Lagune

Lagune (frå latin lacuna, ope område, fordjuping, italiensk og spansk laguna), er grunne bukter eller strandsjøar som er blitt avstengt frå havet geologisk ved smale landtunger, gjerne av korallar som då vert kalla atollar, eller ved sand, gjerne ved langgrunne kystar eller ved elvedelta som til dømes Nilen-deltaet og Po-deltaet. Ved ein flat havkyst bygd opp av lausmassar vil bølgjene kunne bygge opp avlange barriereøyar og det vert danna lagunar bakom. Strandvollar kan òg ved innsøkking av kysten danna lagunar når sjøen trenger gjennom og fyllar det lågareliggande strandområdet innanfor.

Langs sørkysten av Austersjøen vert lagunar kalla haff og her finn ein Wisłalagunen og Den kuriske bukta, der høvesvis Wisła og Nemunas renn ut. Andre døme er lagunane ved Venezia, austkysten av Nord-Amerika frå New York til Florida og vestkysten av Spitsbergen.

Lagunar som er skapt av elvedelta vil etter kvart bli fylt av sand og slam frå elva og vil gå over til å bli eit lågt og flatt landområde med fleire elveløp gjennom, slik som ved utløpet av Mississippielva ved New Orleans.

Kara-Bogaz Gol from space, September 1995
Kara bogaz gol er ein lagune ved Kaspihavet i Turkmenistan.

Kjelder

Alibeylagunen

Alibeylagunen (ukrainsk Алібей, rumensk Limanul Alibei, tyrkisk Alibey Gölü) er ein salt lagune (liman) ved kysten av Svartehavet i Tatarbunary rajon i Odessa oblast i Ukraina. Lagunen er danna i den gamle munningen til elva Khadzjider. Lagunen er 15 km lang, 11 km brei og dekkjer 72 km². Djupna er 2,5 meter.

Lagunen er skild frå sjøen av ein sandbanke. Han har samband til Kurudiollagunen via Burnaslagunen i søraust og til Karatsjauslagunen og Sjaganylagunen i sørvest. Tidlegare rann Khadzjider ut i lagunne, men no renn denne elva ut i Khadzjiberlagunen, som er skild frå Alibey av ei demning.

Aquitaine

Aquitaine (oksitansk Aquitània, baskisk Akitania) er ein region sørvest i Frankrike. Han har grense til Spania over Pyreneane og kyst mot Atlanterhavet.

Atoll

Ein atoll er eit rundt, lågt korallrev som normalt omkransar ein lagune og dannar ei øy.

Denne typen øyar reiser seg opp frå havbotnen, ofte frå djupner på fleire tusen meter. Dei er særleg vanlege i Stillehavet, til dømes i Cookøyane, Bikiniøyane og Banaba.

Den største atollen i verda er Kiritimati på 388 km².

Bukt

Ei bukt er ei brei innskjering av sjø i land. Ei mindre (ofte trong) innskjering vert kalla vik, medan ei vid, langstrakt havbukt stundom vert kalla golf (engelsk gulf).

Ei lang, smal bukt eller vik vert kalla kil.

Bukter har gjerne forholdsvis roleg vatn. Dette er gunstig for livet i vantet, og derfor er dei som regel gode fiskevatn. I eldre tid var små havbukter ettertrakta som ankerplassar, medan dei store (t.d. Biscayabukta) var frykta fordi ein lett mista landkjenninga.

Det kan diskuterast om Middelhavet og Austersjøen er hav eller berre store bukter i Atlanterhavet. Under alle høve har det vore til lukke for Europa at havet skjer seg så langt inn i kontinentet. Delvis har det gjort klimaet mildare, og delvis har det letta transporten i løpet av dei tusenåra der vegane stort sett var noko ein sjølv måtte lage.

Burnaslagunen

Burnaslagunen (ukrainsk Бурнас, rumensk Limanul Burnas) er ein marin lagune (eller liman) sør i Ukraina i Tatarbunary rajon i Odessa oblast. Saltinnhaldet i lagunen er dobbelt så høgt som i Svartehavet. Laugnen har samband til sjøen via eit system av kanalar. Lagunen er kring 7 km lang og 1-3 km brei. Nord i lagunen er han knytt til innsjøen Solone, i nordvest til Kurudiollagunen. Kjelda til lagunen lagune er vatn frå Svartehavet og elva Alkalija og vatnet renn vidare til Solone.

Den peloide kurstaden Lebedivka ligg på nordkysten av Burnaslagunen.

Breidda av lagunen vert nytta av fuglar til hekking. Systemet av lagunane med Sasyk — Sjagany — Alibey — Burnas har status som internasjonalt våtmarksreservat.

Comacchio

Comacchio er ein by og ein kommune i provinsen Ferrara i regionen Emilia-Romagna i Italia. Byen har vel 22 000 ibuarar og dekker eit areal på 283 km². Han ligg 48 kilometer aust for provinshovudstaden Ferrara.

Byen Comacchio ligg ved ein lagune straks nord om munninga av elva Reno. Byen er bygt på meir enn tretten ulike holmar, som vert knytt saman med bruer. Fiskeoppdrett og utvinning av salt frå saltleie er viktigaste næringane i kommunen. Hamnebyen Porto Garibaldi ligg sju km aust for Comacchio.

Våtmarkene i kommunen, Valli di Comacchio, er verna av styresmaktene i Italia.

Hóp

Hóp er ein innsjø nord på Island nær Blönduós ved Húnafjörður.

I røynda er innsjøen meir ein lagune enn ein innsjø. Overflatearealet er avhengig av tidvatnet og varierer mellom 29 og 44 km². På det djupaste er innsjøen 9 m.

Landtunge

Ei landtunge er eit langstrekt nes danna av avsetningar. I den eine enden heng landtunga fast i land, medan den andre strekkjer seg ut i sjøen. Ei landtunge er ei form for sandbanke eller strand som utviklar seg ved abrasjon, som er bølgjer som verkar på kysten kring eit nes eller eit anna utspring.

Stundom kan landtunga berøre kysten att eit stykke lenger borte og danne ein lagune innanfor landtunga. Slike lagunar vert kalla haff i Austersjøen og étang i Frankrike, der ein finn fleire slike. Ved Austersjøen vert slike landtunger kalla nehrung.

Litauen

Republikken Litauen (litauisk Lietuvos Respublika, kortnamn Lietuva) er ein stat som ligg ved Austersjøen nordaust i Europa.

Litauisk geografi

Litauisk geografi tek for seg geografien til Litauen, det største og folkerikaste landet i Baltikum. Litauen ligg mellom Latvia og Russland med ei 100 km lang sandete kystlinje mot Austersjøen i vest. Den store isfrie hamnebyen til Litauen, Klaipėda, ligg ved den smale inngangen til Den kuriske bukta, ein grunn lagune som strekkjer seg sørover til Kaliningrad. Mellom bukta og Austersjøen ligg Den kuriske landtunga der Kuršių Nerija nasjonalpark vart oppretta for å bevare dei merkverdige sanddyner.

Elva Nemunas og nokre av sideelvane hennar vert nytta som transportårer innanlands (i 2000 førte 89 innlandsskip 900 000 tonn varer, som er mindre enn 1 % av den totale godstrafikken). Litauen er skurt flatt av isbreane under den siste istida, bortsett frå moreneåsar i vest og i aust, og ingen område høgare enn 300 meter over havet. Terrenget er dominert av mange små innsjøar og myrer og ei sone med blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. Vekstsesongen varer normal 169 dagar i aust og 202 dagar i vest og det meste jordbrukslandet består jord av anten sand eller leire. Kalkstein, leire, sand og grus er dei største naturressursane i Litauen, men på kontinentalsokkelen er det kanskje 1,6 millionar m³ (10 millionar tønner) med olje, og i søraust er det mogeleg store førekomstar av jernmalm og granitt. I følgje enkelte geografar er det geografiske sentrumet i Europa like nord for Vilnius, hovudstaden i Litauen.

Geografiske koordinatar:

56°00′N 24°00′E

Nauru

Nauru, offisielt Republikken Nauru, tidlegare kjend som Pleasant Island, er ein øyrepublikk i det sørlege Stillehavet. Det er eit av verdas minste land både når det gjeld innbyggjarar og areal, og verdas minste republikk. Når det gjeld areal er det òg verdas minste ikkje-europeiske land.

Mykje av den tidlegare rikdomen i landet kom frå dei store lagera av fosfat, dette trur ein enten er av guano eller anna marint opphav. Fosfatet vert brukt som gjødsel rundt om i verda, og det meste av det er eksportert til Australia. I og med at fosfatressursane no er så å seie oppbrukte, går Nauru ei usikker framtid i møte. På 1990-talet prøvde landet å få alternative inntektskjelder ved å introdusere seg sjølv som eit skatteparadis, men dette vart det ein slutt på i juli 2004.

Orbetello

Orbetello er ein kommune i provinsen Grosseto i Toscana i Italia. Han ligg om lag 35 km sør for Grosseto, i ein lagune med same namn.

Pestsjanyj

Pestsjanyj (russisk Остров Песчаный), òg kalla Ostrov Mel, er ei øy i Laptevhavet i Russland med ei uvanleg form. Ho er ein 12 km lang ellipseforma sandbanke som er brote sund i aust og søraust der tre mindre øyar er oppstått. Landtunga ligg rundt ein grunn lagune og på kart ser ho dermed ut som ein tropisk atoll. Øya er gold og folketom.

Pestsjanyj ligg 74 km aust for Bolsjoj Begitsjev og 62 km nord for kysten av Sibir.

Havet omkring Pestsjanyj er dekt av pakkis om vinteren og det er store poljnia rundt øya. Klimaet er særs hardt med mange stormar og låge temperaturar sjølv i løpet av den korte sommaren som berre varer to månader.

Det finst kvalross på øya.

Øya høyrer til republikken Sakha. Ho må ikkje forvekslast med andre øyar og stader med same namn. Kapp Pestsjanyj er eit nes på Bolsjevikøya i Severnaja Zemlja og to øyar i Aserbajdsjan og Ukraina har same namn.

Sjaganylagunen

Sjaganylagunen (ukrainsk Шагани, rumensk Şagani, tyrkisk Çagani Gölü) er ein salt lagune ved kysten av Svartehavet i Ukraina i Tatarbunary rajon i Odessa Oblast. Lagunen er ein del av Tuzlylagunane og har samband med Alibejlagunen. Området dekkjer 70 km² og salt innhaldet er kring 30‰. Lagunen er skild frå Svartehavet av ein sandbanke.

Solone

Solone (ukrainsk Солоне, rumensk Sărat) er ein liten salt lagune (eller liman), som tidlegare var ein del av Burnaslagunen. I dag er han skild frå Burnaslagunen av ein bilveg. Alkalija renn ut i lagunen. Lagunen høyrer til Tuzlylagunane.

Tsjkalovøya

Tsjaklovøya (russisk Остров Чкалов eller Ostrov Tsjkalov), tidlegare Uddøya (Ostrov Udd), er ei øy sør i Okhotskhavet like ved kysten av Russland. Ho ligg utanfor Stsjastiabukta mellom ein lagune og havet. Bajdukov er ei øy som ligg 2 km lenger søraust.

Tsjkalovøya er lang og smal med ei lengd på 20,5 km og ei breidde på 1 km i snitt.

Øya har mykje fugl som sibirsnipe, rødstrupesnipe, strandvipe, småspove, lappspove og strandsnipe. Kvitkval er vanleg nord for øya.

Administrativt høyrer Tsjkalovøya til Khabarovsk kraj.

Veerse Meer

Veerse Meer er ein lagune i provinsen Zeeland i Nederland. Han vart skild frå Nordsjøen i 1961 i samband med Deltaprosjektet. Innsjøen er 22 km lang og 1,5 km på det breiaste. Han ligg mellom dei gamle øyane Noord-Beveland, Zuid-Beveland og Walcheren, og er tilslutta elva Schelde ved slusa Zandkreekdam, slik at lagunen har brakkvatn. Det er 13 små øyar i innsjøen som ikkje er busett. Ein del av breidda til innsjøen, som er under vatn ved flo sjø har vorte ein del av naturreservat, medan andre område vert nytta til vassport.

Venezialagunen

Venezialagunen (italiensk Laguna di Venezia) er ein lagune i Adriahavet der byen Venezia ligg. Namnet på lagunen på venetiansk har gjeve opphav til det internasjonale namnet for ei lukka, grunn bukt eller vik med saltvatn.

Venezialagunen strekkjer seg frå Sile i nord til Brenta i sør og har eit areal på 550 km². Om lag 8 % av lagunen er landområde, inkludert sjølve Venezia og fleire mindre øyar. Om lag 11% er permanent vatn eller kanalar, medan rundt 80% er gjørmete strender, tidvassgrunner eller marskland.

Ho er forbunde til Adriahavet via tre inngangar: Lido, Malamocco og Chioggia. Sidan lagunen ligg innerst i nesten lukka sjø får området store tidvassvariasjonar. Den mest ekstreme springfloa vert kalla acqua alta (italiensk for «høgt vatn»), som regelmessig gjev flaum i mykje av Venezia.

Venezialagunen er ein del av eit system som i romartida strekte seg frå Ravenna og nordover til Trieste. På 500-talet var lagunen ein tilfluktsstad for romanske folk som flykta frå inntrengande fiendar (hovudsakleg hunarar). Seinare vart lagunen kjernen i Republikken Venezia og det maritime riket deira. Lagunen er framleis viktig som hamn, for Arsenale di Venezia og fiske.

Lagunen vart danna seks til sju tusen år sidan då havet steig etter den siste istida og flauma inn over den adriatiske kystsletta. Elvesediment kompanserte for den søkkande kystsletta og sediment frå elva Po dreiv langs kysten og lukka viker og bukter. Venetianske prosjekt på 1300- og 1500-talet hindra lagunen i å utvikle seg til myrland. Pumping av vassførande sjikt sidan 1800-talet har gjort lagunen djupare. Opphavleg var mange av øyane myraktige, men drenering har gjort det mogeleg å bu her. Mange av dei mindre øyane er fullstendig kunstige, medan nokre av områda rundt hamnebyen Mestre er øyar som er forsvunne. Dei gjenverande øyane er hovudsakleg sanddyner, inkludert deived kyststripa (Lido, Pellestrina og Treporti).

Dei største øyane eller øygruppene i området:

Venezia 5,17 km²

Sant'Erasmo 3,26 km²

Murano 1,17 km²

Chioggia 0,67 km²

Giudecca 0,59 km²

Mazzorbo 0,52 km²

Torcello 0,44 km²

Sant'Elena 0,34 km²

La Certosa 0,24 km²

Burano 0,21 km²

Tronchetto 0,18 km²

Sacca Fisola 0,18 km²

Isola Di San Michele 0,16 km²

Sacca Sessola 0,16 km²

Santa Cristina 0,13 km²Andre øyar:

Cavallino

Lazzaretto Nuovo

Lazzaretto Vecchio

Lido

Pellestrina

Poveglia

San Clemente

San Francesco del Deserto

San Giorgio in Alga

San Giorgio Maggiore

San Lazzaro degli Armeni

Santa Maria della Grazia

San Pietro di Castello

San Servolo

Santo Spirito

Sottomarina

Vignole

Winston Lagoon

Winston Lagoon er ein lagune på søraustkysten av Heardøya i det sørlege Indiahavet, kring 1 nautisk mil (1,9 km) nordaust for Cape Lockyer. Lagunen vart grovt skissertpå eit amerikansk kart frå 1860-åra. Han vart oppdaga frå lufta by løytnant Malcolm Smith i RAAF, pilot under ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) på eit sjøfly som var det første som rekognoserte øya frå lufta i 1948. Løytnant Smith føreslo å kalla han Lake Winston etter kona si. Etter at han omkom i ein flystyrt kort tid etter vart dette forslaget godkjend av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA), men det generiske leddet vart endra.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.