Kultur

Kultur (frå latin cultura som igjen kjem frå colere, som betyr å dyrke, foredle eller kultivere.[1][2]) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskeleg aktivitet og dei symbolske strukturane som gjev slik aktivitet meining. Ulike definisjonar av «kultur» viser til ulik teoretisk forståing, eller kriterier for undersøking, av kultur. Omgrepet er i moderne tid vanskeleg å definere fordi det blir brukt i veldig mange samanhengar på veldig ulike måtar. På byrjinga av 1950-talet samla dei amerikanske antropologane Alfred Kroeber og Clyde Kluckhohn over 100 ulike definisjonar av ordet brukt i engelsk litteratur.

Det er no vanleg å definere kultur etter tre ulike retningar:

  • Det kvalitative, verdiorienterte eller humanistiske kulturomgrepet
Det har som føresetnad at det finst ein kulturell verdimålestokk. Historisk har kulturomgrepet gjennomgått ei endring frå ei konkret tyding knytt til vekst i naturen i overført meining til å kjenneteikne det alminnelege åndelege utviklingsnivået i samfunnet som heilskap.
idéar, normer og verdiar i ulike samfunn, må forståast på premissa åt desse samfunna, ikkje ut frå nokon utanforståande kvalitativ målestokk. Ein idealistisk samfunnsvitskapelig fagtradisjon vil bruke denne definisjonen:
Kultur er det fellesskap av idéar, verdiar og normer som eit samfunn, det vil seie ei gruppe menneske, har og som dei freistar å føre vidare til den kommande generasjon.
Ein materialistisk kulturhistorisk fagtradisjon vil bruke definisjonen:
Med kultur forstår vi dels dei materielle omgjevnadane som menneska har bygd opp kring seg, dels den åndelege arva i form av verbale tradisjonar, trusførestellingar, idéar, kunne, normer med meir, som dei tileigna seg gjennom læring og tilpassing.
  • Det utvida eller kulturpolitiske kulturomgrepet
Det nye kulturpolitiske kulturomgrepet har blant anna sin bakgrunn i ei samfunnsvitskapelig basert sannkjenning av at den tradisjonelle kulturen først og fremst er kulturen for ein sosial elite. Men etter kvart slo det synet igjennom at ein moderne, demokratisk kulturpolitikk burde famne vidare. Det burde omfatte kulturlivet til folk flest «som det blir devd».

Litteratur

  • Berggreen, Brit, Da Kulturen kom til Norge, Oslo 1989 ISBN 82-03-16153-7
  • Geertz, Clifford, The Interpretation of Cultures, London 1973 ISBN 0-00-686260-8
  • Klausen, Arne Martin, Kultur, mønster og kaos, Oslo 1992 ISBN 82-05-20744-5

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Bokmålsordboka og nynorskordboka frå Dokumentasjonsprosjektet.
  2. Etymology Online (engelsk).

Temaside: Kultur

Afrika

Afrika er den nest største verdsdelen, både i folketal og areal, etter Asia. Med ei flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3 % av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuandeparten av alle menneske på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina.

Alma mater

Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.

Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.

I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».

Canada

Canada er eit vidstrekt land lengst nord i Nord-Amerika. Det er det andre største og eit av dei nordlegaste landa i verda. Canada utgjer størstedelen av det nordamerikanske kontinentet og grensar til berre eitt anna land, USA i sør og i vest, til Alaska.

Canada er ein føderasjon med mykje sjølvstyre for ti provinsar og tre territorium, og har styresettet parlamentarisk demokrati og statsforma konstitusjonelt monarki, med Dronning Elizabeth som statsoverhovud.

Landet var både tidlegare franske og tidlegare britiske koloniar, og er medlem av både La Francophonie og Commonwealth of Nations. Fransk er hovudspråket i Quebec. New Brunswick er tospråkleg, medan resten av landet hovudsakleg er engelsktalande. Begge språka er offisielle i heile landet, men ein provins kan velja om han skal vera tospråkleg eller velja eitt hovudspråk.

Økonomisk er landet industrialisert og teknologisk utvikla. Næringsvegane er basert på rike naturressursar og handel med andre land, særleg naboen USA. Canada er hovudsakleg sjølvforsynt med energi på grunn av relativt store ressursar av fossile brennstoff, i tillegg til produksjon av kjerne- og vasskraft.

Columbia Records

Columbia Records er eit amerikansk plateselskap, stifta i 1887.

Den armenske kalenderen

Den armenske kalenderen er danna av år delt inn i 12 månader med fem tilleggsdagar. Dagane i månaden har namn i staden for nummer, noko som er vanleg i avestiske kalendrar.

Byrjingsåret tilsvarer år 552 i den julianske og gregorianske kalenderen. Dette var ei tid då Den armenske apostoliske kyrkja fjerna seg frå den katolske.

Kalenderen bruker armenske tal og bokstavar. Datoer er markert med teikna ԹՎ eller liknande, gjerne med ein strek over for å indikera «t'vin» («i året»), etterfølgd av eitt til fire teikn frå det armenske alfabetet, der kvart teikn står for eit tal. For å omsetja dette til eit standardår, kan ein leggja 551 til det armenske årstalet.

Den iranske kalenderen

Den iranske kalenderen (persisk گاه‌شماری ایرانی), også kjent som den persiske kalenderen eller jalalikalenderen, er ein solkalender som blir brukt i Iran og Afghanistan. Den er basert på observasjonar og ikkje reglar, og kvart år startar derfor ved vårjamndøgn slik det inntreff ved 52,5° aust, altså i Teheran og i Kabul. Dette gjer den meir nøyaktig samanholdt med sola sine rørsler enn den gregorianske kalenderen, men samstundeser det vanskelegare å rekne ut kva år som blir skottår.

Persarane har gjennom heile si kjente historie vore opptatt av å ha eit godt kalendersystem. Dei var blant de første kulturane som tok i bruk ein solkalender framfor ein månekalender eller eit hybridsystem.

Den 21. februar 1911 vedtok det andre persiske parlamentet å bruke solår og -månader i offisielle samanhengar. 31. mars 1925 vart kalenderen slik den no er utforma innført ved lov av same parlament. Loven spesifiserer at ein nyttar den islamske æraen, med start i 622 (året Muhammed reiste frå Mekka til Medina), at første vårdag er årets første dag, og at talet på månader og talet dagar i kvar måned. Tolvårssyklane i den sino-uighurske kalenders, som vart brukt av mange, vart avskaffa ved same lov.

Afghanistan tok i bruk kalenderen i 1957. Dei har same tal dagar i månadene, men andre namn for månadene; i staden for dei persiske namna nyttar dei dei arabiske namna for stjerneteikna. Pashtotalande nyttar sine namn på stjerneteikna som namn på månadene.

Den kinesiske kalenderen

Den kinesiske kalenderen er ein lunisolarkalender. I Kina nyttar ein i dag den gregorianske kalenderen, men den kinesiske kalenderen vert framleis brukt til markering av tradisjonelle heilagdagar, til dømes kinesisk nyttår, duanwu-høgtida og månefestivalen. Han vert òg brukt til å velja gode dagar for til dømes bryllup eller for innviinga av ein ny bygning. Sidan ein månad i den kinesiske kalenderen er like lang som månen si omlaupstid, seier kalenderen òg noko om månefasane.

Den kinesiske kalenderen har òg gjeve namn til åra. Dei følgjer ein syklus på tolv år, i rekkjefølgja rotta, okse, tiger, hare, drake, slange, hest, sau, ape, hane, hund og gris. Ved kinesisk nyttår i 2007 starta grisens år, og 7. februar 2008 starta rottas år.

Frankrike

Republikken Frankrike eller berre Frankrike (fransk: République française eller France) er eit land i Vest-Europa med fleire territorium i Karibia, Sør-Amerika, Indiahavet, Stillehavet og Nord-Atlanteren. Fastlandet i den europeiske delen blir på fransk kalla l'Hexagone, «sekskanten»: Den eine kanten blir då kysten mot Atlanterhavet i vest, den andre kanten kysten mot Den engelske kanalen i nordvest, den tredje kanten grensa mot Belgia, Luxemburg og Tyskland i nordaust, den fjerde kanten grensa mot Tyskland, Sveits og Italia i aust, den femte kanten kysten mot Middelhavet og grensa mot Monaco i søraust og den sjette kanten grensa mot Spania og Andorra i sørvest. Den søramerikanske delen av Frankrike, Fransk Guyana, grensar til Brasil og Surinam, og det franske Saint-Martin i Karibia grensar til det nederlandske St. Maarten.

Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.

Hellas

Republikken Hellas (gresk Ελληνική Δημοκρατία, Ellinikí Dimokratía) eller berre Hellas (Ελλάδα, Elláda, eldre form Ελλάς, Ellás) er eit land søraust i Europa sør på Balkanhalvøya. Landet grensar til Albania, Nord-Makedonia, Bulgaria og Tyrkia. Egearhavet ligg aust og sør for det greske fastlandet, medan Det joniske havet ligg i vest. Begge havområde er ein del av Middelhavet og inneheld mange greske øyar.

Hellas ligg i grenseområda mellom Europa , Asia og Afrika. Antikkens Hellas, Austromarriket og nesten fire hundreår under Det osmanske riket har sett sitt preg på landet. Området er rekna som krybba til den vestlege verda og opphavet til demokratiet, vestleg filosofi, Dei olympiske leikane, statsvitskap, mange vitskaplege fag, vestleg litteratur og drama inkludert både tragedie og komedie. Hellas har derfor ei særs lang og rik historie med mange hendigar og ei kulturarv påverka av Nord-Afrika og Midtausten, som har sett kraftig preg på europeisk kultur og det ein kan kalle Vesten.

Det moderne Hellas er eit utvikla land og har vore medlem av EU sidan 1981, av NATO sidan 1952, OECD sidan 1961, WEU sidan 1995 og ESA sidan 2005. Hovudstaden i landet er Aten og andre store byar er Thessaloníki, Pátra, Iráklio og Lárisa.

Italia

Italia (italiensk: Repubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet.

Japan

Japan (japansk: Nihon: 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet.

Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.

Kibbutz

Kibbutz (på hebraisk: קיבוץ‎; fleirtal: kibbutzim: קיבוצים; «samling» eller «felles») er eit israelsk kollektivt samfunn. Sjølv om andre land har hatt liknande kollektiv, så har få frivillige kollektiv spela ei så viktig rolle som i Israel. Kollektiva er ofte prega av ein sosialistisk ideologi.

Kristendommen

Kristendom er ein monoteistisk verdsreligion som utgår frå jødedommen, og inneber trua på Jesus som Kristus (Messias), frelsar for jødane og verda, og på dei læresetningane som blei nedteikna i Det nye testamentet, den andre delen av Bibelen.

Kristendommen er ein abrahamittisk religion. Han byrja som éi av fleire jødiske rørsler i Palestina i det første hundreåret. I år 312 blei den romerske keisaren Konstantin den store kristen, og ved ediktet i Milano året etter innførte han trusfridom for dei kristne i Romarriket.

Det er i dag om lag 2 milliardar kristne i verda.

København

København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.

Sveits

Det sveitsiske eidssambandet eller berre Sveits (tysk: Schweizerische Eidgenossenschaft eller Schweiz, fransk: Confédération suisse eller Suisse, italiensk: Confederazione Svizzera eller Svizzera, retoromansk: Confederaziun svizra eller Svizra) er eit land i Europa. Landet grensar mot Tyskland i nord, Frankrike i vest, Italia og Austerrike i sør og Liechtenstein i aust. Sveits er eit land med mange språk. Slik er det òg mange namn på landet. På tysk er namnet Schweizerische Eidgenossenschaft, fransk Confédération suisse, italiensk Confederazione Svizzera, retoromansk Confederaziun svizra og på Latin Confoederatio Helvetica). Namnet Schweiz kjem av ei høgalemanniske form av namnet på kantonen Schwyz, etter kvart vart namnet nytta på heile eidssambandet Sveits.

Tull

Tull, tøys, vrøvl, vås, vas eller nonsens er noko som ikkje gjev meining. Omgrepa kan mellom anna visa til dumskap, feil eller skjemt i ord eller handling. Dei blir ofte brukt nedsetjande, til dømes om utsegner, handlingar eller idear, men ulike former for tøys kan også vera verkemiddel innan felt som humor, kommunikasjon, litteratur og kunst, og som ein motsats til alvor.

UNESCO

UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

Verdsarv

Verdsarven er stader skapte av naturen eller menneske som blir rekna som særs viktige for natur- og kulturhistoria i verda. UNESCO, Dei Sameinte Nasjonane sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur, fører ei liste over dei mest verdifulle verdsarvstadene i verda. I august 2006 alt 830 stader på lista over verdsarv, fordelte på 138 statspartar. Av desse stod 644 for kulturarv, 162 for naturarv, medan 24 hadde både natur- og kulturverdi.

Vestfold fylke

Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er det fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for fylkesmannen og fylkestinget ligg i Tønsberg.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og blei godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.