Krittida

Krittida er ein geologisk periode som varte frå slutten jura for 145,5 ± 4 millionar år sidan til byrjinga av paleocen for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Han er den yngste perioden i æraen mesozoikum og med ei lengd på 80 millionar år er han den lengste perioden i eonet fanerozoikum. Slutten av krit er definert som grensa mellom mesozoikum og kenozoikum.

Krittida har namn etter krit.[4] Ho vart først definert som ein eigen periode av den belgiske geologen Jean d'Omalius d'Halloy i 1822 ved hjelp av strata i Parisbekkenet[5] og kalla opp etter dei omfattande kalklaga (kalsiumkarbonat-avleiringar av skjel frå virvellause sjødyr, hovudsakleg coccolittar) i øvre krit-lag i på det europeiske kontinentet og på Dei britiske øyane.

Kritsystemet er bergartar avsett i krit.

Krittida
145.5 - 65.5 millionar år sidan
K
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 30 vol %[1]
(150 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 1700 ppm[2]
(6 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 18 °C [3]
(4 °C over dagens nivå)
Hendingar i krit
sjå • diskuter • 
-140 —
-130 —
-120 —
-110 —
-100 —
-90 —
-80 —
-70 —
Krit
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i krittida.
Skala: Millionar år sidan.

Datering

Som med andre gamle geologiske periodar er det berglaga som definerer krit, men dei eksakte tidspunkta for når perioden startar og sluttar har ein feilmargin på eit par millionar år. Det var ingen store masseutryddingar som skilde krit frå jura, men slutten av perioden er godt definert, då ein finn eit globalt iridium-rikt lag over berglaga frå krit, som ein meiner kjem frå då ChicxulubkrateretYucatan og Mexicogolfen vart danna. Dette laget er datert forholdsvis nøyaktig til å vere 65,5 millionar år gammalt. Dette meteoroidenedslaget var truleg årsaka til den omfattande krit-tertiær-utryddinga.

Inndeling

Krit vert vanlegvis delt inn i epokane tidleg og sein krit. Desse er vidare delt inn i aldrane gjeve nedanfor, frå eldst til yngst:

Øvre/sein krit
Maastrichtium (70,6 ± 0,6 – 65,8 ± 0,3 millionar år sidan)
Campanium (83,5 ± 0,7 – 70,6 ± 0,6 millionar år sidan)
Santonium (85,8 ± 0,7 – 83,5 ± 0,7 millionar år sidan)
Coniacium (89,3 ± 1,0 – 85,8 ± 0,7 millionar år sidan)
Turonium (93,5 ± 0,8 – 89,3 ± 1,0 millionar år sidan)
Cenomanium (99,6 ± 0,9 – 93,5 ± 0,8 millionar år sidan)
 
Nedre/tidleg krit
Albium (112,0 ± 1,0 – 99,6 ± 0,9 millionar år sidan)
Aptium (125,0 ± 1,0 – 112,0 ± 1,0 millionar år sidan)
Barremium (130,0 ± 1,5 – 125,0 ± 1,0 millionar år sidan)
Hauterivium (136,4 ± 2,0 – 130,0 ± 1,5 millionar år sidan)
Valanginium (140,2 ± 3,0 – 136,4 ± 2,0 millionar år sidan)
Berriasium (145,5 ± 4,0 – 140,2 ± 3,0 millionar år sidan)

Paleogeografi

Under krit delte superkontinentet Pangea, som varte frå sein paleozoikum til tidleg mesozoikum, seg heilt opp til dagens kontinent, sjølv om posisjonane deira var ganske annleis slik dei ligg i dag. Atlanterhavet utvida seg og skapte Kordillerane og Nevadafjella i Amerika.

Gondwana framleis heilt i byrjinga av krit, men Sør-Amerika, Antarktis og Australia reiv seg laus frå Afrika (medan India og Madagaskar framleis hang i hop), og slik byrja Sør-Atlanteren og Indiahavet og dannast. Denne aktive riftdanninga førte til store undersjøiske fjellkjeder langs randane og havnivået auka globalt. Nord for Afrika vart Tethyshavet stadig smalare. Vide, grunne hav strekte seg over sentrale delar av Nord-Amerika Western Interior Seaway) og Europa, men trekte seg tilbake seint i perioden og etterlet tjukke marine avsettingar mellom kollaga. På toppen av denne transgresjonen i krittida var ein tredjedel av dagens landområde på jorda under vatn.[6]

Krit er kjend for kalk og det vart danna meir kalk i denne perioden enn noko anna periode i fanerozoikum.[7] Sirkulasjon av havvatn rundt dei store midthavsryggane tilførte hava kalsium som gjorde havet metta slik at det la seg på botn, samt at det var mykje kalkhaldige plankton.[8] Denne omfattande karbonatavsettinga og andre sedimentære avsettingar gjorde kalken ekstra fin. Kjende formasjonar frå denne tida er til dømes Dei kvite klippene ved Dover i England, Hell Creek-formasjonen i Montana i USA, og Yixian-formasjonen i Kina.

Klima

Klimaet vart avkjølt i epoken berriasium og trenden frå siste epoken i jura heldt fram. Ein har funne spor som viser at det vanleg med snøfall på høge breiddegrader og at tropane vart våtare enn i trias og jura.[9] Isbredanning hadde ein derimot berre i fjellområde på høge breiddegrader, men snødekket kan ha trekt seg lenger sør om vinteren.

Mot slutten av berriasium auka derimot temperaturane igjen og desse tilhøva heldt seg nesten konstant til slutten av perioden.[9] Den aukande temperaturen kom av kraftig vulkansk aktivitet som skapte store mengder karbondioksid. Utvikla av mange mantelplummar langs midthavsryggane førte til at havnivået auka og slik at store landområde vart dekte av grunt hav. Tethyshavet som gjekk mellom tropisk hav frå aust til vest medverka òg til å varme opp det globale klimaet. Fossil av planter som lever i varme strøk er funne så langt nord som Alaska og Grønland, medan dinosaurfossil er funne ved 75 ºS.[10]

Ein svak temperaturgradient frå ekvator til polane gjorde at ein fekk svake globale vindmønster og dette medverka til mindre oppvelling og meir stilleståande hav enn i dag. Dette ser ein igjen på dei utstrekte svartskifer laga.[11] Sedimentkjernar viser at den tropiske havoverflatetemperaturen kan ha vore så høg som 42 °C, 17 °C varmare enn i dag og i snitt var om lag 37 °C. I djuphavet var temperaturen så mykje som 15-20 °C høgare enn i dag.[12][13]

Liv

Planter

Blomsterplanter spreidde seg i denne perioden, men vart ikkje dominerande før alderen campanium. Dei første biene dukka opp og dette medverka til utviklinga av blomsterplantene, slik at blomsterplanter og insekt er eit godt døme på koevolusjon. Dei første trea med mykje lauv, som fiken, platanar og magnoliaer, dukka først opp i krit. I tillegg treivst nokre tidlegare nakenfrøa planter som bartre, men enkelte nakenfrøa planter, som bennettitales døydde ut før perioden var over.

Landdyr

Tyrannosaurus BW
Tyrannosaurus rex, eit av dei største landrovdyra nokon gong levde mot slutten av krit.
Coloborhynchus piscator jconway
Ei flygeøgle, Anhanguera piscator

På land var pattedyra enno små og relativt uviktig del av dyrelivet. Faunaen var dominert av archosaure krypdyr, særleg dinosaurar, som var på sitt mest mangfaldige i krit. Flygeøgler var vanlege i tidleg og midtre krit, men mot slutten av krit møtte dei auka konkurranse frå fuglar og mot slutten av perioden var det berre to familiar igjen.

Lagerstätten Liaoning (Chaomidianzi-formajonen) i Kina har gjeve eit glimt av livet i tidleg krit, der fleire mindre dinosaurar, fuglar og pattedyr er funne. Coelurosaurar som er funne her representerer ei gruppe maniraptorar, som er ein overgang mellom dinosaurar og fuglar, og som er kjend for å ha hatt hårliknande fjør.

Under krit byrja insekta å utvikla eit mangfald, og dei eldste kjende maurane, teremittane og nokre lepidoptera, som er i slekt med sommarfuglar og møll, dukka opp. I tillegg oppstod bladlus, grashoppar og galleveps.

Sjødyr

I havet vart rokker, moderne haiar og eigentlege beinfiskar vanlege. Av marine krypdyr fann ein fiskeøgler i tidleg og midtre krit, svaneøgler gjennom heile perioden og mosasaurar i sein krit.

Baculites, ei slekt av rettskjela ammonittar, treivst i havet. Hesperornithiformes var dykkefuglar som ikkje kunne flyg og som symde som lappdykkarar. Globotruncanide foraminifera og pigghudingar som kråkebolle og sjøstjerner treivst òg. Dei første kiselalgane dukka opp i hava omkring krit. Ferskvasskiselalgar dukka først opp i miocen. Krit var òg ei viktig tid for utviklinga av bioerosjon, som skaper hol og skraper i fjell, hardground og skjel.[14]

Utrydding

Det biologiske mangfaldet minka stadig raskare i maastrichtium mot slutten av krit, i alderen før den økologiske krisa som vert kalla krit-tertiær-utryddinga. Det biologiske mangfaldet brukte lang tid på å kome seg att etter K-T-hendinga, trass i at det var mange ledige økologiske nisjar.[15]

Coccolitophoridar og molluskar som ammonittar, rudittar, ferskvassnigel og muslingar døydde ut, i tillegg til dyra som desse dyra var ein del av næringskjeden til. Til dømes meiner ein at ammonittar var hovudnæringskjelda til mosasaurar, ei gruppe gigantiske marine krypdyr som døydde ut på denne tida.[16]

Altetarar, insektetarar og åtseldyr overlevde utryddinga, kanskje på grunn av det var mange fleire tilgjengelege matkjelder. Mot slutten av krit ser det ut til at det ikkje var nokon reine plante- eller kjøtetande pattedyr. Pattedyr og fuglar som overlevde utryddinga levde av insekt, larver og sniglar, som igjen levde av daude planter og dyr.[17][15][18]

Dei største landdyra som overlevde hendinga, krokodillar og choristodera, var halvakvatiske og hadde tilgang til restavfall. Moderne krokodillar kan leve som åtseldyr og kan overleve i månader utan mat. Desse eigenskapane har vorte knytt til eigenskapar som gjorde at krokodillane overlevde slutten av krit.[17]

I Noreg

Ein finn berre bergartar frå krit i Noreg på Svalbard og i eit jura- og krit-felt på Andøya. På kontinentalsokkelen dekkjer dei derimot eit stort område, hovudsakleg skifer og sandstein, og under Nordsjøen òg kalkstein. Krit-kalksteinen frå sein krit og tidleg tertiær er særleg viktig på Ekofisk-feltet, der han er ein viktig reservoarbergart for olje og gass.

Fotnotar

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. På engelsk cretacious etter latin creta som tyder 'krit'. «cretaceous», Oxford English Dictionary, 1989
  5. Store sovjetiske leksikon (russisk) (3. utg. utg.). Moskva: Sovetskaya Enciklopediya. 1974. s. 50.
  6. Dougal Dixon et al., Atlas of Life on Earth, (New York: Barnes & Noble Books, 2001), s. 215.
  7. Stanley 1999
  8. Stanley 1999, s. 279-81
  9. 9,0 9,1 Berriasium
  10. Stanley 1999, s. 480-2
  11. Stanley 1999, s. 481-2
  12. «Warmer than a Hot Tub: Atlantic Ocean Temperatures Much Higher in the Past» PhysOrg.com. Vitja 25. august 2008.
  13. Skinner, Brian J. og Stephen C. Porter. The Dynamic Earth: An Introduction to Physical Geology. 3. utg.. New York: John Wiley & Sons, Inc., 1995. ISBN 0-471-59549-7. s. 557
  14. Taylor & Wilson 2003
  15. 15,0 15,1 MacLeod, N, Rawson, PF, Forey, PL, Banner, FT, Boudagher-Fadel, MK, Bown, PR, Burnett, JA, Chambers, P, Culver, S, Evans, SE, Jeffery, C, Kaminski, MA, Lord, AR, Milner, AC, Milner, AR, Morris, N, Owen, E, Rosen, BR, Smith, AB, Taylor, PD, Urquhart, E & Young, JR (1997). «The Cretaceous–Tertiary biotic transition». Journal of the Geological Society. 154 (2): 265–292. doi:10.1144/gsjgs.154.2.0265.
  16. Kauffman, E (2004). «Mosasaur Predation on Upper Cretaceous Nautiloids og Ammonites from the United States Pacific Coast». Palaios. Society for Sedimentary Geology. 19 (1): 96–100. doi:10.1669/0883-1351(2004)019<0096:MPOUCN>2.0.CO;2. Henta 17. juni 2007.
  17. 17,0 17,1 Shehan, P & Hansen, TA (1986). «Detritus feeding as a buffer to extinction at the end of the Cretaceous». Geology. 14 (10): 868–870. Henta 25. august 2008.
  18. Aberhan, M, Weidemeyer, S, Kieesling, W, Scasso, RA, & Medina, FA (2007). «Faunal evidence for reduced productivity og uncoordinated recovery in Southern Hemisphere Cretaceous-Paleogene boundary sections». Geology. 35 (3): 227–230. doi:10.1130/G23197A.1.

Kjelder

Andre kjelder

Bakgrunnsstoff

Krit
Tidleg/nedre krit Øvre/sein krit
Berriasium | Valanginium | Hauterivium
Barremium | Aptium | Albium
Cenomanium | Turonium | Coniacium
Santonium | Campanium | Maastrichtium
Mesozoikum
Trias Jura Krit
Albium

Albium (fransk albien, adjektivform av Aube) er den siste alderen i epoken tidleg krit. Han varte frå 112,0 ± 1,0 til 99,6 ± 0,9 millionar år sidan. Albium kjem etter aptium og før cenomanium i [[sein krit].

Namnet albium vart lagt fram i 1842 av Alcide d'Orbigny.

Aptium

Aptium er den femte alderen i epoken tidleg krit. Han varte frå 125,0 ± 1,0 til 112,0 ± 1,0 millionar år sidan. Aptium kjem etter barremium og før albium.

Berriasium

Berriasium er den første alderen i epoken tidleg krit og den første i heile krittida. Han varte frå 145,5 ± 4,0 til 140,2 ± 3,0 millionar år sidan. Berresium kjem etter tithonium i sein jura og før valanginium i tidleg krit.

Campanium

Campanium er den femte alderen i epoken sein krit. Han varte frå 83,5 ± 0,7 til 70,6 ± 0,6 millionar år sidan. Coniacium kjem etter santonium og før maastrichtium. Han er kalla opp etter den franske landsbyen Champagne i departementet Charente-Maritime.

Cenomanium

Cenomanium (òg kalla woodbinium) er den første alderen i epoken sein krit. Han varte frå 99,6 ± 0,9 til 93,5 ± 0,8 millionar år sidan. Cenomanium kjem etter albium i tidleg krit og før turonium i sein krit.

Cenomanium er kjend for å ha hatt det høgaste havnivået som har vore dei siste 600 millionar åra, om lag 150 meter høgare enn i dag. Store delar av det som i dag er tørt land låg dermed under grunnhav.

Coniacium

Coniacium er den tredje alderen i epoken sein krit. Han varte frå 89,3 ± 1 til 85,8 ± 0,7 millionar år sidan. Coniacium kjem etter turonium og før santonium.

Dekkfrøplantar

Dekkfrøplantar er den yngste og største rekkja av frøplanter. Dekkfrøplantane skil seg frå nakenfrøplantar ved at dei har blomar med frøemne som sit i ein lukka behaldar, fruktknuten. Blomen, som kan befruktast på ulike måtar, har gjort at rekkja har kunne spreia seg over heile verda og utvikla seg til mellom 225 000 og 400 000 artar. Plantane er også særs viktige for menneske, som særleg bruker mange av fruktene deira.

Den eldste kjende dekkfrøplanten er frå krittida og voks for rundt 125 millionar år sidan. Det er også funne stoff som tyder på at dekkfrøplantar var til for 250 millionar år sidan, under permtida.

Tradisjonelt har ein delt dekkfrøplantane inn i to klassar: tofrøblada og einfrøblada. Moderne DNA-baserte metodar har vist at denne todelinga er for enkel. Mens einfrøblada kan forsvarast som ei monofyletisk gruppe, blir dei tofrøblada delt opp i fleire ubeslekta grupper. Desse gruppene har ennå ikkje fått formelle namn, men kan grovt delast inn i desse gruppene: «Urdekkfrøa», ei lita gruppe som nolevande former av dei eldste dekkfrøplantane. Frå denne gruppa kjem einfrøblada plantar (Liliopsida); ei gruppe som inneheld magnoliafamilien (Magnoliaceae), laurbærfamilien (Lauraceae), holurtfamilien (Aristolochiaceae) og peparfamilien (Piperaceae); og ekte tofrøblada (Eudicotyledonae), der ein mellom anna finn soleiefamilien, rosefamilien, erteblom- og korgplantefamilien.

Flint

Flint er ein hard bergart med glasaktig utsjånad og med sedimentært opphav. Flint er samansett av kvarts og kalsedon. Flint har ofte eit kalklag på utsida. Han finst som knollar eller lag i krittavleiringar, og flinten kan vere svart, grå, gulaktig eller raudbrun av farge, med ein lysare overflate. Flint finst i hovudsak i lag frå juratida og i den øvre krittida. Bergarten finst ikkje opphavleg i Noreg, men finst enkeltvis langs kysten, der han er komen med drivis sørfrå under istidene.

Hauterivium

Hauterivium er den tredje alderen i epoken tidleg krit. Han varte frå 136,4 ± 3 til 130 ± 1,5 millionar år sidan. Hauterivium kjem etter valanginium og før barremium.

Kenozoikum

Kenozoikum, kainozoikum, neozoikum eller jorda si nytid (gresk καινός, kainos, som tyder «ny» og ζωή (zoe), som tyder «liv», altså til saman «nytt liv») er den siste og noverande geologiske æraen. Han dekkjer tida frå i dag og tilbake til 65,5 millionar år sidan. Starten er markert ved krit-tertiær-utryddinga på slutten av perioden krittida og æraen mesozoikum der alle dinosaurar som ikkje utvikla seg til fuglar døydde ut.

Maastrichtium

Maastrichtium er den siste alderen i epoken sein krit, heile krittida og heile mesozoikum. Han varte frå 70,6 ± 0,6 til 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Maastrichtium kjem etter campanium og før danium i paleogen. Han er kalla opp etter Maastricht, ein by i Nederland, der det er funne mange fossil frå perioden, mellom anna var det her mosasauren vart oppdaga.

Mot slutten av denne perioden var det ei masseutrydding kalla krit-tertiær-utryddinga, der mange kjende dinosaurar, dei som ikkje utvikla seg vidare til fuglar, døydde ut, samt svaneøgler, mosasaurar og mange andre mindre kjende grupper.

Mesozoikum

Mesozoikum eller jorda si mellomtid er ein av tre geologiske æraer i eonet fanerozoikum. Inndelinga av dei geologiske æraene går tilbake til Giovanni Arduino på 1700-talet som då kalla mezosoikum sekundær. Mesozoikum ligg mellom paleozoikum og kenozoikum og tyder «mellomdyra», frå den greske forstavinga meso-/μεσο- for «mellom» og zoon/ζωον som tyder «dyr» eller «levande vesen». Han vert ofte kalla «Krypdyra sin tidsalder», etter dinosaurane som dominerte dyrelivet i æraen.

Kontinenta i mesozoikum dreiv sakte frå kvarandre etter å ha vore samla i saman og nærma seg den noverande konfigurasjonen. Kontinentaldrifta førte til artsdanning og andre viktige evolusjonsmessige utviklingslinjer. Klimaet var særleg varmt gjennom perioden og spelte ei viktig rolle for evolusjonen og mangfaldet til nye dyreartar. Mot slutten av æraen var i praksis det moderne dyrelivet på plass.

Salvesen Range

Salvesen Mountains eller Salvesen Range er ei fjellkjede på sørtuppen av Sør-Georgia, med ei høgd opp mot 2330 moh. Fjella vart skapt for 127 millionar år sidan og består hovudsakleg av granitt. Granitt frå krittida skyt fram ved sida av basaltisk lava og doleritt-gangar frå juratida. Begge er svarte slik at dei skapar ein sterk fargekontrast. Både granitt og basalt vart danna av stigande magma danna langs midthavsryggen i Atlanterhavet. Hovudfjellkjeda på Sør-Georgia vart kryssa av Ernest Shackleton i 1916, og er mindtre ulendte og bratte enn Salvesen Mountains sidan dei er danna av folda sandstein.

Fjellkjeda vart kartlagd av South Georgia Survey, 1951-52, og kalla opp etter sir Harold Salvesen, direktør i Messrs. Chr. Salvesen and Co. i Leith, som gav mykje støtte til South Georgia Survey, 1951-52 og 1953-54.

Av fjell i fjellkjeda finn ein mellom anna Mount Carse og Mount Paterson.

Santonium

Santonium er den fjerde alderen i epoken sein krit. Han varte frå 85,8 ± 0,7 til 83,5 ± 0,7 millionar år sidan. Santonium kjem etter coniacium og før campanium.

I følgje ICS er starten definert til då dei toskjela skaldyra Cladoceramus undulatoplicatus dukkar opp og slutten er markert ved utryddinga av sjølilja Marsupites testudinarius.

Sein krit

Sein eller øvre krit er den andre av to epokar i krittida. Han starta for 100 millionar år sidan og enda for 65,5 millionar år sidan.

Sjøfuglar

Sjøfuglar er fuglar som har tilpassa levemåten til det marine miljøet. Jamvel om sjøfuglar varierer mykje i levemåte, åtferd og fysiologi, demonstrerer dei ofte konvergerande evolusjon. Med felles miljøutfordringar, og nisjar i næringstilgang har sjøfuglar med høgst ulike utgangspunkt utvikla likskap i tilpassingar til miljøet. Dei første sjøfuglane utvikla seg i krittida, og moderne sjøfuglfamiliar oppstod i paleogen.

Ein har data på at individ av sjøfuglar generelt har lengre levealder enn andre fuglar, dei har lågare reproduksjonsrate enn andre fuglar ved at dei har sein kjønnsmodning, får mindre kull og mislukkast i hekkesesongar med svak næringstilgang, men dei investerer mykje tid omsut for ungane. Dei fleste sjøfuglartar hekkar i koloniar som kan variere i storleik frå nokre titals par til mange millionar. Mange av artane er kjente for å gjennomføre lange årlege migrasjonar, kryssar ekvator eller tar jordomflyging i somme fall. Sjøfuglar tar føde både på havoverflata og under overflata, og somme er sjølv føde for større artar. Sjøfugl kan leve mykje pelagiske, vere kystnære, eller i nokre tilfelle opphalde seg heilt borte frå havet i delar av året som det til dømes symjesnipene gjer.

Menneske har over lang tid tatt føremon av sjøfuglar. Fuglane har gjeve mat til jegerar, rettleia fiskarar mot fiskestimar og vist sjøfolk vegen mot land. I dag er mange av artane trua av menneskelege aktivitetar, og vernearbeid er i gang for å motverke trugsmåla.

Tidleg krit

Tidleg krit eller nedre krit er den første av to epokar i krittida. Han starta for 146 millionar år sidan og enda for 100 millionar år sidan.

I denne tida dukka det opp mange nye typar dinosaurar, som psittacosaurus, spinosaurus og coelurosaurus, medan andre artar som overlevde frå sein jura framleis eksisterte.

I havet vart det færre fiskeøgler og dei døydde til slutt ved staden av sein krit.

Placentale pattedyr og blomsterplanter dukka opp for første gong.

Turonium

Turonium er den andre alderen i epoken tidleg krit. Han varte frå 93,5 ± 0,8 til 89,3 ± 1 millionar år sidan. Turonium kjem etter cenomanium og før coniacium.

Turonium vart definert av den franske paleontologen Alcide d'Orbigny (1802 - 1857), som kalla han opp etter byen Tours i Frankrike.

Valanginium

Valanginium er den andre alderen i epoken tidleg krit. Han varte frå 140,2 ± 3,0 til 136,4 ± 2,0 millionar år sidan. Valanginium kjem etter berriasium og før hauterivium. Han er kalla opp etter Valangin, ein liten by nord for Neuchâtel i Jurafjella i Sveits.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.