå 1945 til 1973, berre avbrote av eit par år som landbruksminister i Einar Gerhardsen si fjerde regjering frå 1963 til 1965. Han var visepresident i Stortinget frå 1969 til 1972 og stortingspresident frå 1972 til 1973. Ansienniteten hans som stortingsrepresentant tel 27 år og 301 dagar.

Granli var son til snikkar Paul Troseth og ektefelle Severine Buland. Han kom inn i lokalpolitikken 24 år gammal og var medlem av kommunestyret i Frol frå 1933 til 1949 og i Levanger kommunestyre frå 1959 til 1967.

Granli dreiv sitt eige småbruk i Frol frå 1935 til 1940. Han var også journalist i Arbeider-Avisen i Trondheim frå 1937 til 1940. Han var så redaktør i Hardanger Folkeblad i Odda frå 1940 til 1941.

Granli blei utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag i 1972 og sat i dette embetet fram til oppnådd aldersgrense i 1979.

Leif Helge Kongshaug

Leif Helge Kongshaug (fødd 31. juli 1949) i Averøy) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1997–2001 og igjen frå 2005 til 2009.

Kongshaug er utdanna lærar. Han sat i Averøy kommunestyre frå 1979 til 1997, 1986 til 1997 som ordførar. I 1997 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Møre og Romsdal. I 2001 mista han stortingsplassen, men vart statssekretær i Landbruksdepartementet i den andre Bondevik-regjeringa.

Under valkampen før stortingsvalet i 2005 vart Kongshaug ramma av ein alvorleg kreftsjukdom. Han vart igjen vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal, men tok ikkje opp plassen sin dei første månadene av stortingsperioden grunna sjukdomen. Gunn Berit Gjerde møtte som vara for han. Kongshaug fekk plass i Næringskomiteen på Stortinget.

Leif Juster

Leif Juster (14. februar 1910–25. november 1995) var ein norsk skodespelar og teatersjef. Han er onkel til Rolf Just Nilsen.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes (fødd 7. april 1970) er ein norsk klassisk pianist.

Leiv Eiriksson

Leiv Eiriksson eller Leiv den hepne (islandsk Leifur Eiríksson) var ein norrøn oppdagar fødd om lag 975 på Island, og døydde om lag 1020.

Leiv var ein viking, oppvaksen på garden Brattalid i Eiriksfjord på Grønland. Han var son av Eirik Raude, som var son av Thorvald Asvaldsson. Mora var Thjodhild. Eirik Raude er rekna å koma frå Jæren i Rogaland fylke.

Frå Brattalid reiste Leiv sørover til nordspissen av Newfoundland som han kalla Vinland. Ein reknar 9. oktober 1000 som tidspunktet for denne oppdaginga. Der bygde han hus (Leivsbuene) og overvintra. Han reiste fleire gonger nedover for å overvintra.

Bjarne Herjolvsson skal ha oppdaga og gjeve namn til Markland, Vinland, og Helluland allereie om lag 986.

I alle høve kom båe to mykje før Christopher Columbus til den verdsdelen som seinare vart kalla Amerika.

I 1960 fann Helge Ingstad att Leivsbuene på L'Anse aux Meadows i Canada.

Lincoln Ellsworth

Lincoln Ellsworth (fødd 12. mai 1880 i Chicago, død 26. mai 1951) var ein amerikansk oppdagar.

Han var son av James Ellsworth og Eva Frances Butler, fødd i Chicago i Illinois.

Far til Lincoln Ellsworth, James, var ein velståande kolgruveeigar som donerte 100 000 dollar for å finansiere Roald Amundsen-ekspedisjonen til Nordpolen i 1925 med flygemaskinane «N–24» og «N–25».

Ellsworth deltok som navigatør på «N–24» der Leif Ragnar Dietrichson var flygar og Oskar Omdal mekanikar, medan Hjalmar Riiser-Larsen var flygar, Roald Amundsen sin navigatør, og Karl Feucht mekanikar på «N–25». Dei to luftskipa starta frå Ny-Ålesund på Svalbard den 21. mai 1925. Dei landa på 87° 44' nord, men hadde store vanskar med å kome i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der dei makta å ta av med «N–25» og kome velberga tilbake til Spitsbergen.

Saman med Amundsen er Ellsworth og mannskapet ombord i luftskipet «Norge» blitt kreditert for å ha vore dei første til å oppdage Nordpolen frå lufta under ei flyging frå Ny-Ålesund på Spitsbergen til Alaska i mai 1926.

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1954

Skeid vart noregsmeister etter å ha vunne over Fredrikstad med 3–0 den 24. oktober. Målskårarar for Skeid var Harald Hennum som skåra i det 53. minutt, Hans Nordahl som skåra i det 71. minutt og Bernhard Johansen som skåra i det 86. minutt. 34 794 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Finn Å. Bråthen. Det var andre gongen Skeid vann noregsmeisterskapen.

Skeids vinnarlag: Øivind Johannessen, Arne Winther, Knut Gudem, Jan «Jonas» Gulbrandsen, Leif Belgen, Finn Gundersen, Arvid Halvorsen, Hans Nordahl, Harald Hennum, Bernhard Johansen og Sverre Olsen.

Fredrikstads lag: Per Mosgaard, Kjell Jacobsen, Åge Spydevold, Reidar Kristiansen, Erik Holmberg, Leif Pedersen, Tore Nilsen, Arne Pedersen, Odd Aas, Henry Johannessen og Willy Olsen.

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1957

Fredrikstad vart noregsmeister etter de at vann over Sandefjord med 4-0 den 20. oktober. Målskårarar for Fredrikstad var Per Kristoffersen i det første og i det 26. minutt, Henry Johannessen i det 57. minutt og Bjørn Borgen i det 81. minutt. Dette var sjuande gongen Fredrikstad vann ein noregsmeisterskap. 33 073 tilskodarar såg kampen på Ullevaal Stadion. Dommar var Leif Gulliksen.

Fredrikstads vinnarlag: Kjell Huth, Roar Johansen

Åge Spydevold, Arne Pedersen, Reidar Kristiansen, Leif Pedersen, Bjørn Borgen, Tore Nilsen, Per Kristoffersen, Henry Johannessen og Willy Olsen.Sandefjords lag: Per Einan (Øivind Andersen), Finn Gjelstad, Yngve Karlsen, Erik Kristiansen, Thorbjørn Svenssen, Ernst Norli, Ragnar Hvidsten, Hans Sperre, Gunnar Guthu, Arvid Havnaas og Reidar Pedersen.

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1980

Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1980 vart vunnen av Vålerengen etter at dei slo Lillestrøm 4-1 i cupfinalen.

Vålerengens vinnarlag: Tom R. Jacobsen, Petter Morstad, Ernst Pedersen, Stein Pedersen, Tor Brevik, Arnfinn Moen, Tom Jacobsen, Vidar Davidsen, Erik Foss, Morten Haugen og Terje Olsen. Yngve Andersen kom inn i det 77. minutt for Haugen, og Stein Madsen for Moen i 85. minutt.

Lillestrøm: Arne Amundsen, Leif Hansen, Tore Kordahl, Frank Grønlund, Tor Inge Smedås, Gunnar Lønstad, Arne Erlandsen, Erik Solér, Tom Lund, Arne Dokken og Vidar Hansen. Tommy Nilsen kom inn for Erlandsen etter pausen, Frank Tømmervåg for Leif Hansen etter 65. minutt.

Piano

Eit piano, òg kalla pianoforte og klaver, er eit tangentinstrument med strenger. Når ein tangent vert trykka ned, slår ein filtkledd hammar til strengen, for så å fyka attende. Strengen vert dempa når tangenten vert sleppt opp att.

Nokre kjende pianomakarar er Bösendorfer, Steinway, Kawai og Yamaha.

Kjende pianokomponistar er Frédéric Chopin og Edvard Grieg. Kjende pianistar er Glenn Gould og Leif Ove Andsnes.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.