León

León er provinshovudstaden i provinsen León i den autonome regionen Castilla y León, nordvest i Spania. Han har kring 135 000 innbyggjarar og er den største kommunen i provinsen med over ein fjerdedel av innbyggjarane.[1]. Storbyområdet kring byen tel i overkant av 200 000 innbyggjarar.

Kathedrale Leon
Domkyrkja i León

León er kjend for den gotiske León-katedralen og mange andre monumentale byggverk, som Real Colegiata de San Isidoro (der kongane av kongedømet León vart gravlagd), Casa de Botines (tidleg arbeid av den spanske arkitekten Antoni Gaudí, i dag ein bank); San Marcos frå 1500-talet og det nye MUSAC, eit museum for moderne kunst.

León er òg kjend for festivalen eller «fiestas», som påskefeiringa.

León
LeóndesdeTrobajo
Flagget til León Byvåpenet til León
Flagget til León Byvåpenet til León
Plassering
León is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla y León
Provins León
Grunnlagd 29 fvt.
Borgarmeister Francisco Javier Fernández Álvarez
Geografi
Flatevidd
 - By

39,03 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

135 119
  3 461,9 /km²
Koordinatar 42°36′″N 5°35′″WKoordinatar: 42°36′″N 5°35′″W
Høgd over havet 838 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 24001 - 24010
Telefon-retningsnummer 987
Nettstad: www.aytoleon.es

Historie

León vart grunnlagd i det første hundreåret fvt. av den romerske legionen Legio VI Victrix. I 68 evt. oppretta Legio VII Gemina ein permanent militærleir her, som seinare vart opphavet til byen. Det moderne namnet på byen kjem frå det latinske namnet Legio[2], som igjen kjem av den romerske legionen som heldt til her. Legionen oppretta staden for å verne gulltransporten i området.

Etter Romarriket har historia til byen i stor grad følgd historia til Kongedømet León. León stod imot åtak frå vestgotarane fram til 586 då han omsider vart erobra av Leovigild, og han var ein av få byane som fekk lov å behalde festningsverka sine av vestgotarane. Under kampane mot dei muslimske inntrengarane vart dei same festningane som romarane bygde, nytta som ein del av forsvaret av området.

I 846 kom ei gruppe av mozarabarar (kristne som ikkje flykta frå muslimane og levde under det muslimske regimet) og prøvde å gjenoppbygge byen, men eit muslimsk åtak hindra dei i dette. I 856 gjorde den kristne kongen Ordoño I eit nytt forsøk på å gjeninnta byen og klarte det. Alfonso III av León og García I av León gjorde León til hovudstad i Kongedømet León og han vart på denne tida den viktigaste kristne byen på Den iberiske halvøya.

Kongeømet León starta offisielt som eit sjølvstendig kongedømet i 910, og vart eit rike som nådde elva Rhone på 1100-talet.

Byen vart plyndra av Almanzor rundt 987, og byen vart gjenoppbygd av Alfonso V.

Kongedømet León erobra det leonesiske Extremadura og vart ført saman av Fernando III, kongen av Castilla i 1230. Sonen hans Alfonso X delte kongedømet igjen i testamentet sitt, men dette vart ikkje godteke av kongen av Castilla, som slo saman begge kongedøma igjen. Frå 1296 til 1301 var León eit sjølvstendig kongedøme igjen, og igjen fram til 1833 då Spania vart delt inn i regionar og provinsar.

På 1500-talet vart det økonomiske nedgangstider i byen og mange folk flytta. Denne trenden heldt fram til 1800-talet. I juli 1936 under den spanske borgarkrigen gjekk León inn i krigen på republikanarane si side.

I 1983 vart León ein del av naboregionen Castilla då den autonome regionen Castilla y León vart oppretta.

Kjelder

  1. Datos de áreas urbanas en 2006. Hay otras estadísticas que aportan cifras distintas.
  2. Itin. Ant. s. 395; Ptol. ii. 6. § 30

Bakgrunnsstoff

Aliud

Aliud er ein kommune i Castilla y León, nord i Spania.

Almajano

Almajano er ein kommune i provinsen Soria i den autonome regionen Castilla y León, nord i Spania.

Asturias

Fyrstedømet Asturias (spansk Principado de Asturias - asturisk Principáu d'Asturies) er ein autonom region i Spania, tidlegare kongedømet Asturias i mellomalderen. Han ligg på den spansk nordkysten mot Biscayabukta.

Dei viktigaste byane er regionshovudstaden Oviedo, hamnebyen og den største byen Gijón og industribyen Avilés. Andre byar er Mieres, Langreo (med La Felguera og Sama), Pola de Siero, Luarca, Cangas de Onís, Cangas del Narcea, Grado, Lena, Laviana, El Entrego, Villaviciosa, Vegadeo og Llanes.

Asturias grenser i aust til Cantabria, i sør til Castilla y León, i vest til Galicia (Lugo) og i nord til Biscayabukta.

Autonome regionar i Spania

Ein autonom region (Comunidad Autónoma på spansk) er den første politiske inndelinga av Spania, oppretta i den spanske grunnlova i 1978. Lova gjev regionane rett til sjølvstyre, men dei er uoppløyseleg knytt til den spanske nasjonen.Den politiske makta i Spania er kanalisert av den sentrale regjeringa og 17 autonome regionar. Styra i dei autonome regionane er ansvarlege for skular, universitet, hesle og sosialvesen, kultur, urban og landleg utvikling og somme stader politivesen. Det finst òg to autonome byar. I alt har autonomías-systemet i Spania vorte kalla «merkverdig på grunn av omfanget makta fredfult har utvikla seg på dei siste 30 åra» og «eit sjeldant desentralisert land», der den sentrale regjeringa berre står for 18 % av det offentlege forbruket, dei regionale styra for 38 %, dei lokale kommunestyra for 13 % og trygdesystemet for resten.

Castilla y León

Castilla y León er ein av 17 autonome regionar i Spania. Det vart oppretta ut frå Gamle Castilla (spansk Castilla la Vieja) og León i 1983. Regionen er den største i Spania med eit areal på 94 223 km² og rundt 2 519 875 innbyggjarar.

Provinsar i Spania

Spania er delt inn i femti provinsar, i tillegg til dei autonome regionane.

Provinsane var viktigare før, men etter at det vart innført autonome regionar har provinsane fått mindre makt. Dei vert framleis nytta som valdistrikt, i postadresser, retningsnummer og som geografiske haldepunkt.

Dei fleste provinsane er kalla opp etter administrasjonsbyen, bortsett frå Araba/Álava, Asturias, Bizkaia/Vizcaya, Cantabria, Gipuzkoa/Gipúzcoa, Illes Balears/Islas Baleares, La Rioja og Nafarroa/Navarra. Det er berre to byar som er hovudstader i dei autonome regionane utan å vere hovudstad i ein provins: Mérida i Extremadura og Santiago de Compostela i Galicia.

Sju autonome regionar består berre av ein provins: Asturias, Balearane, Cantabria, La Rioja, Madrid, Murcia og Navarra.

Provinsen Burgos

Burgos er ein provins nord i Spania, i den nordaustlege delen av den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Palencia, Cantabria, Bizkaia, Álava, La Rioja, Soria, Segovia og Valladolid. Hovudstaden er byen Burgos.

Provinsen har eit areal på 14 300 km² og kring 350 000 innbyggjarar. Om lag halvparten bur i provinshovudstaden. Dei einaste større byane utanom Burgos er Miranda de Ebro og Aranda de Duero. Mange av dei 371 kommunane i provinsen har færre enn 100 innbyggjarar.

Provinsen León

León er ein provins nordvest i Spania, i den nordvestlege delen av den autonome regionen Castilla y León.

Det bur om lag ein halv million innbyggjarar i provinsen og ein fjerdedel av dedsse bur i provinshovudstaden León.

Han grensar til provinsane Lugo, Ourense og Zamora, Valladolid, Palencia, Cantabria og Asturias.

Provinsen Lugo

Lugo er ein provins nordvest i Spania, nordaust i den autonome regionen Galicia. Han grensar til provinsane Ourense, Pontevedra og La Coruña, León, Asturias og i nord til Biscayabukta.

Provinshovudstaden er Lugo som har omtrent ein fjerdedel av innbyggjarane på kring 350 000 innbyggjarar.

Provinsen har 67 kommunar.

Provinsen Ourense

Ourense (Orense på spansk) er ein provins nordvest i Spania, søraust i den autonome regionen Galicia. Han grensar til provinsane Pontevedra, Lugo og León og Zamora, samt Portugal i sør. Provinsen har eit areal på 7 278 km² og er den einaste provinsen i Galicia som ikkje har kyst.

Provinsen har om lag 350 000 innbyggjarar og ein tredjedel av desse bur i provinshovudstaden Ourense. Det er 92 kommunar i provinsen og andre viktige byar er Verín, Ribadavia, Allariz, A Rua, Carballiño, Viana do Bolo og Xinzo de Limia.

Provinsen Palencia

Palencia er ein provins aust i Spania, sentralt i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane León, Burgos og Valladolid og til Cantabria.

Provinsen har kring 175 000 innbyggjarar og nesten halvparten av desse bur i provinshovudstaden Palencia. Det er 191 kommunar i provinsen, men meir enn halvparten av landsbyane har færre enn 200 innbyggjarar.

Provinsen Salamanca

Salamanca er ein provins vest i Spania, vest i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Zamora, Valladolid og Ávila og Cáceres og til Portugal.

Det bur kring 350 000 innbyggjarar i provinsen, og opp under halvparten bur i provinshovudstaden Salamanca. Det er 362 kommunar i provinsen, men meir enn halvparten av landsbyane har færre enn 300 innbyggjarar.

Provinsen Segovia

Segovia er ein provins nord i Spania, sør i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Burgos, Soria og Guadalajara, Madrid, Ávila og Valladolid.

Provinsen har kring 150 000 innbyggjarar og ein tredjedel av desse bur i provinshovudstaden Segovia. Av 209 kommunar i provinsen har meir enn halvparten av landsbyane under 200 innbyggjarar.

Provinsen Soria

Soria er ein provins aust i Spania, sentralt i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Zaragoza, Guadalajara og Segovia og Burgos, samt La Rioja.

Soria er den minst folkesette av dei spanske provinsane med opp under 100 000 innbyggjarar og berre rundt 9 innbyggjarar per kilometer, noko som er noko av det lågaste i EU. Om lag 40 % av innbyggjarane bur i provinshovudstaden Soria. Det er 183 kommunar i Soria, men nesten halvparten av dei har mindre enn 100 innbyggjarar og berre 12 av dei har meir enn tusen innbyggjarar.

Provinsen Valladolid

Valladolid er ein provins nordvest i Spania, sentralt i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Palencia, Zamora, León, Burgos, Segovia og Salamanca.

Provinsen har kring 720 000 innbyggjarar og nesten to tredjedelar av desse bur i provinshovudstaden Valladolid, som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Det er 225 kommunar i provinsen,m en ein tredjedel av desse har færre enn 1000 innbyggjarar.

Provinsen Zamora

Zamora er ein provins vest i Spania, vest i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Ourense, León og Valladolid, Salamanca og til Middelhavet.

Provinsen har kring 188 270 innbyggjarar (2013), og nesten ein tredjedel av desse bur i provinshovudstaden Zamora. Det er 250 kommunar i provinsen.

Provinsen Ávila

Alicante er ein provins aust i Spania i Castilla y León.

Han grensar til provinsane Valladolid, Salamanca, Cáceres, Toledo, Segovia og Madrid. Nesten ein tredjedel av folkesetnaden (53 272 av 167 032) bur i hovudstaden Ávila. Den nordlege delen av provinsen er del av slettelandet på Meseta Central, medan den sørlege delen er fjelllandskap med fjellkjeda Sierra de Gredos som er del av den større Sistema Central. Den høgaste fjelltoppen i provinsen er Pico de Almanzor som er 2 592 meter over havet.

Salamanca

Salamanca er ein by vest i Spania og provinshovudstad i provinsen Salamanca i den autonome regionen Castilla y León. Gamlebyen i Salamanca vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1988.

Byen ligg kring 200 km vest for Madrid og 100 km aust for grensa til Portugal. Han har kring 155 000 innbyggjarar og er den tredje største byen Castilla y León etter Valladolid og Burgos.

Salamanca er kjend både for dei mange monumenta og Universitetet i Salamanca, som vart grunnlagd i 1218 som det eldste universitetet i Spania og det femte eldste i den vestlege verda. Med 30 000 studentar er universitet, i lag med turisme, hovudnæringa i byen.

Soria

Soria er ein by nord i det sentrale Spania og provinshovudstaden i provinsen Soria i den autonome regionen Castilla y León. Kommunen hadde opp under 40 000 innbyggjarar, nesten 40 % av innbyggjarane i provinsen. Han ligg ved elva Duero aust i regionen og byen er kjend for murane og kyrkjene.

Opphavet til namnet er omstridd. Det kan ha kome frå den geske helten Orias, eller det kan kome frå Daurias, eit gammalt namn på elva Duero.

Álava

Álava (baskisk Araba og offisielt Álava-Araba) er ein provins nord i Spania i den sørlege delen av den autonome regionen Baskarland. Provinsen har kring 300 000 innbyggjarar og eit areal på 2 963 km².

Han grensar til provinsane Burgos, La Rioja, Navarra, Guipúzcoa og Bizkaia. Condado de Treviño er ein enklave i provinsen Burgos (Castilla y León) omgjeve av alavesisk land.

Dei flreste innbyggjarane bur i og rundt hovudbyen Álava Vitoria-Gasteiz (Vitoria på spansk, Gasteiz på baskisk), som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Resten av provinsen er hovudsakleg landsbygd. Provinsen er delt inn i sju fylke (cuadrillas).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.