Kosakkar

Kosakkar (polsk Kozak, fleirtal Kozacy, russisk казак kazak, fleirtal казаки kazaki, ukrainsk козак kozak, fleirtal козаки kozaky) syner til ei folkegruppe som held til i Polen, Ukraina og i det sørvestlegelege Russland på grensa mot Kaukasus.

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner kosakkane er dokumentet Codex Cumanicus, som ein trur vart skriven i perioden 1292 til 1295 (den eldste kjende kopien stammar frå 1303). Det finst fleire grupper kosakkar og opphavet deira er ikkje heilt klart. Dei kan vera av tartarisk avstamming, men det har òg vore spekulert i om dei har teke opp i seg skikkar frå mongolane som koloniserte Sentralasia og store område som no høyrer til Russland og Ukraina. Dei levde tidlegare i sjølvstendige samfunn med eit langt på veg desentralisert demokratisk styresett. Dei var eit krigarfolk som i stort mon livnærte seg med plyndring.Det er òg hevda at kosakkane tok etter skikkar frå dei skandinaviske vikingane. På same måte som vikingane har òg kosakkane ei historie der dei har kjempa på båe sidene av ein konflikt. Dei var likevel gode soldatar og utførte gjerne sine tjenestar mot god betaling. Dei har kjempa både for og imot Polsk-litauisk union, det russiske imperium og andre stormakter i området. Jamnleg var det likevel slik at fienden var mongoler-tatarer og tyrkarar. Nokre kosakkar var òg fiendar av Sovjetunionen og andre kjempa på tysk side under andre verdenskrigen. På motsett side stod nokre av Kuban-kosakkane, som var ein del av Den raude hæren. Kosakker generelt vart difor gjenstand for represaliar og deportasjon etter krigen, men fekk ein renessanse i Russland på 90-tallet. I lang tid har dei utmerka seg som strenge kristne av den russiskortodokse trusretninga, og slår gjerne ned på det dei meinar er umoral og blasfemi med fysisk vold.

Dei levde i områda rundt dei store elvene Volga, Dnepr og Donau og heilt vest til delar av Ukraina og Polen. Kosakk kjem frå tyrkisk og tyder «eventyrar», noko som truleg heng saman med at dei levde eit fritt og omflakkkande liv.

1500-talet gjekk dei over til Den russisk-ortodokse kyrkja og tok til seg delar av russisk kultur. Kosakkane var tospråklege og tala både tartarisk og russisk. Seinare gjekk dei i teneste hjå den russiske tsaren og spela ei avgjerande rolle i utvidinga av det russiske riket. Etter kvart mista dei meir og meir av sjølvstyret og gjekk over til til å leva av jordbruk og som leigesoldatar for tsaren. Medan mannfolka var i militærteneste tok kvinnene seg av arbeidet heime. Sjølv om kvinnene ikkje hadde formell makt var det dei som bestemte i heimen. Då han var ung var Leo Tolstoj soldat i Nord-Kaukasus, der han levde saman med kosakkane. Han har skildra livet til kosakkane i ein roman.[1]

Kosakkar i det moderne Russland

Kosakkfenomenet (russisk: Kazachestvo) er atter ein del av samfunnsutviklinga i Russland, etter ein effektiv undertrykking av kosakkane under Sovjetunionen. Fenomenet har sine motsetningar: Kosakk-gruppane vart nemleg etablerte som ”ein stat mot staten”[2] utan eigentlege nasjonalgrenser. Seinare er desse gruppane gradvis inkorporert i den russiske føderasjon, og i 2018 er det nesten eit nasjonalsymbol for det å være russar. Mellom kosakkene sjølve, er det ofte diskusjon om fenomenet, og utsagn som ”registrert prostitusjon” (Jfr Kosakk-registeret i Russland) og ”sjukdom” førekjem.

Donkosakkar

Donkosakkar (russisk донские казаки, Donskije Kazaki) er kosakkar som busette seg langs det midtre og nedre laupet til elva Don. Donkosakkene er utan tvil den største og mest legendariske kosakkgruppa, og truleg òg den mektigaste, mykje takka vera innsatsar i krig og korleis dei er vorte omtalte i litteraturen.

Terek-kosakkar

Terek-kosakkar er ei undergruppe kosakkar som er busette i nordre Kaukasus, langs elva Terek, der namnet kjem frå.

Khopjor-kosakkar

Khopjor-kosakker er busette langs elva Khopjor, som er ei sideelv til Don.

Referansar

  1. Tolstoj, L., Казаки (Kosakkane), 1863.
  2. Hege Toje ”Governing mobilities”, ISBN 978-82-308-1735-3 side 11

Sjå òg

Bakhmut

Bakhmut (ukrainsk skrift Бахмут) er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhmutskyi rajon. Han ligg ved elva Bahmutka kring 89 km frå Donetsk. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2005).

Donkosakkar

Donkosakker (russisk донские казаки, Donskije Kazaki) er kosakkar som busette seg langs det midtre og nedre laupet til elva Don. Donkosakkene er utan tvil den største og mest legendariske kosakkgruppa, og truleg òg den mektigaste, mykje takka vera innsatsar i krig og korleis dei er vorte omtalte i litteraturen.

Donkosakkene oppstod som gruppe tidleg på 1500-talet i landområda ved Don, der dei enno i dag har sitt tyngdepunkt i millionbyen Rostov-na-Donu og sin eigen hovudstad Novotsjerkassk (nye Tsjerkassk). Den opphavlege hovudstaden deira var Starotsjerkassk (gamle Tsjerkassk), der mykje av den gamle donkosakkiske kulturen framleis eksisterer, så som fine kyrkjer og museum.

Omkring år 1800 stilte dei med 70 000 mann til den keisarlege kampen i den russiske hæren sin kamp mot Napoleon.

Donkosakkene sin motstand mot den bolsjevistiske maktovertakinga i 1917 (oktoberrevolusjonen) førte til bitre kampar under den russiske borgarkrigen. Kosakkane kjempa på sida til dei kvite styrkane. Etter deira nederlag skreiv Jakov Mikhailovitsj Sverdlov ut eit dekret den 24. januar 1919 som førte til masseavrettingar og deportasjonar av kosakkane (òg av kvinner, barn og gamle) til arbeidsleirar (Gulag). Tiltaka kosta rundt 700.000 kosakkar livet.

Det skal no (2014) finnast omlag 156 000 donkosakker.

Kamensk-Sjakhtinskij

Kamensk-Sjakhtinskij (russisk Ка́менск-Ша́хтинский) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved elva Donets, rundt 130 km nord-nordaust for Rostov-na-Donu.

Han vart grunnlagt av kosakkar i 1686 og fekk bystatus i 1927.

Byen var tidlegare eit større kolgruvesenter i den austlege delen av Donetsbekkenet. I dag er dei viktigaste næringane i byen produksjon av kunstfiber, gruvemaskineri og glas.

Krasnodar

Krasnodar (russisk Краснода́р) er ein by sør i Russland ved elva Kuban. Han er det administrative senteret i Krasnodar kraj.

Labinsk

Labinsk (russisk Лаби́нск) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolsjaja Laba, ei sideelv til Kuban, rundt 150 km søraust for Krasnodar.

Stanitsaen Labinskaja vart grunnlagt hausten 1841. Don-kosakkar var dei første nybyggjarane i den nye stanitsaen. I 1947 fekk han bystatus og namnet vart endra til det noverande Labinsk.

Lyman

Lyman (ukrainsk skrift Лиман) er ein by i Donetsk oblast (provins) i Ukraina. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2011).

Byen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Byen fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.

Novokuznetsk

Novokuznetsk (russisk Новокузне́цк) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 560 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 3000 km aust for Moskva.

Han vart grunnlagd av kosakkar som ein utpost ved elva Tom og vart opphavleg kalla Kuznetsk (russisk Кузне́цк). Det var her Fjodor Dostojevskij gifta seg første gong med Maria Isajeva i 1857. Josef Stalin si raske industrialisering av Sovjetunionen forvandla den døsige byen til eit stort senter for kolgruvedrift i 1930-åra. I 1931–1932 vart namnet på byen endra til Novokuznetsk og i 1932–1961 hadde han namnet Stalinsk (russisk Ста́линск) etter Stalin.

19. mars 2007 oppstod ein massiv metaneksplosjon i Uljanovskaja-gruva ved Novokuznetsk, og over 100 arbeidarar mista livet. Gruva var det største kolgruva i Kemorovo oblast, og ligg i eit oljerikt område sør i sentrale område av Russland kjend som Kuzbass.

Pokrovsk (Russland)

Pokrovsk er òg eit tidlegare namn på byen Engels.Pokrovsk (russisk Покро́вск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 70 km sørvest for Jakutsk.

Busetnaden vart grunnlagt av kosakkar i 1682 som Karaulnyj Mys (russisk: Карау́льный Мыс). Han vart seinare landsbyen (selo) Pokrovskoje (russisk: Покро́вское) og fek så status som urbanliknande busetnad. Namnet vart endra til Pokrovsk i 1941 og i 1998 fekk han bystatus.

Semikarakorsk

Semikarakorsk (russisk Семикарако́рск) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre bredda av elva Don, rundt 90 km nordaust for Rostov-na-Donu.

Stanitsaen Semikarakorskaja (russisk: Семикаракорская) vart grunnlagt av don-kosakkar og har vore kjend sidan 1672. Stanitsa vart ofte flytta på grunn av flaum i Don og vart til slutt flytta til den noverande plasseringa i 1845.

Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1958 og bystatus i 1972.

Slaget ved Poltava

Slaget ved Poltava den 8. juli 1709 var eit avgjerande slag som Peter I av Russland vann over Karl XII av Sverige og eit av dei mest kjende slaga i den store nordiske krigen. Slaget vert rekna som byrjinga på slutten for Sverige som stormakt, medan Det russiske imperiet tok denne plassen i Nord-Europa. Slaget var òg starten på Russland som stormakt og slutten på ambisjonane Ukraina hadde som sjølvstendig nasjon.

Sloboda

Sloboda (russisk слобода́) var ein slag busetnad i Russland, Kviterussland og Ukraina. Namnet kjem av det tidlege slaviske ordet for 'fridom' og kan omtrent omsetjast til 'fri busetnad'.Statusen til ein sloboda har variert frå tid til tid og frå stad til stad. Opphavleg var ein sloboda ein bustnad som fekk skatteletter av forskjellige årsaker. Slik skattelette kunne til dømes vera ei oppmuntring til kolonisering.Mange slobodaer var busetnader i nykoloniserte land, særleg av kosakkar. Enkelte slobodaer var delar av byar.

På byrjinga av 1700-talet vart desse privilegia avskaffa og slobodaer vart vanlege landsbyar, sjtetlar, småbyar og forstader.

Uttrykket er bevart i namna til forskjellige busetnader og bydelar. Liknande busetjingar fanst i Valakia og Moldavia med namnet slobozie/slobozia.

Sloboda Ukraina

Sloboda Ukraina (ukrainsk Слобiдська Україна, Slobids'ka Ukrajina, russisk Слободская Украина, Slobodskaja Ukraina) eller Slobozjansjtsyna (russisk/ukrainsk Слобожанщина) var ein historisk region som utvikla seg på 1600- og 1700-talet i det sørvestlege grenseområdet av Det russiske keisarriket.

Området vart tradisjonelt nytta av krimtatarar og nogajtatarar for å invadere russiske området langs Muravskijvegen og Iziumvegen. Etter fleire russisk-krimske krigar oppfordra dei russiske tsarane kosakkar til å slå seg ned i regionen for å fungere som ein slags grensevakt mot invasjonane.

Bortsett frå kosakkar var busetjarane bønder og byfolk frå Ukraina på venstrebreidda og høgrebreidda. Namnet Sloboda Ukraina kjem frå ordet sloboda (russisk cлободa), eit slavisk uttrykk som tyder «fridom» og som var ein slags busetnad. Innbyggjarane i ein sloboda slapp å betale skatt til tsaren i ein tidsperiode, og dette viste seg å freiste mange innbyggjarar. Mot slutten av 1700-talet var det 532 slobodaer i Sloboda Ukraina.

Frå 1650–1765 vart Sloboda Ukraina i aukande grad organisert i følgje kosakkiske militærtradisjonar og kosakkane som flytta hit vart kjend som Sloboda-kosakkar. Under Katarina den store vart privilegia til kosakkane og den delvis sjølvstyrte regionen vart ein provins (namestnitsjestvo) som òg vart heitande Sloboda Ukraina. I 1835 vart provinsen Sloboda Ukraina avskaffa og det meste av området vart ein del av det nye Kharkov-gubernija, og noko vart ein del av Voronezj og Kursk, som då var under Ukraina på venstrebreidda i Vesle-Russland. Regionen vart omorganisert fleire gonger under Sovjetsk Ukraina, før grensene til dagens Kharkiv oblast vart oppretta i 1930-åra.

Sloboda Ukraina tilsvarer i dag områda i dagens Kharkiv og delar av Sumy, Donetsk og Luhansk oblast i Ukraina, og delar av Belgorod, Kursk og Voronezj oblast i Russland.

Staryj Oskol

Staryj Oskol (russisk: Ста́рый Оско́л) er ein by i Belgorod oblast i Russland. Han ligg ved elva Oskol, rundt 120 km nordaust for Belgorod. I 2007 hadde han om lag 220 000 innbyggjarar.

Han vart grunnlagt som ei festning i 1593, som ein del av den sørlege festningsrekkja rundt Moskva. På 1600-talet vart byen plyndra av krimtatarar og ukrainske kosakkar.

Staryj Oskol er ein gruveby som lever av utvinning av jernmalm. Han ligg i utkanten av Kursk magnetiske anomali, ein av de største førekomstane av jernmalm i verda. Meir enn åtte millionar tonn jernmalm vert utvunne her kvart år. Av same årsak ligg det òg ei avdeling av Moskva føderale institutt for stål og legeringar i byen.

Temrjuk

Temrjuk (russisk Темрю́к) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 130 km vest for Krasnodar.

Byen ligg ved elva Kuban, rundt 8 km frå munningen i Azovhavet, på Tamanhalvøya mellom Svartehavet og Azovhavet, der òg hamna til byen ligg.

Den første busetnaden på staden var Tatar-festninga Tumnev, som vart nemnt på 1300-talet, då han vart gjeve til handelsmenn frå Genova. Han vart kalla Copa til han vart okkupert av Krim-khanatet i 1483.

Russarane, alliert med den lokal potentaten Temrjuk av Kabarda, erobra Tumnev og bygde festninga Nye Temrjuk på staden. Krimtatarane tok tilbake fortet i 1570 og det neste hundreåret vart han kalla Adis. På 1700-talet vart området busett av kosakkar og deira stanitsa fekk bystatus under namnet Temrjuk i 1860.

Terek-kosakkar

Terek-kosakkar er ei undergruppe kosakkar som er busette i nordre Kaukasus, langs elva Terek, der namnet kjem frå. Dei vert trudd å ha vore ei utbrytargruppe frå donkosakkane, som ein gong på 1400-1500-tala byrja busetta seg ved Terek.

Terekkosakkene er altså ei russisk etnografisk undergruppe, men har òg teke opp i seg andre folkeelement som til dømes ossetarar, tsjerkessarar, vajnakher (tsjetsjenarar, ingusjarar) og georgiarar i si gruppe. Terek-kosakkene var òg i stor grad innblanda i dei seinare konfliktane i Tsjetsjenia på båe sider.

Tsimljansk

Tsimlyansk (russisk Цимля́нск) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved bredda av Tsimljansk-reservoaret i elva Don, rundt 190 km nordaust for Rostov-na-Donu.

Busetnaden vart grunnlagt i 1672 av kosakkar som Ust-Tsimla (russisk: Усть-Цимла). Fram til 1950 var han stanitsaen Tsimljanskaja (russisk: Цимля́нская). I 1950–1952 vart stanitsaen flytta på grunn av bygginga av Tsimljansk-reservoaret og Tsimljansk vasskraftverk. Han fekk bystatus i 1961.

Vasylivka

Vasylivka er òg eit tidlegare namn på byen Snizjne

Vasylivka (ukrainsk Василівка) er ein by i Zaporizjzjia oblast (provins) i det sørlege Ukraina. Byen ligg ved breidda av Kakhovkareservoaret ved Dnepr. Byen har kring 15 000 innbyggjarar (2011).

Området vart busett av zaporozje-kosakkar i 1740-åra.

Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen

«Zaporogkosakker skriv brev til den tyrkiske sultanen» (russisk Запорожцы пишут письмо турецкому султану) er eit historiemåleri av den ukrainsk-russiske kunstnaren Ilja Repin, utført 1880–1891. Det vert teke vare på i Det russiske museet i Sankt Petersburg.

Måleriet skildrar korleis atamanen eller leiaren til dei ukrainske zaporogkosakkene, Ivan Serko, i 1676 skriv eit brev til den tyrkiske sultanen Mehmet IV, som svar på kravet om at kosakkane skulle underkasta seg Det osmanske riket. Originalbrevet finst ikkje lenger, men frå avskriftar veit ein at det var hånleg og særleg gjorde narr av den lange titulaturen til sultanen.

Kosakkane, som var dugelege ryttere og krigarar, er framstelt i tradisjonell klednad med ridestøvlar, kaftanar, papakhi (kosakkluer), lange bartar og khokhol-frisyre (oseledets).

Zaporozje-kosakkar

Zaporozje-kosakkar, eller berre zaporozjarar (ukrainsk Запорожці Zaporozjtsi, polsk Kozacy zaporoscy) var ukrainske kosakkar som budde på andre sida av stryka ved Dnepr, området som vart kalla Dei store engene i Sentral-Ukraina. I dag er det meste av dette området underlagt vatn av Kakhovkareservoaret.

Zaporozjisk Sitsj voks raskt på 1400-talet då liveigne bønder flykta frå meir kontrollerte delar av Det polsk-litauiske samveldet og oppretta ei politisk eining med eit parlamentarisk system som styre. Frå 1500- til 1700-talet vart zaporozje-kosakkane ein sterk politisk og militær styrke som utfordra styresmaktene i Polen-Litauen, tsardømet Russland, Det osmanske riket og den osmanske vasallstaten Krim-khanatet. Hæren gjekk gjennom ei rekkje konfliktar og alliansar med dei tre maktene før dei fall under det russiske makta og til slutt vart oppløyst med tvang seint på 1700-talet av Det russiske imperiet. Det meste av folkesetnaden vart flytta til Kuban-området sør i Det russiske imperiet. Kosakkane spelte der ei viktig rolle i å forsvare imperiet mot aggressive kaukasiske folk og til gjengjeld fekk dei mykje fridom av tsarane.

Namnet Zaporozje kjem av plasseringa til festninga deira i Zaporozjzjija, som tyder «landet på andre sida av stryka».

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.