Krigar

Ein krigar er ein person som har som livsstil eller yrke å kjempa i krig.

Klassifiseringa av ein person som er involvert i ein kva som helst form for vald er eit spørsmål om perspektiv, og det kan oppstå usemje om denne personen er ei bølle, ein gangstar, ein terrorist, ein opprørar, ein fredskjempar, ein leigemordar eller ein soldat.

Profesjonelle krigarar er menneske som blir betalt for å delta i militære kampanjar. Desse kan delast i to grupper: Soldatar som kjemper på vegne av sitt eige land (eller eit tilsvarande omgrep) og leigesoldatar som kjemper for den som tilsett dei, uavhengig av nasjonalt tilhøyr.

A lancer of Tigre colour
Ein afrikansk krigar.

Krigarklassar

I stammeliknande samfunn med endemisk krigføring er det vanleg at krigarar formar sine eigne klanar eller klassar for seg sjølv. I føydalisme utgjer vasallane ein militær eller krigarklasse med ikkje-krigarar som utskrivne krigarar når det trengst.

Filologen Georges Dumézil såg for seg eit proto-indoeuropeisk smafunn som var delt i ein presteklasse, ein krigarklasse og ein klasse av vanlege folk. Hinduar er delte inn i slike klassar gjennom kastesystemet, der ksjatriya er namnet på krigarkasten.

I mange samfunn der ein har ein spesialisert krigarklasse, finst det spesielle reglar for oppførsel for å forsikra seg om at krigarklassen ikkje utgjer ei trussel overfor resten av samfunnet. Krigarkodeksar har ofte vore vanlege trekk og verdset høgt dugleiker som lojalitet, mot og æra. Bushido og riddarlegheit er to eksempel på krigarkodeksar.

Krigaren i psykologien

I moderne psykologi basert på Carl Jung er krigaren ofte sett på som ein arketyp for maskulinitet.

Referansar

  • King, Warrior, Magican, Lover: Rediscovering the Archetypes of the Mature Masculine by Robert Moore and Douglass Gillette (San Francisco: Harper, 1990).
1600-talet

< 1600-talet > viser til hundreåret frå 1600 til 1699 i den julianske og den gregorianske kalenderen.

Historisk er tidsrommet kalla tidlege moderne tid, særleg i europeisk samanheng. Barokken og vitskapsrevolusjonen prega samfunnet.

Det osmanske riket, Persarriket og det indiske Mogulriket hadde stordomstider i dette hundreåret. Edoperioden byrja i Japan medan det kinesiske Ming-dynastiet blei avløyst av Qing under vald og uro.

Europeisk kolonisering av Amerika byrja for alvor i dette hundreåret. Europa såg også krigar som Trettiårskrigen, Åttiårskrigen, Den store tyrkiske krigen mellom Det osmanske riket og «Den heilage ligaen» av kristne europeiske statar og Den engelske borgarkrigen mellom parlamentaristar og rojalistar.

Andre verdskrigen

Den andre verdskrigen var den mest omfattande militære konflikten i verdshistoria. Krigshandlingar skjedde i fleire verdsdelar samstundes. Krigen kosta fleire titalls millionar menneske livet. Krigen i Asia byrja med Japan sitt forsøk på å leggja under seg delar av Kina i 1931. I Europa braut krigen ut i 1939. Tyskland gjekk til åtak på Polen.

Aksemaktene var Tyskland, Italia, Japan og deira allierte. «Dei allierte» var i all hovudsak Storbritannia, USA, Sovjetunionen og Kina. Krigen enda med Japan sin kapitulasjon 2. september 1945. Sambandsstatane (USA) hadde sleppt atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki, og utrydda hundretusenvis av japanske sivile.

Dei skandinaviske landa var nøytrale. Tyskland gjekk til åtak på Noreg og Danmark i byrjinga av april 1940. Tilsvarande vart Island, Færøyane og Grønland (danske koloniar) hærsett av dei allierte.

Finland måtte først forsvara seg mot sovjetisk åtak under Vinterkrigen vinteren 1939-40, noko dei gjorde godt og fekk mykje sympati for. Men dei finske leiarane allierte seg så med nazi-Tyskland i det finnane kallar "Framhaldskrigen" mot Sovjetunionen frå sommaren 1941, der dei ikkje berre tok att tapte område, men dreiv krigføring langt inn på udiskutabelt sovjetisk område ilag med dei nazistiske styrkane. I 1944 trekte Finland seg frå denne svært uheldige alliansen med Adolf Hitler, og utkjempa Lapplandskrigen. Finnane fekk til ein etter måten gunstig fredsavtale med Sovjetunionen som gjorde at finsk sjølvstende og demokratisk styreform vart bevart. Men dei måtte gå med på nokre grenseendringar (som blant anna gjorde at Noreg fekk felles grense med Sovjetunionen.

I Europa var berre Sverige, Irland, Sveits, Portugal og Spania formelt nøytrale gjennom heile krigen.

Den amerikanske revolusjonen

Den amerikanske revolusjonen, også kjend som den amerikanske frigjeringskrigen, var ein konflikt mellom amerikanske opprørsstyrkar, som ønskte sjølvstende frå Storbritannia, og britiske styrkar, som ikkje ville gje dei det. Krigen varte frå 1775-1776 til 1783, og enda med siger for opprørarane og danninga av USA, Dei amerikanske sambandsstatane.

Dei europeiske innbyggjarane i 13 små britiske koloniar på den nord-amerikanske austkysten sør for Canada var misnøgde med at dei måtte betale skattar og avgifter til den britiske staten, men utan å få rett til å velje representantar til det britiske parlamentet. Slagordet var: "No taxation without representation!"

Den austerrikske arvefølgjekrigen

Den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) involverte nesten alle stormaktene i Europa. Krigen starta med påskotet om at Maria Teresia av Austerrike ikkje kunne ta over trona til Habsburgmonarkiet fordi den saliske lova utelukka kvinner i arverekkefølgja.

Den lengste og viktigaste delen av krigen var kampane mellom Preussen og Habsburgmonarkiet om regionen Schlesien. Forskjellige andre stormakter deltok i krigen til forskjellige tider, men det som etter kvart vart overraskande var kvaliteten til dei prøyssiske styrkane, som var ein profesjonell hær og ikkje berre ein flokk leigesoldatar slik soldatvesenet stort sett hadde vore før. Sjølv Gustav Adolf, som enkelte gjev æra for å ha funne opp den moderne krigføringa med å kombinere forskjellige våpengreiner, hadde nytta leigesoldatar i stort omfang. Permanente profesjonelle hærar var dyrt då som no.

Det sørvestlege Tyskland, Nederlanda og Italia var, som vanleg, slagmarker mellom Frankrike og Austerrike. Dei vanlege allierte til Frankrike og Preussen, som hadde kjempa saman sidan trettiårskrigen og til ein viss grad lenge før den tid, var Spania og Kongedømet Bayern.

Austerrike vart nærast som ei sjølvfølgje støtta av Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda, tradisjonelle fiendar av Frankrike. Andre som i periodar støtta Austerrike var mellom andre Kongedømet Sardinia og Sachsen.

Krigen enda med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, der Maria Teresia fekk overta etter faren sin. Det einaste landområdet ho tapte var Schlesien.

Den fyrste verdskrigen

Den fyrste verdskrigen var ein verdskrig som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november 1918. Han var ein verdskrig av di dei deltakande landa var store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane med i 1917. Storbritannia og Frankrike hadde koloniar i alle verdshyrne, medan Russland strekte seg langt inn i Asia.

Den fyrste verdskrigen er omtala som «krigen som skulle få slutt på alle krigar». Ei anna omtale er berre «den store krigen» (la Grande Guerre eller The Great War).

Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta av ei mengd mindre sentral-europeiske statar, medan Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Russland gjekk gjennom ein revolusjon og måtte avstå store landområde. Mellom anna vart Finland og Polen sjølvstendige land. Det osmanske riket vart delt opp, og kjernelandet vart omdanna til Tyrkia.

Den første balkankrigen

Den første balkankrigen vart utkjempa mellom Det osmanske riket og ein koalisjon med Serbia, Montenegro, Hellas og Bulgaria, kalla Balkanligaen. Krigen varte frå 8. oktober 1912 til 18. mai 1913, då ein fredsavtale vart underteikna i London.

Det osmanske riket mista store delar av Rumelia, Thrakia og heile Makedonia, dei sigrande partane var derimot ueinige om fordelinga av dette området, noko som førte til vidare strid og den andre balkankrigen.

Den greske sjølvstendekrigen

Den greske sjølvstendekrigen (1821–1829), òg kalla Den greske revolusjonen (gresk: Ελληνική Επανάσταση Elliniki Epanastasi; osmansk: يؤنان ئسياني Yunan İsyanı), var ein krig grekarane starta for å få tilbake sjølvstende for Hellas frå Det osmanske riket. Etter ein lang og blodig krig, og med hjelp frå Stormaktene, fekk Hellas endeleg sjølvstende i Konstantinopeltrakten i juli 1832. Grekarane vart dermed det første folket underlagt Det osmanske riket som fekk sjølvstende. Sjølvstendedagen 25. mars 1821 er Hellas sin nasjonaldag.

Den kalde krigen

Den kalde krigen var den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.

Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men «kald» på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk (terrorbalansen). Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.

Den polske arvefølgjekrigen

Den polske arvefølgjekrigen (1733-1738) var ein europeisk storkrig som starta som ein polsk borgarkrig over kven som skulle vere etterfølgjaren til Augustus II, konge av Polen. Frankrike og Spania, dei to Bourbon-maktene, prøvde å bremse makta til austerrikske habsburgarane i Vest-Europa, og det same gjorde kongedømet Preussen. I aust mobiliserte Sachsen og Russland for å støtte den eventuelle polske sigerherren. Etter nokre kampar i Polen tok August III, som i tillegg til Russland og Sachsen, hadde politisk støtte hos habsburgarane.

Dei store felttoga i krigen skjedde utanfor Polen. Bourbonane, støtta av Karl Emmanuel III av Sardinia, prøvde å ta isolerte Habsburg-moråde. I Rhinland tok Frankrike hertugdømet Lorraine, og i Italia fekk Spania kontroll over kongedøma Napoli og Sicilia (som dei hadde tapt i den spanske arvefølgjekrigen), medan det skjedde få byte av landområde i Nord-Italia, trass i blodige felttog. Storbritannia var motvillige til å støtte Habsburg-Austerrike og dette skapte store sprekkar i den engelsk-austerrikske alliansen, og kan ha vore medverkande til at Austerrike mislukkast i krigen.

Sjølv om ein oppnådde ein foreløpig fredsavtale i 1735, enda ikkje krigen formelt før med freden i Wien i 1738 der August III vart stadfesta som konge av Polen og motstandaren Stanisław Leszczyński (som i røynda ikkje hadde fått noko utanlands militærstøtte) fekk hertugdømet Lorraine. Frans Stefan, hertugen av Lorraine, fekk storhertugdømet Toscana som kompensasjon for tapet av Lorraine. Hertugdømet Parma gjekk til Austerrike, medan Karl av Parma tok kronene Napoli og Sicilia, noko som førte til at Bourbon-familiane fekk større område. Polen gav òg opp kravet sitt på Livland og direkte kontroll over Hertugdømet Kurland og Semigallen, men det vart verande eit polsk len, sjølv om det kom inn under russisk påverknad.

Den spanske arvefølgjekrigen

Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) vart utkjempa mellom fleire europeiske stormakter, hovudsakleg spanjolane lojale til erkehertug Karl, Det tysk-romerske riket, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Portugal og Hertugdømet Savoie mot spanjolane lojale til Filip V, Frankrike og Kurfyrstedømet Bayern om ei mogeleg samanslåing av Kongedøma Spania og Frankrike under eitt Bourbon-monarki. Ei slik samanslåing ville drastisk ha endra maktbalansen i Europa. Krigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa, men omfatta òg Dronning Anne-krigen i Nord-Amerika og vart prega av kjende generalar som Duc de Villars, jakobitten hertugen av Berwick, hertugen av Marlborough og prins Eugene av Savoie. Krigen enda med at Filip vart anerkjend som konge av Spania, men han måtte samstundes seie frå seg kravet på den franske trona og avstå mange av dei spanske områda til Det tysk-romerske riket, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia, som delte Det spanske imperiet i Europa seg i mellom.

I 1700 døydde Karl II, den siste spanske monarken frå Huset Habsburg, utan born, og testamenterte eigedomane sine til Filip, barnebarnet til halvsystera si og kong Ludvig XIV av Frankrike. Filip vart slik Filip V av Spania og sidan han òg var den yngre sonen til Dauphin av Frankrike, var Filip i arvefølgjerekka til den franske trona. Tanken om eit multi-kontinentalt Spania kontrollert av Ludvig XIV framkalla ein massiv koalisjon for å hindre at Filip tok over den spanske trona.

Krigen byrja sakte då Leopold I av Det tysk-romerske riket kjempa for å verne austerrikske Habsburg sitt krav på Spania. Då Ludvig XIV byrja å utvide områda sine, kom andre europeiske nasjonar (hovudsakleg England, Portugal og Dei sameinte Nederlanda) inn på den tysk-romerske sida for å hindre vidare fransk ekspansjon. Andre statar kom inn i koalisjonen mot Frankrike og Spania i eit forsøk på å vinne nye landområda eller verne sine gamle område. Spania var sjølv delt i støtta og hamna ut i borgarkrig.

Krigen fann hovudsakleg stad i Spania og det vestlege og sentrale Europa (særleg Nederlanda), med nokre viktige kampar i Tyskland og Italia. Prins Eugene og hertugen av Marlborough utmerkte seg som militære kommandantar i Nederlanda. Krigen vart ikkje berre utkjempa i Europa, men òg i Vestindia og koloniane i Nord- og Sør-Amerika, der konflikten av kolonistane vart kalla Dronning Anne-krigen. I løpet av heile krigen vart kom lag 400 000 menneske drepne.Krigen enda med avtalane i Utrecht (1713) og Rastatt (1714). Som følgje av krigen vart Filip V verande konge i Spania, men vart fjerna frå den franske arvefølgjerekka, og ein union mellom dei kongedøma vart hindra. Austerrikarane vann dei fleste spanske områda i Italia og Nederlanda. Hegemoniet til Frankrike på det europeiske kontinentet var over og ideen om ein maktbalanse vart ein del av den internasjonale tankegangen. Filip fornya rask den spanske ambisjonen og tok nytte av maktvakuumet som oppstod etter Ludvig XIV døydde i 1715. Filip annonserte at han ville gjere krav på den franske krona om barnet Ludvig XV døydde og han prøvde å ta attende dei spanske områda i Italia. Dette førte til Kvadrupelalliansekrigen i 1717.

Den store nordiske krigen

Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa. I starten bestod alliansen mot Sverige av Peter den store frå Russland, Fredrik IV frå Danmark-Noreg og August den sterke frå Sachsen-Polen-Litauen. Fredrik IV og August den sterke vart tvungne ut av alliansen i respektive 1700 og 1706, men kom inn att i 1709. Georg I av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) slo seg saman med koalisjonen i 1714 for Hannover og 1717 for Storbritannia og Fredrik Wilhelm I frå Brandenburg-Preussen i 1715. På den svenske sida var Holstein-Gottorp, mellom 1704 og 1710 fleire polske og litauiske magnatar under Stanisław Leszczyński og mellom 1708 og 1710 kosakkar under Ivan Masepa. Det osmanske riket støtta ei kort stund Karl XII av Sverige og gjekk til kamp mot Peter den store.

Krigen starta med eit tredobbelt åtak der Danmark-Noreg gjekk inn i Holstein-Gottorp, Sachsen-Polen-Litauen tok Svensk Livland og Russland tok svenske Ingermanland. Sverige kom seg unna det dansk-norske og russiske åtaket ved Travendal og Narva og med ein motoffensiv pressa dei styrkane til August den sterke gjennom Litauen og Polen til Sachsen, og kasta August av trona på vegen og tvinga han til å godta nederlaget i Altranstädt. Peter den store hadde samstundes kome seg på fote att og vann terreng i dei svenske provinsane i Baltikum, der han styrkte tilkomsten Russland fekk til Austersjøen med å grunnleggje St. Petersburg. Karl XII flytta frå Sachsen og gjekk inn i Russland for å møte Peter, men felttoget enda med at den svenske hovudarmeen vart utsletta i Poltava og Karl XII hamna i eksil i osmanske Bender. Russarane følgde etter han, men vart stogga ved Pruth av den osmanske armeen.

Etter Poltava, vart den opphavlege koalisjonen mot Sverige gjenoppretta og med seg fekk dei Hannover og Preussen. Dei gjenverande svenske styrkane sør og aust for Austersjøen vart driven ut frå dei svenske maktområda, som dei alliere delte seg i mellom. Sjølve Sverige vart invadert av Danmark-Noreg frå vest og Russland frå aust. Sjølv om dei danske åtaka vart slått attende, klarte Russland å okkupere Finland og påførte den svenske marinen og kystforta deira store tap. Karl XII starta ein front mot Noreg, men vart drepen i Fredriksten i 1718.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. Den formelle avsluttinga på krigen vart markert med den svensk-hannoveranske og svensk-prøyssiske Stockholm-traktaten (1719), den dansk-svenske Fredriksborg-traktaten (1720) og den russisk-svenske Nystad-traktaten (1721). Her avstod Sverige fritakinga frå Öresundtollen, alle maktområda deira bortsett frå nordlege delar av Svensk Pommern og braut banda med Holstein-Gottorp. Hannover fekk Bremen-Verden, Brandenburg-Preussen fekk Oder-estuaret, Russland sikra seg provinsane i Baltikum og Danmark fekk Schleswig-Holstein. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta.

Den svensk-norske krigen i 1814

Den svensk-norske krigen i 1814 fann stad sommaren 1814 etter at Noreg hadde erklært sjølvstende i staden for å gå inn i union med Sverige. Krigen enda med at Noreg kom i personalunion med Sverige, men at svenskekongen godkjende den norske grunnlova og nasjonalforsamlinga. Krigen var den siste mellom Noreg og Sverige.

Den syriske borgarkrigen

Den syriske borgarkrigen er ein væpna politisk konflikt i Syria. Han er utkjempa mellom styrkar som stør regimet til den sitjande presidenten Bashar al-Assad, og dei som ynskjer å fjerna han frå makta. Borgarkrigen byrja med gateprotestar i mars 2011, men vart etter kvart prega av aukande væpna konflikt. Han vart då av stadig fleire kalla ein borgarkrig, mellom anna Raudekrossen.

Golfkrigen

Golfkrigen er vanlegvis ei nemning som vert brukt om krigen i Irak og Kuwait mellom Irak og ein koalisjon med USA i spissen i 1990-91. Konflikten starta 2. august 1990 då Irak invaderte Kuwait. SN innførte då sanksjonar, men Irak gav ikkje etter. Deretter gjekk koalisjonsstyrkane til åtak, og dreiv Irak ut av Kuwait 26. februar 1991. Den offensive operasjonen til koalisjonen gjekk under kodenamnet Operation Desert Storm, på norsk Operasjon Ørkenstorm.

Bakgrunnen for krigen var naud for olje på den vestlege marknaden, og handelstilgang og vestlege interesser i Midt-austen. Oljeprisen rauk i veret med det same invasjonen i Kuwait vart gjennomført.

Jom kippúrkrigen

Jom kippúrkrigen, Ramadankrigen eller Oktoberkrigen føregjekk frå 6. oktober til 26. oktober 1973, mellom Israel på den eine sida, og ein koalisjon av arabarstatar leia av Egypt og Syria på den andre. Krigen fekk namnet sitt fordi han tok til på den jødiske høgtidsdagen jom kippur. Krigen begynte med eit overraskande angrep frå Egypt og Syria, då dei kryssa grensa ved Sinai og Golanhøgdene for å ta attende områda som var gått tapt til Israel under seksdagarskrigen.

Den arabiske koalisjonen gjorde store framstøyt dei første par dagane av krigen, før Israel greidde å slå tilbake. Innan den andre veka av krigen hadde styrkane til Syria blitt pressa heilt ut av Golanhøgdene. Israel låg an til å vinne heile krigen då han enda med våpenkvile i regi av SN. Globalt sett fekk krigen store følgjer gjennom stans i oljeleveransen frå arabarlanda, og dette førte til mangedobling av oljeprisane og oljekrisa i 1973.

Koreakrigen

Koreakrigen er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk støtte av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk støtte frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).

Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla NORMASH. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.

Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.

Krig

Krig er ei alvorleg, valdeleg konflikt mellom to eller fleire partar. Desse konfliktane kan oppstå over land, ideologiar, tilgang til makt, ressursar eller rikdom, eller ei blanding av desse.

Krigar oppstår gjerne mellom grupper som definerer seg som ulike, til dømes mellom statar, folkegrupper, tilhengjarar av ein særskilt religion eller ideologi, eller liknande.

Det oppstår stadig krigar ulike stader i verda, og det kan ta svært lang tid før konfliktane tek slutt. Det kan sjå ut som om krigar er noko som kjem med jamne mellomrom der fleire menneske er samla.

I følgje Platon er det nødvendig å føra krig for å utvikla ein sivilisasjon; me må ta ressursar frå andre. Denne koplinga mellom krig og samfunn er sjølvsagt omdiskutert, særleg sidan ein krig som oftast verkar øydeleggjande for alle partar.

Ein krig treng minst to partar. Dersom berre ei av sidene bruker vald, dreier det seg «berre» om undertrykking. Ein invasjon fører derfor berre til krig om dei som blir okkuperte gjer opprør.

Seksdagarskrigen

Seksdagarskrigen var ein krig mellom Israel, Egypt, Syria og Jordan i juni 1967. Krigen byrja med at Israel gjekk til åtak på Egypt, som like før hadde stengt Tiransundet for israelsk ferdsel. Resultatet av krigen var total siger for Israel og eit massivt moralsk nederlag for heile den arabiske verda. Israel okkuperte den Palestinske Vestbreidda og Gaza-stripa, som hadde vore under høvesvis jordansk og egyptisk administrasjon, i tillegg til den egyptiske Sinai-halvøya og dei syriske Golan-høgdene. Jerusalem (Al Quds), palestinarane sin hovudstad, vart annektert av Israel og gjort utilgjengeleg for dei fleste palestinarar og mange muslimar og kristne i regionen. I tillegg vart Suez-kanalen gjenopna for vestlege handelsfartøy. Jordan gjorde tafatt motstand mot Israel, som berre i praksis fekk Vestbreidda overlevert utan motstand. Den palestinske frigjeringsrørsla PLO var delvis blitt avvæpna av jordanske myndigheiter i forkant av krigen.

Bakgrunnen for krigen var samansett. Den sionistiske ideen om eit Stor-Israel frå det gamle testamentet var for mange israelarar ei legitimering av vidare ekspansjonisme og utviding av grensene til Israel. Dei arabiske landa såg på staten Israel som illegitim sidan han var ein vestleg kolonialistisk stat oppretta gjennom fordriving av dei opphavlege innbyggjarane, palestinarane. Den uløyste statusen bygde seg gradvis opp til militær konfrontasjon. Sidan Egypts president Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen i 1956, hadde Israel, som alliert med Vesten, eit ønske om å gjenopne han for vestleg ferdsel og varetransport.

Kort tid etter seksdagarskrigen byrja Israel å byggje busettingar på dei okkuperte områda. Sinai-halvøya vart gjeven tilbake til Egypt i 1979 etter ein fredsavtale mellom Egypt og Israel. I denne garanterte Egypt fri ferdsle gjennom Suez-kanalen, anerkjente staten Israel og gav opp all støtte til palestinarane sin sak. Resten av områda fortsette å vera okkuperte av Israel.

Skandinavia

Skandinavia (samisk Skadesi-suolu/Skađsuâl) er eit delvis geografisk men hovudsakleg kulturelt og historisk område som inneheld dei tre skandinaviskspråklege landa, Noreg, Sverige og Danmark. Størstedelen av området er den skandinaviske halvøya, med Danmark som ei sørleg utviding. I Norden refererer nemninga skandinaviske språk til språka norsk, svensk og dansk.

Gjennom historia har dei skandinaviske landa ført mange krigar mot kvarandre, men har også vore i union, først i Kalmarunionen under Margrete Valdemarsdotter og seinare som Danmark-Noreg og Noreg og Sverige. I moderne tid har landa medvite søkt å samarbeida for å stå styrkt i verda. Det at skandinavar kan reisa mellom landa utan pass er ein viktig del av eit slikt samarbeid.

Vietnamkrigen

Vietnamkrigen er ei nemning på krigshandlingar i Vietnam frå 1956 eller 1959; Nokre av handlingane i den krigen, skjedde i Laos og Kambodsja. Sør-Vietnam vart erobra av Nord-Vietnam i 1975, og krigen vart slutt.

Nasjonar som tok soldater til Vietnam for å støtta Sør-Vietnam, var Sambandsstatane (USA),

Sør-Korea,

Thailand,

Filippinane,

New Zealand,

Australia,

Taiwan og

Noreg (som uoffisielt bidrog med tenestemenn fra sine væpna styrkar.

Kina, Sovjetunionen og Nord-Korea gav militær støtte til Nord-Vietnam.

Talet på drepne i Vietnamkrigen er omstridd. Dei sivile tapa er ofte anslått for å vere mellom 1 og 2 millionar i Vietnam og mellom 320 000 og 950 000 i Kambodsja og Laos. Borgarkrigen i Laos var i gang før Vietnamkrigen; under delar av borgarkrigstida der - fans òg ein stedfortreder-krig i Laos (blant anna mellom Vietnam og USA), som er rekna som ein del av Vietnamkrigen. Nokre kjelder skriv at Vietnamkrigen spreidde seg til Kambodsja.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.