Landa

Landa er ein fortidslandsby i Forsand kommune i Rogaland fylke, nokre km sør for munningen av Lysefjorden. Med utgangspunkt i funn av spor av nesten 250 hus frå bronsealder og jernalder, har ein skapt på nytt litt av dei miljøa som fanst her for nesten 3000 år sidan og framover, mellom anna leirklinte bronsealderhus og ein tømra gildehall frå folkevandringstida.

Landa 001
Fortidslandsbyen Landa med dei tre rekonstruerte husa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Afrika

Afrika er den nest største verdsdelen, både i folketal og areal, etter Asia. Med ei flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3 % av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuandeparten av alle menneske på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina.

Antarktistraktaten

Antarktistraktaten og tilknytte avtalar, som i lag vert kalla Antarktistraktatsystemet eller ATS, regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen dekkjer alle landområde og isbremmar sør for |60 °S. Traktaten, som trødde i kraft i 1961 og som i dag 50 nasjonar har skrive under på, definerer Antarktis som eit vitskapleg reservat med fridom til å utføre vitskaplege utforskingar samstundes som han forbyr all militær aktivitet på kontinentet. Traktaten var den første nedrustingskontrollavtalen som vart oppretta under den kalde krigen. Hovudkvarteret til sekretariatet for Antarktistraktaten har sidan september 2004 lege i Buenos Aires i Argentina.

Austeuropeisk tid

Austeuropeisk tid, eller Eastern European Time (EET), er tidssona som ligger to timer føre GMT/UTC, og vert dermed gjerne skrive GMT+2 eller UTC+2. Denne blir brukt i nokre europeiske og nordafrikanske land og nokre land i Midtausten. Dei fleste bruker ikkje EET som sommartid.

Dei fem store

«Dei fem store» (tidlegare «Dei fire store») er ei nemning på dei fem landa som alltid er kvalifiserte til finalen i Eurovision Song Contest. Desse landa er Tyskland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia.

Sidan 2000 har Tyskland, Frankrike, Spania og Storbritannia vore automatisk kvalifiserte til finalen fordi dei er dei største bidragsytarane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Dei var kjend som «dei fire store» på grunn av den spesielle statusen sin. I 2011 kom Italia att til tevlinga for fyrste gong sidan 1997, og vart med i denne gruppa, som deretter blei kalla «dei fem store».

Tyskland vart det fyrste og førebels einaste av dei fem landa som har vunne tevlinga etter at denne gruppa vart til.

Delstatar i Tyskland

Tyskland består av 16 delstatar, på tysk offisielt kalla Länder (land), i vanleg språkbruk oftast Bundesländer (forbundsland). Delstatane er statar i statsrettsleg tyding som inngår i eit statsforbund.

Berlin og Hamburg er bystatar (Stadtstaaten). Staten Bremen består av byene Bremen og Bremerhaven. Dei øvrige statane kalles «flatestatar» (Flächenstaaten) og er delt i distrikt og kommunar - sjå Tysklands lokalforvaltning.

Delstatane har egne regjeringar, parlamenter, forfatningar og domstolar. Dei har omfattande sjølvstyre og kan på område som miljø, kultur og utdanning i vidt omfang gjennomføre deira egen lovgiving. Val til delstatsparlamenta finn som hovudregel stad kvart fjerde år, i Bayern berre kvart femte. Den utøvande makta ligg hos delstatsregjeringane på dei fleste områda.

Delstatane er representert i Forbundsrådet (Bundesrat), som har sete i Preußisches Herrenhaus i Berlin. Det er delstatregjeringa som peikar ut delegatane til Forbundsrådet.

Den gregorianske kalenderen

Den gregorianske kalenderen er ein kalender som vart innført av pave Gregor XIII i 1582 i dei katolske landa. Han er den mest brukte kalenderen internasjonalt,

og vert mellom anna brukt i Noreg.

Den gregorianske kalenderen blei innført gjennom ein pavebulle frå 24. februar 1582.

Denne kalenderen erstatta den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførte i år 45 f.Kr. Den gregorianske skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet av åra hadde gjort at ingen av månadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderen var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følgjer, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 døgn.

Den gregorianske kalenderen har derfor 365 dagar, pluss skotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.

Det vil seie at år 1996 er skotår, 2000 er skotår, 2004 er skotår, men 2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dagar per 10.000 år.

I Danmark og Noreg vart den julianske kalenderen brukt fram til søndag 18. februar 1700. Då «hoppa» kalenderen til måndag 1. mars, som var fyrste dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.

Romerkyrkja lét torsdag 4. oktober gå over til fredag 15. oktober.

På Island og Færøyane vart den nye kalenderen innført litt seinare, med at laurdag 16. november vart følgd av søndag 28. november.

Sverige (og derfor Finland) òg freista ein gradvis overgang. Planen deira var å utelata skotårsdagen i år 1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i 1704, 1708 og 1712. Dei gjennomførte det fyrste draget, men så vart det heile gløymt. Kong Karl XII av Sverige måtte difor i 1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Fyrst i 1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå 17. februar til 1. mars.

Det latinske alfabetet

Det latinske alfabetet var alfabetet brukt tli å skrive latin. Variantar av dette alfabetet er i dag brukt for nesten alle språka i landa som vart kristna frå den vestre delen av det delte Romarriket. Det latinske alfabetet er dermed det mest utbreidde skriftsystemet i verda. Det blir brukt i Vest-Europa og dei fleste tidlegare koloniane til desse landa. Alfabetet har få teikn, men ved å kombinera desse med kvarandre og fleire aksentteikn kan dei stå for fleire lydar i ulike språk. Det latinske alfabetet er òg utgangspunktet for det fonetiske alfabetet.

Filippinane

Republikken Filippinane er ein øynasjon i Søraust-Asia. Landet består av 7 641 øyar og ligg i Stillehavet. Hovudstaden Manila ligg på den største øya, Luzon.

Landet var spansk koloni frå 1521 til 1898, og deretter kontrollert av USA til 1946. Dette var etter den filippinsk-amerikanske krigen. Det er saman med Aust-Timor og Sør-Korea eit av dei tre asiatiske landa som har kristendom som dominerande religion. Saman med den amerikanske innverknaden har dette gjort Filippinane til eit av dei mest vestlegorienterte landa i Asia.

Folketal

Folketal, innbyggjartal, folkemengd, folkesetnad eller befolkning blir oftast brukt for å visa til kor mange menneske som held til innanfor eit geografisk område.

Folketalet i verda har auka mykje sidan den industrielle revolusjonen og moderne jordbruk vart innført.

Folketalet passerte:

1 milliard om lag i år 1800

2 milliardar om lag i år 1930

3 milliardar i år 1960

4 milliardar i år 1975

5 milliardar i år 1987

6 milliardar i år 1999

7 milliardar 31. oktober 2011I følgje SN kjem folketalet truleg til å passere:

8 milliardar om lag i år 2028Det vert fødd 4,1 menneske kvart sekund, medan 1,8 menneske døyr (2006).

Det er særleg i dei mindre utvikla landa folketalet aukar mest, og særleg i Asia. I til dømes Pakistan føder kvar kvinne 4.8 born gjennom livet (fødselsrate). I 1950 var folketalet i Pakistan 37 millionar, i 2005 158 millionar, og prognosane til SN seier at det i 2050 vil nå over 300 millionar.

Enkelte utviklingsland, som til dømes Kina, har innført tiltak mot ein ekspansiv folkeauke. Tiltaka har vore omstridde, men det er ting som tyder på at desse landa står sterkare når det gjeld økonomisk framgang og levevilkår for innbyggjarane. I Kina trur SN at folketalet vil halda seg mellom 1,32 og 1,45 milliardar menneske i tida fram mot 2050 og at ein vil nå toppen kring år 2030.

I Afrika har ikkje folkeauken vore så høg til tross for ein særs høg fødselsrate (til dømes 8,0(!) i Niger). Dette har grunnlag i låg levealder og høg dødelegheit på grunn av svakt helsevesen og epidemiar som malaria og AIDS. Også i Afrika er det forventa dobla folkemengd fram mot 2050.

I dei meir utvikla landa har fødselsraten gått markant ned. I Spania og Italia føder kvar kvinne berre 1,3 born. SN trur at folketalet vil gå ned i Italia frå 58 millionar i 2005 til 50 millionar i år 2050. For å halda folketalet oppe reknar ein at fødselsraten må vere om lag 2,1 i land med eit moderne helsevesen. I desse landa ynskjer styresmaktene at fødselsraten skal gå opp for å kunne halda oppe eit stabilt samfunn.

Relativ endring i folketalet mellom folkegrupper kan skyldast folkevandringar, eller ulik fødselsrate, teknologi eller økonomi mellom gruppene. Dette fører ofte til konfliktar og omveltingar. Døme på dette i nyare tid er Libanon, Kosovo og omveltingane i Amerika etter at europearane invaderte dette kontinentet i det 15. og 16. hundreåret.

Internasjonal telefonkode

Internasjonal telefonkode eller landkode vert nytta når ein skal ringja med telefon over landegrensene. Ein må då fyrst tasta ein utgåande kode. I dei fleste landa (inkludert Noreg) er han lik 00. Mange land nyttar òg retningsnummer. Dersom retningnummeret byrjar med 0, vert dette ofte utelate. Eit unnatak er for retningsnummer i Italia.

For å ringja ut av Noreg må ein då tasta:

00 + internasjonal telefonkode + eventuelt retningsnummer + telefonnummer til den ein vil nå

På telefonar som har ein plussknapp, kan ein nytta denne i staden for den utgåande koden (00). Dette gjeld mellom anna mobiltelefonar.

Landkoden til Noreg er 47. Skal ein gje telefonnummeret sitt til folk som ringjer frå utlandet skriv ein +47 framfor nummeret.

Telefonkodane vert delte ut av Unionen for international telekommunikasjon i standarden E.164.

Internasjonale telefonkodar vert innimellom endra.

Italia

Italia (italiensk: Repubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet.

Latin-Amerika

Latin-Amerika er dei landa i verdsdelen Amerika der fleirtalet av menneske talar anten spansk (kastiljansk) eller portugisisk, begge romanske språk som er etterkommarar etter latin.

Latin-Amerika omfattar heile Sør-Amerika unntatt tre små land rett nord om Brasil («dei tre Guianaane»), heile Sentral- eller Mellom-Amerika, den sørlegaste delen av Nord-Amerika (Mexico) og nokre av øyane i Mexico-bukta/Karibia.

Middelhavet

Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.

Norden

Norden eller norderlanda er nemninga på dei nord-europeiske landa Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Ein reknar vanlegvis også med dei sjølvstyrde områda Færøyane, Grønland og Åland i somme høve. Sidan dei fleste samane bur i nordiske land, er dei òg ei viktig folkegruppe i området. Til saman bur det rundt 25 millionar menneske i Norden.

Dei nordiske landa har mange felles trekk, såleis har dei blant anna nærskylde språk, med unntak av fleirtalsmålet i Finland (og Grønland), og til ei viss grad Island. Dei er alle parlamentariske demokrati, og har alle utvikla ein velferdsstat som skal sikre innbyggjarane mot sosial naud.

Dei nordiske landa samarbeider i det rådgivande organet Nordisk Råd. I 1948 blei det forsøkt å få i stand eit skandinavisk forsvarsforbund, men dette lukkast ikkje på grunn av at sterke krefter i Danmark og Noreg heller ville slutte seg til dei vestlege stormaktene i NATO. Sidan 1949 har Island, Noreg og Danmark vore medlemmer i NATO, mens Sverige og Finland har vore alliansefrie land.

Heller ikkje i høve til EU har dei nordiske landa stått saman, da Danmark, Sverige og Finland har valt å gå inn, mens Island og Noreg har valt å ikkje bli medlemmer av EU. Trass i desse ulike internasjonale organisasjonstilknytingane, er det svært mykje praktisk samarbeid mellom dei nordiske landa, og innbyggjarane føler seg nært knytte til kvarandre, ikkje minst når dei treffest i andre delar av verda.

Under Kalmarunionen frå 1397 til 1523 var heile Norden samla i eit tronfellesskap som sameinte dei tre kongedøma Danmark, Noreg (med Island, Grønland og Færøyene), og Sverige (med Finland).

Motsett «Norden» omfattar omgrepet Skandinavia vanlegvis berre dei tre landa Noreg, Danmark og Sverige, slik omgrepet blir bruka på norsk.

Nordsjøen

Nordsjøen er eit grunnhav og eit randhav av Atlanterhavet som ligg innkransa av Noreg og Danmark i aust, Dei britiske øyane i vest og Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i sør.

Nordsjøen grensar mot Norskehavet i nord og er bunde saman med Atlanterhavet gjennom Den engelske kanalen i sør. I aust formar han bukta Skagerrak mellom dei tre skandinaviske landa, som er forbunde til Austersjøen gjennom Kattegat, Øresund, Storebælt og Lillebælt.

Store elvar som munnar ut i Nordsjøen er Elbe i Cuxhaven, Weser i Bremerhaven, Ems i Emden, Rhinen og Maas i Rotterdam, Schelde i Flushing, Themsen i Southend-on-Sea og Humber i Hull.

Nordsjøen har alltid hatt eit rikt fiske, noko som alle naboane har utnytta i uminnelege tider. Det finst mykje olje og naturgass under havbotnen, noko spesielt Noreg nyt godt av.

Offisielt språk

Offisielle språk er språk som etter lova i eit land skal nyttast i offisiell korrespondanse og dokumentasjon. Om eit land har fleire offisielle språk, kan det vere reglar for kva språk som kan, skal eller bør nyttast i ulike samanhengar.

Halvparten av landa i verda har offisielle språk. Nokre land har berre eitt offisielt språk, slik som Albania, Frankrike, Island, Japan og Tyskland. Andre, som Noreg, Belgia, Finland, Afghanistan, Paraguay, Bolivia, India, Sveits og Sør-Afrika har fleire offisielle språk. I Noreg er både norsk og samisk offisielle språk. Fleire norske kommunar har samiske språk eller kvensk som offisielle språk saman med norsk. Norsk har dessutan to offisielle målformer, nynorsk og bokmål.

Nokre land, som Irak, Italia og Spania, har eitt offisielt språk for landet, men andre medoffisielle språk for enkelte viktige regionar. Andre land, som USA, har ingen offisielle språk, men offisielle språk i enkelte delstatar. Til slutt er det dei landa som ikkje har noko offisielt språk i det heile, som Australia, Eritrea, Luxembourg, Sverige, Tuvalu og Storbritannia.

Kolonialisme og/eller nykolonialisme har i nokre land ført til at det offisielle språket og lærespråket ikkje er det same som nasjonalspråket eller det mest nytta språket. Dette gjeld for land i Afrika og på Filippinane. I kontrast til dette, er irsk offisielt språk i Irland, og det skyldast nasjonalisme. Det er berre ein liten minoritet i Irland som kan snakke irsk, mens fleirtalet nyttar engelsk. Det same gjeld for New Zealand der engelsk er morsmålet til dei fleste, mens maori er eit offisielt språk med stor plass i det offentlege.

Kva som er offisielt språk eller ikkje har stor symbolverdi, og det er ofte debatt rundt dei offisielle språka og bruken av dei. I Noreg har ein til dømes hatt ein langvarig debatt rundt bokmål/nynorsk, i tillegg til ei rekkje lokale debattar om bruk av samisk.

Skandinavia

Skandinavia (samisk Skadesi-suolu/Skađsuâl) er eit delvis geografisk men hovudsakleg kulturelt og historisk område som inneheld dei tre skandinaviskspråklege landa, Noreg, Sverige og Danmark. Størstedelen av området er den skandinaviske halvøya, med Danmark som ei sørleg utviding. I Norden refererer nemninga skandinaviske språk til språka norsk, svensk og dansk.

Gjennom historia har dei skandinaviske landa ført mange krigar mot kvarandre, men har også vore i union, først i Kalmarunionen under Margrete Valdemarsdotter og seinare som Danmark-Noreg og Noreg og Sverige. I moderne tid har landa medvite søkt å samarbeida for å stå styrkt i verda. Det at skandinavar kan reisa mellom landa utan pass er ein viktig del av eit slikt samarbeid.

Søraust-Asia

Søraust-Asia er ein region i Asia som omfattar området sør for Kina og aust for India. Regionen omfattar 11 land, mange av dei øystatar: Brunei, Kambodsja, Aust-Timor, Indonesia, Laos, Malaysia, Burma (Myanmar), Filippinane, Singapore, Thailand og Vietnam. Til saman bur det rundt 593 millionar innbyggjarar her. Bortsett frå Aust-Timor har landa danna ei blokk kalla Association of Southeast Asian Nations (ASEAN).

Omgrepet «Søraust-Asia» blei først brukt etter andre verdskrigen. Før dette blei regionen gjerne kalla Bakindia eller Indokina for fastlandsområdet, og Malayiske Arkipel for øyane.

Tidssone

Tidssoner er tenkte soner på jorda der klokka er den same fordi ein er komen om lag like langt i døgnet. I tillegg til jordrotasjonen blir tidssonene òg fastsette ut frå landegrensene, slik at dei fleste landa bruker éi felles tidssone. Hadde ein følgd dei beine strekane på kartet slavisk, hadde det norske Vestlandet vore i den britiske tidssona.

På grunn av at jorda roterer rundt sin akse vil det aldri vere det same tidspunktet på dagen over heile kloden. Dette er løyst ved å dele jorda opp i 24 tidssoner. Til dømes er klokka fire i Oslo, når ho er tre i London.

Tidssonene fylgjer tilnærma kvar 15. meridian. Dei fleste landa fylgjer berre ei tidssone, sjølv om dei dekkjer fleire meridianar. Kina, Russland og USA har interne soneinndelingar. I Europa har Asorane (Portugal) og Kanariøyane (Spania) ei anna tidssone enn fastlandet.

UTC vert ofte nytta for å gje tidssoner.

Øy

Ei øy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eit kontinent. Mindre øyar vert kalla holmar medan steinar som så vidt stikk opp av havet vert kalla skjer. Etter dei sameinte nasjonane sin definisjon, skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad reknast som øyar.

Medan ein tidlegare berre kunne nå øyar med båt, har mange no samband med fastlandet gjennom bruer og undersjøiske tunnelar. I tillegg kan ein òg nå dei luftvegen. Det finst likevel framleis mange ferjesamband mellom øyar og fastlandet.

Det finst fleire øynasjonar i verda, til dømes Island, Færøyane og Storbritannia. Indonesia er den mest folkerike øynasjonen, og her ligg òg den øya det bur mest folk på i verda, Java.

Grønland vert som regel rekna som den største øya i verda, ettersom Australia er ein eigen verdsdel.

Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømes Litauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.