Leidulf

Leidulf er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 9. oktober.

Det norrøne Leiðulfr er sett saman av leið, 'lei, veg', og ulfr, 'ulv'. Leidulv, Leiulf, Leiulv, Leidolf, Leiel, Leiul og Leiu er andre skrivemåtar av namnet.

I 2009 var det 171 nordmenns om heitte Leidulf og 81 som heitte Leidulv.

Namneberarar

  • Leidulf Hafsmo (f. 1934), norsk diktar og musikar
  • Leidulv Risan (f. 1948), norsk manusforfattar og regissør
  • Leidulf Melve (f. 1972), norsk historikar

Kjelder

9. oktober

9. oktober er den 282. dagen i den gregorianske kalenderen (283. under skotår). Det er 83 dagar att av året.

Gloppen kommune

Gloppen er ein kommune i Sogn og Fjordane, ved fjorden Nordfjord. Kommunesenteret er Sandane.

Gloppen kommune har om lag 5 700 innbyggjarar. I overkant av 2000 bur i og ved kommunesenteret Sandane. Andre bygdesenter i Gloppen er Byrkjelo, Re, Vereide, Rygg og Hyen. Gloppen er den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Karoline Bjerkeset

Karoline Aldis Bjerkeset (fødd 1978) er ein norsk politikar frå Kleive i Molde kommune. Ho har vore nestleiar i Oslo Senterungdom, politisk nestleiar i Senterungdomen sentralt og sit i sentralstyret i Senterpartiet.

Ho er busett i Gloppen, og jobbar som trainee for Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Bjerkeset er gift med Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen frå 2015.

Namnedagar i Noreg

Namnedagar i Noreg er eit oversyn over noverande norske namnedagar sortert etter dato.

Namnedagar har røter til katolske helgendagar. Dei vart gjeninnførte i Noreg av Almanakkforlaget i 1988. Forlaget reviderte lista i 1998 og inneheld 819 namn. Alle årets dagar bortsett frå 1. januar, som i kyrja er Jesu namnedag, skotårsdagen 29. februar og 25. desember har tilhøyrande namn.

Ordførarar i Ålesund

Ordførarar i Ålesund er ei oversikt over dei som har vore ordførarar i Ålesund kommune.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.